{"id":113576,"date":"2025-12-15T08:45:08","date_gmt":"2025-12-15T08:45:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/113576\/"},"modified":"2025-12-15T08:45:08","modified_gmt":"2025-12-15T08:45:08","slug":"langrennskometen-karoline-simpson-larsen-fekk-startnekt-for-fem-ar-sidan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/113576\/","title":{"rendered":"Langrennskometen Karoline Simpson-Larsen fekk startnekt for fem \u00e5r sidan"},"content":{"rendered":"<p>28 \u00e5r gamle Karoline Simpson-Larsen kunne s\u00f8ndag juble for sin f\u00f8rste verdscupsiger -eit resultat som langt p\u00e5 veg sikrar ho ein plass i den norske OL-troppen. Men vegen dit har ikkje vore lett.<\/p>\n<p>Langrennskometen hugsar med gru tilbake for fem \u00e5r sidan da ho ikkje bestod helseattesten for \u00e5 f\u00e5 lov til \u00e5 g\u00e5 skirenn. Ho var overtydd om at ho \u00e5t best mogleg for \u00e5 g\u00e5 raskast mogleg p\u00e5 ski.<\/p>\n<p>\u2013 Det trur eg alltid vi henge over meg n\u00e5r eg skal inn og ta den helseattesten om v\u00e5ren. For det var ein brutal beskjed \u00e5 f\u00e5 n\u00e5r ein ikkje er f\u00f8rebudd p\u00e5 det, seier ho til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Karoline Simpson-Larsen jubler\" title=\"Foto: Maxim Thore \/ Bildbyr\u00e5n\"\/><\/p>\n<p class=\"\">TIL TOPPS: For aller f\u00f8rste gong stod Karoline Simpson-Larsen p\u00e5 toppen av pallen i verdscupen.<\/p>\n<p>Foto: Maxim Thore \/ Bildbyr\u00e5n<\/p>\n<p>For der ho trudde ho gjorde alt rett, s\u00e5 viste det seg at det ikkje var tilfellet.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ein er gjerne oppvakse med at ein skal ete veldig sunt, men det einaste eg var opptatt av var \u00e5 g\u00e5 fort p\u00e5 ski. S\u00e5 eg gjorde alt det eg trudde var rett for \u00e5 g\u00e5 fort p\u00e5 ski, fortel ein openhjarta Simpson-Larsen.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 \u00c5 ete ekstremt sunt var det bildet eg hadde danna meg for \u00e5 kunne ta innersvingen p\u00e5 konkurrentane mine. S\u00e5 felte eg berre meg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>\u2013 Det var min feil<\/p>\n<p>Eivind Arne Bjaaland hugsar ogs\u00e5 godt den ikkje godkjente helseattesten. Han var trenaren til Simpson-Larsen p\u00e5 det tidspunktet.<\/p>\n<p>\u2013 Eg kan vel seie at det eigentleg var min feil. Det var i mangel av kunnskap. Mange knyter det til ein sjukdom, men det var jo ikkje det. Det var rett og slett for mykje energi som gjekk ut, kontra det ho fekk inn, forklarer Bjaaland til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Eivind Arne Bjaaland, trener for Team Elon S\u00f8rVest\" title=\"Foto: Norges skiforbund\"\/><\/p>\n<p class=\"\">TRENAR: Eivind Arne Bjaaland trena Simpson-Larsen p\u00e5 regionlaget Team Elon Vest. I helga var han sj\u00f8lv p\u00e5 skandinavisk cup i \u00d6stersund og fortel at dei n\u00e6rast k\u00f8yrde av vegen da dei p\u00e5 radio h\u00f8yrde at Simpson-Larsen vann rennet i Davos.<\/p>\n<p>Foto: Norges skiforbund<\/p>\n<p>\u2013 Det var ein brutal l\u00e6rdom for ho, og ogs\u00e5 for meg som trenar. Det var jo frykteleg. Verda hennar rann jo i grus, og det var vanskeleg for meg, fordi eg f\u00f8lte at ansvaret var mitt, seier Bjaaland.<\/p>\n<p><strong>Han kallar omstillinga til den tidlegare eleven sin \u00abeksemplarisk\u00bb<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Ho har gjort denne jobben sj\u00f8lv, og snudd ein situasjon som er h\u00e5plaus til ei eventyrhistorie, seier Bjaaland, som trena Simpson-Larsen i fleire \u00e5r p\u00e5 eit av Skiforbundets regionlag, f\u00f8r Simpson-Larsen gjekk over til eit privatlag f\u00f8r denne sesongen.<\/p>\n<p>Gjorde det om til eit mattestykke<\/p>\n<p>Vegen ut av problema var \u00e5 gjere alt om til eit enkelt mattestykke, samtidig som Simpson-Larsen m\u00e5tte endre vanar.<\/p>\n<p>\u2013 I starten var det \u00e5 trene mindre og ete meir. Balansere inntak og uttak. Eg har f\u00e5tt meir kunnskap om at kroppen treng meir energi enn eg trudde p\u00e5 det tidspunktet der, seier Simpson-Larsen.<\/p>\n<p>\u2013 Det h\u00f8yrest ikkje ut som ei lett \u00f8ving?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det tok tid \u00e5 snu. Eg hadde mange uvanar p\u00e5 det tidspunktet, s\u00e5 det tok tid \u00e5 snu dei. Det var hovudforskjellen.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"yA8oVyVTU7Y\" title=\"Foto: Carina Johansen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">HUMPETE VEG TIL TOPPEN: 28 \u00e5r gamle Karoline Simpson-Larsen har kjempa mange \u00e5r for \u00e5 lykkast i sporet. Her fr\u00e5 Lysebotn Opp i 2020.<\/p>\n<p>Foto: Carina Johansen \/ NTB<\/p>\n<p>Bjaaland fortel at det heile handla om \u00e5 finne ut av kor mykje energi ho brukte p\u00e5 trening, for deretter \u00e5 finne ut av kor mykje energi ho m\u00e5tte f\u00e5 i seg.<\/p>\n<p>\u2013 Det var jo det som kanskje var augeopnaren. Skulle ho f\u00e5 i seg nok n\u00e6ring m\u00e5tte ho ha i seg 40 br\u00f8dskiver eller noko s\u00e5nt. Da begynte vi \u00e5 kikke etter meir energirik mat. Berre det \u00e5 byte ut br\u00f8dskiver med ris gav ein energitettleik som var mykje st\u00f8rre. Og godteri og s\u00e5nne ting da, forklarer Bjaaland.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Simpson-Larsen og Bjervig Drivenes\" title=\"Foto: Matthias Trinkl \/ Gepa Pictures\/Bildbyr\u00e5n\"\/><\/p>\n<p class=\"\">R\u00c5 SESONGSTART: Karoline Simpson-Larsen og Julie Bjervig Drivenes klemmer etter sigeren til f\u00f8rstnemnde s\u00f8ndag. Begge har for alvor vist seg fram denne sesongen.<\/p>\n<p>Foto: Matthias Trinkl \/ Gepa Pictures\/Bildbyr\u00e5n<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5 et eg godteri og is<\/p>\n<p>Det var i tillegg noko anna som hjelpte Simpson-Larsen med \u00e5 innsj\u00e5 kor mykje, og kva ein faktisk kan ete.<\/p>\n<p>\u2013 Eg var heldig med \u00e5 vere p\u00e5 lag med mange gutar. Det trur eg har vore veldig positivt, for der handlar det berre om \u00e5 kaste i seg alt mogleg. Kall det \u00abs\u00f8ppelmat\u00bb eller drit. For min del hjelpte det mykje \u00e5 sj\u00e5 at her m\u00e5 eg berre pr\u00f8ve \u00e5 gjere som dei, og sj\u00e5 at det eg trudde var sunt ikkje n\u00f8dvendigvis var sunt for ein toppidrettsut\u00f8var, seier Simpson-Larsen.<\/p>\n<p>Dette er helseattesten<\/p>\n<p>Norsk idrett \u00f8nsker \u00e5 etterleve eit prinsipp om \u00e5 sette ut\u00f8vernes helse framfor prestasjon. Helseattesten er eitt av fleire tiltak i idretten for \u00e5 underst\u00f8tte dette prinsippet. Hensikta med helseattesten er \u00e5 avdekke om ein ut\u00f8var har spesielle utfordringar i forhold til ern\u00e6ring, vekt, trening, forstyrra ete\u00e5tferd eller andre forhold som er relevant for vurderinga av om ut\u00f8var er helsemessig eigna til \u00e5 representere eitt eller fleire av dei s\u00e6rforbunda som krev helseattest.<\/p>\n<p>Kilde: Skiforbundet.no<\/p>\n<p>\u2013 Du har sett dei hive i seg mykje. Hjelpte det p\u00e5 hovudet ditt?<\/p>\n<p>\u2013 Ja, absolutt.<\/p>\n<p>\u2013 Det var nok ei stor hjelp, for du blir jo ofte forma av det milj\u00f8et du er ein del av. N\u00e5r ho s\u00e5g kor store mengder dei \u00e5t, s\u00e5 m\u00e5 det nok ha hjelpt, seier Bjaaland.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 n\u00e5 et du \u00abs\u00f8ppelmat\u00bb? sp\u00f8r NRK Simpson-Larsen.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5 et eg godteri og is og det meste. Det var det ikkje s\u00e5 mykje av f\u00f8r.<\/p>\n<p>\u2013 Mcdonalds og?<\/p>\n<p>\u2013 Innimellom! svarer 28-\u00e5ringen og ler.<\/p>\n<p>\u2013 Er du redd for \u00e5 f\u00e5 startnekt igjen?<\/p>\n<p>\u2013 Ja. Det var ein brutal beskjed \u00e5 f\u00e5 n\u00e5r ein ikkje er f\u00f8rebudd p\u00e5 det. Det var ikkje noko forvarsel. Eller, eg s\u00e5g dei ikkje sj\u00f8lv, sj\u00f8lv om folk rundt meg mest sannsynleg s\u00e5g det. Det trur eg at eg alltid vil vere litt redd for. Det vil alltid vere utanfor min kontroll, det er berre nokre andre som bestemmer.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>15.12.2025, kl. 09.11<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"28 \u00e5r gamle Karoline Simpson-Larsen kunne s\u00f8ndag juble for sin f\u00f8rste verdscupsiger -eit resultat som langt p\u00e5 veg&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":113577,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-113576","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115722710237595931","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/113576","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=113576"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/113576\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/113577"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=113576"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=113576"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=113576"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}