{"id":11409,"date":"2025-08-18T14:08:13","date_gmt":"2025-08-18T14:08:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/11409\/"},"modified":"2025-08-18T14:08:13","modified_gmt":"2025-08-18T14:08:13","slug":"minneord-nekrolog-trond-wold-til-minne","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/11409\/","title":{"rendered":"Minneord, Nekrolog | Trond Wold til minne"},"content":{"rendered":"\n<p>B\u00e5de som journalist, kommentator og ei redaksjonell drivkraft var han sentral i arbeidet med \u00e5 gjere Nordlys til ei landsdelsavis. Ei avis som ikkje var til \u00e5 unng\u00e5 for alle som ville halde seg orientert om kva som skjedde i nordomr\u00e5da, s\u00e6rleg p\u00e5 kysten og dei enorme havomr\u00e5da utanfor.<\/p>\n<p><b>Sj\u00f8lv vart eg kjend med Trond<\/b> p\u00e5 Norsk Journalisth\u00f8gskule (1971- 1973). Neste gong vi m\u00f8ttest, var d\u00e5 eg vart tilsett i Nordlys i februar 1978. D\u00e5 hadde Trond hatt fast jobb i avisa fr\u00e5 1973. Som offisersbarn hadde han r\u00f8ter b\u00e5de i Finnmark og Troms. Hit ville han tilbake for \u00e5 jobbe som journalist. Med seg hadde han kona Katrine Gr\u00f8nneberg, og etter kvart fekk dei ogs\u00e5 to gutar; Markus og Martin.<\/p>\n<p>Trond gjekk inn i den daglege drifta med liv og lyst, og skaffa seg god oversikt om mange saksomr\u00e5de .Han kom godt ut av det med kollegane, og n\u00e5r tilboda kom sa han ikkje nei til \u00e5 ta p\u00e5 seg leiaroppg\u00e5ver. S\u00e6rleg viktig var den gode tonen med Ivan Kristoffersen som overtok som sjefredakt\u00f8r i 1982.<\/p>\n<p><b>Medan Trond var tilsett i Nordlys<\/b>, fekk han to gonger permisjon for \u00e5 jobbe som informasjonssjef i Fiskeri- og kystdepartementet. Det var raust, men kunne ogs\u00e5 vere nyttig sett fr\u00e5 avisa sin st\u00e5stad. Siste gongen, i 1987, d\u00e5 kritikken mot norsk kvalfangst rasa for fullt var det Trond som m\u00e5tte ta brottsj\u00f8ane av kritiske sp\u00f8rsm\u00e5l for verdspressa. D\u00e5 han slo tilbake, reagerte \u00abDagens Nyheter\u00bb med \u00e5 omtale han som Nordens \u00abbuse\u00bb.<\/p>\n<p>Ved inngangen til 1990-talet peikte Nordlys sine vurderingar mot eit styrka kontor i Oslo fr\u00e5 ein til to faste journalistar. At Trond vart ein av dei, med tittelen politisk redakt\u00f8r, var ikkje unaturleg. Familien hadde i mellomtida flytta tilbake til Jessheim. Sp\u00f8rsm\u00e5let om EU-medlemsskap prega avisa i aukande grad, og det vart mange oppdrag i Brussel. Folker\u00f8ystinga hausten 1994 gjekk heim i samsvar med redakt\u00f8r Kristoffersen i Nordlys sitt r\u00e5d: Eit klart nei til EU.<\/p>\n<p><b>V\u00e5ren 1996 var Trond Wold<\/b> ein av 10-12 deltakande pressefolk p\u00e5 ein studietur til USA. Her fekk han eit kraftig hjerneslag som kunne kosta han livet der og d\u00e5. Eit sjukehus i n\u00e6rleiken hadde folk og utstyr som etter mange timars operasjonar berga livet hans, men helsa var ikkje slik som f\u00f8r.<\/p>\n<p>Trond m\u00e5tte tilpasse seg kvardagane utanfor arbeidslivet. Han fekk god hjelp av Katrine og familien der s\u00f8nene og svigerd\u00f8trene hjelpte til s\u00e5 godt dei kunne. For Trond var det viktig \u00e5 kome ut og treffe andre folk. Han var med i eit sangkor, og p\u00e5 r\u00f8ykehj\u00f8rnet utanfor dagsenteret var han ein popul\u00e6r formidlar av vitsar og historier nordfr\u00e5. Katrine og Trond fekk ogs\u00e5 tid til \u00e5 reise saman. Stundom utanlands, men like gjerne til filmfestivalen i Troms\u00f8 som i mange \u00e5r var eit popul\u00e6rt reisem\u00e5l der Trond ogs\u00e5 kunne m\u00f8te gamle vener. Det vart ogs\u00e5 nokre turar til Finnmark, gjerne med hurtigruta.<\/p>\n<p><b>Mitt siste m\u00f8te med Trond<\/b> var seint p\u00e5 v\u00e5rparten i \u00e5r. Med meg hadde eg boka \u00abV\u00e5t fj\u00f8s\u00bb som ei helsing fr\u00e5 forfattaren Arild Dag Moe. Boka handla om korleis det var \u00e5 starte lakseoppdrett p\u00e5 Senja tidleg p\u00e5 1970-talet, noko Trond ogs\u00e5 hadde skrive om i Nordlys. Med aukande interesse bladde han i boka som han leita etter noko. Etter ei stund kom ei forklaring. \u00abHer st\u00e5r det heilt tydeleg, og det var dette dei sa den gongen ogs\u00e5. Vi visste at vi hadde rett\u00bb.<\/p>\n<p>Den r\u00f8ynde journalisten var tilbake der han hadde starta opp for over 50 \u00e5r sidan. Og eg er noks\u00e5 sikker p\u00e5 at boka vart utlesen same kvelden.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"B\u00e5de som journalist, kommentator og ei redaksjonell drivkraft var han sentral i arbeidet med \u00e5 gjere Nordlys til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":11410,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,692,2332,13,30,2333,28,29,14,1533,16,26,27],"class_list":{"0":"post-11409","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-minneord","17":"tag-nekrolog","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-nordlys","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-opinion","25":"tag-overskrifter","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11409","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=11409"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/11409\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/11410"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=11409"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=11409"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=11409"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}