{"id":105612,"date":"2025-12-06T09:06:13","date_gmt":"2025-12-06T09:06:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105612\/"},"modified":"2025-12-06T09:06:13","modified_gmt":"2025-12-06T09:06:13","slug":"kommentar-solve-rydland-seriost-er-hogre-verkeleg-sa-maktblinde","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105612\/","title":{"rendered":"Kommentar, S\u00f8lve Rydland | Seri\u00f8st? Er H\u00f8gre verkeleg s\u00e5 maktblinde?"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Skal du forst\u00e5<\/b> norsk politikk kjem du ikkje unna \u00e5 ta innover deg motsetninga mellom sentrum og periferi.<\/p>\n<p>Begrepsparet som vart introdusert av Stein Rokkan, sj\u00f8lve gudfaren ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, har vore den mest sentrale forklaringsmodellen p\u00e5 politiske prosessar i Norge dei siste 70 \u00e5ra.<\/p>\n<p><b>Lurer du p\u00e5<\/b> kvifor nordmenn sa nei til EU, kvifor den folkelege motstanden mot vindkraft er s\u00e5 sterk, kvifor den \u00f8konomiske skeivfordelinga innan samferdsle og kultur provoserer s\u00e5 mange, kvifor norske rikspolitikarar ikkje greier \u00e5 legga ned norske sm\u00e5kommunar, og kvifor nedlegginga av ein vidareg\u00e5ande skule i Lom var ei av dei mest omtalte politiske sakene i Norge i fjor?<\/p>\n<p>Jo, det handlar om at motsetjingane mellom sentrum og periferi kanskje er den aller mest kraftfulle dimensjonen i norsk politikk.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3083\" height=\"2056\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/NTB_ybbLHz63daY+%281%29.jpg\" alt=\"Oslo 20251109. &#10;H\u00f8yres Ine Marie Eriksen S\u00f8reide og Ola Svenneby p\u00e5 sentralstyrem\u00f8te i H\u00f8yre.&#10;Foto: Terje Pedersen \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3083 \/ 2056;\"\/><\/p>\n<p>      Ine Marie Eriksen S\u00f8reide f\u00e5r med seg Ola Svenneby som nestleiar i H\u00f8gre, om nominasjonskomiteen f\u00e5r viljen sin.<br \/>\n      Foto: Terje Pedersen\n    <\/p>\n<p><b>Derfor var det <\/b>nesten ikkje til \u00e5 tru d\u00e5 Arbeidarpartiet plukka ut den noverande partileiinga si.<\/p>\n<p>Jonas fr\u00e5 Oslo, Tonje fr\u00e5 Jessheim, og Jan Christian som har budd i Oslo sidan han var eitt \u00e5r gammal, vart nemleg plukka ut til \u00e5 leia partiet som ein fekk gjennombrotet sitt med slagordet \u00abBy og land, hand i hand\u00bb.<\/p>\n<p>Legg til Espen og Jens fr\u00e5 Oslo, som stort sett f\u00e5r det som dei vil, og du har ei maktfordeling som ikkje berre grensar til det komiske, men som faktisk er direkte tragikomisk.<\/p>\n<p><b>I eit land <\/b>der geografi er heilt essensielt for folk sine politiske preferansar, skulle ein tru at alle andre parti ville utnytta ein slik generaltabbe.<\/p>\n<p>Men, neida. D\u00e5 lekkasjane fredag pipla ut fr\u00e5 nominasjonskomiteen i H\u00f8gre, s\u00e5g det ut til at H\u00f8gre har tatt m\u00e5l av seg for \u00e5 vera minst like lite representative som kameratane p\u00e5 Youngstorget.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3521\" height=\"2275\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/NTB_X7K6hbUfgVk.jpg\" alt=\"Oslo 20250204. &#10;Statsminister Jonas Gahr St\u00f8re utnevner ny regjering, og kommer ut p\u00e5 Slottsplassen etter statsr\u00e5dsm\u00f8te p\u00e5 Slottet.&#10;Foto: Lise \u00c5serud \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3521 \/ 2275;\"\/><\/p>\n<p>      Toppleiinga i Arbeidarpartiet hand i hand p\u00e5 Slottsplassen. Tonje Brenna fr\u00e5 Jessheim er distriktsalibiet i den mangfoldige gjengen.<br \/>\n      Foto: Lise \u00c5serud\n    <\/p>\n<p><b>N\u00e5r Ine Marie <\/b>fr\u00e5 L\u00f8renskog skal verta partileiar, meiner nominasjonskomiteen at det er smart at Henrik fr\u00e5 B\u00e6rum og Ola, som var partiet sin 5.-kandidat i Oslo, er dei naturlege nestleiarane. Begge er ein del av den ultimate prateklassen i papirtigerstaden, og begge har vore med p\u00e5 reality-progrm p\u00e5 tv.<\/p>\n<p>Joda. Det er mogleg \u00e5 komma med nokre innvendingar, her. Den mest iherdige partikaninane i Ap vil sikkert hevda at Jan Christian Vestre vitterleg vart f\u00f8dd i Haugesund. Beklagar. Den m\u00e5 du, lenger ut p\u00e5 landet med.<\/p>\n<p><b>I H\u00f8gre har<\/b> ein heilt rett i at Ola Svenneby vaks opp i V\u00e5ler i Hedmark. Joda. Det er definitivt nord for Sinsenkrysset, men slettes ikkje nok til \u00e5 berga den geografiske kredibiliteten.<\/p>\n<p>Dersom det ikkje fram mot den endelege avgjerda skjer eit distriktspolitisk oppr\u00f8r i H\u00f8gre, forst\u00e5r eg ingenting.<\/p>\n<p><b>I partiet som <\/b>alltid er s\u00e5 opptekne av at samfunnet skal byggast nedanfr\u00e5 og opp, er det minst like skadeleg som i Arbeidarpartiet at partileiinga fullstendig manglar geografisk representasjon.<\/p>\n<p>Det manglar ikkje aktuelle kandidatar. B\u00e5de Peter Christian Fr\u00f8lich fr\u00e5 Bergen og Erlend Svardal B\u00f8e, som er valt inn for Troms, og oppvaksen i Sogn og Fjordane, hadde gitt partileiinga meir enn eit snev av geografisk truverd.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3936\" height=\"2632\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/NTB_WrVhset-PiY.jpg\" alt=\"Gardermoen  20250912. &#10;Henrik Asheim, Tina Bru, Peter Christian Fr\u00f8lich, Ine Marie Eriksen S\u00f8reide og Sandra Bruflot i forbindelse med en pressekonferanse. Erna Solberg gjorde det kjent at hun g\u00e5r av som partileder under H\u00f8yres sentralstyrem\u00f8te fredag. &#10;Foto: Terje Pedersen \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3936 \/ 2632;\"\/><\/p>\n<p>      Peter Christian Fr\u00f8lich er ikkje ein del av nominasjonskomiteen sitt forslag til ny toppleiing i H\u00f8gre.<br \/>\n      Foto: Terje Pedersen\n    <\/p>\n<p>Kanskje vil dei ikkje. Kanskje vil ikkje partiet. Uansett. Det er ekstremt pinleg for partiet.<\/p>\n<p><b>At sentrale krefter <\/b>i b\u00e5de Arbeidarpartiet og H\u00f8gre bommar s\u00e5 fundamentalt p\u00e5 analysen av norsk politikk er oppsiktsvekkande, og ei g\u00e5vepakke til andre parti. S\u00e6rleg Framstegspartiet og Senterpartiet som profitterer grovt p\u00e5 at Ap og H\u00f8gre klumpar seg saman i sentrale strok.<\/p>\n<p>Veljarane har nemleg f\u00e5tt med seg at dei to tradisjonelle styringspartia likar seg best i sentrum. B\u00e5de politisk, men \u00f2g geografisk.<\/p>\n<p><b>Ei enkel analyse<\/b> av valresultatet viser nemleg at dei to partia i st\u00f8rre og st\u00f8rre grad har eit geografisk problem, som kan forklarast med sentrum og periferi.<\/p>\n<p>I stortingsvalet denne hausten greidde nemleg ikkje H\u00f8gre \u00e5 verta st\u00f8rste parti i ein einaste kommune langs kysten mellom Aust-Agder i s\u00f8r og Finnmark i nordaust. Oslo var det einaste valdistriktet der partiet greidde \u00e5 verta det nest st\u00f8rste partiet.<\/p>\n<p><b>P\u00e5 kommuneniv\u00e5 var<\/b> det oppslutninga i B\u00e6rum, Asker, Oslo og Bergen som hindra H\u00f8gre fr\u00e5 fullstendig kollaps. Me snakkar om det n\u00e6rmaste ein kan komma sentrum p\u00e5 den norske sentrum-periferi-aksen.<\/p>\n<p>Arbeidarpartiet, p\u00e5 si side, redda regjeringsmakta takka vera oppslutninga i dei st\u00f8rste byane.<\/p>\n<p><b>Valresultata p\u00e5 Vestlandet<\/b> er ganske illustrerande. Medan Arbeidarpartiet vart st\u00f8rste parti i Bergen og i Stavanger, gjorde Framstegspartiet n\u00e6rmast reint bord i omlandskommunar og langs gullkysten mellom Gulen og J\u00e6ren.<\/p>\n<p>At H\u00f8gre og Arbeidarpartiet gjorde det best i sentrale strok handlar sj\u00f8lvsagt ikkje s\u00e6rleg mykje om kven som sit i partileiinga. Hadde det vore tilfellet burde ikkje Ap ha gjort eit ok val i Bergen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8640\" height=\"5760\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/NTB_qEttNk4pQoI.jpg\" alt=\"Oslo 20250908. &#10;Partileder Jonas Gahr St\u00f8re p\u00e5 bakrommet under Arbeiderpartiets valgvake p\u00e5 Folkets Hus under stortingsvalget 2025.&#10;Foto: Javad Parsa \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8640 \/ 5760;\"\/><\/p>\n<p>      I dag vert Norge styrt av ein gjeng med austlendingar.<br \/>\n      Foto: Javad Parsa\n    <\/p>\n<p><b>At ingen av<\/b> dei to tradisjonelle styringspartia bryr seg om geografisk representasjon i toppleiinga si, fortel likevel ein heil del om at dei to partia ikkje er opptekne nok av kor viktig denne dimensjonen er i norsk politikk.<\/p>\n<p>Dei neste \u00e5ra kjem nemleg til \u00e5 verta ei skjebnetid i norsk politikk. Medan Vestlandet spesielt, og kysten generelt, genererer verdiskaping og eksportinntekter til den norske staten, har Stortinget velsigna ei storstilt sentralisering i kor dei offentlege pengane vert brukt.<\/p>\n<p><b>Om du var i <\/b>tvil: Dei store investeringane innan kultur, offentlege bygg, og samferdsle skjer i nabolaget til dei som sit i partileiinga i H\u00f8gre og Arbeidarpartiet.<\/p>\n<p>Om denne sentraliseringspendelen f\u00e5r halda fram, vil ein svekka det enorme verdiskapingspotensialet langs kysten i vest og nord. Det er naivt \u00e5 tru at dei austlandstunge partileiingane vil bety noko anna enn austlandsk politisk slagside.<\/p>\n<p>Det norsk politikk treng er politikarar som greier \u00e5 gjera noko med denne utviklinga. Som faktisk \u00f8nsker \u00e5 spreia makt.<\/p>\n<p><b>Signalet fr\u00e5 H\u00f8gre<\/b> og Arbeidarpartiet er: Me kunne ikkje brydd oss mindre om maktspreiing. Me fordeler makta mellom oss der makta er sterkast, me.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Skal du forst\u00e5 norsk politikk kjem du ikkje unna \u00e5 ta innover deg motsetninga mellom sentrum og periferi.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":105613,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,266,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,41,1382,26,27],"class_list":{"0":"post-105612","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-kommentar","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-politikk","26":"tag-solve-rydland","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115671831931055018","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105612","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=105612"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105612\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/105613"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=105612"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=105612"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=105612"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}