{"id":119583,"date":"2025-12-22T13:29:09","date_gmt":"2025-12-22T13:29:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/119583\/"},"modified":"2025-12-22T13:29:09","modified_gmt":"2025-12-22T13:29:09","slug":"besatt-av-aksel-kielland-anmeldelser-og-anbefalinger","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/119583\/","title":{"rendered":"\u00abBesatt\u00bb av Aksel Kielland \u2013 Anmeldelser og anbefalinger"},"content":{"rendered":"<p>D\u00e5 eg las denne essayboka f\u00f8rste gong ho kom ut i mai tidlegare i \u00e5r, likte eg ho med det same.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om det florerer av tekstar og b\u00f8ker om det \u00e5 vere avhengig av skjerm og vonde algoritmar, var det noko friskt ved innfallsvinkelen til Morgenbladet-spaltist og TV- og filmkritikar Aksel Kielland.<\/p>\n<p><strong>Og sj\u00f8lv om eg la den vesle boka raskt fr\u00e5 meg i m\u00f8te med tsunamien av andre utgivingar bok\u00e5ret hadde \u00e5 by p\u00e5, tok eg meg sj\u00f8lv i \u00e5 gruble over dei mest sentrale motiva og argumenta i boka dei neste m\u00e5nadene. <\/strong><\/p>\n<p>Dess lengre tid det gjekk, dess kl\u00e5rare vart det for meg at Kielland i denne boka har sett ord p\u00e5 noko heilt sentralt og akutt ved v\u00e5r tid.<\/p>\n<p>Skrekkfilm utan popkorn<\/p>\n<p>Opninga p\u00e5 boka, som ogs\u00e5 er trykt p\u00e5 sj\u00f8lve framsida, er spektakul\u00e6r:<\/p>\n<p><strong>Kven er det som ikkje kan kjenne seg igjen i denne uroa?<\/strong><\/p>\n<p>Sannsynlegvis sit du og les denne meldinga mens du har fleire faner oppe p\u00e5 PC-en, eller kanskje du h\u00f8yrer p\u00e5 musikk eller podkast mens du les p\u00e5 mobilen, eller du avbryt lesinga snart for \u00e5 sjekke e-post eller \u00e5 f\u00e5 inn eit kort parti sjakk p\u00e5 Chess.com.<\/p>\n<p>    <img alt=\"r\u00f8d bok med masse skrift utenp\u00e5 i forskjellige farger og st\u00f8rrelser.\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"aksel kielland\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>NY BOK: Aksel Kielland (f. 1983) er medievitar, skribent og film- og tv-kritikar i Morgenbladet.<\/p>\n<p>Foto: Forlaget Manifest<\/p>\n<p>Det er godt etablert at skjermane og tech-selskapa sine algoritmar p\u00e5verkar <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/innlandet\/forskning_-skjermlesing-gjor-oss-utalmodige-1.14629872\" ec-id=\"pp:article:1.14629872\" ec-name=\"evnene v\u00e5re til konsentrasjon\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">evnene v\u00e5re til konsentrasjon<\/a> og fordjuping.<\/p>\n<p><strong>Kielland, som er medievitar, g\u00e5r til skrekkfilmsjangeren for \u00e5 finne n\u00f8klane vi treng for \u00e5 forst\u00e5 utviklinga.<\/strong><\/p>\n<p>Han konsentrerer seg om subsjangeren \u00abbody horror\u00bb som er kjenneteikna av eit fokus p\u00e5 makabre og gjerne fr\u00e5st\u00f8ytande kroppslege endringar.<\/p>\n<p>Kielland skildrar blant anna kultklassikarane \u00abVideodrome\u00bb og \u00abTetsuo: The Iron Man\u00bb og bruker dei som metaforar for korleis teknologien \u00abp\u00e5virker oss p\u00e5 m\u00e5ter vi verken er i stand til \u00e5 forst\u00e5 eller kontrollere\u00bb.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person med gr\u00e5tt h\u00e5r st\u00e5r foran en m\u00f8rk, linj\u00e6r bakgrunn. Personen er if\u00f8rt en svart blazer og ser mot kameraet. Bakgrunnen best\u00e5r av tettsittende, parallelle linjer som skaper en dramatisk effekt. Belysningen er kontrastrik, med klare overganger mellom lys og skygge. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Damian Dovarganes \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">BODY HORROR-LEGENDE: Filmen \u00abVideodrome\u00bb av David Cronenberg (biletet) handlar om eit TV-program som viser b\u00e5de tortur og drap, men ogs\u00e5 inneheld eit skjult signal som f\u00e5r ein unik form for hjernesvulst til \u00e5 vekse fram hos sj\u00e5arane. Svulsten f\u00f8rer dessutan til hallusinasjonar, og forvandlar verda gradvis til eit marerittlandskap.<\/p>\n<p>Foto: Damian Dovarganes \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>\u00abThe usual suspects\u00bb<\/p>\n<p>Kielland kvervlar opp ei rekke tenkarar og forfattarar for \u00e5 diagnostisere kulturen v\u00e5r.<\/p>\n<p>Dei som har lese andre b\u00f8ker med tilsvarande kulturkritikk vil kjenne igjen namn som Neil Postman, Mark Fisher og ikkje minst Marshall McLuhan.<\/p>\n<p>Sistnemnde kom med oppsiktsvekkande relevante profetiar allereie p\u00e5 50- og 60-talet med slagord som \u00abThe medium is the message\u00bb og skildra kultursjokket og den nomne kjensla menneske blir utsette for i m\u00f8te med ny teknologi.<\/p>\n<p><strong>Kiellands bruk av tenkjarane er fruktbar, og den Slavoj \u017di\u017eek-aktige m\u00e5ten han koplar dei opp mot filmane gir ikkje berre nye innsikter, men sv\u00e6rt sl\u00e5ande og treffande bilde.<\/strong><\/p>\n<p>Eit av hovudpoenga til Kielland er korleis smarttelefonar med deira appar og sosiale medium p\u00e5verkar brukarane ideologisk.<\/p>\n<p>Privatpersonar tenkjer litt meir som bedriftar og b\u00e5de bevisst og ubevisst siver kapitalistisk marknadstenking inn p\u00e5 alle omr\u00e5de i livet. Vi har blitt besette heilt ned p\u00e5 eit kroppsleg niv\u00e5, if\u00f8lgje Kielland.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann sitter p\u00e5 en sofa i et rom med gardiner. Han har p\u00e5 seg en m\u00f8rk dress og en slips, og han har et navneskilt festet til jakken. Mannen ser mot kameraet med hendene hvilende p\u00e5 kn\u00e6rne. Bakgrunnen viser en enkel, lys vegg og arrangement av m\u00f8bler i rommet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: JOHN LINDSAY \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">MARSHALL MCLUHAN: Han f\u00f8res\u00e5g at elektroniske medium ville gjera verda mindre, slik at me alle vart involverte i kvarandre sine liv umiddelbart, p\u00e5 tvers av landegrenser. Og slik har det jo liksom blitt med sosiale medium.<\/p>\n<p>Foto: JOHN LINDSAY \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>Forfattaren nyttar skrekkfilmsjangarens overdriving til \u00e5 tydeleggjere argumenta.<\/p>\n<p><strong>I glimrande passasjar viser han korleis det moderne mennesket blir transformert i fire fasar fr\u00e5 \u00abbingemennesket\u00bb som \u00abbingar\u00bb TV-serier, til det s\u00e5kalla \u00abinnhaldsmenneske\u00bb som til og med ser seg sj\u00f8lv f\u00f8rst og fremst som innhald til bruk p\u00e5 sosiale medier.<\/strong><\/p>\n<p>For Kielland er omgrepet \u00abinnhald\u00bb i mediesamanhang ein del av det han ser som ei sv\u00e6rt destruktiv og n\u00e6rast totalit\u00e6r utvikling: \u00abInnholdsbegrepet forflater og relativiserer verdien og betydningen av alt det brukes om, til de opprinnelige kontekstene smuldrer opp og mister sin betydning\u00bb.<\/p>\n<p>Ei god investering<\/p>\n<p>Kiellands kritikk er resignert, og i tr\u00e5d med tenkinga som kjem fram i Fishers \u00abDen kapitalistiske realismen\u00bb, ser han lite h\u00e5p i enden av tunnelen.<\/p>\n<p><strong>Det merkelege er at sj\u00f8lv om boka er dyster, gir ho likevel ei form for tr\u00f8yst, sannsynlegvis fordi skildringane skaper gjenkjenning.<\/strong><\/p>\n<p>Det er typisk for boka at filmane Kielland har valt seg ut, stort sett er smale kultfilmar. Det kler tonen og stilen i ei bok som ikkje er redd for \u00e5 krevje ein heil del av lesaren.<\/p>\n<p>Den intellektuelle tankekverna som Kielland utset lesaren for er stimulerande, men st\u00e5r ogs\u00e5 i fare for \u00e5 verke gjentakande her og der. Nokre stader kunne boka ha tent p\u00e5 ein klarare struktur der hovudpoenga i st\u00f8rre grad blei l\u00f8fta opp<strong>.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"P\u00e5 et arrangement tar personer bilder med mobiltelefoner. En kvinne i hvit jakke holder en telefon mot seg selv, mens en annen kvinne filmer fra siden. Bakgrunnen viser tomme seter, noe som indikerer et st\u00f8rre arrangement. Flere personer er tilstede, og det er en uformell stemning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Pablo Martinez Monsivais \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">INNHALD: Aksel Kielland lanserer omgrepet \u00abinnhaldsmennesket\u00bb i boka \u00abBesatt\u00bb.<\/p>\n<p>Foto: Pablo Martinez Monsivais \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>Men i det store og heile er boka eit d\u00f8me p\u00e5 at \u00e5 sette seg stille ned og lese i ei bok, og omstendeleg f\u00f8lge tankerekkene til forfattaren, noko som i dette tilfellet krev ein heil del samanhengande konsentrasjon, kan gje god avkasting, for \u00e5 bruke ein \u00f8konomisk metafor som Kielland sikkert ville forakta.<\/p>\n<p>Om boka<\/p>\n<p><strong>Tittel<\/strong>: \u00abBesatt \u2013 Om hvordan den digitale kapitalismen invaderte menneskekroppen\u00bb<\/p>\n<p><strong>Forfattar<\/strong>: Aksel Kielland<\/p>\n<p><strong>Kategori<\/strong>: Sakprosa<\/p>\n<p><strong>Sider<\/strong>: 187<\/p>\n<p><strong>Utgitt<\/strong>: 2025<\/p>\n<p><strong>Forlag<\/strong>: Manifest<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>22.12.2025, kl. 12.14<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"D\u00e5 eg las denne essayboka f\u00f8rste gong ho kom ut i mai tidlegare i \u00e5r, likte eg ho&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":119584,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-119583","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115763462944112201","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/119583","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=119583"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/119583\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/119584"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=119583"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=119583"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=119583"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}