{"id":117985,"date":"2025-12-20T07:42:07","date_gmt":"2025-12-20T07:42:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/117985\/"},"modified":"2025-12-20T07:42:07","modified_gmt":"2025-12-20T07:42:07","slug":"joder-i-norge-redde-etter-terrorangrep-i-sydney-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/117985\/","title":{"rendered":"J\u00f8der i Norge redde etter terrorangrep i Sydney \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Rundt halsen har \u00abAnna\u00bb ei bitte lita davidsstjerne i gull. P\u00e5 handleddet ei tatovering p\u00e5 hebraisk.<\/p>\n<p><strong>Men ho skjuler begge deler viss ho er p\u00e5 jobb. Ho t\u00f8r ikkje lenger visa dei fram.<\/strong><\/p>\n<p>\u00abAnna\u00bb heiter eigentleg noko anna, men vil ikkje stilla opp med namn og bilete i denne saka. Det er ho ikkje \u00e5leine om.<\/p>\n<p>NRK har dei siste dagane vore i kontakt med fleire j\u00f8dar i Noreg for \u00e5 h\u00f8yra kva dei tenker etter <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/minst-16-drept-i-sydney-skyting_-_-terrorangrep-mot-jodisk-feiring-1.17691943\" ec-id=\"pp:article:1.17691943\" ec-name=\"terror\u00e5taket i Sydney p\u00e5 sundag\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">terror\u00e5taket i Sydney p\u00e5 sundag<\/a>.<\/p>\n<p>15 menneske vart drepne i \u00e5taket, som var retta mot ei feiring av den j\u00f8diske h\u00f8gtida hanukka.<\/p>\n<p><strong>Felles for mange av dei NRK har snakka med, er at dei ikkje t\u00f8r st\u00e5 fram i media med namn og bilete. Dei fryktar hets \u2013 eller verre \u2013 viss dei st\u00e5r fram som j\u00f8dar i offentlegheita.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne i bl\u00e5 og hvit skjorte st\u00e5r foran et vindu inne i en leilighet. \" title=\"Foto: H\u00e5kon Benjaminsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ho heiter ikkje eigentleg Anna, men ho t\u00f8r ikkje lenger fortelja offentlegheita at ho er j\u00f8disk.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Benjaminsen \/ NRK<\/p>\n<p>Ein kvardag med frykt<\/p>\n<p>Det fyrste Anna sa d\u00e5 ho fekk veta at terror\u00e5taket hadde r\u00e5ka j\u00f8dar, var \u00abdu tullar?\u00bb.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kan me ikkje ha ei fredeleg feiring av hanukka utan \u00e5 verta angripne? Me gjer ikkje noko valdeleg. Me skrik ikkje, me er ikkje aggressive. Me skal berre tenna ein lysestake og feira ein heilagdag.<\/strong><\/p>\n<p>Diverre er ikkje kjenslene av frykt noko nytt for Anna.<\/p>\n<p>    <img alt=\"En kvinne i bl\u00e5 og hvit skjorte st\u00e5r foran et vindu inne i en leilighet. \"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"En kvinne st\u00e5r ved en bokhylle og viser frem David-stjernen sin. \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>\u00abAnna\u00bb har opplevd ubehagelege situasjonar p\u00e5 grunn av j\u00f8diske merke ho har g\u00e5tt med ute, mellom anna ei lita davidsstjerne. <\/p>\n<p>H\u00e5kon Benjaminsen\/NRK<\/p>\n<p>G\u00e5r ho \u00e5leine ute ein kveld, ringer ho foreldra eller kj\u00e6rasten for \u00e5 ikkje vera heilt \u00e5leine. Ser ho ein ryggsekk p\u00e5 ein busshaldeplass, tenker ho automatisk at han kan vera sett der av ein sj\u00f8lvmordsbombar.<\/p>\n<p>Slik har det \u00f2g vore etter \u00e5taket i Sydney. Eigentleg heilt sidan 7. oktober 2023, d\u00e5 Hamas gjekk til \u00e5tak p\u00e5 Israel. Rundt 1200 menneske vart drepne, b\u00e5de sivile og soldatar.<\/p>\n<p>Spesielt ei hending kort tid etter 7. oktober sette ein st\u00f8kk i Anna. Det var ein heilt vanleg dag p\u00e5 jobb. Davidsstjerna rundt halsen hennar var synleg, det same var den hebraiske tatoveringa p\u00e5 handleddet hennar.<\/p>\n<p>\u2013 Det var nok til at denne framande personen syntest det var innafor \u00e5 skjella meg ut p\u00e5 arabisk. Eg har budd i Israel, s\u00e5 eg kan arabiske bannord. Eg forstod kvart einaste ord.<\/p>\n<p>Ho frykta at mannen skulle venta p\u00e5 ho utanfor senteret d\u00e5 ho var ferdig p\u00e5 jobb. Det gjorde han ikkje, men frykta har likevel ikkje forsvunne.<\/p>\n<p>Snakkar ikkje hebraisk ute<\/p>\n<p>Frykta pregar Anna i kvardagen og p\u00e5verkar kva ho gjer. For ho opplever ikkje at det er trygt \u00e5 vera j\u00f8de i Noreg i dag.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg seier ikkje ordet Israel n\u00e5r eg er ute. Eg snakkar ikkje hebraisk p\u00e5 telefon med faren min n\u00e5r eg er ute.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Trur du det kan skje eit \u00e5tak i Noreg?<\/p>\n<p>\u2013 Ja, eg tvilar ikkje. Det startar med ord, s\u00e5 kjem handlingane.<\/p>\n<p>Onsdag kveld var det ei hanukka-markering i Oslo sentrum. Anna kunne ikkje dra p\u00e5 grunn av jobb, men er usikker p\u00e5 om ho ville dratt uansett.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hadde sjekka om eg kjenner nokon som skal dit, s\u00e5 me kunne st\u00e5 saman. Men eg hadde ogs\u00e5 sjekka kva som finst rundt og kor eg kan l\u00f8pa viss det skjer noko.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En folkemengde i m\u00f8rke, p\u00e5 den ene siden et stort neonlys formet som en lysestake med ni armer\" title=\"Foto: Nadir Alam \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Mange m\u00f8tte opp p\u00e5 ei hanukka-markering p\u00e5 R\u00e5dhusplassen i Oslo onsdag.<\/p>\n<p>Foto: Nadir Alam \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Du tenker p\u00e5 fluktruter, rett og slett?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ja. Det er eg van med \u00e5 tenka.<\/strong><\/p>\n<p>Heller ikkje desse tankane er nye. Heilt sidan ho l\u00e6rte om holocaust d\u00e5 ho var lita, har ho tenkt p\u00e5 kor ho kunne g\u00f8yma seg viss noko liknande skulle skje.<\/p>\n<p><strong>\u2013 No tenker eg meir n\u00e5r det skjer. Kor kan eg g\u00f8yma meg d\u00e5? Det trur eg ikkje vanlege nordmenn heilt forst\u00e5r alvoret av.<\/strong><\/p>\n<p>Sjokkert, men ikkje overraska<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er eit angrep p\u00e5 j\u00f8dar som eit folk og ikkje p\u00e5 j\u00f8dar som truande.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier \u00abSimen\u00bb om \u00e5taket i Sydney. Heller ikkje han vil st\u00e5 fram med namn og bilete i denne saka.<\/p>\n<p>I likskap med fleire andre NRK har snakka med, vart han ikkje spesielt overraska over at eit slikt \u00e5tak skjedde.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det var ikkje s\u00e6rleg overraskande. Det f\u00f8lger ein trend av fleire terror\u00e5tak, spesielt dei siste to \u00e5ra. Det er dystert og leitt og skummelt for alle j\u00f8dar i diasporaen, som ikkje er i Israel.<\/strong><\/p>\n<p>Det same seier j\u00f8diske \u00abLinn\u00bb, som heller ikkje vil st\u00e5 fram med namn.<\/p>\n<p>\u2013 Det er alltid sjokkerande \u00e5 sj\u00e5 liv g\u00e5 tapt p\u00e5 den m\u00e5ten. Men det overraskar meg ikkje fordi det har skjedd f\u00f8r. Me veit at slikt heile tida vert planlagt. Eg veit at det kjem til \u00e5 skje igjen. Sp\u00f8rsm\u00e5let er ikkje om; sp\u00f8rsm\u00e5let er n\u00e5r og kvar?<\/p>\n<p>Ho skildrar \u00f2g ei kjensle av einsemd.<\/p>\n<p>\u2013 Sj\u00f8lv om ikkje-j\u00f8dar ogs\u00e5 synest dette er sjokkerande, har dei ein annan avstand til det, seier ho.<\/p>\n<p>Meir antisemittisme<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ja, det har vore ein auke i antisemittisme. B\u00e5de valdeleg og ikkje-valdeleg.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier ekstremismeforskar Cathrine Thorleifsson ved Universitetet i Oslo.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Kvinne med blondt h\u00e5r og i svart jakke st\u00e5r utend\u00f8rs med tr\u00e6r i bakgrunnen\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Cathrine Thorleifsson\n<ul>\n<li>Ekstremismeforskar ved Universitetet i Oslo<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>I 2023 auka Politiets tryggingsteneste (PST) trugselniv\u00e5et for \u00e5tak mot j\u00f8dar i Noreg. I <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/norge\/pst-hever-trusselnivaet-i-norge-fra-moderat-til-hoy-1.17075284\" ec-id=\"pp:article:1.17075284\" ec-name=\"oktober 2024 vart terrortrugselniv\u00e5et auka til 4\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">oktober 2024 vart terrortrugselniv\u00e5et auka til 4<\/a>, p\u00e5 skalaen som g\u00e5r fr\u00e5 1 til 5.<\/p>\n<p>D\u00e5 skreiv <a href=\"https:\/\/www.pst.no\/alle-artikler\/artikler\/trusselvurdering---okt-terrortrussel-i-norge\/\" ec-id=\"https:\/\/www.pst.no\/alle-artikler\/artikler\/trusselvurdering---okt-terrortrussel-i-norge\/\" ec-name=\"PST\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">PST<\/a> at det fyrst og fremst var trugslar mot j\u00f8diske og israelske m\u00e5l som var skjerpa.<\/p>\n<p>\u2013 J\u00f8dar inng\u00e5r i trugselbilete b\u00e5de n\u00e5r det gjeld ekstreme islamistar, ytre venstre-ekstremistar og h\u00f8greekstreme, seier Thorleifsson.<\/p>\n<p>Etter terror\u00e5taket 7. oktober 2023 gjekk Israel til \u00e5tak mot Gaza. If\u00f8lge dei lokale helsestyresmaktene er over 70.000 menneske drepne, b\u00e5de sivile og soldatar. Den sivile lidinga har skapt stort sinne i store delar av verdssamfunnet.<\/p>\n<p>Thorleifsson peikar p\u00e5 at konflikten i Midtausten, spesielt krigen i Gaza, har vorte brukt av fleire akt\u00f8rar til \u00e5 radikalisera.<\/p>\n<p>\u2013 Trendar i antisemittisme i Noreg er \u00f2g relaterte til konflikteskaleringar i Midtausten. S\u00e5 krig i Midtausten f\u00e5r lokale konsekvensar.<\/p>\n<p>\u2013 Trur du det er trygt \u00e5 vera j\u00f8de i Noreg i dag?<\/p>\n<p>\u2013 Det burde vera det. Men det er openbert n\u00e5r du ser p\u00e5 unders\u00f8kingar gjort blant medlemmane til DMT og bekymringar fr\u00e5 dei ulike milj\u00f8a, s\u00e5 er det ikkje heilt trygt n\u00e5r s\u00e5 mange f\u00f8ler at dei ikkje kan leva trygt, svarar Thorleifsson.<\/p>\n<p>Vil ha meir merksemd<\/p>\n<p>19 \u00e5r gamle Atalia skj\u00f8nar at mange j\u00f8dar ikkje vil stilla opp med namn og bilete. Sj\u00f8lv har ho landa p\u00e5 \u00e5 gjera det.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur det er viktig \u00e5 vera ei stemme og vera stolt i den ein er. Eg skulle \u00f8nska at fleire torde \u00e5 stilla med namn og bilete, men eg skj\u00f8nar at folk ikkje t\u00f8r det.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne med m\u00f8rkt h\u00e5r i hvit t-skjorte sitter p\u00e5 en stol, i bakgrunnen synes et kj\u00f8kken\" title=\"Foto: B\u00e5rd Nafstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dagane etter terror\u00e5taket har vore t\u00f8ffe for Atalia.<\/p>\n<p>Foto: B\u00e5rd Nafstad \/ NRK<\/p>\n<p>Atalia vil gjerne ha meir merksemd rundt b\u00e5de \u00e5tak mot j\u00f8dar og antisemittisme generelt, for det meiner ho at ho ser for lite av \u2013 ogs\u00e5 etter \u00e5taket i Sydney.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er slik eg ofte opplever det, at folk eigentleg ikkje bryr seg. Med mindre det er noko som gir grunn til \u00e5 hate p\u00e5 j\u00f8dar, d\u00e5 skal alle f\u00f8lga trenden. Men n\u00e5r det kjem til \u00e5 visa st\u00f8tte, d\u00e5 er det heilt stille, meiner ho.<\/strong><\/p>\n<p>Ho saknar denne merksemda i sosiale medium, men \u00f2g i tradisjonelle medium.<\/p>\n<p>\u2013 Fr\u00e5 krigen starta til no har ein nesten ikkje sett noko om korleis antisemittismen har auka. Det er ikkje rart at folk d\u00e5 ikkje veit kva som skjer, om ein ikkje f\u00e5r ordentlege nyheiter om det.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ei kvinne scroller p\u00e5 en mobil\" title=\"Foto: B\u00e5rd Nafstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det var ved \u00e5 skrolla p\u00e5 Instagram at Atalia fekk vita om terror\u00e5taket i Sydney. <\/p>\n<p>Foto: B\u00e5rd Nafstad \/ NRK<\/p>\n<p>F\u00f8ler seg utrygg<\/p>\n<p>Som j\u00f8de kjenner ho seg ikkje lenger trygg i Noreg eller i Vesten generelt.<\/p>\n<p>\u2013 Det einaste landet eg kjenner meg trygg i, er Israel. Det er fordi det er eit j\u00f8disk land og eg veit at dei som er rundt meg feirar og gjer det same som meg. Dei hatar meg ikkje fordi eg er j\u00f8de, seier Atalia.<\/p>\n<p><strong> <\/p>\n<p><a class=\"link__container link__container--with-thumbnail autonomous forward-navigation\" href=\"https:\/\/www.nrk.no\/spesial\/nrk-kartlegging-av-jodehat-i-norge-etter-7.-oktober.-1.16644625\" data-ec-id=\"pp:article:1.16644625\" data-ec-name=\"J\u00f8dehatet\" data-ec-category=\"SMALL_THUMBNAIL\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"lazy\" alt=\"Davidsstjerne smykke\" title=\"Foto: Ingvill Sunnby \/ NRK\"\/><\/p>\n<p><\/a><\/p>\n<p><\/strong><\/p>\n<p>Det er ei kjensle som har bygd seg opp over tid etter hets fr\u00e5 b\u00e5de framande og folk ho kjenner.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ein ser gong p\u00e5 gong at det ikkje vert tatt p\u00e5 alvor. Om ein f\u00e5r trugslar eller hatmeldingar, s\u00e5 er det ingenting som vert gjort. Det f\u00e5r ingen konsekvensar.<\/strong><\/p>\n<p>Hanukka skal vera ei feiring av glede og ljos. I \u00e5r har gleda f\u00e5tt selskap av sorg.<\/p>\n<p>\u2013 Den siste veka, medan me har tent ljosa, har me \u00f2g tenkt p\u00e5 alle dei drepne. Me tenner ljos og tenker p\u00e5 alle dei som ikkje er her p\u00e5 grunn av hat.<\/p>\n<p>\u00c5taket i Sydney er ikkje det einaste i samband med j\u00f8diske h\u00f8gtider.<\/p>\n<p>Det har gjort at Atalia no kjenner p\u00e5 ei uro f\u00f8r h\u00f8gtider.<\/p>\n<p>\u2013 Det f\u00e5r ein til \u00e5 tenka: Vil det skje noko i morgon? Vil det skje her? Eller ein annan stad i verda der j\u00f8dar feirar?<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Blomsterbuketter og et bilde av en bl\u00e5 davidsstjerne st\u00e5r p\u00e5 bakken ute\" title=\"Foto: Temilade Adelaja \/ Reuters \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Blomar og eit bilete utanfor synagogen i Manchester, kor to personar vart drepne i haust.<\/p>\n<p>Foto: Temilade Adelaja \/ Reuters \/ NTB<\/p>\n<p>Eit lite h\u00e5p<\/p>\n<p>Det som skulle vera ei feiring av h\u00e5p, ljos og glede i Sydney, vart det motsette. Desse tinga er kanskje spesielt vanskelege \u00e5 sj\u00e5 etter eit terror\u00e5tak.<\/p>\n<p>Anna har likevel funne noko som gir ho h\u00e5p:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Fellesskapet i det j\u00f8diske milj\u00f8et, at eg veit at eg har ein familie der. Heile det j\u00f8diske milj\u00f8et st\u00e5r s\u00e5 sterkt saman, det skapar tryggleik.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>20.12.2025, kl. 08.15<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Rundt halsen har \u00abAnna\u00bb ei bitte lita davidsstjerne i gull. P\u00e5 handleddet ei tatovering p\u00e5 hebraisk. Men ho&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":117986,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-117985","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115750773904787665","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/117985","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=117985"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/117985\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/117986"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=117985"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=117985"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=117985"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}