{"id":118702,"date":"2025-12-21T08:54:07","date_gmt":"2025-12-21T08:54:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/118702\/"},"modified":"2025-12-21T08:54:07","modified_gmt":"2025-12-21T08:54:07","slug":"mann-gav-125-millionar-til-heimbygda-i-det-stille-blir-enorme-summar-delt-ut-av-norske-stiftelsar-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/118702\/","title":{"rendered":"Mann gav 125 millionar til heimbygda. I det stille blir enorme summar delt ut av norske stiftelsar. \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Inst i ein fjordarm i Sogn og Fjordane ligg bygda Hyen. Her bur rundt 500 menneske.<\/p>\n<p>Ei spinnvill historie skal ha det til at Kristofer Colombus vaks opp her. Det er h\u00f8gst omstridd.<\/p>\n<p>Noko som ikkje er omstridd, er at Olav Hjorteset vaks opp i bygda. Han kom til verda i 1934.<\/p>\n<p>Gjennom eit langt liv har han tent gode pengar p\u00e5 bygg og eigedom. Og i 2022 valde han \u00e5 gi tidenes f\u00f8rjulsg\u00e5ve til heimbygda:<\/p>\n<p><strong>Ein formue verdt 125 millionar kroner.<\/strong><\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"en person som sitter p\u00e5 en krakk (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Olav Hjorteset<\/li>\n<\/ul>\n<p>F\u00f8rem\u00e5let med pengane er spesifikt: \u00c5 skape liv og vekst p\u00e5 den vesle staden.<\/p>\n<p>\u2013 Eg valde \u00e5 gjere det fordi eg er veldig glad i heimbygda mi, seier Olav Hjorteset til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et boligomr\u00e5de med en asfaltert vei som slynger seg gjennom. I forgrunnen er det hvitmalte hus med takstein, og en bil st\u00e5r parkert p\u00e5 siden. Bakgrunn med bratte fjell som gir en naturskj\u00f8nn kontekst. En stein med tekst er synlig i forkant, men ingen mennesker er til stede. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Hyen. Med Colombusparken i forgrunnen.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK<\/p>\n<p>Sjukehus og tr\u00e5kkemaskin<\/p>\n<p>I Noreg har vi 6035 stiftelsar. Kvar og ein har m\u00e5l om utrette noko bra her i verda.<\/p>\n<p>Det finst stiftelsar for alt mogleg. Til d\u00f8mes:<\/p>\n<ul>\n<li>Norsk-japansk kulturutveksling (3 mill. i eigenkapital)<\/li>\n<li>Kristent ungdomsarbeid i Br\u00f8nn\u00f8y i Nordland (40 mill. i eigenkapital)<\/li>\n<li>Stiftelsen som driv forskingsinstituttet Sintef (3024 mill. i eigenkapital)<\/li>\n<li>Hjelp til heimlause kattar p\u00e5 Nesodden (sv\u00e6rt lite i eigenkapital)<\/li>\n<li>Stiftelsen Kirkens Bymisjon (1062 mill. i eigenkapital)<\/li>\n<\/ul>\n<p>Eigenkapitalen er tal fr\u00e5 2023, som er dei ferskaste fr\u00e5 Stiftelsesregisteret.<\/p>\n<p>Norske stiftelsar st\u00e5r bak skular, sjukehus og museum. Dei gir husrom til trengande og deler ut pengar til tr\u00e5kkemaskinar, kreftforsking og spelemannslag. Dei er store og sm\u00e5, gamle og nye.<\/p>\n<p>Kva er ein stiftelse?<\/p>\n<ul>\n<li>Ein stiftelse er ein organisasjonsform, der pengar blir gjort tilgjengelege for eit bestemt f\u00f8rem\u00e5l.<\/li>\n<li>Ingen stiftelsar har eigarar som tar utbytte. Ofte blir det sagt at \u00abstiftelsar er eigd av f\u00f8rem\u00e5let sitt\u00bb. . Ofte blir det sagt at \u00abdei er eigd av f\u00f8rem\u00e5let sitt\u00bb.<\/li>\n<li>Stiftelsar kan vere s\u00e5 mangt. Det kan vere n\u00e6ringsdrivande stiftelsar, aktivitetsstiftelsar eller reine utdelingsstiftelsar.<\/li>\n<li>I Noreg har vi over 6000 stiftelsar. Rett under halvparten er utdelingsstiftelsar.<\/li>\n<li>Ein stiftelse har ofte langsiktig perspektiv. Pengane skal ikkje bli skusla bort, men forvalta godt i tr\u00e5d med f\u00f8rem\u00e5let.<\/li>\n<li>Det er ei eiga lov for stiftelsar. Noreg har eit stiftelsestilsyn som skal s\u00f8rge for at stiftelsar tener f\u00f8rem\u00e5la sine.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Men berre \u00e9in stiftelse har kj\u00f8pt nye kaffikoppar til ein avsidesliggande leirstad i Hyen: Aud og Olav Hjortesets alminnelege stiftelse.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person st\u00e5r p\u00e5 en gruslagt g\u00e5rdsplass foran en r\u00f8d bygning. Bak personen er det flere bygninger, inkludert en med en overbygd terrasse. I bakgrunnen reiser et fjell seg, og naturen rundt er preget av tr\u00e6r og vegetasjon. En sm\u00e5b\u00e5t ligger p\u00e5 bakken til h\u00f8yre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Mange har gode minne fr\u00e5 leir p\u00e5 Nesholmen.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK<\/p>\n<p>Nesholmen leirstad ligg vakkert til. Heile 17 bygningar er registrert p\u00e5 eigedommen, men nyaste er 40 \u00e5r gammal. Behovet for vedlikehald er enormt.<\/p>\n<p>D\u00e5 sjefen p\u00e5 leirstaden h\u00f8yrde om Hyen-stiftelsen f\u00f8rste gong, var ho beskjeden. Kanskje kunne dei f\u00e5 pengar til litt elektrikararbeid, tenkte ho.<\/p>\n<p>Men styreleiaren i stiftelsen bad dei trykkje til. Til no har dei f\u00e5tt 2,3 millionar kroner, og meir skal det bli.<\/p>\n<p>\u2013 Det er heilt fantastisk, seier leirstad-sjef Anne Berit Selle.<\/p>\n<p>Leirstaden har f\u00e5tt nytt system for brannvarsling, nye bad, ny plenklippar og nye kaffikoppar. Mellom anna.<\/p>\n<p>Ho ringte til Olav Hjorteset for \u00e5 takke. Men den gamle mannen var meir oppteken av \u00e5 takke ho, for jobben ho gjer p\u00e5 leirstaden.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Bildet viser en person i en romslig, trepanelkledd innend\u00f8rs setting. Personen st\u00e5r ved en benk og tar ut en tallerken fra en skapd\u00f8r, og holder en kopp i den andre h\u00e5nden. P\u00e5 veggen henger et stort plakat med tekst som uttrykker takknemlighet for mat. Omgivelsene gir en f\u00f8lelse av en enkel og hjemmekoselig atmosf\u00e6re. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2555\" loading=\"lazy\"\/> Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Rommet har en scen med to tretrapporter og en prekestol, foran et r\u00f8dt sceneteppe. En stor TV-skjerm henger p\u00e5 veggen til venstre, og det er stoler i forgrunnen. Veggene er lyse, og taket har bl\u00e5 bjelker. Omgivelsene er en hall beregnet for samlinger og arrangementer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/> Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person st\u00e5r ved en inngang og bruker en elektronisk d\u00f8rklokke. H\u00e5nden er plassert p\u00e5 skjermen for \u00e5 aktivere den. Omgivelsene er lite opplyste, med synlige snev av interi\u00f8r og vinduer i bakgrunnen. Det finnes ogs\u00e5 sikkerhetsanlegg p\u00e5 veggen bak personen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/> Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>L\u00e5n fr\u00e5 300 \u00e5r gammal enkekasse<\/p>\n<p>Stiftelsar har lang historie i Noreg.<\/p>\n<p>Var du rik og hadde eit snev av samfunns\u00e5nd, s\u00e5 oppretta du ein stiftelse i gamle dagar. Ofte kalla legat eller fond.<\/p>\n<p>Dette var tida f\u00f8r velferdsstaten. Folk kunne finne p\u00e5 \u00e5 opprette eit legat for \u00e5 hjelpe \u00abtrengende ukonfirmerte farl\u00f8se barn, f\u00f8dt i legitimt ekteskap i Nykirkens og Sandvikens menigheter i Bergen\u00bb.<\/p>\n<p>Eller \u00abugifte kvinner av Oslo, som lider av uhelbredelig ryggradskrumming eller annen st\u00f8rre ryggradsfeil\u00bb.<\/p>\n<p>Det er ei svunnen tid.<\/p>\n<p>I 1732 vart \u00abAkershus stifts geistlige enkekasse\u00bb oppretta. Den skulle hjelpe prestekoner fr\u00e5 Austlandet som hadde mista mannen sin.<\/p>\n<p>Denne enkekassa kan umogleg halde p\u00e5 framleis?<\/p>\n<p>Eller?<\/p>\n<p>Jau d\u00e5. Dei held det g\u00e5ande. Med 8 millionar kroner i eigenkapital.<\/p>\n<p>Eit knippe etterlatne ektefellar f\u00e5r pengar fr\u00e5 enkekassa: 24.000 kroner i \u00e5ret, if\u00f8lge domprosten i Oslo, P\u00e5l Kristian Balstad.<\/p>\n<p>Men enkekassa held ogs\u00e5 p\u00e5 med noko anna: Prestar p\u00e5 Austlandet kan ta opp l\u00e5n \u2013 p\u00e5 inntil 350.000 kroner. Med rente p\u00e5 berre 3 prosent.<\/p>\n<p>\u2013 Det er eit gunstig l\u00e5n, seier Balstad.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En prest st\u00e5r i en kirke med en bok \u00e5pen i hendene. Han er kledd i liturgisk antrekk med gr\u00f8nn stola. I bakgrunnen kan man se fargede vinduer og kirkeinnredning. Flere sanghefter er synlige i forgrunnen, plassert klare for gudstjenesten. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Amanda Pedersen Giske \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Domprost P\u00e5l Kristian Balstad er styremedlem i Akershus stifts geistlige enkekasse.<\/p>\n<p>Foto: Amanda Pedersen Giske \/ NTB<\/p>\n<p>Dette er ikkje noko dei g\u00e5r h\u00f8glydt ut med. Enkekassa har ingen fancy nettside eller instagram-profil. I dag har stiftelsen knappe 18 l\u00e5ntakarar.<\/p>\n<p>Balstad er styremedlem i stiftelsen fordi han m\u00e5 \u2013 domprosten i Oslo skal alltid vere i styret.<\/p>\n<p>Han trur nok at stiftelsen vil endre seg etter kvart. Som han sj\u00f8lv seier: \u00abDet opplevast ikkje like relevant\u00bb med ein enkekasse for prestar i dag som i 1732.<\/p>\n<p>Ukjent antal milliardar<\/p>\n<p>Ingen veit n\u00f8yaktig kor mykje norske stiftelsar deler ut i l\u00f8pet av eit \u00e5r. For nokre \u00e5r sidan var anslaget p\u00e5 7 milliardar.<\/p>\n<p>Det er truleg betydeleg h\u00f8gare no. Dei om lag 50 sparebankstiftelsane deler aleine ut rundt 5 milliardar kroner \u00e5rleg.<\/p>\n<p>Ti rikaste stiftelsar<\/p>\n<ol>\n<li>Gjensidigestiftelsen: 44,4 milliardar<\/li>\n<li>Olav Thon stiftelsen: 25,5 milliardar<\/li>\n<li>Sparebankstiftelsen DNB: 20,6 milliardar<\/li>\n<li>Sparebankstiftelsen Hedmark: 6,3 milliardar<\/li>\n<li>Sparebankstiftelsen SR-Bank: 5,3 milliardar<\/li>\n<li>Sparebankstiftelsen Sparebanken Norge: 4,6 milliardar<\/li>\n<li>Stiftelsen Hans Rasmus Astrup: 4,4 milliardar<\/li>\n<li>Stiftelsen Fritt Ord: 3,6 milliardar<\/li>\n<li>Stiftelsen Sintef: 3 milliardar<\/li>\n<li>Forskingsstiftelsen JBF: 2,8 milliardar<\/li>\n<\/ol>\n<p>Kjelde: Stiftelsesregisteret. Eigenkapitalen er fr\u00e5 2023. Dette er dei nyaste tala fr\u00e5 registeret.<\/p>\n<p>Stiftelsane m\u00e5 levere rekneskap kvart \u00e5r, men dei har ikkje plikt til \u00e5 rapportere kor mykje dei deler ut.<\/p>\n<p>\u2013 Med tal fr\u00e5 2020, veit vi at stiftelsane sitt samfunnsbidrag er om lag 1,5 prosent av bruttonasjonalprodukt, seier Karianne Bjell\u00e5s Gilje, dagleg leiar i Stiftelsesforeningen.<\/p>\n<p>Foreininga representerer omtrent 600 av dei st\u00f8rste og mest aktive stiftelsane i landet.<\/p>\n<p>Stundom kjem kritikk mot norske rikfolk for at ikkje fleire vier formuen sin til allmennyttige f\u00f8rem\u00e5l. Det har vore vanlegare i Danmark og Sverige.<\/p>\n<p>Dei har Wallenbergstiftelserna, Carlsbergfonden og Novo Nordisk fonden, akt\u00f8rar som er enormt innflytelsesrike innan forsking og teknologi.<\/p>\n<p>Av verkeleg store kapitalistar i Noreg er det stort sett berre Olav Thon som har organisert eigarskapet til verksemda som ein stiftelse i moderne tid.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har litt annan tradisjon i Noreg enn Sverige og Danmark, men det er veldig viktig \u00e5 framheve det vi har. I nyare tid har til d\u00f8mes Nicolai Tangen bidratt til oppretting av Stiftelsen Kunstsilo, for \u00e5 nemne eit eksempel, seier Bjell\u00e5s Gilje.<\/p>\n<p>Dei om lag 50 sparebankstiftelsane er store utdelingsstiftelsar, og alle er oppretta dei siste 20 \u00e5ra.<\/p>\n<p>\u2013 Dei bidrar stort til allmenn nytte over heile Noreg. Vi har eit veldig stort mangfald av mellomstore stiftelsar, seier Bjell\u00e5s Gilje.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser en svingete veistrekning som klamrer seg til en skr\u00e5ning i et skogkledd omr\u00e5de. Veien er belagt med asfalt og flankert av steinrabber dekket med mose. Tr\u00e6rne i bakgrunnen er for det meste nakne, noe som indikerer tidlig v\u00e5r eller sen h\u00f8st. Landskapet har et utilgjengelig preg, med bratte skr\u00e5ninger og sparsommelig vegetasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Den smale sti f\u00f8rer til Hyen.<\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Vatnar Olsen \/ NRK<\/p>\n<p>Uansett. Viss nokon treng inspirasjon:<\/p>\n<p>I Oslo sit Olav Hjorteset, der han har budd det meste av livet. \u00c5 opprette ein stiftelse \u00abvar det mest fornuftige \u00e5 gjere\u00bb, if\u00f8lge han sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>\u2013 Dei som har mottatt st\u00f8tte, har vore veldig takknemlege. S\u00e5 det gir jo meg ogs\u00e5 veldig mykje, seier han.<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo eit stort problem p\u00e5 bygdene at dei blir avfolka. Eg ser det som ein veldig trist aff\u00e6re viss det skal g\u00e5 den vegen med Hyen. Derfor ville eg hjelpe til s\u00e5 godt eg kunne.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Inst i ein fjordarm i Sogn og Fjordane ligg bygda Hyen. Her bur rundt 500 menneske. Ei spinnvill&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":118703,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-118702","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115756719419160486","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/118702","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=118702"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/118702\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/118703"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=118702"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=118702"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=118702"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}