{"id":118312,"date":"2025-12-20T16:33:11","date_gmt":"2025-12-20T16:33:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/118312\/"},"modified":"2025-12-20T16:33:11","modified_gmt":"2025-12-20T16:33:11","slug":"vinstra-nord-fron-eit-tastetrykk-kan-endre-meir-enn-du-anar-det-fekk-eg-erfare","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/118312\/","title":{"rendered":"Vinstra, Nord-Fron | \u00abEit tastetrykk kan endre meir enn du anar. Det fekk eg erfare.\u00bb"},"content":{"rendered":"\n<p>Rett f\u00f8r stengetid for 40 \u00e5r sidan, rulla ein bl\u00e5 Mercedes 230 E ut fr\u00e5 Autostern i Oslo. Bak rattet sat dyrlege Loe, p\u00e5 veg heim til Vinstra.<\/p>\n<p>Det var jappetid i Noreg. P\u00e5 fjernsynet ratta Ewing-br\u00f8rne topplause SL-ar i \u00abDallas\u00bb, medan Alexis Carrington hadde 500 SEL i \u00abDynastiet\u00bb.<\/p>\n<p>Ved Oslo B\u00f8rs flaut jappane rundt i kvite skjorter og store bonusar. Dei likte \u00f2g Mercedes, sj\u00f8lvsagt. Helst Gel\u00e4ndewagen, men \u00f2g 230 E.<\/p>\n<p>\u00d8konomimodellen \u00ab200\u00bb skydde dei som pesten. Den likte ingen.<\/p>\n<p><b>N\u00e5r jappar tinga bil hj\u00e5 Autostern, kryssa dei av for alt som glinsa<\/b>: takluke, elektriske vindauge, automatgir \u2013 og mobiltelefon bolta fast mellom seta.<\/p>\n<p>Dyrlege Loe takka nei til luksus. Han fekk i staden sveisa eit stativ i bagasjerommet, s\u00e5 tanken med flytande nitrogen stod trygt over ferister og telehiv. Der vart dei beste genane frakta \u2013 gullet \u2013 fr\u00e5 eliteoksar av norsk raudt fe (NRF), i lange str\u00e5 av gjennomsiktig plast.<\/p>\n<p><b>Eg var ikkje gamle karen<\/b> d\u00e5 han k\u00f8yrde inn p\u00e5 garden med nybilen, hausten 1985. Heldigvis fann den travle dyrlegen alltid tid til ein liten bilprat \u2013 medan han r\u00f8ykte ein kjapp sigar og henta st\u00f8vlane i bagasjerommet.<\/p>\n<p>Samtalene med dyrlege Loe om kyr og Mercedes saknar eg framleis.<\/p>\n<p>Ikkje minst lukta av b\u00e5sfj\u00f8s og sigar.<\/p>\n<p><b>I fjor haust sa sonen<\/b> \u2013 no 74 \u00e5r, men framleis berre \u00abdyrlegeguten\u00bb for dei gamle \u2013 ja til ein handel med meg. Tida var inne for eit eigarskifte p\u00e5 vegvesen.no.<\/p>\n<p>Nokre m\u00e5nader seinare har eg jaga musa som budde bak batteriet. Eg har rust-sveisa jekkfesta, polert fram att den djupe bl\u00e5farga \u2013 og k\u00f8yrt Nasjonale turistvegar over Sognefjellet.<\/p>\n<p>Kassettspelaren fr\u00e5 Blaupunkt er reinsa og fungerer innimellom \u2013 helst med a-ha eller The Boss. Det er dette som er \u00e5 vera \u00abmindful\u00bb i mi verd.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3022\" height=\"2244\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_1208.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3022 \/ 2244;\"\/><\/p>\n<p>      Mor mi, Eldrid, sit p\u00e5 passasjersida p\u00e5 den nasjonale turistvegen over Sognefjellet.<br \/>\n      Foto: Ivar Brandvol\n    <\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3024\" height=\"4032\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_1907.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3024 \/ 4032;\"\/><\/p>\n<p>      \u00abMindful\u00bb med Mercedes.<br \/>\n      Foto: Ivar Brandvol\n    <\/p>\n<p>S\u00e5 trykte eg \u00abs\u00f8k i k\u00f8yret\u00f8yregisteret\u00bb.<\/p>\n<p><b>Der sto det. Ei kald, svart linje med tekst.<\/b><\/p>\n<p>Dyrlegebilen er slett ikkje ein 230 E \u2013 berre ein 200. Svart p\u00e5 kvitt i k\u00f8yret\u00f8yregisteret. Ein slags sp\u00f8kelsesbil.<\/p>\n<p>Korleis kunne dette skje?<\/p>\n<p>Mercedes-Benz tok aldri feil. Statens vegvesen tek aldri feil. Eg arbeider der sj\u00f8lv. Dyrlege Loe? Han gjorde aldri noko gale \u2013 ein gong rygga han p\u00e5 golden retrieveren v\u00e5r og meinte ho vart mjukare i hoftene etterp\u00e5. Vi sp\u00f8kte med at fakturaen sikkert kom.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3024\" height=\"2395\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/IMG_1229+%281%29.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3024 \/ 2395;\"\/><\/p>\n<p>      Turteller \u2013 standard p\u00e5 230 E, ikkje p\u00e5 200.<br \/>\n      Foto: Ivar Brandvol\n    <\/p>\n<p><b>S\u00e5 kva st\u00e5r vi att med?<\/b><\/p>\n<p>Ein bil som ser ut som ein 230 E, h\u00f8yrest ut som ein 230 E \u2013 men som p\u00e5 papiret berre er ein 200.<\/p>\n<p>Eller som andre seier: \u00abOm noko ser ut som ei and, sym som ei and og kvakkar som ei and, s\u00e5 er det truleg ei and.\u00bb<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Rett f\u00f8r stengetid for 40 \u00e5r sidan, rulla ein bl\u00e5 Mercedes 230 E ut fr\u00e5 Autostern i Oslo.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":118313,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,222,20,21,1839,24,25,15,22,23,2842,217,13,30,1159,28,29,14,16,26,27,13743],"class_list":{"0":"post-118312","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-bil","10":"tag-breaking-news","11":"tag-breakingnews","12":"tag-feature","13":"tag-featured-news","14":"tag-featurednews","15":"tag-headlines","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-mercedes","19":"tag-motor","20":"tag-news","21":"tag-no","22":"tag-nord-fron","23":"tag-norge","24":"tag-norway","25":"tag-nyheter","26":"tag-overskrifter","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories","29":"tag-vinstra"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115752862179088403","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/118312","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=118312"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/118312\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/118313"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=118312"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=118312"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=118312"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}