{"id":115459,"date":"2025-12-17T11:33:08","date_gmt":"2025-12-17T11:33:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/115459\/"},"modified":"2025-12-17T11:33:08","modified_gmt":"2025-12-17T11:33:08","slug":"anne-kat-haerland-meiner-ho-blei-forsokt-sensurert-da-ho-skulle-halde-foredrag-om-ki-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/115459\/","title":{"rendered":"Anne-Kat H\u00e6rland meiner ho blei fors\u00f8kt sensurert da ho skulle halde foredrag om KI \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>Saken oppsummert: <\/p>\n<ul>\n<li>Anne-Kat H\u00e6rland blei beden om \u00e5 fjerne KI-genererte bilete fr\u00e5 eit foredrag p\u00e5 Dell Technologies Forum 2025 fordi Dell meinte dei var for politiske \u2013 noko H\u00e6rland reagerte sterkt p\u00e5.<\/li>\n<li>Bileta viste kjende politiske leiarar i humoristiske, seksualiserte deepfake-framstillingar, brukt som ein del av hennar etablerte KI-show \u00abDon\u2019t Panic\u00bb.<\/li>\n<li>Dell avviser politisk sensur og seier reaksjonen handla om seksualisert innhald framfor 700 kundar, medan H\u00e6rland meiner forklaringa endra seg i etterkant.<\/li>\n<li>Saka blir sett i samanheng med auka politisk forsiktigheit i store, amerikansk-eigde selskap, noko ekspertar meiner rammar ytringsrommet til komikarar og kulturarbeidarar.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringen er laget av en KI-tjeneste fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av NRKs journalister f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>\u2013 Det er synd, og eg synest det er rart, seier komikar og foredragshaldar Anne-Kat H\u00e6rland.<\/p>\n<p>I slutten av oktober blei ho leigd inn for \u00e5 halde eit foredrag p\u00e5 Dell Technologies Forum 2025. Kunstig intelligens var blant temaa p\u00e5 arrangementet i \u00e5r.<\/p>\n<p>Men delar av foredraget til H\u00e6rland fall f\u00f8rst ikkje i god jord hos selskapet. Dette gjaldt blant anna eit KI-generert bilete av president Donald Trump.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"KI-generert bilde av Donald Trump som sitter i en seng med tvangstr\u00f8ye p\u00e5. \" title=\"\"\/><\/p>\n<p class=\"no-credit\">Biletet er henta fr\u00e5 Reddit, men er eitt av bileta som H\u00e6rland bruker i presentasjonen hennar.<\/p>\n<p>H\u00e6rland har dei siste \u00e5ra tatt eit djupdykk i KI-universet og reist landet rundt med framsyninga \u00abDon\u2019t Panic\u00bb, som ogs\u00e5 handlar om KI. I tillegg til \u00e5 vere komikar er ho tilsett i NORA.<\/p>\n<p>\u2013 Aldri skjedd f\u00f8r<\/p>\n<p>Om morgonen den dagen H\u00e6rland skulle halde foredrag, fekk ho ein e-post fr\u00e5 Dell om at fire av bileta i presentasjonen hennar blei for politiske for det amerikansk-eigde selskapet.<\/p>\n<p>Bileta det gjaldt var KI-genererte og viste blant anna maktpersonar som Donald Trump, Elon Musk, Vladimir Putin og Jonas Gahr St\u00f8re if\u00f8rte speedo. H\u00e6rland fortel at bileta blir vist for \u00e5 f\u00e5 litt latter i byrjinga av foredraget.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er nokon heilt openberre deepfake-bilete av nokon statsleiarar. Det ville dei eg skulle ta vekk utan at dei hadde h\u00f8yrt noko av det eg skulle seie. Ingen har reagert p\u00e5 dette f\u00f8r eller tatt det som eit angrep p\u00e5 USA, seier H\u00e6rland.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person holder opp et nettbrett med et bilde p\u00e5 skjermen. Personen har p\u00e5 seg en beige cap og en jakke. Bakgrunnen ser ut til \u00e5 v\u00e6re en bygning med vinduer. H\u00e5ndleddet til personen er synlig, og det er en kabel koblet til nettbrettet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Gitte Johannessen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Anne-Kat H\u00e6rland har dei siste \u00e5ra reist rundt med KI-showet \u00abDon\u2019t Panic\u00bb.<\/p>\n<p>Foto: Gitte Johannessen \/ NTB<\/p>\n<p>Manusforfattar og USA-ekspert, Gjermund Stenberg Eriksen, seier at det lenge har vore slik at store selskap i USA, men ogs\u00e5 i Noreg, ikkje \u00f8nsker \u00e5 provosere politisk. Men han meiner det har eskalert den siste tida.<\/p>\n<p>\u2013 Det som er annleis no, er at det er personleg. Du m\u00e5 ikkje henge ut ein politisk leiar. Og det er nitrist for komikarar og for store kapitalistiske selskap, seier Eriksen.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"En voksen mann sitter i en kontoromgivelse, if\u00f8rt en gr\u00e5 genser. Bakgrunnen viser skap og stoler. Belysningen er dempet, og det er utydelige figurer i bakgrunnen. Mannen ser p\u00e5 kameraet med en alvorlig uttrykk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Gjermund Stenberg-Eriksen\n<ul>\n<li>Manusforfatter og USA-ekspert.\u00a0<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kopling til amerikanske talkshow<\/p>\n<p>Gjermund Stenberg Eriksen trekker ei kopling til d\u00e5 \u00abLate Night with Stephen Colbert\u00bb blei <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/cbs-kansellerer-stephen-colberts-_the-late-show_-1.17496269\" ec-id=\"pp:article:1.17496269\" ec-name=\"kansellert\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kansellert<\/a> av TV-kanalen CBS i sommar. Mange spekulerte i om Donald Trump hadde noko med dette \u00e5 gjere fordi Colbert er kjent for den skarpe kritikken sin av presidenten.<\/p>\n<p>Ikkje lenge etter blei \u00abJimmy Kimmel Live!\u00bb tatt av lufta p\u00e5 grunn av ein sp\u00f8k Kimmel kom med i kj\u00f8lvatnet av drapet p\u00e5 Charlie Kirk.<\/p>\n<p>USA sin president Donald Trump har lenge kritisert Kimmel, og rosa ABC si avgjerd d\u00e5 talkshowet blei tatt av lufta.<\/p>\n<p>Stenberg-Eriksen seier at mem og sm\u00e5 videosnuttar om presidenten blir raskt plukka opp av Det kvite hus.<\/p>\n<p><strong>\u2013 S\u00e5 du aner ikkje kven som kan hamne p\u00e5 boikottlista til Donald Trump.<\/strong><\/p>\n<p>Talkshow-verten Jimmy Kimmel tok opp dei tidlegare kommentarane sine om Charlie Kirk da han var tilbake p\u00e5 skjermen i slutten av september. Showet hans, Jimmy Kimmel Live, blei tatt av skjermen av kanalen ABC etter at kommentarane hans om Charlie Kirk vekte sterke reaksjonar, blant anna fr\u00e5 Trump.<\/p>\n<p>\u2013 Bileta var for seksualiserte<\/p>\n<p>Noregssjef i Dell Technologies, Geir Rostad-Str\u00f8mme, fortel at dei reagerte p\u00e5 bileta fordi dei var for seksualiserte, ikkje fordi dei var for politiske.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje bra med seksualisert innhald i eit foredrag framfor 700 eksterne kundar og partnarar. Det er ikkje noko vi \u00f8nsker \u00e5 st\u00e5 for, seier Rostad-Str\u00f8mme.<\/p>\n<p>\u2013 Men i e-posten skreiv de at bileta var for politiske, ikkje for seksualiserte?<\/p>\n<p>\u2013 No var det ikkje eg som sende e-posten, men eg har snakka med vedkommande i etterkant og ho fekk rett og slett panikk d\u00e5 ho s\u00e5g presentasjonen. Personen s\u00e5g kvart enkelt bilete og tenkte at dette har vi ikkje bestilt.<\/p>\n<p>NRK har sett bileta det er snakk om, men har ikkje f\u00e5tt l\u00f8yve til \u00e5 publisere dei fordi dei er ein del av eit show Anne-Kat H\u00e6rland held.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann st\u00e5r foran en trapp\" title=\"Foto: Julia Muggerud \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Noregssjef i Dell Technologies, Geir Rostad-Str\u00f8mme, meiner bileta til H\u00e6rland var for seksualiserte og ikkje noko innhald dei vil assosiere seg med.<\/p>\n<p>Foto: Julia Muggerud \/ NRK<\/p>\n<p>Noregssjefen i Dell fortel ogs\u00e5 at selskapet var i fleire m\u00f8te med H\u00e6rland i forkant av foredraget der dei gjekk gjennom kva dei \u00f8nskte av ho. Her skal dei ha spesifisert at dei ikkje ville ha noko seksualisert innhald.<\/p>\n<p>Han seier ogs\u00e5 at presentasjonen til H\u00e6rland kom tidleg om morgonen p\u00e5 sj\u00f8lve konferansedagen, sj\u00f8lv om Dell hadde spesifisert at dei \u00f8nskte han tilsend i god tid f\u00f8r.<\/p>\n<p><strong>Etter fleire diskusjonar fekk komikaren framf\u00f8re foredraget i si originale form.<\/strong><\/p>\n<p>Meiner ho blei sensurert likevel<\/p>\n<p>H\u00e6rland meiner likevel at ho blei sensurert. For d\u00e5 foredraget blei halde var det ein av videoane som ikkje blei spelt av. Dette var ein video som spelte opp til dei KI-genererte bileta som Dell eigentleg ville fjerne, fortel H\u00e6rland.<\/p>\n<p>Rostad-Str\u00f8mme seier at dette ikkje kjem av noko anna enn ein teknisk feil og viser til at dei ikkje fekk gjennomg\u00e5 presentasjonen ordentleg sidan han blei sendt s\u00e5 seint. Han synest det er synd at H\u00e6rland opplevde det som eit fors\u00f8k p\u00e5 sensur.<\/p>\n<p>\u2013 At den tekniske feilen tilfeldigvis kom p\u00e5 den videoen, det trur eg er veldig lite sannsynleg, seier H\u00e6rland.<\/p>\n<p>No \u00f8nsker ho \u00e5 leggje det heile bak seg.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg kan berre g\u00e5 heim derifr\u00e5, til sjefen min, som er meg sj\u00f8lv, og gi meg sj\u00f8lv ein klem. Det kan ikkje dei gjere. Dei er n\u00f8ydd til \u00e5 jobbe med ein arbeidsgjevar som, sj\u00f8lv om du er norsk og p\u00e5 norsk jord, ikkje lar deg t\u00f8yse med amerikanske ting. Det er heilt sjokkerande, seier H\u00e6rland.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>17.12.2025, kl. 11.42<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saken oppsummert: Anne-Kat H\u00e6rland blei beden om \u00e5 fjerne KI-genererte bilete fr\u00e5 eit foredrag p\u00e5 Dell Technologies Forum&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":115460,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-115459","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115734695355073800","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/115459","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=115459"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/115459\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/115460"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=115459"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=115459"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=115459"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}