{"id":105454,"date":"2025-12-06T00:26:16","date_gmt":"2025-12-06T00:26:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105454\/"},"modified":"2025-12-06T00:26:16","modified_gmt":"2025-12-06T00:26:16","slug":"donald-trump-fekk-fifas-fredspris-miguel-maduro-meiner-tildelinga-ma-bli-granska-fotball-vm-2026","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105454\/","title":{"rendered":"Donald Trump fekk Fifas fredspris \u2013 Miguel Maduro meiner tildelinga m\u00e5 bli granska \u2013 Fotball-VM 2026"},"content":{"rendered":"<p>Saka samanfatta: <\/p>\n<ul>\n<li>Donald Trump fekk Fifas nye fredspris rett f\u00f8r trekkinga av Noregs VM-gruppe, noko som har skapt sterke reaksjonar.<\/li>\n<li>Tidlegare Fifa-topp Miguel Maduro meiner tildelinga bryt med Fifas regelverk om politisk n\u00f8ytralitet.<\/li>\n<li>Kritikarar, som Minky Worden fr\u00e5 Human Rights Watch, samanliknar tildelinga med tidlegare tilfelle av sportsvasking i Qatar og Russland.<\/li>\n<li>Det er uklart kva kriterium som l\u00e5g til grunn for tildelinga, og fleire krev at Fifas etiske komit\u00e9 unders\u00f8kjer saka.<\/li>\n<li>Mange meiner tildelinga er ein skandale og eit nytt slag mot truverdet til Fifa.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>\u2013 Tusen takk. Dette er verkeleg ei av dei st\u00f8rste \u00e6rene i mitt liv, seier USAs president i det han f\u00e5r medaljen rundt halsen.<\/p>\n<p>Fifa-president Gianni Infantino kunne dele ut fredsprisen, etter at vinnaren blei annonsert i ein video vist f\u00f8r VM-trekkinga i Kennedy Center i Washington.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er din pris. Dette er din fredspris. Det er ogs\u00e5 ei vakker medalje til deg som du kan ta med deg overalt du g\u00e5r, seier Infantino.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei stor \u00e6re \u00e5 vere her med Gianni. Eg har kjent han lenge. Han har gjort ein heilt fantastisk jobb, seier Trump.<\/p>\n<p>Han held fram:<\/p>\n<p>\u2013 Eg m\u00e5 takke familien min. Mi fantastiske f\u00f8rstedame. Melania, du er her, tusen takk.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i bl\u00e5 dress f\u00e5r et medalje rundt halsen fra en annen mann i m\u00f8rk dress. Begge st\u00e5r p\u00e5 en scene, med et trofe av verdensmesterskapet synlig foran dem. I bakgrunnen er det et svakt opplyst scenebilde som gir en festlig atmosf\u00e6re. En tredje person st\u00e5r i bakgrunnen, delvis synlig. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: STEPHANIE SCARBROUGH \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">MEDALJE: Donald Trump tar p\u00e5 seg medaljen han fekk fr\u00e5 Gianni Infantino<\/p>\n<p>Foto: STEPHANIE SCARBROUGH \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Krev unders\u00f8kingar fr\u00e5 Fifas etiske komit\u00e9<\/p>\n<p>Det har lege i korta lenge at Trump skulle f\u00e5 fredsprisen. Prisen blei oppretta rett etter at det blei klart at Trump ikkje fekk Nobels fredspris tidlegare i haust.<\/p>\n<p>Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har verken sagt noko om kriteria for prisen, kven som sit i juryen eller kven som er nominert.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det at Fifa gir ut ein fredspris er heilt uproblematisk. Problemet oppst\u00e5r n\u00e5r prisen g\u00e5r til nokon som er aktive innan politikken. Da blir det eit brot p\u00e5 den politiske n\u00f8ytraliteten, seier Miguel Maduro til NRK.<\/strong><\/p>\n<p>Maduro veit kva han snakkar om. Da Infantino blei vald som president i Fifa i 2016, blei han den f\u00f8rste leiaren av Fifas uavhengige tilsynsorgan. Han hadde som jobb \u00e5 s\u00f8rge for at regelverket til Fifa blei f\u00f8lgt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Gianni Infantino holder en h\u00e5nd i v\u00e6ret mens han taler under FIFA-kongressen. Han st\u00e5r bak en talerstol med navnet sitt foran seg. Bakgrunnen er bl\u00e5 og har teksten &quot;EXTRAORDINARY FIFA CONGRESS 26 FEBRUAR.&quot; Det er en mikrofon p\u00e5 bordet, og en drinking glass er synlig. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Michael Probst \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">FIFA-PRESIDENT: Gianni Infantino blei vald som Fifa-president i 2016.<\/p>\n<p>Foto: Michael Probst \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>I regelverket, som b\u00e5de organisasjonen og tilsette i Fifa er p\u00e5lagt \u00e5 f\u00f8lge, st\u00e5r det at Fifa skal vere politisk n\u00f8ytrale.<\/p>\n<p>Det prinsippet meiner Maduro at er broten av president Infantino n\u00e5. Han peikar p\u00e5 to grunnar:<\/p>\n<p><strong>\u2013 For det f\u00f8rste tar Fifa politisk stilling til arbeidet som blir utf\u00f8rt av den politiske akt\u00f8ren, i dette tilfellet Trump. Og for det andre, det er ogs\u00e5 ei politisk markering \u00e5 gi prisen til ein mann som er aktiv i politikken.<\/strong><\/p>\n<p>Han meiner brotet p\u00e5 Fifas eigne reglar er s\u00e5 klart at han ventar at Fifas etiske komit\u00e9 opprettar ei sak mot Infantino.<\/p>\n<p>\u2013 Viss Etisk komit\u00e9 konkluderer med at det ikkje er eit brot p\u00e5 reglane, m\u00e5 dei komme med ei grunngiving for kvifor dei meiner det. Eg er spent p\u00e5 den grunngivinga, seier Maduro.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann med en r\u00f8d caps sitter ved et bord i et kontor. En annen mann st\u00e5r ved siden av og holder en trof\u00e9, trolig VM-trofeet. Bakgrunnen viser amerikanske flagg og kontorets dekorasjon. Scenen gir et inntrykk av et offisielt m\u00f8te. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Gianni Infantino med VM-trofeet i Det ovale kontor i lag med Donald Trump tilbake i august 2025. <\/p>\n<p>Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>\u00abYtst spesielt\u00bb<\/p>\n<p>I videoen som annonserte Donald Trump som vinnar av fredsprisen, hevda Fifa at han hadde l\u00f8yst ei rekke fredsavtaler.<\/p>\n<p>Fredsavtalene Fifa meiner Trump har l\u00f8yst<\/p>\n<p>Forskingsdirekt\u00f8r ved Fredsforskningsinstituttet PRIO, Siri Aas Rustad har sjekka opp kva fredsavtaler Fifa hevdar Trump har l\u00f8yst. Dette seier ho:<\/p>\n<ol>\n<li>Abraham-avtalene (som er ei rekke avtaler som normaliserer forholdet mellom Israel og ei rekke arabiske land). Rustad seier avtalene g\u00e5r lengre tilbake enn Trump, men at Trump ogs\u00e5 bidrog i sin f\u00f8rste presidentperiode.<\/li>\n<li>Fred mellom DR Kongo og Rwanda. Det stemmer at Trump bidrog til fredsavtalen, men problemet er at den militante gruppa M23, som opererer aust i Kongo og st\u00e5r bak mange drap, er st\u00f8tta av rwandiske styresmakter, men avtalen seier at Rwanda ikkje st\u00f8tter gruppa. Derfor gir eigentleg ikkje fredsavtalen fred i omr\u00e5det.<\/li>\n<li>Kambodsja og Thailand \u2013 delvis sant at Trump bidrog til fred. Det var ein grensekonflikt der USA bidrog med p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 til ein v\u00e5penkvile. Problemet er, if\u00f8lge Rustad, at Trump fekk til fred ved \u00e5 true med at tollen vil g\u00e5 opp viss dei ikkje signerte.<\/li>\n<li>Kosovo og Serbia. Her er det veldig uklart kva Trump eigentleg har tatt f\u00f8re seg. Lite tilseier at det har vore fare for krig.<\/li>\n<li>India og Pakistan. Her var det ein konflikt som har g\u00e5tt f\u00f8re seg lenge. Pakistan seier Trump bidrog, medan India seier han ikkje gjorde noko s\u00e6rleg.<\/li>\n<li>Egypt og Etiopia. Her er det ikkje ein konflikt mellom landa, men der har vore spent p\u00e5 grunn av et kraftverk som Etiopia har bygt og som p\u00e5verkar Egypt. Det har vore mykje uro der, men usant, ikkje n\u00e6rt krig her if\u00f8lge forskaren.<\/li>\n<li>Armenia og Aserbasjan. Her har Trump bidratt direkte og fortener honn\u00f8r for det.<\/li>\n<li>Israel og Hamas. Der fekk han pressa gjennom ein fredsavtale. P\u00e5 ein annan side var USA det einaste landet som kunne gjere det, s\u00e5 det skulle berre mangle.<\/li>\n<\/ol>\n<p>\u2013 Det er ytst spesielt. Det var venta at Trump skulle f\u00e5 denne prisen, men dei sm\u00f8r ordentleg tjukt p\u00e5 b\u00e5de grunngjevinga og ordlyden etterp\u00e5. Det verkar spesialdesigna for den amerikanske presidenten, seier NRKs utanriksredakt\u00f8r Sigurd Falkenberg Mikkelsen.<\/p>\n<p>\u2013 Toler denne oppramsinga ein faktasjekk? <\/p>\n<p>\u2013 Donald Trump likar \u00e5 snakke om seg sj\u00f8lv som ein fredspresident. Det var ogs\u00e5 veldig viktig i valkampen for han, at han skulle skape fred rundt i verda. Hadde denne lista stemt, s\u00e5 trur eg ogs\u00e5 han hadde f\u00e5tt Nobels fredspris i \u00e5r.<\/p>\n<p>Sj\u00e5 kva Mikkelsen har \u00e5 seie her: <\/p>\n<p>Fleire reagerte d\u00e5 Trump vann prisen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg har verkeleg sett alt n\u00e5, skriv tidlegare Premier League-stjerne Stan Collymore p\u00e5 X.<\/strong><\/p>\n<p>Ogs\u00e5 i Noreg str\u00f8ymer reaksjonane etter at Trump har mottatt fredsprisen.<\/p>\n<p>\u2013 Skjer dette p\u00e5 ekte? skriv Einar T\u00f8rnquist.<\/p>\n<p>\u2013 Den \u00abfredsprisen\u00bb og smiskingen med Trump: Eit av fotballens flauaste augeblikk, skriv fotballekspert Lars Tj\u00e6rn\u00e5s p\u00e5 X.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i m\u00f8rk dress holder en FIFA-pokal, mens en annen mann i bl\u00e5 dress holder mikrofon. Begge st\u00e5r p\u00e5 en scene med en kunstnerisk bakgrunn. Det er en medalje hengende fra den f\u00f8rste mannens nakke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: BRENDAN SMIALOWSKI \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">TAKKA: Donald Trump takka b\u00e5de Infantino og familien sin etter \u00e5 ha mottatt prisen. <\/p>\n<p>Foto: BRENDAN SMIALOWSKI \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Samanliknar med sportsvasking i Qatar og Russland<\/p>\n<p>Maduro er ikkje den einaste som reagerer sterkt p\u00e5 fredsprisen. Ogs\u00e5 Minky Worden, leiar av menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch, meiner tildelinga er sterkt problematisk.<\/p>\n<p>\u2013 Miguel Maduro stiller sp\u00f8rsm\u00e5l om Fifa-presidenten har kryssa linja og blitt engasjert i politikken. Eg tenker at Maga-r\u00f8rsle og Trumpisme under VM kan vere ei veldig negativ utvikling. Det er ein grunn til at du ikkje skal bruke eit s\u00e5 stort idrettsarrangement til eiga politisk vinning, seier Worden til NRK.<\/p>\n<p>Ho meiner dette VM-et er i ferd med \u00e5 bli like sportsvaska som Putins VM i 2018 og Qatars VM i 2022.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 sportsvasking har ei lang historie, men det g\u00e5r ut over supporterar, spelarar og lokalsamfunna. Fifa burde heller fokusere p\u00e5 dei som leverer og gjennomf\u00f8rer meisterskapen. Arbeidarar, spelarar, supporterar og media, seier Worden.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En gruppe personer sitter p\u00e5 en balkong under et arrangement. En mann if\u00f8rt en r\u00f8d slips og m\u00f8rk dress er sentralt plassert. Kvinnene til h\u00f8yre applauderer, mens de andre sitter stille. Gardiner i bakgrunnen gir en formell setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: DAN MULLAN \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">TIL STADES: Donald Trump og Melania Trump til stades p\u00e5 VM-trekkinga. Bildet er tatt nokre minutt f\u00f8r han fekk Fifas fredspris. <\/p>\n<p>Foto: DAN MULLAN \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Trudde han skulle f\u00e5 han<\/p>\n<p>F\u00f8r trekkinga kom president Donald Trump g\u00e5ande i lag med Gianni Infantino p\u00e5 den raude l\u00f8paren.<\/p>\n<p>Der fekk han sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 TV 2 om Fifas nye fredspris.<\/p>\n<p>\u2013 Eg veit ikkje. Eg h\u00e5par eg f\u00e5r han. Nokon har sagt at eg f\u00e5r han, men eg har ikkje f\u00e5tt offisiell beskjed, sa Donald Trump til den norske pressa f\u00f8r utdelinga.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"to menn p\u00e5 r\u00f8d l\u00f8per\" title=\"Foto: Mads H\u00e5by \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">KOM I LAG: USAs president Donald Trump og Fifa-president Gianni Infantino kom g\u00e5ande i lag p\u00e5 det raude l\u00f8paren. <\/p>\n<p>Foto: Mads H\u00e5by \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Ein skandale<\/p>\n<p>Jostein Kobbeltvedt, leiar for Raftostifelsen i Bergen, meiner det ikkje er eit problem i seg sj\u00f8lv at Fifa har ein fredspris.<\/p>\n<p>\u2013 Men dei har ikkje sagt noko om kriterium, prosess eller kven som bestemmer, seier Kobbeltvedt til NRK og fortset:<\/p>\n<p>\u2013 Gitt historikken til Fifa, og Infantino, med \u00e5 bruke Fifas innverknad til \u00e5 sportsvaske autorit\u00e6re leiarar i Russland, Saudi-Arabia, og det siste \u00e5ret Trump, er det stor grunn til \u00e5 frykte at prisen vil bli brukt politisk.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Jostein Hole Kobbeltvedt\" title=\"Foto: Therese Grimstad Pisani \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Jostein Kobbeltvedt i Raftostiftelsen.<\/p>\n<p>Foto: Therese Grimstad Pisani \/ NRK<\/p>\n<p>At det nettopp var Trump som fekk prisen, kommenterer Kobbeltvedt p\u00e5 f\u00f8lgande m\u00e5te:<\/p>\n<p><strong>\u2013 At Trump fekk han er ein skandale. Ein siste spikar i kista p\u00e5 truverdet til Fifa-leiinga, men dessverre ikkje overraskande.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>05.12.2025, kl. 18.29<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>05.12.2025, kl. 22.01<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka samanfatta: Donald Trump fekk Fifas nye fredspris rett f\u00f8r trekkinga av Noregs VM-gruppe, noko som har skapt&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":105455,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-105454","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115669787192169370","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105454","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=105454"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105454\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/105455"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=105454"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=105454"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=105454"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}