{"id":103523,"date":"2025-12-03T21:33:09","date_gmt":"2025-12-03T21:33:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/103523\/"},"modified":"2025-12-03T21:33:09","modified_gmt":"2025-12-03T21:33:09","slug":"seier-ja-til-ny-runde-i-retten-etter-nederlag-om-fordefjorden-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/103523\/","title":{"rendered":"Seier ja til ny runde i retten etter nederlag om F\u00f8rdefjorden \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<p>\u2022 Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar dommen fr\u00e5 Sogn og Fjordane tingrett, som avviste kravet om midlertidig stans i gruvedumping i F\u00f8rdefjorden.<br \/>\u2022 Borgarting lagmannsrett har tidlegare erkl\u00e6rt statens l\u00f8yve til sj\u00f8deponi ugyldig, men Regjeringa har anka saka til H\u00f8gsterett.<br \/>\u2022 Tingretten meinte at gruvedumping ikkje vil f\u00f8re til vesentleg skade p\u00e5 fjorden dei neste 6-12 m\u00e5nadene, noko milj\u00f8organisasjonane er usamde i.<br \/>\u2022 Organisasjonane m\u00e5 dekke 2,5 millionar kroner i sakskostnader fr\u00e5 tingretten, men har avgjort \u00e5 anke trass i \u00f8konomisk risiko.<br \/>\u2022 Milj\u00f8organisasjonane intensiverer innsamlingsarbeidet for \u00e5 finansiere ankesaka og f\u00e5 st\u00f8tte fr\u00e5 ulike akt\u00f8rar.<br \/>\u2022 Nordic Mining meiner dei har lovleg utsleppsl\u00f8yve og at saks\u00f8karane b\u00f8r rette krava mot staten, som har gitt l\u00f8yvet.<\/p>\n<p>Oppsummeringa er laga av ein KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har stor tru p\u00e5 at vi skal vinne denne saka, slik at det blir forbod mot gruvedumping til saka er ferdig behandla, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.<\/p>\n<p>Etter diskusjon i fleire timar p\u00e5 landsstyret onsdag kveld, landa milj\u00f8organisasjonane p\u00e5 at dei ankar vedtaket i Sogn og Fjordane tingrett i november.<\/p>\n<p><strong>Kort historikk:<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>Borgarting lagmannsrett har tidlegare sl\u00e5tt fast at staten sitt ja til sj\u00f8deponi er ugyldig, men regjeringa har anka saka til H\u00f8gsterett.<\/li>\n<li>Nyleg vart det klart at <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/fordefjorden_-hogsterett-vurderer-lovlegheita-av-fjorddeponi-1.17668533\" ec-id=\"pp:article:1.17668533\" ec-name=\"ankeutvalet\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">ankeutvalet<\/a> bestemte at saka skal behandlast for fullt i H\u00f8gsterett.<\/li>\n<li>Milj\u00f8organisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom kravde tidlegare i haust s\u00e5kalla midlertidig forf\u00f8yning fram til saka er endeleg avgjort i H\u00f8gsterett. Det vil seie stans i produksjon inntil \u00abhovudsaka\u00bb skal behandlast.<\/li>\n<\/ul>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Milj\u00f8r\u00f8rsla p\u00e5 nytt i rettssalen for \u00e5 hindre t\u00f8mming av gruveavfall i F\u00f8rdefjorden.\" title=\"Foto: Ann Beate Eik\u00e5s Hovland \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Fleire m\u00f8tte fram under behandlinga av saka i Sogn og Fjordane tingrett, der milj\u00f8organisasjonane tapte.<\/p>\n<p>Foto: Ann Beate Eik\u00e5s Hovland \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Sogn og Fjordane tingrett avviste kravet i november.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det er fleire openberre feil i dommen, og dei skyh\u00f8ge sakskostnadene bryt med \u00c5rhuskonvensjonen. Dette er ein dom som svekker naturens rettstryggleik fordi den legg lista for \u00e5 ta milj\u00f8saker til retten enda h\u00f8gare. Ein slik dom kan ikkje bli st\u00e5ande, seier Gulowsen.<\/p>\n<p>Diskusjon om pengar<\/p>\n<p>Milj\u00f8organisasjonane vart i f\u00f8rre runde d\u00f8mde til \u00e5 betale 2,5 millionar kroner i saksomkostninger i tingretten, noko som har tvinga dei til \u00e5 vurdere saka grundig. <\/p>\n<p>Landsstyret var likevel ikkje i tvil om at saka skulle ankast.<\/p>\n<p>\u2013 Det er utruleg dyrt \u00e5 ta denne kampen for F\u00f8rdefjorden til retten, s\u00e5 vi tek ein stor risiko ved \u00e5 gjere dette, seier Gulowsen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Truls Gulowsen fra Naturvernforbundet er p\u00e5 befaring i vindkraftanlegget p\u00e5 Storheia, Fosen i Tr\u00f8ndelag. I bakgrunnen skimtes flere vindm\u00f8ller\" title=\"Foto: Ingrid Lindgaard Stranden\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.<\/p>\n<p>Foto: Ingrid Lindgaard Stranden<\/p>\n<p>Organisasjonane trappar no opp innsatsen for \u00e5 samle inn pengar og vil vende seg til ulike akt\u00f8rar for \u00e5 f\u00e5 st\u00f8tte til \u00e5 f\u00f8re ankesaka.<\/p>\n<p>\u2013 Lagmannsretten har sl\u00e5tt fast at utslippstillatelsen til Nordic Mining er ugyldig. Da kan ikkje forurensningen halde fram, seier Sigrid Hoddevik Losneg\u00e5rd, leiar i Natur og Ungdom.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Illustrasjonen syner korleis Nordic Mining t\u00f8mmer gruveavfall i F\u00f8rdefjorden. \" title=\"Foto: Nordic Mining\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Avfallsmassar blir t\u00f8mt til eit gruvedeponi p\u00e5 botn av F\u00f8rdefjorden. <\/p>\n<p>Foto: Nordic Mining<\/p>\n<p>Tapte i tingretten<\/p>\n<p>Dommen fr\u00e5 Sogn og Fjordane tingrett kom 10. november. <\/p>\n<p>Retten la i sin dom vekt p\u00e5 at det \u00abikkje er sannsynleggjort\u00bb at gruvedumpinga vil gi vesentleg skade p\u00e5 fjorden i de neste 6\u201312 m\u00e5nadene. <\/p>\n<p>Gruveselskapet sa undervegs i saka at dei har utsleppsl\u00f8yve s\u00e5 lenge saka verserer i rettsapparatet, og at det einaste dei skuldar omgivnadene er \u00e5 fortsette \u00e5 drive med si 100 prosent lovlege verksemd.<\/p>\n<p>Vidare gjorde dei eit poeng av at saks\u00f8karane rettar bakar for smed:<\/p>\n<p>Om saks\u00f8karane har noko usagt, s\u00e5 m\u00e5 dei ta det opp med dei som har gitt l\u00f8yvet (staten), og ikkje dei som har f\u00e5tt l\u00f8yvet (gruveselskapet).<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser en rolig fjord med fjell i bakgrunnen, delvis dekket av sn\u00f8. I forgrunnen er det stein og sj\u00f8gress langs stranden. Vannet reflekterer de omkringliggende fjellene og himmelen, som har b\u00e5de bl\u00e5 og skyaktige partier. Omgivelsene gir inntrykk av en fredelig naturlig setting.\" title=\"\"\/><\/p>\n<p class=\"no-credit\">Striden om det skal vere sj\u00f8deponi i F\u00f8rdefjorden har g\u00e5tt f\u00f8re seg i mange \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Det avgjerande for retten er at framleis drift dei neste 6 til 12 m\u00e5nadane ikkje f\u00f8rer til vesentleg skade i fjorden. Dermed er det ikkje grunnlag for ein midlertidig stans, sa Karen Mellingen hos Regjeringsadvokaten, d\u00e5 saka vart behandla i Sogn og Fjordane tingrett.<\/p>\n<p>Dette er milj\u00f8organisasjonane sterkt usamde i, og \u00f8nsker \u00e5 pr\u00f8ve for retten p\u00e5 nytt.<\/p>\n<p>NRK har onsdag kveld fors\u00f8kt \u00e5 f\u00e5 ein kommentar fr\u00e5 Engeb\u00f8 Rutile and Garnet, dotterselskapet til Nordic Mining. S\u00e5 langt utan \u00e5 lukkast.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>03.12.2025, kl. 21.14<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>03.12.2025, kl. 21.37<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: \u2022 Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar dommen fr\u00e5 Sogn og Fjordane tingrett, som avviste kravet&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":103524,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-103523","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115657782440795421","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/103523","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=103523"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/103523\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/103524"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=103523"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=103523"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=103523"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}