{"id":106566,"date":"2025-12-07T13:44:08","date_gmt":"2025-12-07T13:44:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/106566\/"},"modified":"2025-12-07T13:44:08","modified_gmt":"2025-12-07T13:44:08","slug":"plast-far-skulda-for-sviktande-juletresal-nrk-vestfold-og-telemark-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/106566\/","title":{"rendered":"Plast f\u00e5r skulda for sviktande juletresal \u2013 NRK Vestfold og Telemark \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><strong>Plast drysser som regel ikkje.<\/strong><\/p>\n<p>Rimeleg kan det \u00f2g vere, om ein bruker det gjennom fleire sesongar.<\/p>\n<p>Men er det like koseleg med eit juletre som ikkje er ekte?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er f\u00e6lt at det er s\u00e5nn. At plasten skal overta. Dette er jo ei n\u00e6ring for mange, seier juletrebonde Arnt Kristian Stensholt til NRK.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person i oransje sikkerhetsjakke og bukser b\u00e6rer et juletre. Omr\u00e5det er dekket av frost med flere juletr\u00e6r rundt. I bakgrunnen st\u00e5r stabler av innpakkede juletrestammer. Solen skinner fra en klar himmel og gir lys til scenen.\" title=\"Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Hadde omsetninga vore betre ville dei heilt klart halde fram som f\u00f8r, seier Stensholt.<\/p>\n<p>Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK<\/p>\n<p>M\u00e5 redusere etter sesongen i \u00e5r<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/rogaland\/kraftig-nedgang-i-salg-av-naturlige-juletraer-1.17165464\" ec-id=\"pp:article:1.17165464\" ec-name=\"Salet av juletre g\u00e5r kraftig ned\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Salet av juletre g\u00e5r kraftig ned<\/a>, noko som blei s\u00e6rleg tydeleg under fjor\u00e5rssesongen.<\/p>\n<p>D\u00e5 blei det selt 800.000 juletre i Noreg. Det er halvparten s\u00e5 mange som for 15 \u00e5r sidan.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Juletre \" title=\"Foto: Torstein B\u00f8e \/ NPK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">DU GR\u00d8NE, GLITRANDE, TRE, ADJ\u00d8: Juletre av plast blir stadig meir popul\u00e6re. Det er merkbart hos produsentane av \u00abekte\u00bb tre.<\/p>\n<p>Foto: Torstein B\u00f8e \/ NPK<\/p>\n<p>N\u00e5 vel fleire produsentar \u00e5 legge ned.<\/p>\n<p>Andre reduserer drifta kraftig.<\/p>\n<p><strong>Ein av dei er Arnt Kristian Stensholt, medeigar i Vestfold Edel juletre.<\/strong><\/p>\n<p>Framleis har dei mange tre som skal fellast og seljast, men dei plantar langt f\u00e6rre enn f\u00f8r.<\/p>\n<p><strong>Hadde omsetninga vore betre ville dei heilt klarte halde fram som tidlegare<\/strong><strong>, seier Stensholt.<\/strong><\/p>\n<p>Han synest det er ei trist utvikling.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er jo rart at ein m\u00e5 betale sju kroner for ein plastpose p\u00e5 butikken fordi ein vil ha det vekk, samtidig som ein reklamerer for tre av plast<\/strong>.<\/p>\n<p>\u2013 Litt synd<\/p>\n<p>Rigmor Galtung g\u00e5r for plast, av omsyn til ein n\u00e6r slektning som er allergisk.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person i beige frakk st\u00e5r p\u00e5 en fortau med en pomeranianhund i armene. Bakgrunnen viser bygninger med varierende arkitektur og en rekke uteplasser. Det er en klar dag med sollys, og noen sykler st\u00e5r parkert i n\u00e6rheten. Omr\u00e5det ser ut til \u00e5 v\u00e6re et offentlig sted med sitteplasser og gr\u00f8ntarealer.\" title=\"Foto: Kristoffer Edvardsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Av omsyn til ein slektning som er allergisk, har Rigmor Galtung eit juletre av plast. <\/p>\n<p>Foto: Kristoffer Edvardsen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 <strong>Men det er litt synd, for det er finare med eit ordentleg tre, synest ho.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Du f\u00e5r kanskje ikkje heilt den same lukta i stua?<\/p>\n<p>\u2013 <strong>Nei, men det kan du heldigvis ordne p\u00e5 andre m\u00e5tar, ler ho.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg synest alltid at det er veldig hyggeleg \u00e5 komme heim til folk som har ordentleg tre. Det er jo liksom noko eige.<\/p>\n<p>        F\u00e5r du den same julestemninga med eit tre av plast?<\/p>\n<p>        Nei, fytti katta! I heimen min er det berre ekte tre som gjeld. Ingenting sl\u00e5r lukta av gran!<\/p>\n<p>        S\u00e5 lenge treet er gr\u00f8nt, speler det inga rolle for meg.<\/p>\n<p>        Ekte tre? Nei, det blir berre surr. Eg hatar barn\u00e5ler p\u00e5 golvet. Plastic fantastic.<\/p>\n<p>      Vis resultat<\/p>\n<p class=\"pin-nrkno-poll__disclaimer\">\n    Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om sp\u00f8rsm\u00e5let.<br \/>\n    Resultatet viser hva de som selv har valgt \u00e5 stemme mener,<br \/>\n    og avstemningen har ikke et utvalg som gj\u00f8r den representativ for alle som bor i landet.\n  <\/p>\n<p>\u2013 Den st\u00f8rste trusselen er plast<\/p>\n<p>Morgan Andersson, generalsekret\u00e6r i Norsk Gartnerforbund, bekreftar den negative utviklinga.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Morgan Andersson, generalsekret\u00e6r Norges Gartnerforbund\" title=\"Foto: Photographer: Haavard Ronaes Lagesen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Morgan Andersson, generalsekret\u00e6r i Norsk Gartnerforbund.<\/p>\n<p>Foto: Photographer: Haavard Ronaes Lagesen<\/p>\n<p>I \u00e5r 2000 var det rundt tusen produsentar i Noreg. I 2020 var talet knapt fire hundre.<\/p>\n<p>Dette viser ei hagebruksteljing som blir gjennomf\u00f8rt p\u00e5 vegner av forbundet kvart tiande \u00e5r.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den nedgangen har halde fram dei siste fem \u00e5ra, seier Andersson.<\/strong><\/p>\n<p>Dei ser b\u00e5de import og priskrig som ein sentral del av utfordringa.<\/p>\n<p>Likevel er det \u00abfalske\u00bb tre som er klart mest utfordrande for bransjen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den st\u00f8rste trusselen er plast, sl\u00e5r Andersson fast. <\/strong><\/p>\n<p>Han meiner det er meir ansvarleg \u00e5 velje ein ekte variant.<\/p>\n<p><strong>\u2013 \u00c5 velje plast gir utfordringar n\u00e5r det gjeld berekraft og milj\u00f8. Om vi skal halde oppe denne n\u00e6ringa, s\u00e5 m\u00e5 fleire velje ekte norsk juletre, seier Andersson.<\/strong><\/p>\n<p>Ingen planar om \u00e5 gi seg<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg er veldig glad i heilt vanleg gran, seier Lars Klevsg\u00e5rd.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person i oransje arbeidsjakke st\u00e5r blant grantr\u00e6r i en frostklar skog. Det er tydelig at det er vinter, med frost p\u00e5 bakken. Skogen omgir personen, som ser ut til \u00e5 v\u00e6re i arbeid. Detaljer om person's handlinger er ikke synlige.\" title=\"Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lars Klevsg\u00e5rd vil f\u00f8re tradisjonen vidare. <\/p>\n<p>Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK<\/p>\n<p>Det er kanskje ikkje s\u00e5 overraskande.<\/p>\n<p>Han er tredje generasjons juletreprodusent ved \u00d8stre Nystein gard i Bamble, og opplever faktisk ein auke i salet av \u00abekte\u00bb vare.<\/p>\n<p><strong>Her har b\u00e5de foreldre og besteforeldre g\u00e5tt f\u00f8r han, og har s\u00f8rgja for ein solid produksjon i det sm\u00e5.<\/strong><\/p>\n<p>\u00c5rleg sender han n\u00e5 rundt 2000 tre i ulike st\u00f8rrelsar gjennom pakkemaskinene.<\/p>\n<p>Han er av naturlege \u00e5rsaker ikkje s\u00e5 begeistra for tre av plast.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den lukta du f\u00e5r fr\u00e5 ei vanleg gran er veldig spesiell.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En n\u00e6rbilde av et grantr\u00e6r med frost p\u00e5 grenen st\u00e5r i fokus. Bakgrunnen viser flere grantr\u00e6r i sollys. Omgivelsene ser ut til v\u00e6re en skog eller plantasjemilj\u00f8. Bildet formidler en vinterlig atmosf\u00e6re.\" title=\"Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Juletre p\u00e5 rad og rekke i Bamble. <\/p>\n<p>Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK<\/p>\n<p>Klevsg\u00e5rd synest det er synd at kollegaer i bransjen vel \u00e5 gi seg eller trappar ned.<\/p>\n<p>Forel\u00f8pig sit han heilt roleg i b\u00e5ten.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg har halde p\u00e5 med planting av juletre sidan eg var ein liten gutunge, og den tradisjonen skal f\u00f8rast vidare. Dette er viktig for meg. <\/strong><\/p>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Jeg har skrevet denne saken.<\/p>\n<p>Har du tips eller innspill?<\/p>\n<p>Kanskje det finnes\u00a0andre temaer du mener jeg burde se n\u00e6rmere p\u00e5?<\/p>\n<p>Send meg gjerne en e-post.\u00a0<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>07.12.2025, kl. 14.21<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Plast drysser som regel ikkje. Rimeleg kan det \u00f2g vere, om ein bruker det gjennom fleire sesongar. Men&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":106567,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-106566","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115678587410366213","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/106566","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=106566"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/106566\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/106567"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=106566"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=106566"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=106566"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}