{"id":115412,"date":"2025-12-17T10:38:10","date_gmt":"2025-12-17T10:38:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/115412\/"},"modified":"2025-12-17T10:38:10","modified_gmt":"2025-12-17T10:38:10","slug":"dansk-kvinne-i-50-ara-tiltalt-for-svindel-mot-kvinne-i-70-ara-fra-romsdal-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/115412\/","title":{"rendered":"Dansk kvinne i 50-\u00e5ra tiltalt for svindel mot kvinne i 70-\u00e5ra fr\u00e5 Romsdal \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Politiet i M\u00f8re og Romsdal <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/kvinne-i-70-ara-fra-more-og-romsdal-utsett-for-utpressing-og-grovt-bedrageri-1.17301468\" ec-id=\"pp:article:1.17301468\" ec-name=\"har sidan februar etterforska saka der ei kvinne\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">har sidan februar etterforska saka der ei kvinne<\/a> i 70-\u00e5ra fr\u00e5 Romsdal blei lurt med til Tyrkia og svindla for eit millionbel\u00f8p.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/har-pagripe-ein-person-i-danmark-etter-grovt-bedrageri-pa-kvinne-i-70-ara-fra-romsdal-1.17368689\" ec-id=\"pp:article:1.17368689\" ec-name=\"I april melde politiet at ei dansk kvinne var p\u00e5gripen i samband med saka.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">I april melde politiet at ei dansk kvinne var p\u00e5gripen i samband med saka.<\/a><\/p>\n<p><strong>No er ho blant anna tiltalt for grovt bedrageri. <\/strong><\/p>\n<p><strong>If\u00f8lge tiltalen skal den norske kvinna ha blitt lurt til \u00e5 gjere banktransaksjonar som f\u00f8rte til eit tap p\u00e5 3,5 millionar.<\/strong><\/p>\n<p>Det er Statsadvokaten i M\u00f8re og Romsdal som har tatt ut tiltalen. Den tiltalte har sete fengsla i Danmark sidan ho blei arrestert.<\/p>\n<p>Skal ha hevda at ho var fr\u00e5 politiet<\/p>\n<p>Det heile <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/gar-gjennom-store-mengder-videoar-etter-at-kvinne-i-70-ara-fra-romsdal-blei-svindla-for-millionar-1.17310659\" ec-id=\"pp:article:1.17310659\" ec-name=\"skal ha starta med at kvinna i 70-\u00e5ra hadde blitt ringt\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skal ha starta med at kvinna i 70-\u00e5ra hadde blitt ringt<\/a>, og seinare opps\u00f8kt i bustaden sin i Romsdal, av personar som hevda dei var fr\u00e5 Kripos og Interpol.<\/p>\n<p>Politiet har tidlegare opplyst at gjerningspersonane skal ha hatt tett kontakt med kvinna over fleire dagar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den tiltalte lata som om ho var ei polititenestekvinne fr\u00e5 Interpol. Ho fekk den forn\u00e6rma til \u00e5 tru at kontoen hennar var hacka og at ho m\u00e5tte samarbeide med politiet for \u00e5 f\u00e5 pengane tilbake, st\u00e5r det i tiltalen.<\/strong><\/p>\n<p>If\u00f8lge tiltalen skal den forn\u00e6rma kvinna ogs\u00e5 ha blitt lurt til \u00e5 kj\u00f8pe ei leilegheit i Tyrkia, under eit p\u00e5skot om at det skulle avdekke bedragarane som hadde tatt pengar fr\u00e5 kontoen hennar.<\/p>\n<p>Vidare st\u00e5r det at bedrageriet blir sett p\u00e5 som grovt fordi det har f\u00f8rt til ei betydeleg \u00f8konomisk skade og at det er gjort av fleire i fellesskap, eller har eit systematisk eller organisert preg.<\/p>\n<p>Politiet blei f\u00f8rst varsla om hendinga av eit familiemedlem av kvinna.<\/p>\n<p>Lurt med til Tyrkia<\/p>\n<p>Den forn\u00e6rma kvinna skal ogs\u00e5 ha blitt instruert til \u00e5 ikkje kontakte familien eller andre, og \u00e5 reise til Tyrkia utan \u00e5 fortelje nokon kvar ho var.<\/p>\n<p>12. februar reiste kvinna til Tyrkia, ho var tilbake i Noreg 18. februar.<\/p>\n<p><strong>Den danske kvinna er ogs\u00e5 tiltalt for brot p\u00e5 straffelova \u00a7 254. Dette for at ho skal ha lurt kvinna til \u00e5 reise til Tyrkia, gjennom \u00e5 late som om ho var fr\u00e5 politiet.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Ho skapte ogs\u00e5 frykt for p\u00e5st\u00e5tte kriminelle gjerningspersonar og \u00f8konomisk tap. Ho fekk den forn\u00e6rma til \u00e5 tru at det ikkje var andre val enn \u00e5 etterkome instruksane om \u00e5 reise.<\/p>\n<p>Saka skal opp i Nordm\u00f8re og Romsdal tingrett p\u00e5 ny\u00e5ret. Det er s\u00e5 langt uklart korleis den danske kvinna stiller seg til tiltalen.<\/p>\n<p>Den tiltalte kvinna skal f\u00e5 oppnemnd ein forsvarar. Det er enno uklart kven dette blir.<\/p>\n<p>Gjennom Kripos har politiet samarbeidd tett med internasjonale politistyresmakter som Interpol og Europol.<\/p>\n<p>I tillegg har politidistriktet samarbeidd med politi b\u00e5de i Danmark og Tyrkia i etterforskinga av saka.<\/p>\n<p>\u2013 Viktig<\/p>\n<p>Peter Engebjerg er bistandsadvokaten til kvinna i 70-\u00e5ra fr\u00e5 Romsdal.<\/p>\n<p>\u2013 Vi synest at det er tatt ut ein tiltale som dekker dei straffbare forholda som vi meiner at ho er utsett for, seier han.<\/p>\n<p>\u2013 Det var ogs\u00e5 viktig for ho at det blei tatt ut tiltale for fr\u00e5taking av fridom, legg han til.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Peter Engebjerg\" title=\"Foto: \u00d8yvind Sandnes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Advokat Peter Engebjerg. <\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Sandnes \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>17.12.2025, kl. 10.05<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>17.12.2025, kl. 10.29<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Politiet i M\u00f8re og Romsdal har sidan februar etterforska saka der ei kvinne i 70-\u00e5ra fr\u00e5 Romsdal blei&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":115413,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-115412","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115734479349980662","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/115412","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=115412"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/115412\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/115413"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=115412"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=115412"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=115412"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}