{"id":118786,"date":"2025-12-21T11:07:07","date_gmt":"2025-12-21T11:07:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/118786\/"},"modified":"2025-12-21T11:07:07","modified_gmt":"2025-12-21T11:07:07","slug":"norske-kjopesenter-samlar-inn-gaver-i-jula-nrk-nordland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/118786\/","title":{"rendered":"Norske kj\u00f8pesenter samlar inn g\u00e5ver i jula \u2013 NRK Nordland"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Vi vil redusere forskjellane i samfunnet. Med \u00f8nsketreet h\u00e5per vi at fleire barn kan kome tilbake etter juleferien og fortelje om ting dei har f\u00e5tt til jul som dei har \u00f8nskt seg, fortel Maria Hovde, seniorr\u00e5dgjevar i Bod\u00f8 R\u00f8de Kors.<\/p>\n<p>Gjennom store delar av desember sto det eit juletre p\u00e5 et kj\u00f8pesenter. P\u00e5 greinene hang det hjarte.<\/p>\n<p>P\u00e5 det eine hjartet sto det:<\/p>\n<p>P\u00e5 eit anna sto det:<\/p>\n<p>Kundar p\u00e5 kj\u00f8pesenteret kunne s\u00e5 trekkje eit hjarte, og kj\u00f8pe inn noko av det som sto p\u00e5 lappen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Maria Hovde og Siri Hammerfjeld i R\u00f8de Kors Bod\u00f8\" title=\"Foto: Melissa Ipek Frantzen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Siri Hammerfjeld og Maria Hovde fr\u00e5 Bod\u00f8 R\u00f8de Kors jobbar iherdig for \u00e5 f\u00e5 distribuert g\u00e5vene tidsnok til jul.<\/p>\n<p>Foto: Melissa Ipek Frantzen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Barna f\u00e5r oppfylt eit konkret juleg\u00e5ve\u00f8nske som foreldra elles ikkje ville hatt h\u00f8ve til \u00e5 kj\u00f8pe. N\u00f8dvendigheiter som vinterklede og sko av god kvalitet er kostbart, seier Hovde.<\/p>\n<p>\u2013 Responsen fr\u00e5 publikum har vore heilt overveldande, og givargleda har vore stor. Vi fikk inn totalt 278 g\u00e5ver, fortel Hovde.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"\u00d8nsketre p\u00e5 City Nord fylt av julegave\u00f8nsker fra barn i familier med d\u00e5rlig r\u00e5d.\" title=\"Foto: R\u00f8de Kors\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Juleg\u00e5veaksjonen blir arrangert i samarbeid med Kirkens Bymisjon, Idrettsr\u00e5det, Turistforeininga og Ungdomsr\u00e5det, har eitt m\u00e5l: \u00e5 minske forskjellane, slik at \u00f2g barn fr\u00e5 familiar med d\u00e5rleg r\u00e5d f\u00e5r noko til jul.<\/p>\n<p>Foto: R\u00f8de Kors<\/p>\n<p>Dette \u00f8nska barna seg<\/p>\n<p>Behova er tydelege: Dei fleste \u00f8nsker seg n\u00f8dvendigheiter som vinterklede og gode sko. Dei minste vil ha leiker, medan parfyme er ein favoritt blant ungdommane.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r eg sit p\u00e5 kontoret og folk kjem for \u00e5 hente g\u00e5ver, s\u00e5 f\u00f8ler eg at eg bidreg p\u00e5 ein god m\u00e5te til nokon som faktisk treng det, fortel Siri Hammerfjeld.<\/p>\n<p>Ho har jobba p\u00e5 spreng for \u00e5 sikre at g\u00e5vene kjem fram til rett barn f\u00f8r jul.<\/p>\n<p>\u2013 Du ser det p\u00e5 g\u00e5vene at folk har lagt ned tid og omtanke. Nokon har innfridd fleire \u00f8nskje, og nokon har lagt ved personlege kort, Det er r\u00f8rande, seier ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Maria Hovde i R\u00f8de Kors Bod\u00f8\" title=\"Foto: Melissa Ipek Frantzen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Folk har lagt ned kj\u00e6rleik og innsats i g\u00e5vene.<\/p>\n<p>Foto: Melissa Ipek Frantzen \/ NRK<\/p>\n<p>I 2023 var det levde nesten 100.000, eller om lag eit av ti, norske barn i s\u00e5kalla l\u00e5ginntektsfamiliar, <a href=\"https:\/\/www.ssb.no\/ssb-skole\/undervisningsopplegg\/barn-og-unge-i-l%C3%A5ginntektshushald\/kor-mange-norske-barn-og-unge-er-i-fare-for-a-vekse-opp-i-fattigdom\" ec-id=\"https:\/\/www.ssb.no\/ssb-skole\/undervisningsopplegg\/barn-og-unge-i-l%C3%A5ginntektshushald\/kor-mange-norske-barn-og-unge-er-i-fare-for-a-vekse-opp-i-fattigdom\" ec-name=\"syner tal fr\u00e5 Statistisk sentralbyr\u00e5.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">syner tal fr\u00e5 Statistisk sentralbyr\u00e5.<\/a><\/p>\n<p>Ferske tal fr\u00e5 Frelsesarmeens fattigdomsbarometer viser at <a href=\"https:\/\/frelsesarmeen.no\/aktuelt\/en-av-fem-frykter-de-ikke-har-rad-til-jul\" ec-id=\"https:\/\/frelsesarmeen.no\/aktuelt\/en-av-fem-frykter-de-ikke-har-rad-til-jul\" ec-name=\"ein av fem fryktar at dei ikkje har r\u00e5d til julefeiringa i \u00e5r.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">ein av fem fryktar at dei ikkje har r\u00e5d til julefeiringa i \u00e5r.<\/a> men det er mange som vil hjelpe.<\/p>\n<p>Som <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/rogaland\/sara-berge-_22_-fra-bryne-hjelper-andre-i-jula-_-stadig-flere-ber-om-hjelp-1.17664914\" ec-id=\"pp:article:1.17664914\" ec-name=\"Sara fr\u00e5 Bryne:\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Sara fr\u00e5 Bryne:<\/a><\/p>\n<p>Og fleire stader i Noreg har dei store kj\u00f8pesentera hatt liknande aksjonar for \u00e5 s\u00f8rge for at dei som ikkje har s\u00e5 mykje, ogs\u00e5 f\u00e5r ein gove til jul.<\/p>\n<p>N\u00e6rare 20 \u00e5r med fysiske g\u00e5ver<\/p>\n<p>I Troms\u00f8 har Jekta Storsenter i n\u00e6rare 20 \u00e5r hatt eit samarbeid med Kirkens Bymisjon, og for mange har dette blitt ein fast f\u00f8rjulstradisjon i byen.<\/p>\n<p>\u2013 Erfaringane tyder p\u00e5 at det er stor givarglede \u2013 det \u00abbognar over\u00bb av juleg\u00e5ver under treet kvart \u00e5r, fortel Laila Myrvang, senterleiar p\u00e5 Jekta Storsenter.<\/p>\n<p>Jekta set \u00e5rleg fram eit g\u00e5vetre f\u00f8r jul. Her kan befolkninga i byen legge g\u00e5ver eller g\u00e5vekort og legge under treet. Kirkens Bymisjon organiserer utdeling av esker med mat og g\u00e5ver til familiar i Troms\u00f8.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Senterleder Laila Myrvang og senterkoordinator Liss Samuelsen ved Jekta Storsenter\" title=\"Foto: Jekta Storsenter\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Senterleiar Laila Myrvang og senterkoordinator Liss Samuelsen ved Jekta Storsenter<\/p>\n<p>Foto: Jekta Storsenter<\/p>\n<p><strong>Behovet er stort. I fjor fekk 695 personar i Troms\u00f8 mat og juleg\u00e5ver via Kirkens Bymisjon. Av desse var 369 barn under 18 \u00e5r.<\/strong><\/p>\n<p>Myrvang understrekar at senteret \u00f8nsker \u00e5 vere ein \u00abarena for givarglede\u00bb og gi barn moglegheita til \u00e5 \u00abkjenne seg som alle andre barn \u2013 ogs\u00e5 til jul\u00bb.<\/p>\n<p>Juletreet pyntast med m\u00e5ltid<\/p>\n<p>P\u00e5 Lagunen i Bergen er julegryta til Frelsesarmeen eit fast innslag. Senterleiar Tone Havneraas fortel at dei i tillegg tek initiativ til \u00f8nsketre eller g\u00e5veinnsamling.<\/p>\n<p>Senteret \u00f8nsker \u00e5 st\u00f8tte ulike akt\u00f8rar, og for jula 2025 er dette Kirkens Bymisjon og oppfordringa deira til \u00e5 gi m\u00e5ltid til jul.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et juletre med donasjoner til m\u00e5ltid gjennom Kirkens Bymisjon\" title=\"Foto: Melissa Ipek Frantzen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ogs\u00e5 i Glasshuset i Bod\u00f8 har mange donert m\u00e5ltid til julefeiringa.<\/p>\n<p>Foto: Melissa Ipek Frantzen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Juletreet blir pynta ved at kundar og butikktilsette tar ein julelapp, vipsar 120 kronar for to m\u00e5ltid og heng ein julelapp p\u00e5 treet, forklarer Havneraas.<\/p>\n<p>Havneraas trekker fram samfunnsansvaret til senteret ved \u00e5 vere ein arena for givarglede og for \u00e5 synleggjere engasjement for eit meir inkluderande samfunn.<\/p>\n<p>\u00d8nsketreet p\u00e5 City Nord blei tatt ned 8. desember. No som \u00f8nsketreet er teke ned og pakkene er sorterte, er g\u00e5vene i ferd med \u00e5 finne vegen fram til rett eigar.<\/p>\n<p>\u2013 Eg synest det er utruleg fint \u00e5 sj\u00e5 at dei som kanskje har nok sj\u00f8lv, er med p\u00e5 \u00e5 bidra til at dei som har mindre \u00f2g kan f\u00e5 ei fin jul, seier Maria Hovde.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>21.12.2025, kl. 11.28<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Vi vil redusere forskjellane i samfunnet. Med \u00f8nsketreet h\u00e5per vi at fleire barn kan kome tilbake etter&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":118787,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-118786","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115757242447623550","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/118786","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=118786"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/118786\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/118787"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=118786"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=118786"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=118786"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}