{"id":108476,"date":"2025-12-09T14:17:11","date_gmt":"2025-12-09T14:17:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/108476\/"},"modified":"2025-12-09T14:17:11","modified_gmt":"2025-12-09T14:17:11","slug":"nettverk-skal-ha-omsett-trua-fugleegg-to-menn-tiltalte","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/108476\/","title":{"rendered":"Nettverk skal ha omsett trua fugleegg \u2013 to menn tiltalte"},"content":{"rendered":"<p>Hausten 2023 avdekte politiet eit stort nettverk av personar som dreiv med ulovleg omsetning og sanking av fugleegg.<\/p>\n<p><strong>Totalt 16 menn i nettverket blei sikta i saka. Dei var i alderen 32 til 82 \u00e5r og busette over heile Noreg. Totalt \u00e5tte politidistrikt har vore involverte og det blei tatt beslag i ca. 56.000 egg. <\/strong><\/p>\n<p>\u00d8kokrim har etterforska tre saker. No melder dei at <a href=\"https:\/\/www.okokrim.no\/to-personer-tiltalt-for-ulovlig-handel-med-fugleegg-fra-utrydningstruede-arter.6735587-549344.html\" ec-id=\"https:\/\/www.okokrim.no\/to-personer-tiltalt-for-ulovlig-handel-med-fugleegg-fra-utrydningstruede-arter.6735587-549344.html\" ec-name=\"to menn er tiltalte\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">to menn er tiltalte<\/a> for grove brot p\u00e5 viltlova.<\/p>\n<p>\u2013 Begge to er tiltalte for ulovleg oppbevaring og omsetting av fugleegg, seier Ida Sletsj\u00f8e, politiadvokat i \u00d8kokrim til NRK.<\/p>\n<p>Det er snakk om to menn i 50- og 80-\u00e5ra fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal. Det var <a href=\"https:\/\/www.tv2.no\/nyheter\/innenriks\/nettverk-omsatte-truede-fugleegg-for-enorme-summer-na-er-to-tiltalt\/18364777\/\" ec-id=\"https:\/\/www.tv2.no\/nyheter\/innenriks\/nettverk-omsatte-truede-fugleegg-for-enorme-summer-na-er-to-tiltalt\/18364777\/\" ec-name=\"TV 2\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">TV 2<\/a> som f\u00f8rst meldte dette.<\/p>\n<p>\u2013 Alvorleg<\/p>\n<p>Mannen i 50-\u00e5ra ogs\u00e5 tiltalt for innf\u00f8rsel og utf\u00f8rsel av egg fr\u00e5 artar som st\u00e5r p\u00e5 den s\u00e5kalla CITES-lista utan \u00e5 ha hatt l\u00f8yve.<\/p>\n<p>\u2013 CITES-lista er eit eige regelverk som skal beskytte artar som er trua av internasjonal handel, seier Sletsj\u00f8e.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ida Sletsj\u00f8e, politiadvokat i \u00f8kokrim\" title=\"Foto: Politiet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ida Sletsj\u00f8e, politiadvokat i \u00d8kokrim. <\/p>\n<p>Foto: Politiet<\/p>\n<p>\u00d8kokrim seier at sakene, sett under eitt, er dei mest omfattande og alvorlege sakene som er avdekte i Noreg n\u00e5r det gjeld oppbevaring, samling, kj\u00f8p og sal av egg. <\/p>\n<p>Sletsj\u00f8e vektlegg at dei ser alvorleg p\u00e5 sakene.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi meiner at dette er alvorleg milj\u00f8kriminalitet. Det er ein direkte trussel mot at mange fugleartar skal kunne overleve. <\/strong><\/p>\n<p>Sletsj\u00f8e seier at dei sikta i saka har kj\u00f8pt og seld egg i ei nettverk, som har vore med p\u00e5 \u00e5 skape ein marknad for ulovleg omsetting.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har avdekt til saman 16 personar i Noreg, og vi har ogs\u00e5 funne namn p\u00e5 personar i utlandet. Informasjonen i dei norske sakene har f\u00f8rt til etterforsking i b\u00e5de Storbritannia og Australia.<\/p>\n<p>\u2013 Det dei involverte har til felles er at dei er veldig interesserte i egg, legg ho til.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To menn er tiltalt for \u00e5 ha solgt utrydnignstruede egg\" title=\"Foto: Politiet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dei involverte i nettverket skal ha kj\u00f8pt og seld egg. Det skal ogs\u00e5 ha blitt gitt vekk egg. <\/p>\n<p>Foto: Politiet<\/p>\n<p>Fleire hundre egg<\/p>\n<p>Mannen i 80-\u00e5ra skal if\u00f8lge tiltalen ha oppbevart 174 fugleegg fr\u00e5 viltartar. Over ei periode fr\u00e5 2021 til 2023 skal han ha kj\u00f8p, seld, mottatt eller gitt bort 630 egg til rundt 349.000 kroner.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Av desse var 32 fr\u00e5 arter kategorisert som kritisk trua, 45 som sterkt trua, 77 som s\u00e5rbare og 82 som n\u00e6r trua p\u00e5 Norsk raudliste for artar, st\u00e5r det i tiltalen.<\/strong><\/p>\n<p>Mannen i 50-\u00e5ra er tiltalt for \u00e5 ha oppbevart \u00e5tte fugleegg fr\u00e5 viltartar.<\/p>\n<p>I tillegg skal han ha kj\u00f8pt, seld, mottatt og gitt vekk minst 327 fugleegg fr\u00e5 viltartar til ein pris p\u00e5 ca. 68.000 kroner.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Av desse var 21 fr\u00e5 arter kategorisert som kritisk trua, 22 som sterkt trua, 28 som s\u00e5rbare og 43 som n\u00e6r trua p\u00e5 Norsk raudliste for arter, st\u00e5r det i tiltalen. <\/strong><\/p>\n<p>Han er ogs\u00e5 tiltalt for innf\u00f8rsel og utf\u00f8rsel av ein rekke egg fr\u00e5 artar som st\u00e5r p\u00e5 den s\u00e5kalla CITES-lista, utan \u00e5 ha hatt l\u00f8yve.<\/p>\n<p>Oddvar Aars\u00e6ther er advokaten til mannen i 50-\u00e5ra. Han seier at dei ikkje har ein kommentar til saka.<\/p>\n<p>Advokat Steinar Wiik S\u00f8rvik, som representerer den andre mannen, skriv i ein SMS til NRK at han ikkje kan kommentere saka fordi han er opptatt i retten.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To menn er tiltalt for \u00e5 ha solgt utrydnignstruede egg\" title=\"Foto: Politiet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Politiet har gjort fleire beslag i samband med saka. <\/p>\n<p>Foto: Politiet<\/p>\n<p>Utryddingstrua artar<\/p>\n<p>Den siste av dei tre sakene som \u00d8kokrim etterforskar vil bli ferdigstilt over nytt\u00e5r.<\/p>\n<p>Sletsj\u00f8e utelukkar ikkje at det kan kome fleire tiltalar i saka.<\/p>\n<p><strong>If\u00f8lge \u00d8kokrim er mange av egga, i sakene som er etterforska, fr\u00e5 artar som er utryddingstrua.<\/strong><\/p>\n<p>Blant anna skal det ha vore kritisk truga artar som viersporv, hauksangar, hortulan, sn\u00f8ugle, \u00e5kerrikse, vipe og lomvi.<\/p>\n<p>\u2013 Egg-sakene har vore spesielt viktig \u00e5 f\u00f8lgje opp sidan mange fugleartar er truga av utrydding, seier Sletsj\u00f8e.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Omsetning av fugleegg er alvorleg fordi det fungerer som ein drivar for ulovleg sanking av egg. Egg fr\u00e5 truga artar er ofte vanskelege \u00e5 f\u00e5 tak i og skaper ei st\u00f8rre etterspurnad i marknaden, legg ho til. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Lomvi\" title=\"Foto: Simon Skjelvik Brandseth \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lomvi er kritisk trua i Noreg i dag. <\/p>\n<p>Foto: Simon Skjelvik Brandseth \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>09.12.2025, kl. 13.22<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>09.12.2025, kl. 14.23<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Hausten 2023 avdekte politiet eit stort nettverk av personar som dreiv med ulovleg omsetning og sanking av fugleegg.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":108477,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-108476","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115690041876561670","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/108476","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=108476"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/108476\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/108477"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=108476"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=108476"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=108476"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}