{"id":112901,"date":"2025-12-14T11:31:10","date_gmt":"2025-12-14T11:31:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/112901\/"},"modified":"2025-12-14T11:31:10","modified_gmt":"2025-12-14T11:31:10","slug":"ho-er-mottakar-av-fjukens-julekorg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/112901\/","title":{"rendered":"Ho er mottakar av Fjukens julekorg"},"content":{"rendered":"\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Tidlegare i desember spurte vi lesarane v\u00e5re kven dei tykte fortener Fjukens julekorg. Vi fekk inn mange gode nominasjonar &#8211; rundt 20 ottad\u00f8lar vart trekte fram av folk som set pris p\u00e5 dei.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Etter ein gjennomgang i redaksjonen, vart det klart at korga g\u00e5r til Eva Amalie Valseth fr\u00e5 V\u00e5g\u00e5. Ho har gjennom fleire \u00e5r lagt inn ein sv\u00e6r innsats for det tilrettelagte handballaget Lykkelaget, til glede for s\u00e5 mange i heile Ottadalen. Det var ogs\u00e5 ho som starta opp laget i 2023.<\/p>\n<p>Les \u00f2g:<a class=\"article-link horizontal\" aria-label=\"Relatert artikkel\" href=\"https:\/\/www.fjuken.no\/nyheiter\/n\/2pnrrx\/kven-fortener-fjukens-julekorg\" data-v-7b3bb948=\"\" data-v-abbe8158=\"\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Kven fortener Fjukens julekorg? <\/p>\n<p>Open<\/p>\n<p><\/a>Vinteren 2024 spelte Lykkelaget kamp mot Skj\u00e5k-skinkain i Utgard.\u00a0<strong data-v-91367220=\"\">Foto:<\/strong> Ola Rossehaug \/ Arkiv<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Det er ein glad mottakar som m\u00f8ter Fjuken i V\u00e5g\u00e5hallen for \u00e5 f\u00e5 overlevert korga. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Eg vil seie tusen takk til dei som har nominert meg, eg er utruleg glad for at eg fekk denne &#8211; det set eg stor pris p\u00e5. Eg vil ogs\u00e5 takke alle st\u00f8ttespelarar, og alle som er med og bidreg inn i Lykkelaget.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Valseth ynskjer \u00e5 dele korga med Line Olsen, som har vore med som trenar for Lykkelaget heilt sidan oppstarten.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Ho er ein minst like stor del av dette. Eg kan ikkje drive Lykkelaget sj\u00f8lv &#8211; eg m\u00e5 jo ha med meg trenarar. Det er godt \u00e5 ha einkvan som er fast, og som er med over fleire \u00e5r. S\u00e5 eg er takksam for trenarane som har vore med, og for Line som framleis er med.<\/p>\n<p>Starta for dottera<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">I haust var det to \u00e5r sidan Valseth starta opp Lykkelaget. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Utgangspunktet for det heile, var dottera hennar, Lilly.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Eg har ei dotter med diagnose. Fr\u00e5 ho starta \u00e5 spela handball, har ho vore heldig og hatt trenarar som har teke ho med p\u00e5 laget og inkludert henne. Ho har hatt lagveninner som har invitert henne inn i laget ogs\u00e5, og tilpassa og gjort slik at ho fekk spele.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Etter kvart vart imidlertid spriket st\u00f8rre og st\u00f8rre, med tanke p\u00e5 kva ho fekk til, og kva som var venta at ein skal gjere p\u00e5 ei bane.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 S\u00e5 da ho sj\u00f8lv ynskte, \u00ab\u00c5h, tenk om eg kunne spelt ein heil kamp\u00bb &#8211; da byrja tankene om at her m\u00e5 eg faktisk ordne eit lag til henne.<\/p>\n<p>Les \u00f2g:<a class=\"article-link horizontal\" aria-label=\"Relatert artikkel\" href=\"https:\/\/www.fjuken.no\/nyheiter\/n\/8JoLdE\/startar-lykkelaget-i-vaagaa-lilly-gler-seg-til-aa-endeleg-kunne-spela-ein-heil-kamp\" data-v-7b3bb948=\"\" data-v-abbe8158=\"\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>Startar Lykkelaget i V\u00e5g\u00e5- Lilly gler seg til \u00e5 endeleg kunne spela ein heil kamp <\/p>\n<p><\/a>Fr\u00e5 oppstarten i 2023. Fr\u00e5 venstre: Lilly Valseth, Eva Amalie Valseth og Celin Sk\u00e5lsveen Sveahaugen.\u00a0<strong data-v-91367220=\"\">Foto:<\/strong> Kari Margot Odnes \/ Arkiv<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Valseth vedg\u00e5r at ho var ganske spent p\u00e5 kor mange som kom til \u00e5 m\u00f8te opp p\u00e5 fyrste trening. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Eg trur det var fem som m\u00f8tte opp, og eg hugsar at eg tenkte i forkant, at blir vi rundt fem, er det ganske bra.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">I dag ansl\u00e5r ho at det er om lag 12 spelarar p\u00e5 kvar trening, og rundt 20 namn totalt p\u00e5 lista. Dei har trening to gongar i veka &#8211; m\u00e5ndagar i Lom, torsdagar i V\u00e5g\u00e5. Enkelte er med berre i Lom, andre er med berre i V\u00e5g\u00e5, medan somme er med b\u00e5e plassane.<\/p>\n<p>Eva Amalie Valseth og Emilie Lund p\u00e5 kamp i Gausdal.\u00a0<strong data-v-91367220=\"\">Foto:<\/strong> Privat\u2013 Berre ei glede og lykke<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Sj\u00f8lv om Lilly n\u00e5 er p\u00e5 folkeh\u00f8gskule, deltek Eva Amalie Valseth stort sett p\u00e5 kvar einaste trening og kvar einaste kamp. Alt arbeidet er heilt friviljug.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-markup\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Du bruker sv\u00e6rt mykje tid p\u00e5 det, da?<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Ja, det gjer eg. Men det er verdifullt. Det er viktig \u00e5 halde dette ved like, sj\u00f8lv om dottera mi ikkje er med som ein aktiv spelar per i dag. Eg ser kor mykje det betyr for spelarane, s\u00e5 nei &#8211; det er berre ei glede og ei lykke \u00e5 vere p\u00e5 trening.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Valseth fortel om treningar med mykje latter. Dei flirer med kvarandre, og nokre gongar av kvarandre. Ein og annan artig kommentar kjem det \u00f2g.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Vi koser oss j\u00e6lma p\u00e5 trening. Har eg hatt ein tung dag p\u00e5 jobb, gler eg meg til \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 trening med Lykkelaget &#8211; da veit eg at det blir sk\u00f8y, smiler Valseth. <\/p>\n<p>\u2013 F\u00e5r oppleve \u00e5 ha det godt<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Lykkelaget har enda opp med \u00e5 bety meir enn det Valseth hadde venta da ho starta det opp i 2023. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Til d\u00f8mes har ho f\u00e5tt attendemeldingar om spelarar som st\u00e5r opp og har p\u00e5 seg drakta si heilt fr\u00e5 morgonen av, om dei veit dei skal p\u00e5 trening om kvelden. Det er tydeleg at dei gler seg.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Fleire seier at dei har f\u00e5tt noko \u00e5 sj\u00e5 fram til. Dei har f\u00e5tt nye venskap, og er ein del av ein gjeng. Og dei gjer noko som alle andre menneske i samfunnet gjer: Dei har ein aktivitet og eitkvart \u00e5 g\u00e5 til. Dei f\u00e5r ein grunn til \u00e5 seie at, \u00abNei, det passar ikkje for meg den dagen, eg skal p\u00e5 kamp\u00bb. Dei f\u00e5r oppleve noko som alle andre ogs\u00e5 f\u00e5r, og det er viktigare enn det ein kanskje trur og tenkjer over.<\/p>\n<p>\u2013 Spelarane p\u00e5 Lykkelaget har f\u00e5tt nye venskap, og er ein del av ein gjeng, seier Eva Amalie Valseth.\u00a0<strong data-v-91367220=\"\">Foto:<\/strong> Ola Rossehaug \/ Arkiv<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Sj\u00f8lv med 20 namn p\u00e5 lista, er det framleis plass til fleire p\u00e5 laget, seier Valseth.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Eg vonar folk ikkje er redde for \u00e5 kome og bli med. Mange har kanskje d\u00e5rleg erfaring fr\u00e5 gym, eller andre aktivitetar dei har vore med p\u00e5, der ein ikkje heilt har f\u00e5tt vera med. Der det ikkje har vore godt nok lagt til rette, slik at ein har f\u00e5tt oppleve meistring.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">P\u00e5 Lykkelaget er det fokus p\u00e5 nettopp det, seier ho.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Her kan du kome som den du er, og du skal f\u00e5 oppleve \u00e5 ha det godt.<\/p>\n<p>Fullt tr\u00f8kk og stormande jubel<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Lykkelaget opplever eit voldsomt engasjement fr\u00e5 lokalsamfunnet. N\u00e5r dei speler kamp i Hjerteligaen, er det alltid kampane i V\u00e5g\u00e5 som har flest folk i publikum. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Her har vi stappfull tribune, medan p\u00e5 bortekamp, er det kanskje 10\u201320 personar som ser p\u00e5, utanom dei som speler. S\u00e5 eg har f\u00e5tt attendemelding om at det er skikkeleg kult \u00e5 spele i V\u00e5g\u00e5, for her er det fullt tr\u00f8kk og stormande jubel i publikum.<\/p>\n<p>Stort engasjement for Lykkelaget.\u00a0<strong data-v-91367220=\"\">Foto:<\/strong> Ola Rossehaug \/ Arkiv<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">I v\u00e5r reiste ein gjeng p\u00e5 35 personar, med b\u00e5de spelarar, trenarar og f\u00f8lgjepersonar, til B\u00e6rum for \u00e5 delta p\u00e5 Vivil-leikene. Planen er \u00e5 reise dit neste v\u00e5r ogs\u00e5.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Vi samlar inn pengar for \u00e5 kome oss dit, og ser at det er stor velvilje blant folk. Det er eg takksam for.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Framover ynskjer Valseth \u00e5 utvide tilbodet, og f\u00e5 til open hall i tillegg til handballen. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Eg ser jo at handball ikkje er for alle, sj\u00f8lv om vi legg til rette for alle. For somme er kanskje ikkje interessa der. Eg kunne tenkje meg \u00e5 f\u00e5 til aktivitetar som kanskje kan f\u00e5 fleire inn i aktivitet, for eg ser kor viktig det er.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Spelarane i Lykkelaget hatt stor utvikling og framgang sidan oppstarten, ifylgje Valseth.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Det er skikkeleg artig \u00e5 sj\u00e5. S\u00e5 eg tenkjer at dersom ein f\u00e5r til fleire aktivitetar, f\u00e5r ein famna om enda fleire. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">Valseth har alts\u00e5 planane klare.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Eg har berre ikkje f\u00e5tt sett dei i verksemd enda, skrattar ho.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-81d7dc2b=\"\" data-v-62d58f52=\"\">\u2013 Men det blir nok.<\/p>\n<p>High five! Eva Amalie Valseth og Martin Mundal under kamp mot Skj\u00e5k-skinkain.\u00a0<strong data-v-91367220=\"\">Foto:<\/strong> Ola Rossehaug \/ Arkiv <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Tidlegare i desember spurte vi lesarane v\u00e5re kven dei tykte fortener Fjukens julekorg. Vi fekk inn mange gode&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":112902,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-112901","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115717700523194023","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/112901","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=112901"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/112901\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/112902"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=112901"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=112901"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=112901"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}