{"id":104513,"date":"2025-12-04T22:46:09","date_gmt":"2025-12-04T22:46:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/104513\/"},"modified":"2025-12-04T22:46:09","modified_gmt":"2025-12-04T22:46:09","slug":"berre-ein-nordlending-pa-lista-over-dei-100-rikaste-nrk-nordland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/104513\/","title":{"rendered":"Berre ein nordlending p\u00e5 lista over dei 100 rikaste \u2013 NRK Nordland"},"content":{"rendered":"<p>Onsdag <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/norge\/gustav-magnar-witzoe-_32_-norges-rikeste-1.17676907\" ec-id=\"pp:article:1.17676907\" ec-name=\"kom skattelistene\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kom skattelistene<\/a>, og p\u00e5 lista over dei 100 personane med mest formue i landet, finn vi berre ein nordlending.<\/p>\n<p><strong>Nordlaks-eigar og vester\u00e5ling, Inge Harald Berg.<\/strong><\/p>\n<p>Fr\u00e5 Hadsel driv han eitt av dei ti st\u00f8rste oppdrettsselskapa i landet med verksemder i tolv kommunar i Nordland og Troms.<\/p>\n<p>P\u00e5 lista over dei superrike i Noreg er Berg \u00e9in av to som fysisk bur i Nord-Noreg.<\/p>\n<p>Den andre er Ola Braanaas. Han flytta i 2021 fr\u00e5 Gulen i Ytre Sogn til B\u00f8 kommune i Vester\u00e5len. <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/skattelistene-2022_-ola-braanaas-topper-formueslisten-i-bo-kommune-i-vesteralen-1.16667052\" ec-id=\"pp:article:1.16667052\" ec-name=\"Bakgrunnen var kommunen sitt etter kvart ber\u00f8mte kutt i formuesskatten.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Bakgrunnen var kommunen sitt etter kvart ber\u00f8mte kutt i formuesskatten.<\/a><\/p>\n<p>Det er med andre ord langt mellom rikingane i den nordlegaste landsdelen, og kontrasten til det sentrale Austlandet er valdsam.<\/p>\n<p>Over halvparten av Noregs superrike bur i Oslo (44) og B\u00e6rum (8).<\/p>\n<p>\u2013 Heiar p\u00e5 dei som tener pengar<\/p>\n<p>\u2013 Skattelistene er eit godt bevis p\u00e5 at det er lite kapital i Nord-Noreg. Det er eit stort faresignal for heile Nord-Noreg n\u00e5r kapitalen flyttar s\u00f8rover, seier B\u00f8-ordf\u00f8rar Sture Pedersen (H).<\/p>\n<p>Ordf\u00f8raren har sj\u00f8lv pr\u00f8vd \u00e5 lokke til seg folk med kapital ved \u00e5 sette ned eigedomsskatten. Blant anna <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/bjorn-daehlie-mener-sture-pedersen-ordforer-i-bo-bor-bli-statsminister-1.15635685\" ec-id=\"pp:article:1.15635685\" ec-name=\"Bj\u00f8rn D\u00e6hlie flytta til skatteparadiset\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Bj\u00f8rn D\u00e6hlie flytta til skatteparadiset<\/a>.<\/p>\n<p>Men det er tydelegvis ikkje nok med Braanaas og Berg i Nord-Noreg.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Sture Pedersen i dress\" title=\"Foto: Alf Simensen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Dette er problematisk, meiner Sture Pedersen (H), ordf\u00f8rar i B\u00f8 i Vester\u00e5len.<\/p>\n<p>Foto: Alf Simensen \/ NTB<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi klarer ikkje \u00e5 legge til rette for at det skal l\u00f8nne seg \u00e5 flytte nordover, seier Pedersen.<\/strong><\/p>\n<p>Kapital er viktig for at eit samfunn skal kunne utvikle seg. For eksempel har Berg investert masse i lokalsamfunna i Vester\u00e5len, som blant anna eitt nytt hotell i Hadsel, if\u00f8lge Pedersen.<\/p>\n<p>\u2013 Alle etableringar treng eigenkapital. Eg kjenner masse folk som har idear, men dei manglar eigenkapital. D\u00e5 kan ein \u00e5 g\u00e5 til dei som har kapital, og pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 hjelp til \u00e5 dra noko i gang. Men om den kapitalen stadig flyttar ut av landsdelen v\u00e5r, s\u00e5 er det eit faresignal n\u00e5r vi skal utvikle nye arbeidsplassar. Og vi veit at folk flyttar etter arbeidsplassane.<\/p>\n<p>\u2013 Nokon er misunnelege, men eg heiar p\u00e5 alle som tener pengar, seier Pedersen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Inge Berg havfarmen\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lakseg gr\u00fcndaren Inge Berg tronar \u00e5leine som nordlending p\u00e5 lista over dei 100 rikaste i Noreg. Han er \u00e9in av berre to som bur i landsdelen. Den andre er Ola Braanaas, vestlendingen som skatteflykta til B\u00f8 i Vester\u00e5len.<\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>Kvifor er det slik?<\/p>\n<p>\u2013 Dei som har begynt \u00e5 tene litt pengar i nord, har som regel blitt oppkj\u00f8pt eller flytta s\u00f8rover. Enten flyttar dei til Oslo, eller s\u00e5 flyttar dei til utlandet, forklarar Pedersen.<\/p>\n<p>Tidlegare i \u00e5r kj\u00f8pte Noregs st\u00f8rste oppdrettsselskap, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/mowi-kjoper-nova-sea-for-7_5-milliarder-1.17239161\" ec-id=\"pp:article:1.17239161\" ec-name=\"Mowi opp Lovund-baserte Nova Sea.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Mowi opp Lovund-baserte Nova Sea.<\/a><\/p>\n<p>Ordf\u00f8raren trur skatt og samferdsel ogs\u00e5 er noko av grunnen til at det har blitt slik.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har for d\u00e5rleg offentleg kommunikasjon i Nord-Noreg. Vi har for d\u00e5rlege flysamband. Det er for usikkert \u00e5 drive ein s\u00e5nn type business i nord. Ein er avhengige av \u00e5 kome seg hurtig mellom stader.<\/p>\n<p>\u00d8ystein D\u00f8rum er sjef\u00f8konom i samfunns\u00f8konomi i NHO. Han seier befolkningstal speler ei viktig rolle her. Det bur knappe ein halv million menneske i Nord-Noreg, mens dei resterande 5,1 millionane bur s\u00f8rp\u00e5.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Om du er i eit lite milj\u00f8 utan rike menneske, s\u00e5 kan det vere vanskelegare \u00e5 selje inn ein god id\u00e9 og gi han vekstmoglegheiter, enn om du er i eit st\u00f8rre milj\u00f8 med kapital, forklarar D\u00f8rum.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Katharina G. Andresen\" title=\"Foto: Dag\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Over halvparten av Noregs rikaste bur i Oslo og B\u00e6rum. \u00c9i av dei er Katharina Kvasnes Andresen. Ho arva ein stor del av aksjane i investeringsselskapet Ferd AS fr\u00e5 far sin, Johan H. Andresen.<\/p>\n<p>Foto: Dag<\/p>\n<p>\u2013 Lettare \u00e5 bygge seg stor p\u00e5 st\u00f8rre stader<\/p>\n<p>Han kallar det agglomerasjoneffektar, som viser til blant anna fordelar som f\u00f8lger av at personar, verksemder og prosjekt, samlast p\u00e5 same stad.<\/p>\n<p>Blant anna har akt\u00f8rar i n\u00e6ringslivet ofte ein fordel av \u00e5 ligge i n\u00e6rleiken av kvarandre, sidan det gir betre tilgang til marknader, infrastruktur og relevante tenester.<\/p>\n<p>\u2013 Grunnlaget for \u00e5 bygge opp veldig store verksemder er gjerne kor du har finansielle milj\u00f8 av ein viss st\u00f8rrelse.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Sjef\u00f8konom NHO\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>\u00d8ystein D\u00f8rum<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>\u2013 Det kan vere lettare \u00e5 bygge seg store p\u00e5 ein st\u00f8rre stad.<\/strong><\/p>\n<p>Nordland, Troms, Finnmark og Svalbard st\u00e5r til saman for 8 prosent av verdiskapinga i landet, if\u00f8lge D\u00f8rum. Som betyr at dei resterande 92 prosentane av verdiskapinga skjer i S\u00f8r-Noreg.<\/p>\n<p>\u2013 Du treng risikovillig kapital som gjer at verksemda kan vekse. Kapitalen er i utgangspunktet mobil, men n\u00e6rleik kan ha noko \u00e5 seie. S\u00e5 dersom det er f\u00e6rre lokalt med pengar, kan det bli vanskelegare \u00e5 f\u00e5 til lokal knoppskyting.<\/p>\n<p>Kva kan gjerast?<\/p>\n<p>Professor Tor W. Andreassen ved NHH meiner Nord-Noreg st\u00e5r framfor eit mogleg gullrush, dersom landsdelen klarer \u00e5 utnytte energifordelen sin.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dette kan bli ti\u00e5ret til regionen. Datasenter har ein umetteleg appetitt p\u00e5 energi, og Nord-Noreg er ein sv\u00e6rt god lokasjon for gigantar som Google og Microsoft.<\/strong><\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Tor Wallin Andreassen i bl\u00e5 skjorte\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Tor Wallin Andreassen\n<ul>\n<li>Professor ved NHH og forskar p\u00e5 innovasjon og verdiskaping.<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Men professoren \u00e5tvarar: Det hjelper ikkje at dei kjem, om dei ikkje skaper ringverknader.<\/p>\n<p>\u2013 Politikarane m\u00e5 stille tydelege krav. Det avgjerande er at akt\u00f8rane som etablerer seg ikkje blir ein \u00abeinsam svale\u00bb.<\/p>\n<p>Han kallar datakraft for \u00abframtida sin bensin\u00bb. Om lokale gr\u00fcnderar og studentar f\u00e5r tilgang p\u00e5 han, kan det skape dei verdiane landsdelen s\u00e5rt treng.<\/p>\n<p>\u2013 I randsona av slike etableringar vil det kome nye selskap og entrepren\u00f8rar. Nokre av dei kan hamne p\u00e5 lista over Noregs rikaste.<\/p>\n<p>\u2013 Distrikts-Noreg forvitrar<\/p>\n<p>Ordf\u00f8raren i B\u00f8 har fleire bekymringar enn manglande kapital.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje berre kapitalen som flyttar s\u00f8rover, det gjer faktisk folk \u00f2g. Det er ganske alvorleg, seier ordf\u00f8raren i B\u00f8.<\/p>\n<p>Fr\u00e5flyttinga fr\u00e5 Nord-Noreg har vore ei stor utfordring dei siste \u00e5ra. I andre kvartal i \u00e5r blei det 621 mindre folk i regionen, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/fodselstala-aukar-_-nord-noreg-stikk-seg-ut-1.17536113\" ec-id=\"pp:article:1.17536113\" ec-name=\"viser tal fr\u00e5 SSB.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">viser tal fr\u00e5 SSB.<\/a><\/p>\n<p>For rundt 50 \u00e5r sidan budde 12 prosent av befolkninga i Noreg, i Nord-Noreg. I dag er berre litt under 9 prosent av oss nordlendingar.<\/p>\n<p>Pedersen sj\u00f8lv har tatt turen til hovudstaden i desse dagar for \u00e5 pr\u00f8ve og snu flytte- og kapitalstraumen.<\/p>\n<p>\u2013 Sentraliseringa er den st\u00f8rste utfordringa i distriktet, avsluttar Pedersen og legg til:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Distrikts-Noreg held p\u00e5 \u00e5 forvitre.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>04.12.2025, kl. 20.19<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Onsdag kom skattelistene, og p\u00e5 lista over dei 100 personane med mest formue i landet, finn vi berre&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":104514,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-104513","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115663731901909832","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/104513","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=104513"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/104513\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/104514"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=104513"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=104513"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=104513"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}