{"id":105955,"date":"2025-12-06T17:29:08","date_gmt":"2025-12-06T17:29:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105955\/"},"modified":"2025-12-06T17:29:08","modified_gmt":"2025-12-06T17:29:08","slug":"kvalpar-treng-heim-for-jul-slik-kan-du-bli-forvert-nrk-ostfold-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/105955\/","title":{"rendered":"Kvalpar treng heim f\u00f8r jul \u2013 slik kan du bli f\u00f4rvert \u2013 NRK \u00d8stfold \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Saka samanfatta<\/p>\n<ul>\n<li>Labradorkvalpen Chap bur hos familien Midtb\u00f8 som er f\u00f4rvertar medan han trenar til \u00e5 bli f\u00f8rar- eller servicehund.<\/li>\n<li>Familien fekk ideen om \u00e5 bli f\u00f4rvertar etter eit informasjonsm\u00f8te med Norges Blindeforbund.<\/li>\n<li>Hundeskolen Veiviseren, som eig Chap, treng stadig nye f\u00f4rvertar for kvalpar som skal bli hjelparar for synshemma og rullestolbrukarar.<\/li>\n<li>\u00c5 vere f\u00f4rvert krev tett oppf\u00f8lging og mykje trening, men gir \u00f2g ei unik moglegheit til \u00e5 bidra til eit viktig samfunnsoppdrag.<\/li>\n<li>Sigrid, 11 \u00e5r, trenar Chap dagleg og har blitt sv\u00e6rt glad i han, sj\u00f8lv om ho veit at han kanskje ikkje kan bli verande hos familien.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>\u2013 <strong>Sitt! Bra!<\/strong><\/p>\n<p>Labradorkvalpen Chap er ute p\u00e5 tur med 11-\u00e5ringen Sigrid Midtb\u00f8. Sj\u00f8lv er han fem m\u00e5nader gammal, og alt er nytt og interessant. Han drar i bandet, snusar p\u00e5 det meste, og oppf\u00f8rer seg som kvalpar flest.<\/p>\n<p>Samstundes er han \u00f2g heilt spesiell. Chap er nemleg p\u00e5 veg mot ein karriere som f\u00f8rar- eller servicehund.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ung, gul labradorvalp med vest sitte ute p\u00e5 en gate. Hunden ser rett i kameraet. Han har p\u00e5 seg en oransje vest. \" title=\"Foto: Ingrid Mathilde Langvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Chap er ute p\u00e5 treningstur kvar dag. <\/p>\n<p>Foto: Ingrid Mathilde Langvik \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Men f\u00f8rst skal han l\u00e6re \u00e5 bli trygg i alle moglege situasjonar. Det er der Sigrid og resten av familien Midtb\u00f8 i Moss kjem inn i bildet.<\/strong><\/p>\n<p>Dei er f\u00f4rvertar, og Chap flytta inn hos dei for nokre f\u00e5 m\u00e5nader sidan. Dette er starten p\u00e5 livet hans som firbeint hjelpar.<\/p>\n<p>Ny kvardag<\/p>\n<p>\u2013 Hund har st\u00e5tt p\u00e5 \u00f8nskelista til Sigrid lenge, fortel mora Linn.<\/p>\n<p>Ho og mannen var usikre p\u00e5 om det var lurt \u00e5 utvide familien med ein firbeint, men s\u00e5 blei dei tipsa om at dei kanskje kunne bli f\u00f4rvertar.<\/p>\n<p>Dei kontakta Noregs Blindeforbund, og drog av garde p\u00e5 informasjonsm\u00f8te.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Da blei Sigrid enda meir tent. S\u00e5 vi bestemte oss for \u00e5 pr\u00f8ve.<\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Gul labradorvalp st\u00e5r p\u00e5 gaten. Han har oransje vest p\u00e5. \"  width=\"3840\" height=\"2878\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Treningsvesten er p\u00e5 n\u00e5r Chap er ute og \u00f8ver.<\/p>\n<p> Foto: Ingrid Mathilde Langvik \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Chap spiser p\u00e5 en tube med skinkeost. \"  width=\"3840\" height=\"3703\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Skinkeost fell i smak som bel\u00f8nning.<\/p>\n<p> Foto: Elisabeth T\u00f8tte Hansen \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En gul labradorvalp sitter p\u00e5 gulvet.\"  width=\"3840\" height=\"2878\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Kanskje er dette ein framtidig f\u00f8rar- eller servicehund. <\/p>\n<p> Foto: Ingrid Mathilde Langvik \/ NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Familien blei godkjent, og d\u00e5 Chap var \u00e5tte veker gammal tassa han over d\u00f8rterskelen heime hos dei. Ein heilt ny kvardag var i gang.<\/p>\n<p>\u2013 I byrjinga m\u00e5tte mamma og pappa st\u00e5 opp om natta fordi Chap m\u00e5tte p\u00e5 do, fortel Sigrid.<\/p>\n<p>N\u00e5 er han reinsleg, men det manglar ikkje p\u00e5 oppg\u00e5ver av den grunn, og Sigrid trenar med han kvar einaste dag.<\/p>\n<p>For det er mykje som skal inn i hovudet p\u00e5 Chap. Som \u00e5 g\u00e5 fint i band og ikkje springe etter pinnar eller ballar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mor og datter sitter p\u00e5 gulvet sammen med en labradorvalp. Mor har p\u00e5 seg hvit genser og brune bukser. Hun har m\u00f8rkt halvlangt h\u00e5r. &#10;Datteren har p\u00e5 seg gr\u00e5 henser, og har lyst, langt h\u00e5r. \" title=\"Foto: Elisabeth T\u00f8tte Hansen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Familien Midtb\u00f8 hadde ikkje hatt hund f\u00f8r dei blei f\u00f4rvertar. <\/p>\n<p>Foto: Elisabeth T\u00f8tte Hansen \/ NRK<\/p>\n<p>P\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l om ho kanskje l\u00e6rer noko sj\u00f8lv \u00f2g, svarer Sigrid kjapt:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Mamma ville sagt ansvar. <\/strong><\/p>\n<p>Kven kan bli f\u00f4rvert? <\/p>\n<ul>\n<li>Det \u00e5 vere f\u00f4rvert for f\u00f8rarhundskolen krev ingen spesialkunnskap.<\/li>\n<li>F\u00f8rarhundskolen vil s\u00f8rgje for at alle f\u00f4rvertsfamiliar f\u00e5r grundig oppl\u00e6ring.<\/li>\n<li>M\u00e5lsettinga er at f\u00f4rvertane skal gje hunden ein trygg og harmonisk oppvekst med mykje kj\u00e6rleik og faste grenser.<\/li>\n<li>For at vi i fellesskap skal kunne n\u00e5 denne m\u00e5lsettinga, er det \u00f8nskeleg at f\u00f4rvertsfamiliane bur sentralt p\u00e5 Austlandet.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kjelde: Noregs Blindeforbund<\/p>\n<p>20 kvalpar treng ein heim<\/p>\n<p>Chap kjem fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.veiviseren.org\/\" ec-id=\"https:\/\/www.veiviseren.org\/\" ec-name=\"Hundeskolen Veiviseren\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Hundeskolen Veiviseren<\/a>, som er eigd av Noregs Blindeforbund. Skolen ligg p\u00e5 \u00c5s, og er den st\u00f8rste oppdrettaren i landet av hundar som skal bli hjelparar for synshemma og rullestolbrukarar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kvart \u00e5r kjem mellom 80 og 150 kvalpar til verda her, og alle treng ein stad \u00e5 bu, fortel Hege Bye. Ho er instrukt\u00f8r og f\u00f4rvertr\u00e5dgivar p\u00e5 skolen. <\/strong><\/p>\n<p>Ho sit p\u00e5 golvet med to fire-veker gamle sjarmtroll i hendene. Spede klynk kjem fr\u00e5 ein madrass. Der kravlar resten av den pelskledde s\u00f8skenflokken rundt.<\/p>\n<p><strong>Til saman har hundeskolen rundt 20 kvalpar som treng f\u00f4rvertar f\u00f8r jul. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi er avhengige av heilt vanlege menneske, og vi har f\u00f4rvertar i alle livsfasar, dei bur i alt fr\u00e5 husb\u00e5t til villa, fortel Hege.<\/p>\n<p>Ho seier det \u00e5 vere f\u00f4rvert kan passe veldig bra om ein ikkje har hatt hund f\u00f8r, og lurer p\u00e5 kva det inneber. Alle f\u00e5r nemleg tett oppf\u00f8lging gjennom samlingar, heimebes\u00f8k og privattrening.<\/p>\n<p>    <img alt=\"En dame med halvlangt lyst h\u00e5r holder to fire uker gamle labradorvalper. Den ene er gul, den andre svart. \"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"En haug gule og svarte, fire uker gamle, labradorvalper som sover i en seng\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Hundeskolen har kvalpar klare til utlevering stort sett heile \u00e5ret, seier f\u00f4rvertr\u00e5dgivar Hege Bye. <\/p>\n<p>Nettopp all treninga gjer at dei som tek til seg ein kvalp, ikkje kan bu veldig langt unna hundeskolen p\u00e5 \u00c5s.<\/p>\n<p>Det gjer det umogleg for mange \u00e5 bli f\u00f4rvertar, noko Hege skj\u00f8nnar kan kjennast urettferdig.<\/p>\n<p><strong>Samtidig understrekar ho at dei som treng f\u00f8rar- og servicehundar bur over heile landet. <\/strong><\/p>\n<p>Kanskje han ikkje blir godkjent &#8230;<\/p>\n<p>Heime hos familien Midtb\u00f8 roper Sigrid p\u00e5 Chap. Han kjem ilande, og slafsar n\u00f8gd i seg skinkeost som p\u00e5skj\u00f8nning. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg har jo blitt veldig glad i han, sj\u00f8lv om vi ikkje har hatt han s\u00e5 lenge, seier 11-\u00e5ringen.<\/strong><\/p>\n<p>Men som alle andre f\u00f4rvertar m\u00e5 ho f\u00f8rebu seg p\u00e5 at ho ikkje kan behalde den gule sjarm\u00f8ren.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ung jente med lyst, langt h\u00e5r og gr\u00e5 jakke. \" title=\"Foto: Elisabeth T\u00f8tte Hansen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sigrid Midtb\u00f8 synest det er flott \u00e5 vere f\u00f4rvert for hunden Chap.<\/p>\n<p>Foto: Elisabeth T\u00f8tte Hansen \/ NRK<\/p>\n<p>Om nokre m\u00e5nader skal han gjennom testar som vil vise om han er klar for neste steg i livet. Trening for \u00e5 bli f\u00f8rar- eller servicehund.<\/p>\n<p>Hege p\u00e5 hundeskolen fortel at det kan vere tungt for enkelte \u00e5 levere hunden tilbake. Likevel synest dei fleste det er givande \u00e5 vite at dei har vore med p\u00e5 \u00e5 gjere ein forskjell.<\/p>\n<p>Dessutan er det mange f\u00f4rvertar som m\u00f8ter hunden igjen.<\/p>\n<p>Ein god del passar han i feriar og helger etter at han er ferdig trena og har flytta inn hos personen som treng han.<\/p>\n<p>Sigrid er ikkje heilt sikker p\u00e5 kva ho h\u00e5par vil skje med Chap.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eigentleg vil eg at han ikkje skal bli godkjent. Men han er jo s\u00e5 flink, s\u00e5 eg trur kanskje han blir f\u00f8rarhund. <\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>06.12.2025, kl. 16.17<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka samanfatta Labradorkvalpen Chap bur hos familien Midtb\u00f8 som er f\u00f4rvertar medan han trenar til \u00e5 bli f\u00f8rar-&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":105956,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-105955","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115673809848346523","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105955","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=105955"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/105955\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/105956"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=105955"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=105955"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=105955"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}