{"id":104876,"date":"2025-12-05T10:45:15","date_gmt":"2025-12-05T10:45:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/104876\/"},"modified":"2025-12-05T10:45:15","modified_gmt":"2025-12-05T10:45:15","slug":"vestlandsforsking-sogndal-vestlandsforsking-40-ar-i-sogn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/104876\/","title":{"rendered":"Vestlandsforsking, Sogndal | Vestlandsforsking \u2013 40 \u00e5r i Sogn"},"content":{"rendered":"\n<p>I \u00e5r er det 40 \u00e5r sidan Vestlandsforsking vart stifta som eit frittst\u00e5ande forskingsinstitutt lagt til Sogndal. For mange er vi likevel ein \u00absvart boks\u00bb. Kva skjuler seg inni?<\/p>\n<p>Vestlandsforsking &#8230; kva driv dei eigentleg med? Mange har spurt opp gjennom \u00e5ra, og dei fleste tilsette har ein eller annan gong m\u00e5tte forklare eller rette opp i vanlege misforst\u00e5ingar: Ja, vi held berre til i Sogndal (og er stolte av det). Nei, vi er ikkje ein del av h\u00f8gskulen, og vi er ikkje ein offentleg organisasjon. Faktisk m\u00e5 vi skaffe mesteparten av midlane v\u00e5re sj\u00f8lve, i hard konkurranse med andre.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4032\" height=\"3024\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/a4c86e16-eaaf-4c32-8453-2a1fff7e563a.bin\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4032 \/ 3024;\"\/><\/p>\n<p>      Vestlandsforsking flytta nyleg inn i Svingen-bygget p\u00e5 Campus Sogndal. 10. desember kl. 14 inviterer instituttet til open dag der alle er velkomne til \u00e5 sj\u00e5 seg rundt og h\u00f8yre om litt av det forskarane gjer.<br \/>\n      Foto: Bror K. R. Tandberg\n    <\/p>\n<p>Fr\u00e5 utanlandske samarbeidspartar f\u00e5r vi andre sp\u00f8rsm\u00e5l. Korleis kan dette instituttet liggje her, s\u00e5 langt fr\u00e5 n\u00e6raste by? P\u00e5 ein s\u00e5 nydeleg stad?<\/p>\n<p>Det er kanskje pussig at det ligg eit frittst\u00e5ande forskingsmilj\u00f8 i Sogn. Samstundes har det ei enkel forklaring. I 1970- og 80-\u00e5ra oppmoda styresmaktene til skiping av regionale forskingsinstitutt og dei fleste fylka fekk sitt. Sogn og Fjordane fekk Vestlandsforsking i 1985, med fylkeskommunen som stiftar. Det store spleiselaget inkluderte Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar. Til saman spytta dei i 4 millionar kroner, verdt om lag 12 millionar kroner i dag. Med denne d\u00e5psg\u00e5va og eit noks\u00e5 fritt mandat, tok den f\u00f8rste direkt\u00f8ren til \u00e5 rekruttere tilsette fr\u00e5 ei leilegheit i Guro Ness-bygget i Fj\u00f8ra, der direkt\u00f8rkontoret skal ha liggje p\u00e5 eit kott.<\/p>\n<p>Samfunnsvitskap har heile tida vore kjernen i det faglege arbeidet. N\u00e5r vi forskar p\u00e5 klima og milj\u00f8, er det alts\u00e5 samfunnsmessige sider ved klimaendringar og milj\u00f8sp\u00f8rsm\u00e5l det dreier seg om: korleis kan kommunar bu seg p\u00e5 meir flaum, skred og overvatn, korleis kan vi bruke areal meir sk\u00e5nsamt enn i dag, p\u00e5 kva m\u00e5tar kan det norske landbruket bli r\u00e5ka av klimahendingar i andre delar av verda?<\/p>\n<p>Samstundes skjer mykje av forskinga i samspel med naturvitskaplege fagmilj\u00f8 ved andre institusjonar, b\u00e5de i Noreg og andre land. P\u00e5 same m\u00e5te er det samspelet mellom teknologi og menneske som st\u00e5r i fokus for teknologi- og samfunnsforskarane ved Vestlandsforsking, ikkje teknologien i seg sj\u00f8lv. Til d\u00f8mes handlar det om \u00e5 bruke kunstig intelligens og stordata til \u00e5 oppdage og stoppe falske nyheiter og hatprat p\u00e5 sosiale medium, \u00e5 bruke KI til \u00e5 styrke krisehandtering og samfunnsberedskap eller korleis vi kan unng\u00e5 utanforskap og diskriminering n\u00e5r samfunnet blir meir digitalt.<\/p>\n<p>Fleire lurer p\u00e5 kor mange vi er. Talet er rundt 37, og du finn oss \u00f8vst i Svingen-bygget p\u00e5 Campus Sogndal. I mange \u00e5r har vi bidrege til at folk med bakgrunn fr\u00e5 andre land buset seg i Sogn. Nett no har vi tilsette fr\u00e5 India, Bolivia, Polen og USA, men \u00f2g naboland som Sverige og Danmark. IT-delen av instituttet hatt s\u00f8rkoreanske teknologar. Dei fleste tilsette er likevel norske, og mange har vakse opp i Sogn, som dei tre som held p\u00e5 med ein doktorgrad akkurat no: Torbj\u00f8rn og Bj\u00f8rn Christian fr\u00e5 Sogndal og Tara fr\u00e5 Luster.<\/p>\n<p>Prosjekt er den vanlegaste arbeidsforma v\u00e5r. Vi hentar rundt 87 prosent av inntektene v\u00e5re fr\u00e5 ulike typar oppdrag og prosjekt, b\u00e5de for offentlege og private verksemder, Noregs forskingsr\u00e5d og EU. Dei fleste oppdraga f\u00e5r vi gjennom \u00e5 skrive s\u00f8knader saman med andre fagmilj\u00f8 der vi skildrar i detalj korleis vi har planar om \u00e5 utf\u00f8re eit omfattande, fleir\u00e5rig arbeid. Mange av s\u00f8knadene tek lang tid \u00e5 skrive og held h\u00f8g vitskapleg kvalitet. Det m\u00e5 dei for \u00e5 n\u00e5 opp hos Forskingsr\u00e5det eller EU-kommisjonen. Det er slett ikkje alltid vi f\u00e5r tilslag, og d\u00e5 gjeld det berre \u00e5 g\u00e5 i gang p\u00e5 nytt. Denne jakta er strevsam, men krev \u00f2g at forskarane heile tida er p\u00e5 t\u00e5 hev og utviklar seg i takt med samfunnet sine behov.<\/p>\n<p>Ein samarbeidspart fleipa ein gong med at Vestlandsforsking var som ei p\u00f8lsebod med mange opningar. Med det antyda han at eit knippe forskarar tilbydde kompetanse med ulike namn. Slik kan det heilt klart sj\u00e5 ut, for det finst mange undertema innafor kvart av hovudomr\u00e5da v\u00e5re \u2013 klima og milj\u00f8, reiseliv og teknologi og samfunn.<\/p>\n<p>Dei same forskarane brukar dessutan kompetansen sin p\u00e5 meir enn eitt tema. Sj\u00f8lv om Marta forskar mest p\u00e5 tilpassing til klimaendringar, kan ho \u00f2g arbeide med klimagassutslepp i landbruket, s\u00e5 lenge ho har oversikt over felta eller samarbeider med nokon som utfyller ho. Den faglege kompetansen ved instituttet v\u00e5rt kan brukast p\u00e5 ulike m\u00e5tar, slik ulike sektorar i samfunnet \u00f2g er samanvevde, og slik samfunnsutfordringar brukar \u00e5 vere komplekse. Ofte m\u00e5 det ei tverrfagleg tiln\u00e6rming til for \u00e5 utvikle l\u00f8ysingar.<\/p>\n<p>Vestlandsforsking har likevel ein raud tr\u00e5d. For tida jobbar historikarmilj\u00f8et ved H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet med ei bok som oppsummerer dei f\u00f8rti \u00e5ra Vestlandsforsking har eksistert. Dei trekkjer fram \u00absamskaping\u00bb som ein raud tr\u00e5d. Bak dette ulne omgrepet ligg ein ganske forst\u00e5eleg arbeidsm\u00e5te: at forskarar samarbeider tett med dei som skal bruke kunnskapen. N\u00e5r ei lita gr\u00fcnderbedrift s\u00f8kjer samarbeid med IT-forskarar for \u00e5 utvikle tenesta si vidare ved hjelp av kunstig intelligens, startar dei to partane p\u00e5 ein lang dialog og ein serie treff som vil munne ut i eit resultat begge har hatt handa p\u00e5. Ein kommune som bestiller ei utgreiing om kor stort turisttrykk innbyggjarane deira kan tole, spelar ball med forskarane heilt til rapporten er klar.<\/p>\n<p>\u00c5 forske er ikkje det same som \u00e5 arbeide som konsulent, sj\u00f8lv om det kan likne. I dag har dei fleste forskarane ei doktorgrad eller er ph.d.-stipendiatar. Dei deler \u00f2g funna sine gjennom \u00e5 skrive vitskaplege artiklar. Desse er som regel p\u00e5 engelsk og blir publiserte i internasjonale tidsskrift der dei kan n\u00e5 ekspertar i andre delar av verda. Artiklar av denne typen m\u00e5 gjennom eit trongt n\u00e5lauge, ei vurdering fr\u00e5 andre p\u00e5 same felt, f\u00f8r dei kjem ut. Dette krev tid og ressursar, men publisering m\u00e5 til for at forskarane skal vere relevante for samarbeidspartar og for \u00e5 f\u00e5 nye forskingsprosjekt.<\/p>\n<p>I samband med 40-\u00e5rsjubileet v\u00e5rt har mange pr\u00f8vd \u00e5 setje ord p\u00e5 kva som er det unike for Vestlandsforsking. Er det alt det internasjonale samarbeidet? Eller at vi har st\u00e5tt p\u00e5 eigne bein, og framleis er her etter fire ti\u00e5r? P\u00e5 jubileumsfesten v\u00e5r sa ein gjest at \u00abde gjer det fjerne n\u00e6rt\u00bb. Det tykte mange var godt sagt. Forskarane ved Vestlandsforsking bevegar seg stadig mellom ulike niv\u00e5, fr\u00e5 det heilt lokale til regionen, landet og verda utanfor i arbeidet med store samfunnsutfordringar. Dei globale problema finst \u00f2g lokalt, og vi arbeider ofte med \u00e5 skreddarsy kunnskapsbaserte l\u00f8ysingar for dei som har skoa p\u00e5, anten det er kommunar som bur seg p\u00e5 eldreboom eller offentlege etatar som vil motarbeide utanforskap.<\/p>\n<p>I den grad instituttet v\u00e5rt har eit overordna m\u00e5l, er det \u00e5 vere med p\u00e5 \u00e5 dytte samfunnet v\u00e5rt i berekraftig retning, som all kunnskap seier er den einaste farbare vegen framover.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"I \u00e5r er det 40 \u00e5r sidan Vestlandsforsking vart stifta som eit frittst\u00e5ande forskingsinstitutt lagt til Sogndal. For&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":104877,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[36,20,21,24,25,15,6755,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,1029,26,27,42,13156,43,44,45],"class_list":{"0":"post-104876","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-jubileum","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-news","18":"tag-no","19":"tag-norge","20":"tag-norway","21":"tag-nyheter","22":"tag-opinion","23":"tag-overskrifter","24":"tag-sogndal","25":"tag-top-stories","26":"tag-topstories","27":"tag-verden","28":"tag-vestlandsforsking","29":"tag-world","30":"tag-world-news","31":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115666559081926279","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/104876","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=104876"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/104876\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/104877"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=104876"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=104876"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=104876"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}