{"id":106206,"date":"2025-12-06T23:36:16","date_gmt":"2025-12-06T23:36:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/106206\/"},"modified":"2025-12-06T23:36:16","modified_gmt":"2025-12-06T23:36:16","slug":"vurderer-soksmal-for-a-stoppe-rotenon-i-lierelva-nrk-buskerud-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/106206\/","title":{"rendered":"Vurderer s\u00f8ksm\u00e5l for \u00e5 stoppe rotenon i Lierelva \u2013 NRK Buskerud \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Veterin\u00e6rinstituttet kallar den 40 \u00e5r lange kampen mot lakseparasitten ei suksesshistorie.<\/p>\n<p>Det blei p\u00e5vist smitte i 54 norske vassdrag. N\u00e5 st\u00e5r det att behandling i berre 6, men det skjer ikkje utan motstand.<\/p>\n<p>\u2013 Eg vaknar om natta og tenker p\u00e5 det, s\u00e5 ille er det, seier Knut Birkeland.<\/p>\n<p>\u2013 Blir trist<\/p>\n<p>Han bur langs Lierelva, eit av dei siste vassdraga i Noreg med lakseparasitten Gyrodactylus salaris.<\/p>\n<p><strong>For \u00e5 f\u00e5 fjerna den u\u00f8nskte parasitten skal elva etter planen behandlast med rotenon, noko som vil drepe all fisken i elva.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Du blir trist av at ein skal \u00f8ydelegge livet i elva p\u00e5 den m\u00e5ten, seier Birkeland.<\/p>\n<p>Rotenon tar livet av fisken ved \u00e5 hindre han i \u00e5 ta til seg oksygen fr\u00e5 vatnet, og n\u00e5r fisken d\u00f8yr, klarer heller ikkje gyroparasitten \u00e5 overleve.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kjensla er at det vi sit igjen med, er ein \u00f8rken under det vatnet som glir forbi her, og nokre enkelte beverar.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Parasitter p\u00e5 fisk\" title=\"Foto: Jannicke Wiik-Nielsen \/ Veterin\u00e6rinstituttet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Gyrodactylus salaris er fienden. Bildet er tatt med elektronmikroskop, forst\u00f8rra 700 gonger og fargelagde.<\/p>\n<p>Foto: Jannicke Wiik-Nielsen \/ Veterin\u00e6rinstituttet<\/p>\n<p>Er for skitten<\/p>\n<p>Giftstoffet har blitt brukt for \u00e5 fjerne gyrosmitte i fleire norske elvar.<\/p>\n<p>\u2013 Eg kan ikkje for mitt berre liv skj\u00f8nne at det skal vere mogleg i 2025 \u00e5 ta livet av alt i ei elv, n\u00e5r det finst alternativ, seier Birkeland.<\/p>\n<p>Gjer fisken apatisk<\/p>\n<p>Gyrodactylus salaris er tiln\u00e6rma usynleg, og har herja i norske elvar i flere ti\u00e5r.<\/p>\n<p>Tidleg i infeksjonsperioden er det vanleg at fisken gnir huda mot elvebotnen, men etter kvart som talet p\u00e5 parasittar aukar, blir fisken mindre aktiv og til slutt apatisk.<\/p>\n<p>Parasittane sit festa med krokar til huda p\u00e5 fisken, og et av fiskehuda.<\/p>\n<p>For \u00e5 sk\u00e5ne fisken kan ein heller bruke klor som verkemiddel, for klor drep parasitten utan \u00e5 ta livet av fisken.<\/p>\n<p><strong>Drammenselva skal etter planen behandlast med klor, men Karsten Butensch\u00f8n, seksjonssjef hos Statsforvaltaren, seier klor ikkje eignar seg i Lierelva.<\/strong><\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Karsten Butensch\u00f8n hos Statsforvalteren i Oslo og Viken\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Karsten Butensch\u00f8n\n<ul>\n<li>Seksjonssjef hos Statsforvalteren<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Klor passar ikkje i omr\u00e5de som er stilleflytande, og stader der det er mykje organisk stoff i vatnet. Og i delar av Lierelva er det nok s\u00e5pass skittent at kloret ikkje ville reagert med parasitten, men heller reagere med skitten.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en elv med en bro over\" title=\"Foto: Anders Haualand \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Statsforvaltaren meiner det ikkje vil fungere med klor i Lierelva.<\/p>\n<p>Foto: Anders Haualand \/ NRK<\/p>\n<p>Vil ta det p\u00e5 dugnad<\/p>\n<p>Lierelva har ogs\u00e5 fleire sideelvar som m\u00e5 behandlast samtidig. Men klor ville det betydd over 100 personar p\u00e5 skift, d\u00f8gnet rundt i fleire dagar.<\/p>\n<p>\u2013 Det ville blitt ei heilt uhandterleg oppg\u00e5ve, s\u00e5 det er ikkje gjennomf\u00f8rbart.<\/p>\n<p>Lierelva blei i fjor k\u00e5ra til den mest fors\u00f8pla elva i Noreg, men i \u00e5r blei fem tonn plast rydda av fleire hundre frivillige.<\/p>\n<p>Birkeland seier han og resten av Lierelva grunneigarlag er villige til \u00e5 stille opp p\u00e5 dugnad for \u00e5 gjere det som m\u00e5 til for \u00e5 sleppe rotenonbehandling.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi er s\u00e5 mange som er interesserte i \u00e5 stille opp p\u00e5 dugnad for \u00e5 klore, at vi skal klare det for kvar meter.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Kor langt er de villige til \u00e5 g\u00e5 i denne saka?<\/p>\n<p>\u2013 Vi er f\u00f8rebudde p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 s\u00e5 langt vi m\u00e5, og det f\u00e5r vere rettsapparatet om det ikkje l\u00e8t seg stoppe p\u00e5 nokon annan m\u00e5te.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>06.12.2025, kl. 17.43<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Veterin\u00e6rinstituttet kallar den 40 \u00e5r lange kampen mot lakseparasitten ei suksesshistorie. Det blei p\u00e5vist smitte i 54 norske&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":106207,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-106206","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115675252843616681","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/106206","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=106206"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/106206\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/106207"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=106206"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=106206"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=106206"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}