{"id":107264,"date":"2025-12-08T09:29:13","date_gmt":"2025-12-08T09:29:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/107264\/"},"modified":"2025-12-08T09:29:13","modified_gmt":"2025-12-08T09:29:13","slug":"alt-er-aktuelt-nrk-sorlandet-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/107264\/","title":{"rendered":"\u2013 Alt er aktuelt \u2013 NRK S\u00f8rlandet \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Lunde stod som ein vegg mot brasilianarane i 33-14-sigeren s\u00f8ndag og gjekk av banen med 14 redningar og ein redningsprosent p\u00e5 67.<\/p>\n<p>Like f\u00f8r meisterskapen kunngjorde ho at VM blir hennar siste for landslaget. Ho har ikkje komme p\u00e5 andre tankar, lovar ho.<\/p>\n<p>\u2013 Nei, men eg veit ikkje om eg gir meg heilt, seier Lunde til NTB.<\/p>\n<p>Kontrakten hennar med Raude Stjerne i Serbia g\u00e5r ut ved \u00e5rsskiftet.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har sagt at vi snakkar om det etter meisterskapen. Alt er aktuelt.<\/p>\n<p>\u2013 Ogs\u00e5 spel i Noreg?<\/p>\n<p>\u2013 Ja.<\/p>\n<p>45-\u00e5ringen har saman med eit grunnsolid forsvar gjort at Noreg er det laget alle fryktar \u00e5 m\u00f8te i VM. F\u00f8rst ut er Montenegro i kvartfinalen tysdag.<\/p>\n<p>Interesse<\/p>\n<p>Landslagssjef Ole Gustav Gjekstad l\u00e8t seg begeistre av m\u00e5lvaktveteranen.<\/p>\n<p>\u2013 Det er heilt vanvitig. Redningsprosentar har stort sett g\u00e5tt nedover p\u00e5 m\u00e5lvaktene dei siste \u00e5ra p\u00e5 dame- og herresida. Eg trur ikkje Katrine heller har hatt eit VM med ein s\u00e5 h\u00f8g redningsprosent etter seks kampar, seier Gjekstad til NTB.<\/p>\n<p>Gjekstad er klar p\u00e5 at 45-\u00e5ringen har gode kort p\u00e5 handa om ho vel \u00e5 halde fram med klubbkarrieren.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje nokon d\u00e5rlege s\u00f8knader ho leverer her for \u00e5 f\u00e5 nokon gode tilbod.<\/p>\n<p>\u2013 Korleis er interessa?<\/p>\n<p>\u2013 Eg veit at det er interesse, men eg har ikkje konkret kunnskap om kven, seier Gjekstad.<\/p>\n<p>Betre enn nokon gong?<\/p>\n<p>Lagvenninne Stine Skogrand bruker uttrykket \u00abGOAT\u00bb (Greatest of all time) for \u00e5 beskrive Lunde.<\/p>\n<p>\u2013 Eg skj\u00f8nner ikkje at det er mogleg. Det er ekstremt sterkt av henne. Vi nyt kvar kamp vi har igjen med Katrine p\u00e5 landslaget, og eg trur ho ogs\u00e5 nyt det. Ho str\u00e5ler, seier Skogrand.<\/p>\n<p>Veronica Kristiansen hyllar ogs\u00e5 Lunde:<\/p>\n<p>\u2013 Det er trist for oss og norsk og internasjonal handball at det er hennar siste meisterskapar. Ho er ein einar og eit fantastisk menneske. Ho krev av deg, men samstundes er ho medmenneskeleg, seier Kristiansen.<\/p>\n<p>Lunde og co. skal i aksjon igjen tysdag mot Montenegro.<\/p>\n<p>Ungarn og Frankrike\/Nederland skal gjere opp i den andre kvartfinalen p\u00e5 Noregs side i sluttspelet.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>08.12.2025, kl. 08.03<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>08.12.2025, kl. 08.14<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Lunde stod som ein vegg mot brasilianarane i 33-14-sigeren s\u00f8ndag og gjekk av banen med 14 redningar og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":107265,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-107264","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115683247199362687","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/107264","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=107264"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/107264\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/107265"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=107264"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=107264"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=107264"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}