{"id":117564,"date":"2025-12-19T16:05:16","date_gmt":"2025-12-19T16:05:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/117564\/"},"modified":"2025-12-19T16:05:16","modified_gmt":"2025-12-19T16:05:16","slug":"musikk-grammy-aksel-arvid-23-vart-overraska-med-stipend-sa-fantastisk","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/117564\/","title":{"rendered":"Musikk, Grammy | Aksel Arvid (23) vart overraska med stipend: \u2013 S\u00e5 fantastisk!"},"content":{"rendered":"\n<p>I konkurranse med artistar som Lady Gaga, Zara Larsson og Selena Gomez kan Aksel Arvid Hauge fr\u00e5 Bremanger f\u00e5 sitt store internasjonale gjennombrot under Grammy Awards i Los Angeles 1. februar.<\/p>\n<p>Musikkprodusenten er for tida heime i Iglandsvik i Bremanger, og kjenner for alvor p\u00e5 kontrastane mellom det hektiske livet i storbyane i USA til roa ein finn i Bremanger. Noko som ogs\u00e5 er sj\u00f8lve nerven i hans produksjonar, fortalde han d\u00e5 han mottok Furorestipendet p\u00e5 100.000 kroner denne veka. Det skriv Sparebank 1 Sogn og Fjordane i ei pressemelding.<\/p>\n<p>Vart overraska med stipend<\/p>\n<p><b>\u2013 Om det er i Los Angeles eller New York, s\u00e5 finn du aldri den roa som du har her ute. Det er her eg hentar inspirasjon. Anten i studioet mitt eller p\u00e5 turar i fjellet bak huset, fortel 23-\u00e5ringen.<\/b><\/p>\n<p>\u2013 H\u00e6hh? Furorestipendet? S\u00e5 fantastisk d\u00e5. Dette hadde eg ikkje venta meg. D\u00e5 det ringde p\u00e5 d\u00f8ra, s\u00e5 tenkte eg at det sikkert berre er julegjestar som stikk innom for \u00e5 sl\u00e5 av ein prat. Og s\u00e5 f\u00e5r eg dette stipendet. Fy s\u00f8ren, eg er s\u00e5 takksam!<\/p>\n<p>Det er dei spontane orda fr\u00e5 Hauge d\u00e5 kunder\u00e5dgjevaren i Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Linda Stenseth, les opp grunngjevinga fr\u00e5 Furorekomiteen for utdelinga.<\/p>\n<p>Blant dei beste<\/p>\n<p>For tilbake til det som skal skje 1. februar. D\u00e5 vert Grammy Awards arrangert i Los Angeles og bremangerguten Aksel Arvid Hauge er nominert i to kategoriar, saman med den britiske artisten Pink Pantheress: beste pop- og beste dance\/electric -album.<\/p>\n<p>-Det er sj\u00f8lvsagt stas \u00e5 hamne i eit slikt selskap, spesielt n\u00e5r eg ser at musikarar som Lady Gaga, Selena Gomez, Zara Larsson og Tate McRae er dei andre nominerte. Men l\u00e5ta \u00abIllegal\u00bb med Pink Pantheress har verkeleg blitt popul\u00e6r, og har ogs\u00e5 hamna p\u00e5 BillBoard-lista no, seier Furorevinnaren audmjukt.<\/p>\n<p>Tusenvis av timar<\/p>\n<p><b>Han kan elles fortelje at hans belgiske manager akkurat har vore p\u00e5 vitjing i Iglandsvika nokre dagar, og at artisten Pink Pantheress ogs\u00e5 har vore i Bremanger. <\/b><\/p>\n<p>\u2013 Og kanskje ho kjem igjen. Det er aldri godt \u00e5 vite om det passar inn i timeplanen. Men vi skal ikkje snakke s\u00e5 mykje om kva som skjer framover i tid, seier han l\u00f8yndomsfullt, og vedg\u00e5r at det ligg mange \u00e5rs arbeid bak det han opplever for tida.<\/p>\n<p>Noko ikkje minst foreldra hans kan skrive under p\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Dei fortel at for \u00e5 n\u00e5 toppen, s\u00e5 trengst det s\u00e5 og s\u00e5 mange tusen timar med trening. Noko iallfall Aksel Arvid har. Etter ungdomsskulen har han n\u00e6rast hatt tilhald i studioet sitt. Han skippa vidareg\u00e5ande skule, og satsa alt p\u00e5 musikken. No ser vi verkeleg resultat, seier pappa Rolf Vedvik.<\/p>\n<p>Vedvik er sj\u00f8lv trommeslagar i bremangergruppa \u00abSpik Adel\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Musikken er veldig viktig for meg<\/p>\n<p>\u2013 Snakk om \u00e5 f\u00e5 b\u00e5de juleg\u00e5ve og bursdagsg\u00e5ve p\u00e5 same tid med dette stipendet! Eg fyller 24 \u00e5r p\u00e5 s\u00f8ndag, s\u00e5 dette kunne ikkje blitt betre. S\u00e5 tusen, tusen takk igjen, smiler Aksel Arvid Hauge, som over nytt\u00e5r set kursen tilbake til USA..<\/p>\n<p>Furorestipendet er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt personlege stipend, og vert utdelt framifr\u00e5 ut\u00f8varar i alderen 15 til 30 \u00e5r i kategoriane musikk, idrett, utdanning\/forsking og open klasse.<\/p>\n<p>            Grunngjevinga fr\u00e5 komiteen:<\/p>\n<p>Dette er grunngjevinga for Aksel Arvid Hauge fr\u00e5 Furorekomiteen:<\/p>\n<p><b>Aksel Arvid Hauge<\/b> har p\u00e5 f\u00e5 \u00e5r etablert seg som ein av dei mest spennande og etterspurde produsentane i internasjonal pop og R&amp;B. Med base i b\u00e5de USA og London, har han arbeidd med artistar som Jaden, Amine, 24kGoldn, Jack Harlow, Anderson. Paak, PinkPantheress og serpentwithfeet \u2013 for \u00e5 nemne nokre. Han har vore executive producer p\u00e5 det kritikarroste albumet Fancy That av PinkPantheress, som fekk 8.0 av Pitchfork \u2013 ein av dei h\u00f8gaste utmerkingane innan musikkjournalistikk.<\/p>\n<p><b>Men Aksel har aldri gl\u00f8ymt<\/b> kvar han kjem fr\u00e5. Han tek med seg tankesettet og estetikken fr\u00e5 vestlandsnaturen, fr\u00e5 stilla i fjordlandskapet, inn i eit pulserande internasjonalt musikkbilde. Han er eit str\u00e5lande d\u00f8me p\u00e5 at stor kunst kan ha sm\u00e5 r\u00f8ter \u2013 og at ein ikkje treng \u00e5 bu i ein metropol for \u00e5 skape musikk som n\u00e5r verdstoppen.<\/p>\n<p><b>Furore-stipendet <\/b>vil gi Aksel moglegheit til \u00e5 halde fram den m\u00e5lretta satsinga \u2013 gjennom arbeidsopphald i studio i USA og England, investering i utstyr og vidare utvikling av sitt kunstnariske uttrykk. Han har klare ambisjonar om \u00e5 etablere seg permanent i det \u00f8vste sjiktet av internasjonale produsentar \u2013 og vi trur han vil lukkast.<\/p>\n<p><b>Gjennom arbeidet sitt<\/b> viser Aksel ikkje berre einest\u00e5ande musikalsk teft, men \u00f2g ein evne til \u00e5 binde saman kulturar, impulsar og menneske \u2013 og til \u00e5 opne d\u00f8rer for nye lydar, nye idear og nye samarbeid.<\/p>\n<p><b>I Furorekomiteen <\/b>sit Terje Lyngstad, Geir K\u00e5re Resaland, Trude Skarvatun og Stig Roger Eide. <\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4032\" height=\"3024\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_9751.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4032 \/ 3024;\"\/><\/p>\n<p>      Aksel Arvid er heime p\u00e5 Iglandsvik p\u00e5 juleferie, og vart overraska med Furorestipend.<br \/>\n      Foto: pressefoto\n    <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"I konkurranse med artistar som Lady Gaga, Zara Larsson og Selena Gomez kan Aksel Arvid Hauge fr\u00e5 Bremanger&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":117565,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[36,1585,71,14151,6265,14150,221,30,28,29,1510,72],"class_list":{"0":"post-117564","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-art","9":"tag-bremanger","10":"tag-entertainment","11":"tag-furorestipendet","12":"tag-grammy","13":"tag-iglandsvik","14":"tag-musikk","15":"tag-no","16":"tag-norge","17":"tag-norway","18":"tag-story","19":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115747089643109347","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/117564","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=117564"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/117564\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/117565"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=117564"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=117564"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=117564"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}