{"id":10648,"date":"2025-08-17T17:04:10","date_gmt":"2025-08-17T17:04:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/10648\/"},"modified":"2025-08-17T17:04:10","modified_gmt":"2025-08-17T17:04:10","slug":"nytt-elevliv-i-lom-jertru-17-lada-opp-med-traktortreff","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/10648\/","title":{"rendered":"Nytt elevliv i Lom &#8211; Jertru (17) lada opp med traktortreff"},"content":{"rendered":"\n<ul class=\"_list_1bvmi_3 _list_1flq1_85 _unordered_1bvmi_99 text-sans-m\">\n<li class=\"_item_1bvmi_30\">Jotunheimen privatistskole startar opp i bygningen til nedlagte vgs. i Lom &#8211; to m\u00e5nader etter nedlegginga.<\/li>\n<li class=\"_item_1bvmi_30\">Fleire vidareg\u00e5ande skular vart nedlagt i Innlandet fr\u00e5 sist skule\u00e5r &#8211; til store protestar fr\u00e5 kommunane rundt,<\/li>\n<li class=\"_item_1bvmi_30\">Jertru Skogen (17) blir ein av rundt 90 elevar &#8211; og einaste jente p\u00e5 vg1 bygg- og anleggsteknikk.<\/li>\n<li class=\"_item_1bvmi_30\">Skulen opnar m\u00e5ndag 18. august med 90 elevar etter \u00e5 ha samla inn 65 millionar kroner.<\/li>\n<li class=\"_item_1bvmi_30\">Elevane m\u00e5 ta eksamen som privatistar, og f\u00e5r berre h\u00f8ve til \u00e5 s\u00f8ke opptak til studiar i ordin\u00e6r kvote. <\/li>\n<\/ul>\n<p>Vis mer <\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">17-\u00e5ringen fyrer opp den gr\u00f8ne John Deere-traktoren sin p\u00e5 den \u00e5rvisse <a href=\"https:\/\/www.traktorrock.no\/om-traktorrock\" class=\"_link_1bvmi_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">traktorparaden<\/a> i heimbygda V\u00e5g\u00e5. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Dagen f\u00f8r den store opningsdagen p\u00e5 den nye skulen, ladar ho opp bak rattet i den nyvaska, gr\u00f8ne traktoren &#8211; saman med venninna Anne Othilie (17). <\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Fleire hundre traktorentusiastar dundrar gjennom hovudgata s\u00e5 dieseldunst og motordur trumfar grillukt og s\u00f8ndagsprat.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Skulevegen, dei tre mila fr\u00e5 V\u00e5g\u00e5 til Lom, vil ho k\u00f8yre med traktoren, eller med ein UTVUTVEin UTV (Utility Terrain Vehicle) er ein firehjuling som er utstyrt med to eller fleire sete som er plassert ved sidan av kvarandre som i ein bil. Til skilnad fr\u00e5 ein ATV kan ein UTV k\u00f8yrast utstyrast med tak og frontvindauge, varmeapparat og f\u00f8rarhus.  som ho ogs\u00e5 handterer med stor glede.<\/p>\n<p><img alt=\"TRAKTORFEST: Den \u00e5rlege traktorparaden p\u00e5 Traktorrock i V\u00e5g\u00e5 er eit h\u00f8gdepunkt b\u00e5de lokalt og i traktormilj\u00f8et p\u00e5 Austlandet.\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5504\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/c4df5a1d-7838-4970-b4c4-6c7734a460ee\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"8256\"\/>TRAKTORFEST: Den \u00e5rlege traktorparaden p\u00e5 Traktorrock i V\u00e5g\u00e5 er eit h\u00f8gdepunkt b\u00e5de lokalt og i traktormilj\u00f8et p\u00e5 Austlandet.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">I siste skule\u00e5ret f\u00f8r <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/nyheter\/i\/QM9pR8\/skolestriden-i-innlandet-avgjort-legger-ned-skolene\" data-track-element-type=\"Link\" data-track-id=\"link:QM9pR8\" class=\"_link_1bvmi_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skulen i Lom vart nedlagt<\/a> til store <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/nyheter\/i\/lwxkk3\/skolestriden-lom-ap-legges-ned-lokale-partikjemper-melder-seg-ut\" data-track-element-type=\"Link\" data-track-id=\"link:lwxkk3\" class=\"_link_1bvmi_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">protestar fr\u00e5 fleire lokalsamfunn,<\/a> gjekk Jertru f\u00f8rste \u00e5ret p\u00e5 studiespesialisering.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">No startar ho p\u00e5 ein m\u00e5te heilt p\u00e5 nytt &#8211; p\u00e5 f\u00f8rste \u00e5ret p\u00e5 bygg- og anleggsteknikk p\u00e5 <a href=\"https:\/\/jotunheimenvgs.no\/studietilbod\/\" class=\"_link_1bvmi_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">den nye privatistskulen.<\/a><\/p>\n<p>65 millionar samla inn<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Skulesatsinga som er st\u00f8tta med over 65 millionar kroner fr\u00e5 n\u00e6ringsliv og lokalsamfunna berre p\u00e5 eit drygt halv\u00e5r, startar opp med rundt 90 elevar m\u00e5ndag 18. august, reknar styreleiar Hanna Fl\u00e6k\u00f8y Skj\u00e5k\u00f8deg\u00e5rd med. <\/p>\n<p><img alt=\"ULIKT SKULEVAL: Jertru Skogen g\u00e5r i retning av \u00e5 bli bygg- og anleggsarbeidar i Lom. Venninna Anne Othilie Bakke g\u00e5r p\u00e5 privatskulen Create - og spesialiserer seg i musikk og song p\u00e5 Lillehammer.\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5504\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/5b59161b-cd65-463b-8d93-6fbeb1596457\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"8256\"\/>ULIKT SKULEVAL: Jertru Skogen g\u00e5r i retning av \u00e5 bli bygg- og anleggsarbeidar i Lom. Venninna Anne Othilie Bakke g\u00e5r p\u00e5 privatskulen Create &#8211; og spesialiserer seg i musikk og song p\u00e5 Lillehammer.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kvifor vil du starte p\u00e5 nytt p\u00e5 yrkesfag p\u00e5 ein heilt ny skule, Jertru?<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Eg har mange av venene mine der. Dei held p\u00e5 ein m\u00e5te fram p\u00e5 den nye skulen. Byggfag valde eg fordi eg var lei av ein skule med mange b\u00f8ker og mykje teori, svarar V\u00e5g\u00e5-jenta medan duren fr\u00e5 traktorar overd\u00f8yver det meste i hovedgata i V\u00e5g\u00e5mo s\u00f8ndag ettermiddag. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ho s\u00f8kte seg ogs\u00e5 til andre skular i Innlandet fylke.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_1bvmi_25\">\u2013 Eg m\u00e5tte nesten det for \u00e5 sikre meg skuleplass. Men eg var st\u00f8tt sikker p\u00e5 at eg skulle g\u00e5 i Lom.<\/strong><\/p>\n<p>Traktorrock<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Korleis blir det \u00e5 vere jenteelev blant alle gutane?<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Nei, eg trur det skal g\u00e5 fint. Eg blir sikkert litt lei av dei. Men det skal g\u00e5 bra, seier Jertru til VG. <\/p>\n<p><img alt=\"\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5504\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/e3c1d2f7-76ef-417f-b213-2c2c9048e170\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"8256\"\/><\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ho er litt sliten s\u00f8ndag etter at det vart litt festing p\u00e5 Traktorrock &#8211; og seint i seng natt til s\u00f8ndag. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Faren hennar heime i V\u00e5g\u00e5 driv som entrepren\u00f8r. Ho forsikrar at han ikkje har drive noko form for press for at ho skal ta bygg- og anleggsteknikk.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013  Kva tenker du om desse skulenedleggingane som skapte s\u00e5 mykje br\u00e5k sist vinter og v\u00e5r?<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_1bvmi_25\">\u2013 Nei, alts\u00e5, det er  verkeleg dumt d\u00e5, at dei har lagt ned s\u00e5 mange skular. Det blir jo litt langt for folk \u00e5 k\u00f8yre. Dersom ikkje Jotunheimen skule vart starta, s\u00e5 hadde eg m\u00e5tte reise heilt til Vinstra. Herregud, det er langt dit, utbryt Jertru.<\/strong><\/p>\n<p> Tinga plass i fjor<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Venninna Anne Othilie Bakke har vald ein heilt annan retning. Ho spesialiserer seg i musikk med song som instrument p\u00e5 ein privatskule p\u00e5 Lillehammer.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Men s\u00f8ndag storgleda ho seg til \u00e5 sitje p\u00e5 med Jertru i traktorparaden. Ho tinga plass i fjor.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 No har eg sett p\u00e5 dette i mange \u00e5r. Det har st\u00f8tt vore ein draum \u00e5 bli med. So no utnyttar eg ho Jertru litt n\u00e5r ho har traktorlappen, seier Anne Othilie med eit flir.<\/p>\n<p><img alt=\"V\u00c6SKEINNTAK: Jon Sigurd Forberg drikk brus av fleire flasker medan Fiat-traktoren sluker diesel under traktorparaden i V\u00e5g\u00e5.\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"8256\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/6b628bc7-ae37-468d-b799-eefb33e14c27\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"5504\"\/>V\u00c6SKEINNTAK: Jon Sigurd Forberg drikk brus av fleire flasker medan Fiat-traktoren sluker diesel under traktorparaden i V\u00e5g\u00e5.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Bak dei i kolonna kjem Jon Sigurd Forberg (16) fr\u00e5 Skj\u00e5k i ein Fiat 6590, 1986-modell.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ogs\u00e5 han skal starte p\u00e5 Jotunheimen privatistskule i Lom p\u00e5 m\u00e5ndag.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Heilt fr\u00e5 han som seks\u00e5ring sat p\u00e5 fanget til bestefar i traktorhytta, har han \u00abk\u00f8yrd\u00bb traktor. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">At det ogs\u00e5 for han vart bygg- og anleggsteknikk kom nok ikkje overraskande p\u00e5 nokon.<\/p>\n<p>\u2013 Halvtimes skuleveg med traktor<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Jon Sigurd kjem fr\u00e5 gard, og er van med \u00e5 jobbe heime p\u00e5 garden. Vegen er ikkje lang korkje til anleggsarbeid med store maskiner &#8211; eller til skulen i Lom.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Eg brukar nok 20 minuttar med buss og ein halvtime med traktor, seier unge Forberg.<\/p>\n<p><img alt=\"NESTEN VETERAN: Jon Sigurd Forberg framfor sin Fiat 6590, 86-modell.\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5504\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/63687464-4c76-42ae-b263-27ec69f83a1c\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"7011\"\/>NESTEN VETERAN: Jon Sigurd Forberg framfor sin Fiat 6590, 86-modell.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Han og Jertru Skogen har ikkje planar om h\u00f8gare utdanning, i alle h\u00f8ve enno. Men for dei elevane p\u00e5 Jotunheimen privatistskule som vil ta h\u00f8gare utdanning, s\u00e5 kan det by p\u00e5 visse problem. <\/p>\n<p>\u2013 Urettferdig ulempe<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Elevane p\u00e5 Jotunheimen f\u00e5r ikkje f\u00f8rstegongsvitnem\u00e5l, og m\u00e5 ta eksamen som privatistar i Lom.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Skulen er enno ikkje offentleg godkjend som privatskule med offentleg st\u00f8nad. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Det er for elevane ved Jotunheimen privatistskule ei urettferdig ulempe \u00e5 kun f\u00e5 lov \u00e5 s\u00f8ke opptak til studiar i ordin\u00e6r kvote. Elevane ved privatistskulen har f\u00f8lgt undervisning som alle andre elevar og har ein minst like krevjande veg til vitnem\u00e5let sitt som elevar i den offentlege skulen, seier styreleiar Hanna Fl\u00e6k\u00f8y Skj\u00e5k\u00f8deg\u00e5rd ved Jotunheimen privatistskule.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_1bvmi_4 _paragraph_xtcu6_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Det er d\u00e5 eit paradoks at dei vert nekta \u00e5 s\u00f8ke opptak til h\u00f8gare utdanning i den mest fordelaktige kvota. Dette er etter v\u00e5r meining ikkje \u00e5 legge best mogleg til rette for alle elevar, seier styreleiar Hanna Fl\u00e6k\u00f8y Skj\u00e5k\u00f8deg\u00e5rd til VG.<\/p>\n<p><img alt=\"VALGKAMPTRAKTOR: Ein kjend bonde og politikar fr\u00e5 Stange i Innlandet s\u00e5g ut til \u00e5 like seg i traktorkolonna. Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er p\u00e5 valkampturne i heimfylket.\" class=\"_image_qp4xg_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5504\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/314341fd-78a7-40b5-be85-6ba2e808aa36\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"8256\"\/>VALGKAMPTRAKTOR: Ein kjend bonde og politikar fr\u00e5 Stange i Innlandet s\u00e5g ut til \u00e5 like seg i traktorkolonna. Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er p\u00e5 valkampturne i heimfylket.    <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Jotunheimen privatistskole startar opp i bygningen til nedlagte vgs. i Lom &#8211; to m\u00e5nader etter nedlegginga. Fleire vidareg\u00e5ande&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":10649,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,1343,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,2208,16,805,26,27,1995,2209],"class_list":{"0":"post-10648","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-distriktspolitikk","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-hovedoppslag","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-main-news","18":"tag-mainnews","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-oppvekst","25":"tag-overskrifter","26":"tag-skole-og-utdanning","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories","29":"tag-vghelseoglivet","30":"tag-videregaende-skole"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10648","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=10648"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/10648\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/10649"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=10648"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=10648"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=10648"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}