{"id":106521,"date":"2025-12-07T12:23:07","date_gmt":"2025-12-07T12:23:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/106521\/"},"modified":"2025-12-07T12:23:07","modified_gmt":"2025-12-07T12:23:07","slug":"skiskyttar-einar-hedegart-vann-verdscuprenn-etter-tidelsdrama-nrk-sport-sportsnyheter-resultater-og-sendeplan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/106521\/","title":{"rendered":"Skiskyttar Einar Hedegart vann verdscuprenn etter tidelsdrama \u2013 NRK Sport \u2013 Sportsnyheter, resultater og sendeplan"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 For ein thriller det blei mellom dei to! seier Fredrik Aukland.<\/p>\n<p>Det blei ein tett kamp p\u00e5 herranes 10 kilometer fristil i Gran\u00e5sen s\u00f8ndag.<\/p>\n<p>Andreas Fjorden Ree gjekk over m\u00e5lstreken i Gran\u00e5sen 0,4 sekund bak Einar Hedegart.<\/p>\n<p><strong>\u2013<\/strong> Det er eit stort l\u00f8p av Einar Hedegart, sa Fredrik Aukland i det Hedegart gjekk over m\u00e5lstreken.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er berre \u00e5 gje denne mannen ein OL-billett, seier Aukland.<\/strong><\/p>\n<p>Skiskyttaren vann sitt fyrste verdscuprenn. Ree tok andreplassen og Martin L\u00f8wstr\u00f8m Nyenget tok tredjeplassen.<\/p>\n<p>\u2013 Sist ein skiskyttar vann eit verdscuprenn i langrenn er i 2009, seier Jann Post.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En skil\u00f8per if\u00f8rt r\u00f8d og hvit drakt, nummer 28, staker seg fremover p\u00e5 en sn\u00f8dekt bakke. Omgivelsene best\u00e5r av gr\u00f8nne tr\u00e6r i bakgrunnen, som bidrar til den alpine atmosf\u00e6ren. Skil\u00f8peren har fokusert blikk og virkning av fart i bevegelsen. Det er klart og lyst v\u00e6r. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Geir Olsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">SKISKYTTAR: Einar Hedegart vann intervallstart fristil i Trondheim. <\/p>\n<p>Foto: Geir Olsen \/ NTB<\/p>\n<p>Str\u00f8yma fr\u00e5 leiarstolen<\/p>\n<p>Hedegart var blant dei fyrste norske startande og fekk sitte lenge i leiarstolen. D\u00e5 det sto om sekund mellom han og Ree, sat han og filma med telefonen.<\/p>\n<p>\u2013 Eg sende \u00ablive\u00bb p\u00e5 Instagram. Eg fekk streng beskjed etter nokre minutt at det tydelegvis ikkje var lov, seier ein blid Hedegart til NRK etter rennet.<\/p>\n<p>\u2013 Men eg fekk nesten 6000 sj\u00e5arar ein periode der. Det var kanskje litt for mange som forl\u00e9t NRK og blei med p\u00e5 direktesendinga mi, ler han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En langrennsl\u00f8per i r\u00f8d drakt med startnummer 85 st\u00e5r p\u00e5 ski i sn\u00f8en, mens han bruker staver. I bakgrunnen er andre ut\u00f8vere synlige, ogs\u00e5 if\u00f8rt langrennsutstyr. Omgivelsene omfatter sn\u00f8dekte l\u00f8yper og tr\u00e6r i bakgrunnen. Lyset er klart, noe som indikerer en solfylt dag. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Geir Olsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Andreas Fjorden Ree var 0,4 sekund bak Hedegart i m\u00e5l. <\/p>\n<p>Foto: Geir Olsen \/ NTB<\/p>\n<p>\u00abThriller\u00bb<\/p>\n<p><strong>\u2013 Premien her kan vere ein OL-plass! sa Jann Post.<\/strong><\/p>\n<p>Hedegart gjekk ut i leiinga fr\u00e5 start. Dei andre norske herrane, med h\u00f8gare startnummer kom jaktande bak.<\/p>\n<p>\u2013 Dette kjem til \u00e5 bli ein thriller, sa Jann Post i det Harald \u00d8stberg Amundsen tok leiinga ifr\u00e5 Hedegart etter to kilometer.<\/p>\n<p>Resten av l\u00f8pet var det ingen som klarte \u00e5 matche skiskyttaren, berre Andreas Fjorden Ree som leia nokre f\u00e5 sekund framfor Hedegart d\u00e5 det var eitt par kilometer att.<\/p>\n<p>Ree tapte p\u00e5 slutten og hamna p\u00e5 ein andreplass. Martin L\u00f8wstr\u00f8m Nyenget tok tredjeplassen.<\/p>\n<p>Kamp om OL-plassane<\/p>\n<p>\u2013 Eg er spent. Det ein viktig dag, det er det, sa Andreas Fjorden Ree f\u00f8r rennet.<\/p>\n<p>\u2013 I dag er det verdscup p\u00e5 det eg kan nesten kalle heimebane, mange ser p\u00e5, det gjeld \u00e5 prestere i dag, sa Einar Hedegart.<\/p>\n<p>For fleire av dei norske ut\u00f8varane, gjaldt det \u00e5 prestere for \u00e5 kunne bli vurdert til \u00e5 bli tatt ut til OL p\u00e5 ny\u00e5ret.<\/p>\n<p>Det var ikkje berre dei norske l\u00f8parane, som tenkte p\u00e5 OL d\u00e5 dei gjekk. Fleire av dei fyrste startande var ut\u00f8varar som vanlegvis ikkje f\u00e5r g\u00e5 verdscup. Dei fekk g\u00e5 i Gran\u00e5sen, for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 kvalifisere seg til OL.<\/p>\n<p>\u2013 Her ser me ut\u00f8varar som pr\u00f8var \u00e5 kvalifisere seg til OL, sa Jann Post om filippinaren som m\u00e5tte flytte seg for dei raskare l\u00f8parane.<\/p>\n<p>Lars Heggen var fyrste norske startande, og hamna bak l\u00f8parane som ikkje normalt g\u00e5r verdscup.<\/p>\n<p>I m\u00e5l fekk han sj\u00e5 videoen av ut\u00f8varen som starta sju plassar f\u00f8r han.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Uffda. Det var n\u00e6re, \u00c5, fy!<\/strong><\/p>\n<p><strong>\u2013 <\/strong>Kva tenker du om den situasjonen?<\/p>\n<p>\u2013 Nei, alts\u00e5 det der er jo det verste staden \u00e5 dette i l\u00f8ypa. det er kanskje der man har h\u00f8gast fart. Der og i svingen rett der borte er kanskje de to verste stadene \u00e5 falle. S\u00e5 eg er glad eg ikkje datt der.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>07.12.2025, kl. 12.59<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>07.12.2025, kl. 13.21<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 For ein thriller det blei mellom dei to! seier Fredrik Aukland. Det blei ein tett kamp p\u00e5&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":106522,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-106521","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115678268985477660","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/106521","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=106521"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/106521\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/106522"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=106521"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=106521"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=106521"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}