{"id":112152,"date":"2025-12-13T12:38:56","date_gmt":"2025-12-13T12:38:56","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/112152\/"},"modified":"2025-12-13T12:38:56","modified_gmt":"2025-12-13T12:38:56","slug":"meiningar-fotball-de-vil-ikkje-lika-det-som-kjem-etter-knappen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/112152\/","title":{"rendered":"Meiningar, Fotball | De vil ikkje lika det som kjem etter Knappen"},"content":{"rendered":"\n<p>Gustav Hult, Kenneth Ros\u00e9n og Kevin Knappen.<\/p>\n<p>N\u00e5r Bryne FK bikkar 100 \u00e5r i april 2026, er det berre desse tre som har makta \u00e5 ta Bryne opp i den \u00f8vste divisjonen av norsk fotball.<\/p>\n<p>Hult, ein gammal Viking-spelar jobba i amat\u00f8rane si tid. Ros\u00e9n hadde godt med midlar ved inngangen til 2000-talet. Knappen har gjennom sine \u00e5r klart \u00e5 ta eit middels OBOS-lag opp i Noregs gj\u00e6vaste selskap.<\/p>\n<p>Det vart med det eine \u00e5ret, men om ein har litt lengre perspektiv s\u00e5 hadde han den brattaste bakken \u00e5 g\u00e5 opp. For fem sesongar sidan sat me alle isolerte og s\u00e5g Bryne i PostNord ligaen.<\/p>\n<p>No har me hatt ein sesong i eliteserien, ein ting det berre var gamle og halvgamle som hugsa fr\u00e5 sist gong.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.jbl.no\/5-103-1225641\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/NTB_92RSkyxHWB8+2.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Gr\u00f8dem trolig ferdig i Bryne\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Jamne med Brusand<\/p>\n<p>Aldri i den moderne Bryne-soga, eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg ikkje heilt hugsar 1940-talet d\u00e5 Brusand kunne utfordra Bryne, s\u00e5 har ein trenar kome til klubben med ein brattare motbakke. Eg veit det av di eg var der d\u00e5 han vart presentert.<\/p>\n<p>Det var knappast eit sp\u00f8rsm\u00e5l om kven han var og kva han ville. Det einaste presentasjonen handla om var at trenaren skulle vere ein annan.<\/p>\n<p>Knappen har rett nok k\u00f8yrd ein tung veg. Det har vore periodar med fem-seks tap p\u00e5 rad. Det har vore periodar med glede og jubel. Men etter at han fekk sett sitt lag, s\u00e5 har han alts\u00e5 leia laget til ei kvalifisering og eit direkte opprykk.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5104\" height=\"3400\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/i9w0QsU5Pvg.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5104 \/ 3400;\"\/><\/p>\n<p>      Knappen har f\u00e5tt gjennomg\u00e5 for kvart tap og n\u00e6rast kvar offside. I Bryne-fora p\u00e5 internett trur dei at Bryne skulle feia gjennom Eliteserien og omtrent vere klar for ein Europaliga i 2026, skriv Asgeir Ueland.<br \/>\n      Foto: Jan K\u00e5re Ness\/NTB\n    <\/p>\n<p>  Fake news<\/p>\n<p>Og det med eit lite og smalt budsjett. Med lag som knappast har stjerner. Med lag kor namna p\u00e5 spelarane stort sett var ukjende f\u00f8r dei kledde p\u00e5 seg den raude drakta.<\/p>\n<p>Dei har ikkje briljert, men snarare vore eit kollektiv utan store stjerner.<\/p>\n<p>Likevel har det vore ein vedvarande negativitet fr\u00e5 den s\u00e5kalla fansen. Den andre fansen, dei som utgjer fleirtalet, har stort sett ikkje gidda \u00e5 sei noko. Dei er ikkje tuna inn til st\u00f8yen fr\u00e5 sosiale media.<\/p>\n<p>Der inne, inne i fora, kan ein lesa fake news og konspirasjonar. Der har Knappen f\u00e5tt gjennomg\u00e5 for kvart tap og n\u00e6rast kvar offside. Der trur dei at Bryne skulle feia gjennom Eliteserien og omtrent vere klar for ein Europaliga i 2026.<\/p>\n<p>    Vil du se neste video?<\/p>\n<p>    <a href=\"https:\/\/www.jbl.no\/var-fiaskoen-mot-aalesund-kevin-knappens-siste-kamp-pa-bryne-stadion-slik-svarer-treneren\/v\/5-103-1223980\" class=\"recommend-poster\" data-adp-clicklabel=\"video-recommend\" data-adp-clickvalue=\"poster\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><br \/>\n      <img decoding=\"async\" width=\"200\" height=\"200\" loading=\"lazy\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/NTB_NC3uG1gcCAQ.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 200 \/ 200;\"\/><\/p>\n<p>Var fiaskoen mot Aalesund Kevin Knappens siste kamp p\u00e5 Bryne stadion? Slik svarer treneren3:47<\/p>\n<p>    <\/a><\/p>\n<p>        \u00d8rjan Gr\u00f8dem var sv\u00e6rt skuffet etter det Bryne serverte da de tapte 4-0 i f\u00f8rste kvalik-kamp p\u00e5 hjemmebane mot Aalesund s\u00f8ndag.<br \/>\n        Jarnregel og bonus\u00e5r<\/p>\n<p>Slik er det sj\u00f8lvsagt ikkje. I den moderne fotballen er det over tid ein jernregel som tilseier at dei med mest pengar kjem h\u00f8gast p\u00e5 tabellen.<\/p>\n<p>Jau, det kan hende at det skjer under, og underet p\u00e5 Bryne skjedde i fjor.<\/p>\n<p>Det var og er klubbleiinga klar over. Hans \u00d8yvind Sagen sa det rett ut. Han skulle sagt det i kvart intervju i ettertid, av di folk ikkje hugsar fr\u00e5 tolv til middag, som mi gamle mormor sa det.<\/p>\n<p>Det Sagen sa var: 2025 vert eit reint bonus\u00e5r.<\/p>\n<blockquote class=\"brick-c-kLSvcb theme-white\">\n<p class=\"blockquote-text\">Aldri i den moderne Bryne-soga har ein trenar kome til klubben med ein brattare motbakke<\/p>\n<\/blockquote>\n<p>    Perspektivlaust<\/p>\n<p>Nettopp det er perspektivet ein burde hatt med seg inn i den sesongen som enda med ein 1\u20130 siger i \u00c5lesund. Men, nei, perspektiv er ikkje naudsynt. Det handlar om \u00e5 lage mest mogleg st\u00f8y.<\/p>\n<p>Det handlar om \u00e5 knuse dass i Stavanger. Det handlar om \u00e5 spreie usanne rykte i sosiale media. Det handlar om at Time-sokna aldri er n\u00f8gde \u2013 aldri.<\/p>\n<p>I det landskapet skal ein ta med seg at Bryne sin suksess dei siste \u00e5ra stort sett har kome fr\u00e5 folk som ikkje soknar til Bryne. Ein austlending har leida styret. Ein austlending har leida dei opp i eliten. Og ein Sandnes mann har styrt skuta gjennom \u00f8konomiske utfordringar.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.jbl.no\/5-103-1188991\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/cueres_scp-mangler_navn_Gmh0BbbfqEE.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              J\u00e6rbladet erfarer: 18 spillere ville fjerne treneren\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  \u00abAlle m\u00e5 g\u00e5\u00bb<\/p>\n<p>Han har lagt grunnlaget for at klubben ikkje er nesten konk i januar. Men desse m\u00e5 alts\u00e5 g\u00e5 no. Alle m\u00e5 g\u00e5, skriv dei i fora p\u00e5 internett.<\/p>\n<p>Der inne forsterkar dei st\u00f8yen. Hendinganes larm vert sterkare for kvar kamp. Og dei forventar at alle g\u00e5r. Det gjeld \u00f2g Roger Eskeland, og alle andre som har skapa mykje ut av lite dei siste fire sesongane.<\/p>\n<p>Dei vil ha blod. Dei vil sj\u00e5 henginga p\u00e5 torget, mest som folk gjorde f\u00f8r sporten tok over for offentlege avrettingar, og sporten skulle sivilisera verda.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.jbl.no\/5-103-1188749\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/NTB_FkDuB76A3C8.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Haaland etter Bryne-avsl\u00f8ringene: \u2013 Ke i adle dage s\u00e5 skjer?\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Blodt\u00e5ka<\/p>\n<p>Ofte, n\u00e5r ein sveiper innom, lurar ein oppriktig p\u00e5 om det som kjem ut i slike fora verkeleg er Noreg i dag. Det er sj\u00f8lvsagt internett sin feil. Lukkelegvis dekka eg Bryne i ei tid kor folk tok ut frustrasjonen p\u00e5 pub.<\/p>\n<p>Kor folk tala andlet til andlet og ikkje berre p\u00f8ste ut halvkveda viser p\u00e5 internett.<\/p>\n<p>Det er kvardagen til den moderne fansen. Dei perspektivlause. Dei hatande. Dei som meler si eiga kake med \u00e5 egga opp likesinna og kan alt om korleis fotball er. N\u00e5r slikt kjem fr\u00e5 andre land omhandlar det stort sett kor galne folk er der over.<\/p>\n<p>Lokalt er det mat for nye artiklar i pressa, kor desse \u00abekspertane\u00bb stadig vert lyfta fram i media som noko sant fr\u00e5 folkedjupet.<\/p>\n<p>S\u00e5 kan me sp\u00f8rje oss sj\u00f8lve om denne dynamikken er leveleg p\u00e5 sikt.<\/p>\n<p>    Vil du se neste video?<\/p>\n<p>    <a href=\"https:\/\/www.jbl.no\/var-fiaskoen-mot-aalesund-kevin-knappens-siste-kamp-pa-bryne-stadion-slik-svarer-treneren\/v\/5-103-1223980\" class=\"recommend-poster\" data-adp-clicklabel=\"video-recommend\" data-adp-clickvalue=\"poster\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><br \/>\n      <img decoding=\"async\" width=\"200\" height=\"200\" loading=\"lazy\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/NTB_NC3uG1gcCAQ.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 200 \/ 200;\"\/><\/p>\n<p>Var fiaskoen mot Aalesund Kevin Knappens siste kamp p\u00e5 Bryne stadion? Slik svarer treneren3:47<\/p>\n<p>    <\/a><\/p>\n<p>        Se intervju med Brynes Lars Erik S\u00f8dal etter 0-4-tapet for Aalesund i f\u00f8rste kvalifiseringskamp.<br \/>\n        Historisk opptur<\/p>\n<p>For det Kevin Knappen har gjort gjennom sine fire sesongar i Bryne er i historisk perspektiv enormt. Det var ingen normale menneske som trudde laget skulle spele i Eliteserien i \u00e5r.<\/p>\n<p>Det har vore eit eventyr, ein draum og nokre gonger skuffande tap med sm\u00e5 marginar.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje om Knappen gidd \u00e5 trener Bryne neste sesong. Eg tippar han vert henta av ein klubb h\u00f8gare oppe. For der ute forst\u00e5r dei kva han og teamet har gjort.<\/p>\n<p>Og s\u00e5, no etter sesongslutt, s\u00e5 er Bryne attende der dei h\u00f8yrer heime. Dei er attende p\u00e5 niv\u00e5 to.<\/p>\n<p>Eit niv\u00e5 dei stort sett har vore p\u00e5 sidan norsk fotball vart spela av amat\u00f8rar. Det er sanninga. Det er r\u00f8yndommen. Takk for eventyret<\/p>\n<p>Det som kjem etter Knappen tenker eg vert meir av det me har vorte vane med. Men sanne fans omfamnar desse skuffelsane. Det er ein del av gamet om ein ikkje er ein klubb med fleire titals millionar i banken.<\/p>\n<p>Det er ikkje Bryne, den gamle moroa var oftast finansiert med l\u00e5nte pengar. Og nett der ligg h\u00e5pet om ein kvalik og to i framtida. Men inntil d\u00e5 f\u00e5r me nyta smertene.<\/p>\n<p>Og leva med den tragedien det tras alt er \u00e5 ha vald laget i raudt og kvitt. S\u00e5 f\u00e5r dei andre berre larma vidare, perspektivlause, med enkle ord og krav etter kvart tap om at alle m\u00e5 g\u00e5.<\/p>\n<p>Takk for eventyret, Kevin Knappen.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Gustav Hult, Kenneth Ros\u00e9n og Kevin Knappen. N\u00e5r Bryne FK bikkar 100 \u00e5r i april 2026, er det&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":112153,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,92,1939,30,28,29,1533,83,82],"class_list":{"0":"post-112152","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-fotball","10":"tag-meiningar","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-opinion","15":"tag-sport","16":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115712305758541812","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/112152","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=112152"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/112152\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/112153"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=112152"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=112152"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=112152"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}