{"id":105083,"date":"2025-12-05T14:42:11","date_gmt":"2025-12-05T14:42:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105083\/"},"modified":"2025-12-05T14:42:11","modified_gmt":"2025-12-05T14:42:11","slug":"minneord-dodsfall-sigve-reilstad-til-minne","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105083\/","title":{"rendered":"Minneord, D\u00f8dsfall | Sigve Reilstad til minne"},"content":{"rendered":"\n<p>Det har vore ei sann glede \u00e5 ha Sigve Reilstad som n\u00e6r og god kollega p\u00e5 Tryggheim. <\/p>\n<p>Sigve kom til Tryggheim i 1999. D\u00e5 sa han: \u00abEg skal jobbe her i fem \u00e5r. Same korleis det blir \u2013 eg skal halde ut i fem \u00e5r.\u00bb<\/p>\n<p>Han slutta ikkje frivillig.<\/p>\n<p>Djupe spor hos kollegaer <\/p>\n<p>Desse \u00e5ra har Sigve sett mange og djupe spor etter seg &#8211; ikkje berre som l\u00e6rar og leiar p\u00e5 helse- og oppvekstfag.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 minneboka tilsette har skrive i dei siste dagane, kan ein mellom anna lese f\u00f8lgande omtalar:<\/p>\n<p>\u00abSigve er ein av dei mest varme, rause, positive og omsorgsfulle menneske eg har m\u00f8tt.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abTakk for den du var! Du betydde mykje for oss p\u00e5 drift.\u00bb <\/p>\n<p>Det var typisk for Sigve. S\u00e5nn veit eg det var for dei p\u00e5 reinhald og kj\u00f8kken \u00f2g \u2013 til d\u00f8mes denne: <\/p>\n<p>\u00abDu var en S\u00c5\u00c5 snill mann, Sigve. Du er p\u00e5 mitt hjerte. Jeg glemmer deg aldri.\u00bb<\/p>\n<p>Ein heidersmann &#8211; h\u00f8gt respektert og h\u00f8gt elska.<\/p>\n<p>Djupe spor som visjon\u00e6r <\/p>\n<p>Skulle vi jobba med strategi (strategisk plan eller pedagogisk plattform) \u2013 d\u00e5 var det viktig \u00e5 f\u00e5 Sigve med p\u00e5 laget. <\/p>\n<p>Han var nytenkande, visjon\u00e6r og alltid klar for nye visjonar. <\/p>\n<p>Det \u00e5 vere fagleg oppdatert og fokus p\u00e5 misjon, det var viktig for Sigve. <\/p>\n<p>Djupe spor som tilretteleggar <\/p>\n<p>Det var ikkje den ting som ikkje kunne leggast til rette. <\/p>\n<p>Sigve s\u00e5g sjeldan problem \u2192 han ville heller finne l\u00f8ysingane og f\u00e5 ting til \u00e5 gli. <\/p>\n<p>Ein elev blei gravid \u2013 ogs\u00e5 i denne vanskelege situasjonen blei elev m\u00f8tt med empati og st\u00f8tte. <\/p>\n<p>\u00abHadde det ikkje vore for Sigve, hadde eg ikkje fullf\u00f8rt skulen\u00bb, seier ho i dag. <\/p>\n<p>Djupe spor som diakon<\/p>\n<p>Sigve var Tryggheims Barnabas, som hadde formaningas n\u00e5deg\u00e5ve og oppmuntringas n\u00e5deg\u00e5ve i tillegg til eit positivt elevsyn.<\/p>\n<p>Han s\u00e5g potensialet i elevar og kollegaer \u2013 og m\u00f8tte dei med varme, omsorg og oppmuntring. <\/p>\n<p>Sjukdomen \u00f8ydela ikkje livslysta. <\/p>\n<p>Han var takksam for livet og hadde eit p\u00e5gangsmot og ei arbeidsglede utan like. <\/p>\n<p>Djupe spor om mat <\/p>\n<p>Sigve var glad i folk og glad i mat. <\/p>\n<p>Eg fekk nyta fleire gode m\u00e5ltid med Sigve p\u00e5 skuletur i Praha og Krakow. Skulebollar og alt med gul krem var eit must. <\/p>\n<p>Djupe spor om tydeleg kristen skule <\/p>\n<p>Sigve heia p\u00e5 det kristne verdigrunnlaget til Tryggheim.<\/p>\n<p>1 Joh 5,12: \u00abDen som har S\u00f8nnen, har livet.\u00bb <\/p>\n<p>Sigve hadde b\u00e5de kona Liv, og livet. <\/p>\n<p>Den som har S\u00f8nnen, har <b>livet<\/b>. <\/p>\n<p>Vi lyser fred over Sigve sitt gode minne.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det har vore ei sann glede \u00e5 ha Sigve Reilstad som n\u00e6r og god kollega p\u00e5 Tryggheim. Sigve&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":105084,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[36,20,21,576,24,25,15,22,23,692,13,30,28,29,14,1533,16,26,27,13176,13177,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-105083","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-dodsfall","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-minneord","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-top-stories","26":"tag-topstories","27":"tag-tryggheim","28":"tag-tryggheim-skular","29":"tag-verden","30":"tag-world","31":"tag-world-news","32":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115667490894154112","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105083","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=105083"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105083\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/105084"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=105083"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=105083"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=105083"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}