{"id":103608,"date":"2025-12-04T00:35:15","date_gmt":"2025-12-04T00:35:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/103608\/"},"modified":"2025-12-04T00:35:15","modified_gmt":"2025-12-04T00:35:15","slug":"svs-nestleiar-marian-hussein-misnogd-etter-budsjettenigheten-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/103608\/","title":{"rendered":"SVs nestleiar Marian Hussein misn\u00f8gd etter budsjettenigheten \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Kort oppsummert:<\/p>\n<ul>\n<li>SV-nestleiar Marian Hussein kritiserer regjeringa for stillinga statsbudjettet tok om oljefondet.<\/li>\n<li>Hussein meiner Noreg kan bli d\u00f8mt av historia for valet som er gjort.<\/li>\n<li>SV-leiar Kirsti Bergst\u00f8 rosar budsjettavtalen som partiet har inng\u00e5tt med regjeringa.<\/li>\n<li>Palestinakomiteen og Islamsk R\u00e5d Norge uttrykker skuffelse over at SV ikkje fekk gjennomslag for krava sine.<\/li>\n<li>IRN meiner mange norsk-muslimske veljarar kan kjenne seg lurte av dei raudgr\u00f8ne partia som ikkje leverte p\u00e5 lovnadene sine.<\/li>\n<li>SV peikar p\u00e5 Arbeidarpartiet som det partiet som bar hovudansvaret for oljefondet.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Natt til onsdag blei det <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/norge\/statsbudsjettet-2026_-dette-er-de-enige-om-1.17677221\" ec-id=\"pp:article:1.17677221\" ec-name=\"einigheit om statsbudsjettet,\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">einigheit om statsbudsjettet,<\/a> denne gongen med fleirtal fr\u00e5 SV og MDG.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har med tungt hjarte landa eit statsbudsjett, seier Marian Hussein, nestleiar i SV, i ein video p\u00e5 Instagram. <\/p>\n<p>Ho legg til:<\/p>\n<p>\u2013 Vi har i fleire veker kjempa for \u00e5 sikre at Statens pensjonsfond utland ikkje er investert i selskap som bidreg til folkerettsbrot.<\/p>\n<p>Mobiliserte sj\u00f8lv i mosk\u00e9 f\u00f8r valet<\/p>\n<p>Statens pensjonsfond utland, ogs\u00e5 kalla oljefondet, har investeringar i fleire israelske selskap.<\/p>\n<p>Vidare seier Hussein at \u00abArbeidarpartiet valde \u00e5 gjere opp etikken med H\u00f8gre og Frp\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Ein dag kjem historia til \u00e5 d\u00f8mme Noreg.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person st\u00e5r foran en moderne bygning med flere balkonger. Personen har p\u00e5 seg en rosa frakk og et hodeplagg. Det er solfylt, og omgivelsene har gr\u00f8nne busker og en metallgelender i forgrunnen. Bygningens fasade viser store vinduer og moderne arkitektur.\" title=\"Foto: William Jobling \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Marian Hussein, nestleiar i SV.<\/p>\n<p>Foto: William Jobling \/ NRK<\/p>\n<p>Ho meiner at regjeringa valde \u00e5 vere \u00abein profitt\u00f8r p\u00e5 folkerettsbrot, i ei tid der det gjekk f\u00f8re seg eit folkemord\u00bb.<\/p>\n<p>Hussein \u00f8nsker ikkje \u00e5 uttale seg til NRK.<\/p>\n<p>Ho var sj\u00f8lv til stades i Tawfiiq Islamsk Senter under eid-feiringa, nokre m\u00e5nader f\u00f8r valet. <\/p>\n<p>Der oppmoda ho forsamlinga til \u00e5 stemme SV, fordi partiet ville styrke arbeidet for Palestina og forsvare folkeretten.<\/p>\n<p>NRK har spurt Hussein kva ho vil seie til veljarar som st\u00f8tta partiet nettopp p\u00e5 grunn av denne bodskapen. <\/p>\n<p>Ho har ikkje svart p\u00e5 dette.<\/p>\n<p>Palestinakomiteen: \u2013 Dei m\u00e5 vere \u00e6rlege<\/p>\n<p>Leiar i Palestinakomiteen, Line Khateeb, vil ikkje kommentere direkte p\u00e5 SV sin strategi.<\/p>\n<p>\u2013 Dei m\u00e5 vere \u00e6rlege p\u00e5 kva dei kan f\u00e5 til og ikkje f\u00e5 til. Dei har pr\u00f8vd, dei fekk ikkje gjennomslag, og det m\u00e5 dei svare for sj\u00f8lve.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Line Khateeb, leder i Palestinakomiteen\" title=\"Foto: Terje Haugnes\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Line Khateeb, leiar i Palestinakomiteen.<\/p>\n<p>Foto: Terje Haugnes<\/p>\n<p>Ho meiner ansvaret for at oljefondet framleis er investert i selskap knytte til folkerettsbrot i Gaza, fyrst og fremst ligg hos Arbeidarpartiet.<\/p>\n<p>\u2013 Vi forventar at SV, Raudt og MDG held fram med \u00e5 jobbe for Palestina. <\/p>\n<p>Leiar rosa budsjettet, nestleiar kritiserer det<\/p>\n<p>\u2013 Vi gjekk inn i forhandlingane med krav om at sparepengane v\u00e5re ikkje skal vere investerte i folkemord og okkupasjon, sa SV-leiar Kirsti Bergst\u00f8, d\u00e5 einigheita om budsjettet, blei presentert natt til onsdag.<\/p>\n<p>Ho la til:<\/p>\n<p>\u2013 Diverre er motstanden mot dette total i Arbeidarpartiet.<\/p>\n<p>Samstundes rosar SV-leiaren den same budsjettavtalen, som nestleiaren kritiserer.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne med langt, lyst h\u00e5r st\u00e5r foran en bl\u00e5 bakgrunn. Hun er if\u00f8rt en svart genser og ser mot kameraet. Milj\u00f8et gir inntrykk av et offisielt arrangement. Ingen annen person er synlig i bildet.\" title=\"Foto: Shilan Sari \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Leiar i SV, Kirsti Bergst\u00f8.<\/p>\n<p>Foto: Shilan Sari \/ NRK<\/p>\n<p>Under sp\u00f8rjetimen i Stortinget, omtala Bergst\u00f8 einigheita som \u00abverdas beste budsjett no er blitt end\u00e5 betre\u00bb.<\/p>\n<p>NRK har spurt SV-leiaren om korleis ho forklarer gapet mellom si eiga ros av budsjettet og nestleiaren si kritikk.<\/p>\n<p>Ho vil ikkje uttale seg.<\/p>\n<p>Stilte ultimatum<\/p>\n<p>Under valkampen stilte SV eit ultimatum til regjeringa.<\/p>\n<p>Partiet kravde at oljefondet skulle selje seg ut av ei rekke selskap, som dei meiner bidreg til Israels folkerettsstridige krigf\u00f8ring p\u00e5 Gaza.<\/p>\n<p>Kravet blei avvist av finansminister Jens Stoltenberg (Ap) under valkampen.<\/p>\n<p>Etter <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/sv-stilte-palestina-ultimatum-til-store-_-no-har-dei-gatt-bort-fra-det-1.17615768\" ec-id=\"pp:article:1.17615768\" ec-name=\"valet gjekk Bergst\u00f8 bort fr\u00e5 ultimatumet\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">valet gjekk Bergst\u00f8 bort fr\u00e5 ultimatumet<\/a> og gjekk inn i budsjettforhandlingane.<\/p>\n<p>If\u00f8lge fleire kjelder <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/stor-oslo\/lokallag-i-oslo-sv-kritiserer-partiledelsen-1.17629084\" ec-id=\"pp:article:1.17629084\" ec-name=\"skapte det skuffelse\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skapte det skuffelse<\/a> internt i partiet.<\/p>\n<p>\u2013 Trur alle norsk-muslimar f\u00f8ler seg veldig lurte<\/p>\n<p>Talsperson i Islamsk R\u00e5d Noreg, Mohammed Isak Abdullahi, meiner Palestina-saka var viktig for mange norsk-muslimske veljarar ved \u00e5rets stortingsval.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur nok at den norsk-muslimske befolkninga, som er ein betydeleg del, stemte p\u00e5 bakgrunn av det.<\/p>\n<p>Han seier desse veljarane no kjenner seg lurte.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur alle norsk-muslimar f\u00f8ler seg veldig lurte og skuffa over at raudgr\u00f8nt fleirtal ikkje klarte \u00e5 sikre god Palestina-politikk p\u00e5 statsbudsjettet.<\/p>\n<p>Abdullahi meiner ansvaret ikkje ligg hos eitt parti \u00e5leine.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i dress st\u00e5r foran intrikate, fargerike fliser i en bygning. Han har p\u00e5 seg en slips med striper og en pin-med logo. Omgivelsene er preget av en kunstnerisk arkitektur med geometriske m\u00f8nstre. Belysningen er myk og fremhever detaljene i bakgrunnen.\" title=\"Foto: Erla Maria Hilstad Flyum \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Talsperson i Islamsk R\u00e5d Noreg, Mohammed Isak Abdullahi.<\/p>\n<p>Foto: Erla Maria Hilstad Flyum \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Det er l\u00f8ftebrot fr\u00e5 alle som p\u00e5st\u00e5r at dei har ein god politikk for Palestina.<\/p>\n<p>Om Kirsti Bergst\u00f8 si ros av budsjettet som \u00abverdas beste budsjett no er blitt end\u00e5 betre\u00bb, seier han:<\/p>\n<p>\u2013 Bergst\u00f8 f\u00e5r svare for kor bra budsjettet har blitt. Vi er nok ikkje einige, for vi har ikkje f\u00e5tt noko gjennomslag.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>03.12.2025, kl. 21.09<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>03.12.2025, kl. 23.59<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kort oppsummert: SV-nestleiar Marian Hussein kritiserer regjeringa for stillinga statsbudjettet tok om oljefondet. Hussein meiner Noreg kan bli&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":103609,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-103608","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115658497940935189","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/103608","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=103608"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/103608\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/103609"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=103608"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=103608"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=103608"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}