{"id":107653,"date":"2025-12-08T17:01:40","date_gmt":"2025-12-08T17:01:40","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/107653\/"},"modified":"2025-12-08T17:01:40","modified_gmt":"2025-12-08T17:01:40","slug":"meiningar-politikk-ungdom-fortener-ein-reel-sjanse-pa-boligmarkedet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/107653\/","title":{"rendered":"Meiningar, Politikk | Ungdom fortener ein reel sjanse p\u00e5 boligmarkedet"},"content":{"rendered":"\n<p>Som ungdom m\u00f8ter eg dagleg vener som dr\u00f8ymer om eit sj\u00f8lvstendig liv, men som blir stoppa av h\u00f8ge bustadprisar og strenge krav til eigenkapital. Over 70 % av unge meiner sjansen for \u00e5 kome inn p\u00e5 bustadmarknaden er d\u00e5rlegare enn f\u00f8r, og fleire enn nokon gong blir buande heime lenger enn dei \u00f8nskjer. <\/p>\n<p>Dette er ikkje berre tal, det er reelle hindringar som gjer draumen om eigen heim nesten uoppn\u00e5eleg.<\/p>\n<p>Prisane stig, eigenkapitalkrava er skyh\u00f8ge, og det finst altfor f\u00e5 rimelege bustader. Det er ikkje berre tal p\u00e5 eit papir, det er stress, frustrasjon og ein kjensle av \u00e5 bli st\u00e5ande utanfor eit system som skulle ha gjeve oss sjansar. Eg har sj\u00f8lv kjent p\u00e5 kor vanskeleg det er \u00e5 planleggje framtida n\u00e5r det ikkje finst realistiske moglegheiter til \u00e5 skaffe eigen bustad. Det p\u00e5verkar motivasjonen til \u00e5 satse, \u00e5 planleggje for framtida, og ikkje minst tilknytinga til lokalsamfunnet v\u00e5rt.<\/p>\n<p>Det handlar ikkje om luksus, men om tryggleik, sj\u00f8lvstende og moglegheita til \u00e5 starte eit liv i eigen heim. Mange ungdommar ser draumen om eigen bustad som uoppn\u00e5eleg, og dei som klarer det, m\u00e5 ofte betale meir enn dei har r\u00e5d til i fleire \u00e5r framover. Samstundes ser vi at kommunale prosessar kan vere trege og byr\u00e5kratiske, noko som gjer det end\u00e5 vanskelegare \u00e5 f\u00e5 bygd nye, rimelege bustader.<\/p>\n<p>Politikarane m\u00e5 skjerpe bustadpolitikken. Vi treng fleire og rimelegare bustader, meir fleksible reglar for bygging og tiltak som faktisk gjer det mogleg for ungdom \u00e5 flytte ut.<\/p>\n<p>Vi i Unge H\u00f8gre meiner ogs\u00e5 at det offentlege m\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 korleis ein kan st\u00f8tte f\u00f8rstegongskj\u00f8parar utan \u00e5 presse prisane opp, og korleis ein kan leggje til rette for sm\u00e5, energieffektive bustader og samarbeidsprosjekt mellom kommune og private akt\u00f8rar.<\/p>\n<p>Dette handlar om meir enn \u00f8konomi, det handlar om \u00e5 gje ungdom ein sjanse til \u00e5 skape ein framtid i Sogn og Fjordane. For kvar ungdom som ikkje f\u00e5r ein sjanse p\u00e5 bustadmarknaden, aukar risikoen for at vi mister engasjement, kompetanse og framtidstru i lokalsamfunna v\u00e5re.<\/p>\n<p>Eg h\u00e5par at fleire ser alvoret. Ungdom er framtida, men d\u00e5 m\u00e5 vi gje dei ein reell sjanse til \u00e5 byggje denne framtida innanfor eigne fire veggar, og ikkje tvinge dei til \u00e5 flytte vekk fr\u00e5 dei draumane dei har fordi prisane og reglane er for strenge. Bustadpolitikken m\u00e5 skjerpast, og det m\u00e5 skje no.<\/p>\n<p>Difor meiner Unge H\u00f8gre at vi m\u00e5 senke terskelen for \u00e5 kome inn p\u00e5 bustadmarknaden. Det betyr \u00e5 byggje fleire rimelege og mindre bustader, redusere un\u00f8dige krav som fordyrar prosjekta og leggje betre til rette for at unge kan spare til eigenkapital. <\/p>\n<p>M\u00e5let er enkelt: fleire moglegheiter for ungdom som vil etablere seg i eigen heim.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Som ungdom m\u00f8ter eg dagleg vener som dr\u00f8ymer om eit sj\u00f8lvstendig liv, men som blir stoppa av h\u00f8ge&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":107654,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,9415,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,1029,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-107653","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-leikanger","17":"tag-meiningar","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-politikk","26":"tag-sogndal","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories","29":"tag-verden","30":"tag-world","31":"tag-world-news","32":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115685024475450758","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/107653","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=107653"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/107653\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/107654"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=107653"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=107653"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=107653"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}