{"id":112042,"date":"2025-12-13T10:43:17","date_gmt":"2025-12-13T10:43:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/112042\/"},"modified":"2025-12-13T10:43:17","modified_gmt":"2025-12-13T10:43:17","slug":"debatt-politikk-her-ma-meyer-rett-og-slett-visa-ryggrad-som-leiar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/112042\/","title":{"rendered":"Debatt, Politikk | Her m\u00e5 Meyer rett og slett visa ryggrad som leiar"},"content":{"rendered":"\n<p><b>To veker har <\/b>kommuneadvokaten i Bergen brukt p\u00e5 \u00e5 finna ut om kommunen skal gje innsyn i ein korrespondanse mellom eit verneombod og ein journalist.<\/p>\n<p>Det er ganske oppsiktsvekkande.<\/p>\n<p><b>Bakgrunnen er ein<\/b> anonym person som <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/handteringen-slaktes-i-verste-fall-har-de-bare-ikke-greie-pa-hva-de-driver-med\/s\/5-8-3244581\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">har kravd innsyn i dialogen<\/a> mellom verneombod May Britt Kindem og ein journalist i Bergens Tidende.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om verneombodet har motsett seg at nokon skal f\u00e5 innsyn i e-postar og tekstmeldingar som ho har sendt til avisa, har ho f\u00e5tt beskjed om \u00e5 senda fr\u00e5 seg korrespondansen, slik at byr\u00e5dsavdelinga kan vurdera om det er grunnlag for \u00e5 gje innsyn.<\/p>\n<p><b>Saka er ekstra<\/b> pikant fordi Kindem i forkant av dette leverte eit varsel mot kommunaldirekt\u00f8r Bel\u00e9n Birkenes, som er den \u00f8vste administrative leiaren i byr\u00e5dsavdelinga.<\/p>\n<p>Det skjedde etter<a href=\"https:\/\/www.bt.no\/politikk\/i\/25RP24\/kommunaldirektoer-belen-birkenes-avsatte-mellomleder-i-bergen-kommune\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\"> at BT avsl\u00f8rte<\/a> at ein mellomleiar i byr\u00e5dsavdelinga, mot sin vilje, vart omplassert til ei anna byr\u00e5dsavdeling etter ein alvorleg glipp.<\/p>\n<p><b>Det var etter<\/b> at verneombodet nekta \u00e5 overlevera dokumenta at byr\u00e5dsavdelinga bad kommuneadvokaten om \u00e5 vurdera saka.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2565\" height=\"1951\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/EH9_0636.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2565 \/ 1951;\"\/><\/p>\n<p>      Verneombod May Britt Kindem nektar \u00e5 gje vidare dialogen ho har hatt med Bergens Tidende.<br \/>\n      Foto: EIRIK HAGES\u00c6TER\n    <\/p>\n<p>Dette har f\u00f8rt til at spekulasjonane har hagla: Er det snakk om hemn fordi verneombodet varsla mot kommunaldirekt\u00f8ren? Er det eigentleg leiinga i byr\u00e5dsavdelinga som vil sj\u00e5 korrespondansen mellom verneombodet og BT? Er det ein fryktkultur i kommunen?<\/p>\n<p><b>I denne samanhengen<\/b> er det best \u00e5 la alt dette ligga. La oss heller ta for oss det me veit.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3249350\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/SE1_5032_1.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Peker p\u00e5 byr\u00e5kratene: \u2013 Jeg har ikke hatt noe med saken \u00e5 gj\u00f8re\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>At saka har lagt p\u00e5 bordet til kommuneadvokaten i to veker er ganske interessant.<\/p>\n<p><b>Med mindre saka <\/b>vert trenert eller kommuneadvokaten har tatt tidleg juleferie, noko ingenting tyder p\u00e5, m\u00e5 me velja \u00e5 tru at grunnen er at den juridiske vurderinga ikkje er beint fram.<\/p>\n<p>Juss kan vera utfordrande greier. Eit lovverk vil aldri kunna vera presist nok til at ein i eit kvart tilfelle kan setta to strekar under eit svar.<\/p>\n<p><b>Det st\u00e5r ikkje<\/b> i klartekst i offentleglova om dialog mellom kommunalt tilsette og media er omfatta av lova, eller ikkje. Det st\u00e5r heller ingenting om verneombodet er omfatta av lova.<\/p>\n<p>At saka kan vera komplisert juridisk, betyr likevel ikkje at dette er ei veldig vanskeleg sak.<\/p>\n<p><b>Nokre enkle kontrollsp\u00f8rsm\u00e5l<\/b> burde gjera det ganske enkelt for byr\u00e5det \u00e5 landa p\u00e5 ei fornuftig avgjerd:<\/p>\n<p>F\u00f8rste sp\u00f8rsm\u00e5l: B\u00f8r eit verneombod kunna ha fortruleg dialog med ein journalist?<\/p>\n<p>Svaret er definitivt ja. Verneombodet sin jobb er \u00e5 seia ifr\u00e5 om forhold som kan vera problematiske p\u00e5 ein arbeidsplass. Verneombodet har ikkje berre rett, men plikt, til \u00e5 seia ifr\u00e5 om noko kan vera kritikkverdig.<\/p>\n<p><b>I tillegg til<\/b> \u00e5 varsla internt, er det \u00e5 varsla pressa ein naturleg del av denne rolla.<\/p>\n<p>Dersom andre kan f\u00e5 innsyn i denne dialogen, set ein verneombodet ut av stand til \u00e5 gjera jobben sin.<\/p>\n<p><b>Ein kvar kommunal<\/b> leiar b\u00f8r legga til rette for at verneombodet skal kunna gjera jobben sin, sj\u00f8lv om det kan vera ubehageleg for den kommunale leiaren<\/p>\n<p>Andre sp\u00f8rsm\u00e5l: B\u00f8r kommunale leiarar krevja \u00e5 f\u00e5 sj\u00e5 verneombodet sin dialog med pressa, for \u00e5 kunna vurdera om det er rett \u00e5 gje innsyn?<\/p>\n<p>Svaret er definitivt nei. Om verneombodet skal kunna gjera jobben sin, m\u00e5 b\u00e5de verneombodet sj\u00f8lv, men \u00f2g andre tilsette i kommunen, kunna stola p\u00e5 at kommunale sjefar ikkje kan snoka i verneombodet sine korrespondansar.<\/p>\n<p><b>Dette handlar \u00f2g<\/b> om rolleforst\u00e5ing som er heilt avgjerande for kommunale leiarar. Berre ved \u00e5 be om \u00e5 f\u00e5 sj\u00e5 dokument som verneombodet ikkje vil visa fram, beveger leiaren seg inn p\u00e5 i eit minefelt.<\/p>\n<p>Nettopp denne saka illustrerer kvifor. At verneombodet faktisk varsla mot kommunaldirekt\u00f8ren berre understrekar at dette er ein korrespondanse som alle overordna i byr\u00e5dsavdelinga b\u00f8r halda seg langt unna.<\/p>\n<p>Tredje sp\u00f8rsm\u00e5l: Kan offentleggjering av korrespondansen, eller kommunen sine unders\u00f8kingar, svekka det journalistiske kjeldevernet?<\/p>\n<p>Ja. Definitivt. At kjeldevernet er ivaretatt er i utgangspunktet pressa si oppg\u00e5ve. Det handlar til d\u00f8mes om \u00e5 verna den som har komme med informasjon, til d\u00f8mes mot represaliar fr\u00e5 arbeidsgjevar.<\/p>\n<p><b>\u00c5 unders\u00f8ka innhaldet<\/b> i dialogen mellom verneombodet og pressa vil kunna oppfattast som utidig kjeldejakt fr\u00e5 kommunen si side.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det er pressa sitt klokkeklare ansvar \u00e5 beskytta kjeldene sine, er det ikkje noko kommunal oppg\u00e5ve \u00e5 driva kjeldejakt.<\/p>\n<p><b>I sum burde<\/b> alle desse tre kontrollsp\u00f8rsm\u00e5la peika i same retning.<\/p>\n<p>Nemleg at kommunen gjer klokt i \u00e5 ikkje g\u00e5 inn i korrespondansen mellom journalisten og verneombodet, og dermed avsl\u00e5 innsynskravet.<\/p>\n<p><b>Om den som<\/b> har kravd innsyn ikkje er forn\u00f8gd med den avgjerda, kan avslaget klagast inn til statsforvaltaren eller sivilombodet.<\/p>\n<p>Det er noko kommunen gjer heile tida. I langt mindre problematiske saker.<\/p>\n<p>B\u00e5de omsynet til verneombodet, intern rolleforst\u00e5ing, og omsynet til kjeldevernet og journalistikken tilseier at kommunen ikkje b\u00f8r vurdera innhaldet i denne dialogen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"7185\" height=\"4657\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/EH9_0641_Redigert.jpg\" alt=\"Utvalg for helse og sosial i Bergen kommune hadde i dag h\u00f8ring om bost\u00f8tte etter feilene som er kommet frem de siste m\u00e5nedene. &#10;&#10;Bel\u00e9n Birkenes &#10;Belen Birkenes\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 7185 \/ 4657;\"\/><\/p>\n<p>      Kommunaldirekt\u00f8r Bel\u00e9n Birkenes.<br \/>\n      Foto: EIRIK HAGES\u00c6TER\n    <\/p>\n<p><b>I staden skubbar <\/b>byr\u00e5det jussen framfor seg. I tillegg til \u00e5 svekka verneombodet si evne til \u00e5 gjera jobben sin, opnar kommunen opp for ein flaum av spekulasjonar.<\/p>\n<p>I beste fall handlar denne saka om kommunale leiarar som ikkje har tenkt seg om. Me kan likevel ikkje utelukka at saka er langt meir alvorleg. Er det eigentleg slik at leiarane i byr\u00e5dsavdelinga \u00f8nskte \u00e5 f\u00e5 sj\u00e5 dialogen verneombodet hadde med pressa?<\/p>\n<p><b>Uansett er det<\/b> kommunale leiarar som ikkje har greidd \u00e5 tenka klart i denne saka. Uavhengig av kva den juridiske vurderinga til kommuneadvokaten endar opp med, b\u00f8r den \u00f8vste sjefen i Bergen kommune no setta skapet p\u00e5 plass.<\/p>\n<p>Christine Meyer m\u00e5 vera veldig tydeleg p\u00e5 at kommunen ikkje tar lett p\u00e5 den krevjande rolla til verneomboda i kommunen, og at byr\u00e5det \u00f8nsker at verneomboda skal st\u00e5 fritt til \u00e5 ha fortruleg dialog med b\u00e5de tilsette i kommunen og pressa.<\/p>\n<p><b>Derfor b\u00f8r Meyer <\/b>gje tydeleg beskjed om at kommunale leiarar ikkje skal snoka i dialogen mellom kommunalt tilsette og pressa, og at det derfor ikkje er forsvarleg \u00e5 vurdera om slik dialog er offentleg eller ikkje.<\/p>\n<p>I 2022 ropte ytringsfridomskommisjonen varsku om ytringsfridomen i norsk arbeidsliv generelt, og innan offentleg sektor spesielt. I rapporten kjem det fram at urovekkande mange kommunalt tilsette er redda for \u00e5 seia ifr\u00e5 om kritikkverdige forhold p\u00e5 arbeidsplassen.<\/p>\n<p><b>Det vert langt<\/b> p\u00e5 veg peikt p\u00e5 ein ukultur i norsk arbeidsliv. Ein ukultur som minner om den ukulturen som enkelte har hevda at finst i Bergen kommune.<\/p>\n<p>At verneomboda skal kunna gjera jobben sin er siste skanse i denne samanhengen. Om tilsette ikkje v\u00e5gar \u00e5 snakka med verneombodet og verneombodet ikkje v\u00e5gar \u00e5 snakka med pressa, er me ille ute.<\/p>\n<p><b>I Bergen kommune<\/b> er dette til sjuande og sist Christine Meyer sitt ansvar. Uavhengig av jussen m\u00e5 byr\u00e5dsleiaren no visa at ho er ein leiar med ryggrad.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3253854\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/1765622597_745_ABK_2075__1_.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              R\u00f8dt stiller mistillitsforslag mot byr\u00e5dsleder Christine Meyer\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3249350\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/SE1_5032_1.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Peker p\u00e5 byr\u00e5kratene: \u2013 Jeg har ikke hatt noe med saken \u00e5 gj\u00f8re\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"To veker har kommuneadvokaten i Bergen brukt p\u00e5 \u00e5 finna ut om kommunen skal gje innsyn i ein&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":108223,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,266,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,41,1382,26,27],"class_list":{"0":"post-112042","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-kommentar","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-politikk","26":"tag-solve-rydland","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115711849740567752","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/112042","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=112042"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/112042\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/108223"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=112042"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=112042"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=112042"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}