{"id":117679,"date":"2025-12-19T18:49:08","date_gmt":"2025-12-19T18:49:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/117679\/"},"modified":"2025-12-19T18:49:08","modified_gmt":"2025-12-19T18:49:08","slug":"sander-20-vil-at-fleire-skal-sporje-om-hjelp-nrk-vestfold-og-telemark-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/117679\/","title":{"rendered":"Sander (20) vil at fleire skal sp\u00f8rje om hjelp \u2013 NRK Vestfold og Telemark \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Saka samanfatta:<\/p>\n<ul>\n<li>Fleire unge i Larvik har teke livet sitt dei siste \u00e5ra, noko som har f\u00f8rt til at kommunen har oppretta eit responsteam for sj\u00f8lvmordsf\u00f8rebygging.<\/li>\n<li>Thor Heyerdahl vidareg\u00e5ande skole arrangerer psykisk helsedag og -veke for \u00e5 auke medvitet om tilgjengeleg hjelp.<\/li>\n<li>Sander Heyn Stave delte si personlege historie om tapet av faren og broren, og oppfordrar ungdom til \u00e5 s\u00f8ke hjelp.<\/li>\n<li>Kommunepsykolog Catharina Carming Vestmoen understrekar at f\u00f8rebygging av sj\u00f8lvmord er ein prioritet i Larvik.<\/li>\n<li>RVTS S\u00f8r har r\u00e5dd kommunen til \u00e5 opprette responsteam for \u00e5 sikre koordinert innsats og st\u00f8tte til innbyggarane.<\/li>\n<li>Hovudbodskapen er at det er viktig \u00e5 bry seg, lytte og s\u00f8ke hjelp n\u00e5r ein treng det.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Spenninga stig for Sander Heyn Stave. Han skal fortelje historia si til over 1.000 ungdommar p\u00e5 Thor Heyerdahl vidareg\u00e5ande skole i Larvik.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Sander Heyn Stave ser rett i kamera med et n\u00f8ytralt uttrykk. Han st\u00e5r i et auditorium, det er mange tomme sorte stoler bak han. \"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/><\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>\u2013 Eg ser p\u00e5 dette som veldig meiningsfylt.<\/strong><\/p>\n<p>Stave h\u00e5per historia hans vil gjere ein forskjell for folk.<\/p>\n<p><strong>\u2013 I 2016 tok faren min livet sitt, og for to \u00e5r sidan tok broren min livet sitt.<\/strong><\/p>\n<p>I etterkant nekta han \u00e5 f\u00e5 hjelp, han ville ikkje vere til bry. N\u00e5 oppfordrar han elevane til \u00e5 gjere det motsette.<\/p>\n<p>Prioriterer f\u00f8rebygging<\/p>\n<p>I fjor <a href=\"https:\/\/www.fhi.no\/nyheter\/2025\/739-selvmord-i-norge-i-2024\/\" ec-id=\"https:\/\/www.fhi.no\/nyheter\/2025\/739-selvmord-i-norge-i-2024\/\" ec-name=\"tok 739 menneske\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">tok 739 menneske<\/a> livet sitt i Noreg. Det er 40 fleire enn \u00e5ret f\u00f8r, og det h\u00f8gste talet p\u00e5 sj\u00f8lvmord sidan registreringa starta.<\/p>\n<p>Grunnen til at Stave st\u00e5r p\u00e5 scenen denne dagen er at fleire unge i Larvik har tatt sj\u00f8lvmord dei to siste \u00e5ra.<\/p>\n<p>Derfor har kommunen bestemt seg for \u00e5 opprette eit responsteam. Det er ei faggruppe som skal jobbe med sj\u00f8lvmordsf\u00f8rebygging.<\/p>\n<p>Ei av dei som har ansvaret for dette, er kommunepsykolog Catharina Carming Vestmoen.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kommunepsykolog i Larvik, Catharina Carming Vestmoen. Hun har p\u00e5 m\u00f8rk k\u00e5pe og st\u00e5r foran inngangen til B\u00f8lgen kulturhus. Hun gestikulerer med hendene. \" title=\"Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK<\/p>\n<p>Ho fortel at det er for tidleg \u00e5 seie noko om tilfella er ein del av ein ny trend, eller om det er tilfeldig.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Men vi har hatt fleire hendingar i l\u00f8pet av ein to\u00e5rsperiode, som gjer at vi kjem saman p\u00e5 denne m\u00e5ten.<\/strong><\/p>\n<p>Ved spesielle hendingar som p\u00e5verkar mange, s\u00e6rleg i ungdomsmilj\u00f8, anbefaler Ressurssentrene om vald, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) \u00e5 opprette eit responsteam.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er eit signal til innbyggarane om at kommunen stiller opp og st\u00e5r saman, seier spesialr\u00e5dgivar ved RVTS, \u00d8yvind D\u00e5svatn.<\/strong><\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"\u00d8yvind D\u00e5svatn\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/><\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>\u2013 Det viktigaste er \u00e5 bry seg og tole \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 nokon som har det vanskeleg. Det er noko dei fleste av oss kan bidra med som medmenneske.<\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"Illustrasjon av to hender som holder kvarandre med rosa naglelakk. Hendene er sentralt plassert mot ein kvit bakgrunn. Illustrasjonen fokuserer p\u00e5 n\u00e6rleik og forbindelse. Ingen andre element er synlege. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Tuva Tagseth\n      <\/p>\n<p>Kva kan vere teikn p\u00e5 sj\u00f8lvmordstankar?<\/p>\n<p>\u00c5rsakene til at ein person f\u00e5r tankar om eller pr\u00f8ver \u00e5 ta sitt eige liv, er ofte samansette. Dette kan komme i samband med andre problem i livet, som samlivsbrot, konflikt, sjukdom, utfordringar p\u00e5 jobben, \u00f8konomiske vanskar eller ved psykiske vanskar som depresjon.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Illustrasjon av to hender som holder kvarandre med rosa neglelakk. Hendene er sentralt plassert mot ein kvit bakgrunn. Illustrasjonen fokuserer p\u00e5 n\u00e6rleik og forbindelse. Ingen andre element er synlege. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Tuva Tagseth\n      <\/p>\n<p>V\u00e5g \u00e5 bry deg!<\/p>\n<p>N\u00e5r nokon har det s\u00e5 vanskeleg, kan dei bekymre seg for at dei er ei belastning for andre. Mange delar derfor ikkje tankane sine med nokon. Om du kjenner nokon som du trur kan ha det s\u00e5nn, er det viktig at du t\u00f8r \u00e5 bry deg.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Illustrasjon av to hender som holder kvarandre med rosa neglelakk. Hendene er sentralt plassert mot ein kvit bakgrunn. Illustrasjonen fokuserer p\u00e5 n\u00e6rleik og forbindelse. Ingen andre element er synlege. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Tuva Tagseth\n      <\/p>\n<p>Sp\u00f8r direkte<\/p>\n<p>Pr\u00f8v \u00e5 vere direkte og tydeleg utan \u00e5 klandre eller d\u00f8mme. Vis at du bryr deg og at du er bekymra, ikkje ver redd for \u00e5 seie noko feil, og pr\u00f8v \u00e5 lytta meir enn du snakkar.<\/p>\n<\/li>\n<li\/><\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Vil at alle skal vite om hjelpa<\/p>\n<p>Elevr\u00e5det ved Thor Heyerdahl vidareg\u00e5ande skole har st\u00e5tt i bresjen for \u00e5 arrangere ein psykisk helsedag, i h\u00e5p om at fleire vil s\u00f8ke hjelp n\u00e5r dei treng det.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Sander Heyn Stave ser p\u00e5 Nena Bergland som sitter med ryggen til og ser p\u00e5 Sander. De sitter i to sorte stoler.\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Flere elever sitter i et auditoriet og f\u00f8lger med p\u00e5 en samtale mellom tre personer p\u00e5 scenen. \"  loading=\"lazy\"\/>Foto: Fredrik Pedersen\/NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi har f\u00e5tt mange f\u00f8respurnader om \u00e5 ha denne dagen fr\u00e5 fleire elevar p\u00e5 skolen,<\/strong> <strong>seier elevr\u00e5dsleiar Cornelius Lundberg (16).<\/strong><\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Elevr\u00e5dsleder, Cornelius Lundberg ser rett i kamera med et n\u00f8ytralt utrykk. Bakgrunnen er et sort sceneteppe. \"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/><\/li>\n<\/ul>\n<p>Det var viktig for dei at arrangementet skulle vere obligatorisk.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Veldig mange av dei som dette er viktigast for, er vanlegvis dei som ikkje er med p\u00e5 dei frivillige arrangementa.<\/strong> <strong>Vi vil at alle skal vite at det er hjelp \u00e5 f\u00e5.<\/strong><\/p>\n<p>Psykisk helsedagen er berre eit av tiltaka som har komet fr\u00e5 responsteamet i Larvik.<\/p>\n<p>\u2013 Viktig veg \u00e5 g\u00e5<\/p>\n<p><strong>Fleire kommunar b\u00f8r gjere som Larvik, meiner professor Lars Mehlum.<\/strong><\/p>\n<p>Han er leiar for Nasjonalt senter for sj\u00f8lvmordsforsking og f\u00f8rebygging.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dette er ein viktig veg \u00e5 g\u00e5, seier han.<br \/>\n<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Lars Mehlum st\u00e5r utenfor en d\u00f8r og ser p\u00e5 fotografen.\" title=\"Foto: Truls Alnes Antonsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lars Mehlum, professor og leiar ved Nasjonalt senter for sj\u00f8lvmordsforsking og f\u00f8rebygging.<\/p>\n<p>Foto: Truls Alnes Antonsen \/ NRK<\/p>\n<p>Ei lokal innsatsgruppe som jobbar med \u00e5 finne ut kven som er risikoutsett og kor ein b\u00f8r sette inn st\u00f8tet, er ein god modell, meiner Mehlum.<\/p>\n<p>\u00c5 hjelpe og gje informasjon, men samtidig motverke ein smitteeffekt, er viktig, p\u00e5peikar han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En rekke mennesker st\u00e5r p\u00e5 en scene p\u00e5 linje.\" title=\"Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">P\u00e5 slutten av arrangementet, kom alle som jobbar i dei ulike elevtenestene ved skolen opp p\u00e5 scena. Dei presenterte seg sj\u00f8lve, og korleis elevane kan f\u00e5 kontakt med dei.<\/p>\n<p>Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK<\/p>\n<p>Arrangement som fokuserer mykje p\u00e5 det sensasjonsprega og dramatiske, utan \u00e5 peike p\u00e5 sj\u00f8lvmord som eit problem, kan ha ein reell smitteeffekt, understrekar han.<\/p>\n<p>\u2013 Det er alltid ei avveging. Men for lokale hjelpeinstansar i ein kommune vil det vere lettare \u00e5 vite kva som er behova, og korleis dei kan m\u00f8tast best mogleg. Ei slik gruppe synest eg er ein god id\u00e9, seier han.<\/p>\n<p>Ein ting var avgjerande for Sander<\/p>\n<p>Tilbake p\u00e5 skolen er Stave spesielt opptatt av ein ting, at elevane ikkje gjer same feil som han.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Sander Heyn Stave i lys genser st\u00e5r midt i ei tom sal med oppsl\u00e5tte stoler. Han gestikulerer. \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<blockquote class=\"dhspb__sitat-boks--fa5d2 | dhspb__standard--b7513 dhspb__light--dbdf0\">\n<p>\u2013 Eg tenkte eg kom til \u00e5 klare dette heilt sj\u00f8lv, men s\u00e5 blei eg overtydd og skj\u00f8nte etter kvart kor viktig det var at eg fekk hjelp.<\/p>\n<p class=\"dhspb__sitert-person--b9a5f\">Sander Heyn Stave<\/p>\n<\/blockquote>\n<p>Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK<\/p>\n<p>Foto: Fredrik Pedersen \/ NRK<\/p>\n<p>Han har eit klart r\u00e5d til unge som sit med tunge tankar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Gjerne del s\u00e5 mykje som mogleg, sp\u00f8r om hjelp. Pr\u00f8v \u00e5 sortere tankane med andre, gjerne med folk som har mykje livserfaring.<\/strong><\/p>\n<p>Stave er opptatt av at ikkje andre skal kjenne p\u00e5 det same som han gjorde, \u00e5 vere til bry.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det blir akkurat som \u00e5 be om hjelp til eit mattestykke, eller ei oppg\u00e5ve som du slit med. Ein klarer som oftast ikkje matten om ein ikkje sp\u00f8r om hjelp.<\/strong><\/p>\n<p>Elevr\u00e5dsleiar Lundberg fortel at fleire elevar har sagt at det var ein viktig bodskap som blei formidla. Han meiner Stave gjorde ein viktig jobb.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Han har g\u00e5tt gjennom noko heftig, men f\u00e5tt hjelp. Ved at han fortel om det, kan han f\u00e5 folk til \u00e5 f\u00f8lge i hans fotspor, og sp\u00f8rje om hjelp. Det er hovudpoenget med heile arrangementet.<\/strong><\/p>\n<p>Treng du nokon \u00e5 snakke med? <\/p>\n<p>OBS: Om det st\u00e5r om liv og helse, ring 113!<\/p>\n<p>Hjelpetelefonen til Mental Helse: 116 123 (fr\u00e5 utlandet: +47 911 16 123)<\/p>\n<p>D\u00f8gnopa chat-teneste og skrive-teneste: sidetmedord.no<\/p>\n<p>Mental helse ungdom sin hjelpechat er for ungdom og unge vaksne, i alderen 18\u201335 \u00e5r. Open kvar dag heile veka fr\u00e5 18 til 21.<\/p>\n<p>Alarmtelefon for barn og unge: Eit n\u00f8dnummer for barn og unge: 116 111<\/p>\n<p>R\u00f8de Kors sin Kors p\u00e5 halsen: Ein chat for alle under 18 \u00e5r \u2013 open dagleg kl. 14\u201322.<\/p>\n<p>Kors p\u00e5 halsen sin telefon: 800 33 321 (m\u00e5n-fre 14-22)<\/p>\n<p>Kirkens SOS, telefon 22 40 00 40 (heile d\u00f8gnet)<\/p>\n<p>Kirkens SOS, anonym chat: soschat.no (dagleg 18.30-22.30 \u2013 fre til 01.30)<\/p>\n<p>Fleire ulike hjelpetelefonar og chattar finn du p\u00e5 psykiskhelse.no<\/p>\n<p>Kjelde: R\u00e5det for psykisk helse<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>19.12.2025, kl. 18.36<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka samanfatta: Fleire unge i Larvik har teke livet sitt dei siste \u00e5ra, noko som har f\u00f8rt til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":117680,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-117679","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115747734440299628","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/117679","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=117679"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/117679\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/117680"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=117679"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=117679"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=117679"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}