{"id":117049,"date":"2025-12-19T02:51:13","date_gmt":"2025-12-19T02:51:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/117049\/"},"modified":"2025-12-19T02:51:13","modified_gmt":"2025-12-19T02:51:13","slug":"kamp-for-kortreist-mat-ved-omsorgssentera-i-molde-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/117049\/","title":{"rendered":"Kamp for kortreist mat ved omsorgssentera i Molde \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Men f\u00f8r formannskapsm\u00f8tet onsdag var det fakkeltog for \u00e5 behalde kj\u00f8kkentenesta ved institusjonane i Nesset og Midsund.<\/p>\n<p>Bodskapen fr\u00e5 tilsette og p\u00e5r\u00f8rande var at dei ville behalde den lokale kj\u00f8kkentenesta og med det kortreist mat til bebuarane.<\/p>\n<p>Det fekk dei langt p\u00e5 veg medhald i, om ikkje i formannskapet. Der var det fleirtal for \u00e5 legge ned kj\u00f8kkentenesta, og kj\u00f8pte desse fr\u00e5 eksterne leverand\u00f8rar.<\/p>\n<p>Onsdag kveld kom fleirtalet H\u00f8gre, Arbeidarpartiet, KrF og Venstre, til at tilbodet i Midsund og Nesset likevel skal best\u00e5 som i dag. Og formannskapet opna for at institusjonane i Molde sentrum skal f\u00e5 maten fr\u00e5 Sjukehuset Nordm\u00f8re og Romsdal.<\/p>\n<p>Kjempa for sentrum<\/p>\n<p>F\u00f8r dagens m\u00f8te var kanskje ikkje protestantane like mange eller like h\u00f8gr\u00f8ysta, men p\u00e5 tilh\u00f8yrarbenkane var det likevel godt med folk. Og kokkane Marit Stavik Hansen, ved Bergmo, og Linda Grimsmo ved Glomstua, begge i Molde sentrum, er klare i sin tale.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer st\u00e5r foran Molde R\u00e5dhus, if\u00f8rt regnjakker. Begge holder paraplyer i hendene. Bak dem er en folkemengde som holder flagg og st\u00e5r under paraplyer, mens det regner. Omgivelsene viser bygningens fasade med lys i vinduene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Roar Jonny Str\u00f8m \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kokkane Linda Grimsmo og Marit Stavik Hansen meiner fleksibilitet og erfaring g\u00e5r tapt.<\/p>\n<p>Foto: Roar Jonny Str\u00f8m \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Vi ser p\u00e5 det som krise i eldreomsorga, seier Stavik Hansen. Ho fortel at Bergmo lagar mat til rundt 200 personar.<\/p>\n<p>\u2013 B\u00e5de vi og Glomstua lagar kjapt nye diettar og individuelt tilpassa kost.<\/p>\n<p>Dei to er samde om at det er krise \u00e5 fr\u00e5 mat fr\u00e5 eksterne akt\u00f8rar.<\/p>\n<p>\u2013 Dei kan ikkje levere det vi leverer, seier Grimsmo. Vi leverer ein del som politikarane ikkje er klar over, og det blir ikkje merka f\u00f8r vi er borte, og d\u00e5 er det for seint. Det som g\u00e5r tapt er b\u00e5de fleksibilitet og erfaring.<\/p>\n<p>Grimsmo og Stavik Hansen seier bygdene har vore flinkare til \u00e5 kjempe for si sak, medan ein i byen kanskje ikkje har vore like klar over kven dette g\u00e5r ut over.<\/p>\n<p>Dei vedg\u00e5r at dei skulle vore flinkare til \u00e5 g\u00e5 i fakkeltog, som i Midsund og Nesset, som fekk snudd politikarane.<\/p>\n<p>F\u00f8ler seg gl\u00f8ymde av politikarane<\/p>\n<p>Stavik Hansen og Grimsmo meiner at mottakarane av maten er gl\u00f8ymde, og f\u00f8ler seg seg sj\u00f8lv gl\u00f8ymde, sj\u00f8lv om dei hadde eit h\u00e5p heilt fram til avgjerda i kommunestyret blei tatt.<\/p>\n<p>Det h\u00e5pet blei sl\u00f8kt d\u00e5 det blei vedtatt at Midsund og Nesset f\u00e5r behalde sine kj\u00f8kken, medan dei sentrumsn\u00e6re omsorgsinstitusjonane i Molde kjem til \u00e5 f\u00e5 maten fr\u00e5 SNR. Stemmetala var 33 &#8211; 16.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser en gruppe personer som sitter ved et m\u00f8tebord med b\u00e6rbare datamaskiner foran seg. En kvinne i r\u00f8d kjole og en mann med kjede deltar aktivt i diskusjonen. Omgivelsene inkluderer en m\u00f8rk pianoforte og kunstverk p\u00e5 veggene. Det er en informell atmosf\u00e6re som tyder p\u00e5 et samarbeid eller m\u00f8te. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Roar Jonny Str\u00f8m \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">H\u00f8gre-ordf\u00f8rar Trygve Grydeland og fleirtalet avgjorde at SNR skal levere maten i Molde sentrum.<\/p>\n<p>Foto: Roar Jonny Str\u00f8m \/ NRK<\/p>\n<p>&#8211; Alle kj\u00f8kken best\u00e5r, og produksjonen i Midsund og Nesset held fram som no, seier ordf\u00f8rar Trygve Grydeland fr\u00e5 H\u00f8gre. S\u00e5 skal vi pr\u00f8ve \u00e5 f\u00e5 til eit samarbeid med helsef\u00f8retaket med tanke p\u00e5 middagsm\u00e5ltida til dei \u00f8vrige.<\/p>\n<p>Han trur aspektet med arbeidsplassar slo sterkare ut i Midsund og Nesset, og at det er \u00e5rsaka til st\u00f8rre mobilisering der.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>18.12.2025, kl. 15.42<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>18.12.2025, kl. 16.16<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Men f\u00f8r formannskapsm\u00f8tet onsdag var det fakkeltog for \u00e5 behalde kj\u00f8kkentenesta ved institusjonane i Nesset og Midsund. Bodskapen&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":117050,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-117049","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115743967353176459","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/117049","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=117049"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/117049\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/117050"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=117049"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=117049"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=117049"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}