{"id":105081,"date":"2025-12-05T14:39:07","date_gmt":"2025-12-05T14:39:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105081\/"},"modified":"2025-12-05T14:39:07","modified_gmt":"2025-12-05T14:39:07","slug":"skal-treffe-blink-det-blir-skiskyting-pa-team-polsa-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105081\/","title":{"rendered":"Skal treffe blink \u2013 det blir skiskyting p\u00e5 Team P\u00f8lsa \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>Med eit snitt p\u00e5 over 1,2 millionar sj\u00e5arar har \u00abTeam P\u00f8lsa\u00bb r\u00f8rt store deler av den norske befolkninga.<\/p>\n<p>No kjem det ny sesong med nye ungdommar med funksjonsvariasjonar. Denne gongen med ny idrettsgrein, og nye utfordringar.<\/p>\n<p>\u2013 Eg gjekk nokre rundar med meg sj\u00f8lv f\u00f8r eg takka ja. Men dette prosjektet er viktig. Vi er blitt eit taler\u00f8yr for alle dei som ikkje f\u00e5r bli med, og viktige stemmer for innanfor\u00adskap, seier programleiar \u00d8ystein \u00abP\u00f8lsa\u00bb Pettersen.<\/p>\n<p>Han er tilbake som coach og f\u00f8lgesvein for deltakarane i alderen 11\u201314 \u00e5r.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"\u00d8ystein &quot;P\u00f8lsa&quot; Pettersen gir ut boka &quot;Helt deg!&quot;\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u00d8ystein \u00abP\u00f8lsa\u00bb Pettersen er klar for \u00e5 ta p\u00e5 seg ansvar for \u00e5 lede ein ny gjeng ten\u00e5ringar gjennom nye utfordringar denne sesongen. <\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>Fr\u00e5 langrenn til skiskyting \u2013 du m\u00e5 t\u00f8rre \u00e5 trekke av<\/p>\n<p>I f\u00f8rste sesong handla det om \u00e5 l\u00e6re \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 ski. No skal deltakarane ogs\u00e5 l\u00e6re \u00e5 skyte, og takle overgangen mellom intens innsats og indre ro.<\/p>\n<p>\u2013 Langrenn handlar om \u00e5 gi alt. Skyting handlar om \u00e5 roe heilt ned, sikte og skyte, seier P\u00f8lsa.<\/p>\n<p>\u2013 Den kontrasten er vanskeleg, men ogs\u00e5 ein fin metafor for livet. Du m\u00e5 t\u00f8rre \u00e5 trekkje av, ikkje berre sikte. Det tryggaste er \u00e5 la vere, men d\u00e5 skjer det heller ingenting, seier Pettersen.<\/p>\n<p><strong>Han er open p\u00e5 at han sj\u00f8lv har mykje \u00e5 l\u00e6re.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg kan ingenting om skiskyting. Heldigvis er det ikkje eg som skal l\u00e6re ungdommane \u00e5 skyte. Men det viser ogs\u00e5 noko viktig: Dersom du t\u00f8r \u00e5 be om hjelp, kan du l\u00e6re utruleg mykje. Det gjeld b\u00e5de i idretten og i livet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"P\u00f8lsa og Petter\" title=\"Foto: NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Petter Northug (t.h) og \u00d8ystein Pettersen jublar under blomsterseremonien etter \u00e5 ha vunne OL-gull i langrenn lagsprint under i OL Vancouver 2010.<\/p>\n<p>Foto: NTB<\/p>\n<p>Krevjande \u2013 men mogleg for alle<\/p>\n<p>\u00c5rets sesong skjer i samarbeid med Noregs Skiskytterforbund, der utviklingssjef Anders Brun Hennum er ein del av trenarteamet til \u00abTeam P\u00f8lsa\u00bb.<\/p>\n<p><strong>Han meiner skiskyting er krevjande, men langt fr\u00e5 umogleg for unge ut\u00f8varar.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Reint ferdigheitsmessig kan det vere meir krevjande for enkelte, men det finst alltid l\u00f8ysingar. N\u00e5r dei f\u00e5r \u00f8vd mykje, er det ikkje n\u00f8dvendigvis vanskelegare for dei enn for andre.<\/p>\n<p>Han legg til at mykje handlar om mental styrke og evna til \u00e5 halde fokus, uavhengig av funksjonsniv\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Konsentrasjon er kanskje det mest utfordrande i skiskyting \u2013 uansett kven du er. Denne gjengen er utruleg t\u00f8ff. Det er imponerande \u00e5 sj\u00e5 korleis dei har handtert treninga s\u00e5 langt.<\/p>\n<p>Handlar om meir enn idrett<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om skiskyting er ramma for serien, er det ikkje sport som er hovudtemaet.<\/p>\n<p>\u2013 Dette starta som eit prosjekt for \u00e5 lage eit skiskyttarlag. Men ganske tidleg merka eg at det handla om noko mykje viktigare. Ungdommane tar opp utanforskap og mobbing som treff meg midt i magen. Dei snakkar rett fr\u00e5 levra, og det er sterkt, seier Pettersen.<\/p>\n<p>Serien l\u00f8ftar fram unge stemmer og det \u00e5 finne sin plass i fellesskapet.<\/p>\n<p>\u2013 Det handlar om \u00e5 f\u00e5 ein sjanse \u2013 og t\u00f8rre \u00e5 ta den. Dei st\u00e5r i noko mange kjenner seg igjen i. Det er derfor dette betyr s\u00e5 mykje.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Syver i Team P\u00f8lsa\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Syver Blindheim r\u00f8rte mange hjarter med sitt smittande gode hum\u00f8r i f\u00f8rre sesong, han er blind og lid av den sjeldne tilstanden barnedemens.<\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>Eit prosjekt som set spor<\/p>\n<p>\u2013 I fjor jobba vi mykje med fysiske utfordringar. Denne gongen handlar det meir om konsentrasjon, kommunikasjon og det \u00e5 forst\u00e5 seg sj\u00f8lv og andre, seier Pettersen.<\/p>\n<p>Han understrekar at \u00e5rets gjeng ikkje skal fylle nokon andre sine sko, dei skal g\u00e5 i sine eigne.<\/p>\n<p>\u2013 Dei er heilt r\u00e5. Eg set enormt stor pris p\u00e5 denne gjengen \u2013 ikkje fordi dei liknar p\u00e5 den f\u00f8rre, men fordi dei er seg sj\u00f8lve. Dei t\u00f8r \u00e5 vere opne og gi seg sj\u00f8lv ein sjanse. Det smittar.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om P\u00f8lsa er kjend for \u00e5 jobbe hardt, legg ikkje Pettersen skjul p\u00e5 at prosjektet ogs\u00e5 kostar p\u00e5 det personlege planet.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har stor arbeidskapasitet, men heilt gjennomsnittleg emosjonell kapasitet. Det er relasjonsbygginga som tek mest. Eg vrenger meg sj\u00f8lv i dette prosjektet, og nokre gonger m\u00e5 eg trekkje meg litt tilbake for \u00e5 hente meg inn igjen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"NRK-serien &quot;TV P\u00f8lsa&quot; har gjort \u00d8ystein Pettersen en del erfaringer rikere.\" title=\"Foto: Ole Petter Hodnungseth\"\/><\/p>\n<p class=\"\">NRK-serien \u00abTeam P\u00f8lsa\u00bb har gjort \u00d8ystein Pettersen mange erfaringar rikare. Her i samtale med ein av f\u00f8rre sesongs deltakarar, Trygve Kroken-Braate. <\/p>\n<p>Foto: Ole Petter Hodnungseth<\/p>\n<p>F\u00e5r framleis g\u00e5sehud<\/p>\n<p>Innspelinga starta i juni, og produksjonen er framleis i gang. N\u00e5r den nye sesongen startar p\u00e5 NRK i starten av 2026, er finalen end\u00e5 ikkje gjennomf\u00f8rt.<\/p>\n<p>\u2013 Vi veit faktisk ikkje korleis det g\u00e5r. Det gjer det end\u00e5 meir ekte. N\u00e5r TV-sj\u00e5arane begynner \u00e5 f\u00f8lgje reisa, er vi framleis midt i den.<\/p>\n<p>I samarbeid med MOT og Holmenkollen Skifestival er elevar p\u00e5 mellomtrinnet fr\u00e5 Osloskulen inviterte til \u00e5 sj\u00e5 Team P\u00f8lsa i dette rennet.<\/p>\n<p>Ettersom finalen er av, med og for unge, vil det difor ikkje bli selt ordin\u00e6re billettar til dette arrangementet.<\/p>\n<p>\u2013 Dette gjer vi fordi vi \u00f8nskjer \u00e5 prioritere elevane i Osloskulen p\u00e5 denne unike arenaen for fellesskap og like moglegheiter, seier Marthe B\u00f8hler, prosjektleiar for skiskyting i Holmenkollen Skifestival.<\/p>\n<p>\u2013 Vi gler oss veldig til ein finale med skiskyting. Det blir heilt klart ei stor utfordring for ungdomane i den nye sesongen av Team P\u00f8lsa, n\u00e5r dei i tillegg til skirennet ogs\u00e5 skal meistre pust, nervar og fokus for \u00e5 treffe blink, seier Randi Helland, redaksjonssjef i NRK.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>05.12.2025, kl. 15.00<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Med eit snitt p\u00e5 over 1,2 millionar sj\u00e5arar har \u00abTeam P\u00f8lsa\u00bb r\u00f8rt store deler av den norske befolkninga.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":105082,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-105081","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115667478923407350","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105081","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=105081"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105081\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/105082"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=105081"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=105081"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=105081"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}