{"id":116132,"date":"2025-12-18T05:48:31","date_gmt":"2025-12-18T05:48:31","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/116132\/"},"modified":"2025-12-18T05:48:31","modified_gmt":"2025-12-18T05:48:31","slug":"meiningar-helse-forde-sviktar-helse-forde-sine-eigne-vedtak","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/116132\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse F\u00f8rde | Sviktar Helse F\u00f8rde sine eigne vedtak?"},"content":{"rendered":"\n<p>Me er inne i den s\u00f8te juletid, men for tilsette ved sjukehuset i L\u00e6rdal er det langt fr\u00e5 s\u00f8tt. Leiinga i Helse F\u00f8rde har gjeve dei ei sur karamell \u00e5 suga p\u00e5. <\/p>\n<p>For \u00e5 pr\u00f8va \u00e5 forst\u00e5 kva Helse F\u00f8rde driv med, har eg lese styringsdokument 2025 for f\u00f8retaket. Dette dokumentet vart vedteke i f\u00f8retaksm\u00f8te 13. februar 2025. I det f\u00f8lgjande har eg redegjort for kvifor eg meiner at Helse F\u00f8rde fortener overskrifta mi.<\/p>\n<p>I dette dokumentet kan ein p\u00e5 side 3 lesa om utviklingsretning i Helse Vest. I nest siste linje p\u00e5 sida st\u00e5r f\u00f8lgjande, sitat: \u00abDet er n\u00f8dvendig \u00e5 avgrense behovet for vekst i personellressursar dei neste ti\u00e5ra\u00bb.<\/p>\n<p>I Sogn Avis 30.09.2025 er det oppsummering fr\u00e5 eit styrem\u00f8te p\u00e5 Nordfjordeid. <\/p>\n<p>Styremedlem Arne Johannessen stilte der sp\u00f8rsm\u00e5l om leiinga tok situasjonen p\u00e5 alvor n\u00e5r tilsettinga auka s\u00e5 mykje og det samstundes var ein krevjande \u00f8konomisk situasjon. Direkt\u00f8r Varden kunne tydelegvis ikkje gje noko klart svar p\u00e5 kvifor det var tilsett 79 nye medarbeidarar eller kvar dei arbeidde. <\/p>\n<p>I staden, slik eg les avisa, drog han fram at ogs\u00e5 andre f\u00f8retak hadde problem. Det er, etter mi meining, ein merkeleg m\u00e5te \u00e5 formulera seg p\u00e5. Han har ansvar for sitt f\u00f8retak. For \u00e5 sei det p\u00e5 ein annan m\u00e5te: Eg kan ikkje forsvara at eg k\u00f8yrer i 100 km\/t i 80-sona fordi kameraten min gjer det. <\/p>\n<p>N\u00e5r det st\u00e5r s\u00e5 d\u00e5rleg til \u00f8konomisk og leiinga arbeider med store endringar, er det eit minstekrav at folk i Sogn m\u00e5 f\u00e5 opplyst kva dei byggjer sine vurderingar p\u00e5.<\/p>\n<p>Det vert snakka om alle millionane f\u00f8retaket m\u00e5 spara, men s\u00e5 langt har det ikkje kome fram kor mykje dei ulike tiltaka vil spara f\u00f8retaket for utgifter. I utgangspunktet vart ortopedien oppretta for \u00e5 henta pasientar som stod i k\u00f8 i andre f\u00f8retak, men det er ikkje lett \u00e5 finna s\u00e5 mykje opplysningar p\u00e5 Helse Norge om ortopediaktivitet p\u00e5 L\u00e6rdal. Det einaste eg finn er at F\u00f8rde Sentralsjukehus. (\u00c5rsaka kan kanskje vera at eg er d\u00e5rleg p\u00e5 data.)<\/p>\n<p>P\u00e5 side 4 i styringsdokument er beredskap nemnt som eit risikoomr\u00e5de. Eg tenkjer at det at dette temaet hadde vorte belyst for oss vanlege borgarar. Me bur i eit omr\u00e5de der me har risikofaktorar med lange tunnelar, industri og etter kvart eit oppgraderingsarbeid av L\u00e6rdalstunnellen. <\/p>\n<p>Me har friskt i minne episodar der L\u00e6rdal sjukehus var sentralt for oss her i Sogn. Det var brann i Gudvangatunnellen og seinare brannen p\u00e5 L\u00e6rdal. I begge desse tilfella var det mange som fekk hjelp til \u00e5 reinsa lungene sine etter \u00e5 ha inhalert r\u00f8yk. D\u00e5 var det alle mann til pumpene ved sjukehuset og eg har h\u00f8yrt talet 2000 personar som fekk hjelp.<\/p>\n<p>Om sommaren er det veldig mykje turistar i regionen v\u00e5r. Det m\u00e5 det takast h\u00f8gde for n\u00e5r det gjeld beredskap, spesielt i Aurland kommune. S\u00e5 kan ein gjerne sp\u00f8rja seg om det er naudsynleg at tenkja p\u00e5 det verste som kan skje. Ja, det er det. P\u00e5 alle andre felt i samfunnet der ordet beredskap vert nytta, m\u00e5 ein det. Personleg meiner eg at beredskap innan helse er utruleg viktig spesielt for oss som bur i grisgrendte str\u00f8k.<\/p>\n<p>P\u00e5 side 16 st\u00e5r det, sitat: \u00ab Sjukehusa skal ha ein intensivkapasitet som taklar naturlege variasjonar (kva n\u00e5 det er), og ein beredskap som gjer at sjukehusa ved st\u00f8rre kriser raskt kan skalere opp intensivkapasiteten.\u00bb<\/p>\n<p>Sitat dei to siste linjene p\u00e5 sida og framhald side 9: \u00abDet desentraliserte spesialisthelsetilbodet skal vidareutviklast gjennom samarbeid mellom store og sm\u00e5 sjukehus og mellom spesialisthelsetenesta og kommunane, og ved bruk av digitale l\u00f8ysingar. I 2024 fekk det regionale helsef\u00f8retaket i oppdrag \u00e5 vidaref\u00f8re arbeidet med \u00e5 vurdere kva elektiv aktivitet som heilt eller delvis kan flyttast til mindre sjukehus.\u00bb<\/p>\n<p>Ting kan tyda p\u00e5 at Helse F\u00f8rde er i ferd med \u00e5 gjera det motsette av det som st\u00e5r i deira eige oppdragsdokument. Dette er eit resultat av bygging i F\u00f8rde der renteutgiftene etter kvart har vorte h\u00f8ge. I februar 2021 sa Helse Vest ja til det nye bygget i F\u00f8rde. <\/p>\n<p>P\u00e5 den tida var renta p\u00e5 eit veldig l\u00e5gt niv\u00e5, eit niv\u00e5 som alle skj\u00f8nte ikkje ville halda seg over tid. Det hadde vore interessant \u00e5 vita kor mange scenario leiinga s\u00e5g f\u00f8re seg i forhold til denne problematikken. Privatpersonar som p\u00e5 den tida ynskte bustadl\u00e5n m\u00e5tte f\u00e5 vurderingar fr\u00e5 bankane om dei kunne takla renteoppgangar, Om det er slik at Helse F\u00f8rde berre har dura p\u00e5 med utgangspunkt i l\u00e5g rente, er det ei stor skam. Renteoppgang kunne ikkje koma som julekvelden p\u00e5 kjerringa?<\/p>\n<p>Det kan \u00f2g nemnast at side 25 st\u00e5r det om l\u00e5n og investeringar. Helse Vest RHF vedtok 22.04.2022 prosedyre for avgjerd og gjennomf\u00f8ring av investeringsprosjekt. S\u00e5leis burde det, etter mi meining, vore mogleg \u00e5 hindra at Helse F\u00f8rde har kome s\u00e5 skeivt ut. Eller har det vore d\u00e5rleg planlegging? <\/p>\n<p>F\u00f8retaket var p\u00e5lagde \u00e5 utarbeida m\u00e5l for gevinstar ved planlagde investeringar og laga handlingsplanar for korleis desse m\u00e5la skulle kunna bli realiserte.<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld sj\u00f8lve sjukehusbygget med mange enkeltrom, skal verken Helse F\u00f8rde eller sitjande regjering f\u00e5 skulda for det. Det var ein trend som starta under den f\u00f8rre regjeringa, men det viste seg at nokre bygg veldig snart hadde for f\u00e5 senger.<\/p>\n<p>Kalnes sjukehus i Austfold starta allereie i 2018 \u00e5 nytta dei st\u00f8rste romma til to-sengs rom. No veit ikkje eg om Helse F\u00f8rde henta inn r\u00f8ynsler fr\u00e5 andre f\u00f8retak i forhold til dette med rom. Men ut fr\u00e5 Kalnes, var det ikkje berre positivt med ein-sengs rom.<\/p>\n<p>Med fleire p\u00e5 eitt rom vil ein ha trong for mindre bygningsmasse. Haukeland sjukehus skal rehabiliterast og der uttalte direkt\u00f8ren i Helse Bergen at dei ville planleggja for fire-sengs rom kombinert med enkeltrom.<\/p>\n<p>Som avslutning tek eg med utdrag fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/helseforetaksmodellen-konsekvensar-for-lokalsjukehusa\/o\/5-115-1362966\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">lesarinnlegg Sogn Avis 28.10.2025<\/a> (Helsef\u00f8retaksmodellen \u2013 konsekvensar for lokalsjukehusa) Per Anders Todal skriv i Dag og Tid den 17. oktober d.\u00e5. at f\u00f8retaksmodellen har blitt \u00abein medisin med moderat effekt og alvorlege biverknader\u00bb. Korleis sjukehustenesta skal organiserast i framtida, er eit ope sp\u00f8rsm\u00e5l. Men som Todal p\u00e5peikar, er ikkje \u00absjukehusa v\u00e5re bedrifter, men statlege institusjonar, dei er betalte av folket og er laga for \u00e5 hjelpe oss n\u00e5r vi blir sjuke\u00bb.<\/p>\n<p>Det b\u00f8r b\u00e5de leiinga i f\u00f8retak og helsestyresmaktene v\u00e5re ha i mente n\u00e5r dei heretter skal vurdere eventuelle nedleggingar av sjukehusavdelingar og ikkje minst \u2013 framtidig organisering av spesialisthelsetenesta.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Me er inne i den s\u00f8te juletid, men for tilsette ved sjukehuset i L\u00e6rdal er det langt fr\u00e5&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":116133,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,5311,22,23,5341,1939,13,30,28,29,14,1533,16,26,27],"class_list":{"0":"post-116132","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-helse-forde","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-laerdal","18":"tag-meiningar","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-opinion","25":"tag-overskrifter","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115739001235709494","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/116132","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=116132"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/116132\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/116133"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=116132"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=116132"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=116132"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}