{"id":108460,"date":"2025-12-09T13:50:59","date_gmt":"2025-12-09T13:50:59","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/108460\/"},"modified":"2025-12-09T13:50:59","modified_gmt":"2025-12-09T13:50:59","slug":"kultur-film-fra-trygg-kontorjobb-til-filmskapar-eg-ma-laga-filmane-mine-slik-eg-ser-dei-for-meg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/108460\/","title":{"rendered":"Kultur, Film | Fr\u00e5 trygg kontorjobb til filmskapar: \u2013 Eg m\u00e5 laga filmane mine slik eg ser dei for meg"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Arbeidsdagen byrjar i senga. Eg har ein d\u00e5rleg vane med \u00e5 sjekka e-post med ein gong eg vaknar, men eg er ingen morgonfugl, seier Mathilde Meraki Yps\u00f8y.<\/p>\n<p>NH m\u00f8ter den id\u00e9- og suksessrike regiss\u00f8ren, som mellom anna st\u00e5r bak dokumentarserien \u00ab\u00d8ya\u00bb fr\u00e5 Yps\u00f8y kystgard, heime p\u00e5 Moldekleiv.<\/p>\n<p>Kvardagane hennar er langt fr\u00e5 A4. Ho er ein av dei som klarer seg som frilansar i ein t\u00f8ff bransje.<\/p>\n<p>For sju \u00e5r sidan hadde Yps\u00f8y ein kontorjobb som saksbehandlar i Skyss, der ho treivst godt. Men etter \u00e5 ha stilt opp som skodespelar i ein kortfilmproduksjon var det ingen veg tilbake.<\/p>\n<p>\u2013 Eg fekk blod p\u00e5 tann og slutta i den trygge jobben og reiste til Oslo for \u00e5 kursa meg i skodespelarfaget.<\/p>\n<p>I starten gjorde ho mykje ubetalt, men etter kvart rann jobbane inn. Under pandemien sa det likevel stopp. Ho m\u00e5tte tenkja nytt, og den sj\u00f8lvlaga kortfilmen i alle ledd \u00abKarantenehotellet\u00bb vart hennar f\u00f8rste steg inn i regiverda.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3024\" height=\"3178\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_1573.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3024 \/ 3178;\"\/><\/p>\n<p>      Yps\u00f8y gir regi til skodespelar Kyrre Haugen Sydness under innspelinga av kortfilmen FALL. &#8211; \u00c5 vere p\u00e5 sett er den beste staden i verda, seier ho.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>  \u2013 Ein lever fr\u00e5 jobb til jobb<\/p>\n<p>I dag jobbar Yps\u00f8y som filmskapar. Det gjer ho stort sett heime fr\u00e5 Moldekleivmarka. Ikkje \u00e5tte til fire, men bolkevis og mykje. Helst etter ein roleg morgon og ein god kopp kaffi.<\/p>\n<p>Ein arbeidsdag p\u00e5 heimekontor kan innehalda alt fr\u00e5 research, intervju og ringjerundar til manusarbeid og s\u00f8knadsskriving.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trivst med \u00e5 jobba heime, men har jo ogs\u00e5 behov for \u00e5 treffa folk. B\u00e5de for det kollegiale og det kreative, seier ho.<\/p>\n<p>I desse dagar jobbar regiss\u00f8ren med fleire film- og serieprosjekt parallelt.<\/p>\n<p>\u2013 Det er travelt, men likevel eit privilegium. Eg har vore i situasjonar der eg har st\u00e5tt utan jobb. Og det er mykje verre enn \u00e5 ha litt for mykje p\u00e5 gong.<\/p>\n<p>Yps\u00f8y er oppteken av \u00e5 ikkje skj\u00f8nnm\u00e5la frilanstilv\u00e6ret. Ho fortel at den er uviss, og at ein lever fr\u00e5 jobb til jobb. Alt er prosjektbasert.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.nordhordland.no\/5-33-630581\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/%C3%98ya_horizontal_key_artwork+%281%29.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Laga serie om skulevegring: \u2013 Ei historie eg brenn for\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  P\u00e5drivar og optimist<\/p>\n<p>For \u00e5 f\u00e5 rom til \u00e5 vera frilansar jobbar Yps\u00f8y i ein avlastingsbustad ei helg i m\u00e5naden.<\/p>\n<p>\u2013 At det er s\u00e5 konsentrert p\u00e5 ei helg i m\u00e5naden passar veldig bra. Det gir meg mykje spelerom, seier ho.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er alltid optimistisk n\u00e5r eg g\u00e5r inn i nye prosjekt. M\u00e5let er at dei skal bli realiserte og ferdige. Fr\u00e5 eg kom inn i bransjen har eg jobba veldig mykje.<\/p>\n<p>Og realisert blir ideane til Yps\u00f8y. I l\u00f8pet av f\u00e5 \u00e5r har ho laga fire kortfilmar, ein miniserie og ein dokumentarserie. Ho har vunne prisar og stipend. Alt ho har gjort er med utgangspunkt i Nordhordland.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3024\" height=\"4032\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_1624.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3024 \/ 4032;\"\/><\/p>\n<p>      Fr\u00e5 innspilling av kortfilmen FALL.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>  Historier fr\u00e5 Nordhordland<\/p>\n<p>\u2013 Korleis skal ein f\u00e5 folk i byane til \u00e5 vilja sj\u00e5 p\u00e5 folk fr\u00e5 bygda?<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let har Yps\u00f8y stilt seg mange gonger. No er det kanskje meir relevant nokon gong. Ho jobbar for tida med utvikling av serien \u00abBygdegut\u00bb. Den handlar om unge vaksne menn som vel \u00e5 bli p\u00e5 bygda n\u00e5r mange rundt reiser bort.<\/p>\n<p>\u2013 I min f\u00f8rre dokumentarserie, \u00ab\u00d8ya\u00bb, hadde eg tilgang til eit milj\u00f8. Men no m\u00e5 eg finna det som utanforst\u00e5ande. G\u00e5 aktivt inn og gjera research. Det er eit nytt type arbeid, men noko eg trivst veldig godt med, fortel filmskaparen.<\/p>\n<p>I tillegg jobbar ho med id\u00e9utvikling til ein dramaserie for barn med utgangspunkt i Nordhordland saman med id\u00e9havar og manusforfattar Ylva Fyllingsnes. Nesten alt Yps\u00f8y har laga har ho gjort i kjende omgivnader.<\/p>\n<p>\u2013 Eg gjer det sj\u00f8lv om det kostar. For kvar kilometer eg tek eit filmcrew ut av byen kostar det pengar. Men eg m\u00e5 laga filmane mine slik eg har sett det for meg. Referansane mine er her ute, seier ho.<\/p>\n<p>Yps\u00f8y peikar p\u00e5 viktigheita av \u00e5 auka mengda kunst- og kulturverksemd i distriktet, og avhengnaden av st\u00f8tteordningar.<\/p>\n<p>\u2013 Eg vil jobba her. Eg trur veldig sterkt p\u00e5 viktigheita av \u00e5 f\u00e5 fram andre perspektiv enn dei fr\u00e5 oslogryta. Me herfr\u00e5 kan fortelja andre historier.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1200\" height=\"800\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_4690+%281%29-2.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1200 \/ 800;\"\/><\/p>\n<p>      Fr\u00e5 heimekontor med macen p\u00e5 fanget f\u00f8reg\u00e5r alt forarbeidet til innspelingane.<br \/>\n      Foto: Lovise Espeland\n    <\/p>\n<p>  \u2013 Film er langdryge prosjekt<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om Yps\u00f8y lever b\u00e5de for og av film, har ho mange jern i elden, og ein litt utradisjonell bakgrunn til filmskapar \u00e5 vera. Det kan vera ein fordel, trur regiss\u00f8ren.<\/p>\n<p>\u2013 Eg kom inn i bransjen som voksen med to barn og bakgrunn fr\u00e5 ulike jobbar. Eg er utruleg vand med skriving fr\u00e5 jobben som saksbehandlar, og har mykje erfaring med menneske fr\u00e5 jobb i avlastingsbustad og som troppssjef i sivilforsvaret.<\/p>\n<p>All erfaringa har rusta Yps\u00f8y til \u00e5 tola avslag og skuffelsar, som det er mange av i filmbransjen, og til \u00e5 ha respekt for prosessen.<\/p>\n<p>\u2013 Dersom det einaste m\u00e5let for auget er den store filmen og den raude l\u00f8paren, trur eg ikkje ein kjem s\u00e5 langt.<\/p>\n<p>No har Yps\u00f8y fleire prosjekt ho jobbar med i samarbeid med Fotspor Film og Goodtime Pictures. N\u00e5r ho g\u00e5r inn i noko nytt veit ho at ho skal jobba med ideen og teamet rundt i fleire \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Film er langdryge prosjekt. No har eg fleire ting p\u00e5 gong, men neste gong kan det vera meg som st\u00e5r utan jobb. Eg er veldig takksam for \u00e5 f\u00e5 halda p\u00e5 med dette.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6749\" height=\"4499\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_5968.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6749 \/ 4499;\"\/><\/p>\n<p>      P\u00e5 Meieriet Frekhaug arrangerte Yps\u00f8y ein filmkveld tidlegare i desember.<br \/>\n      Foto: Lovise Espeland\n    <\/p>\n<p>  Kortfilmkveld<\/p>\n<p>N\u00e5r ein driv med kortfilm slik Yps\u00f8y gjer, er visningsstadene vanlegvis andre enn hos tv-kanalar, str\u00f8ymetenester og kinoar, stader folk flest ser film.<\/p>\n<p>\u2013 Mange har spurt kvar dei kan sj\u00e5 kortfilmane mine. Dei har vore p\u00e5 festivalar i heile verda. Likevel er dei ikkje tilgjengeleg for naboen, seier filmskaparen. Difor bestemde ho seg for \u00e5 arrangera ein kortfilmkveld med visning av eigne kortfilmar.<\/p>\n<p>P\u00e5 Meieriet Frekhaug viste ho tidlegare denne veka fire filmar, og fortalde om prosessen rundt i samtalar leia av Vegard Flat\u00f8y. I l\u00f8pet av filmframsyninga fekk publikum servert ein komedie, ein kortdokumentar, ein eksperimentell film og eit psykologisk drama.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har ikkje l\u00e5st meg til ein sjanger, men lagar det eg vil. S\u00e5 lenge eg fortel historier som f\u00e5r meg til \u00e5 kjenna noko, har eg gjort noko rett, avsluttar Yps\u00f8y.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6960\" height=\"4640\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_5956.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6960 \/ 4640;\"\/><\/p>\n<p>      Mathilde Meraki Yps\u00f8y i samtale om filmane hennar med Vegard Flat\u00f8y.<br \/>\n      Foto: Lovise Espeland\n    <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Arbeidsdagen byrjar i senga. Eg har ein d\u00e5rleg vane med \u00e5 sjekka e-post med ein gong eg&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":108461,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[1751,465,36,71,460,410,30,28,29,1510,72],"class_list":{"0":"post-108460","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-alver","9":"tag-arbeidsliv","10":"tag-art","11":"tag-entertainment","12":"tag-film","13":"tag-kultur","14":"tag-no","15":"tag-norge","16":"tag-norway","17":"tag-story","18":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115689939669821359","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/108460","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=108460"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/108460\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/108461"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=108460"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=108460"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=108460"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}