{"id":120100,"date":"2025-12-23T05:43:07","date_gmt":"2025-12-23T05:43:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/120100\/"},"modified":"2025-12-23T05:43:07","modified_gmt":"2025-12-23T05:43:07","slug":"ms-pasientane-kan-mista-sitt-einaste-nasjonale-hogspesialiserte-rehabiliteringssenter-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/120100\/","title":{"rendered":"MS-pasientane kan mista sitt einaste nasjonale, h\u00f8gspesialiserte rehabiliteringssenter \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>MS-senteret i Hakadal, det einaste nasjonale rehabiliteringstilbodet for MS-pasientar, st\u00e5r i fare for \u00e5 bli lagt ned grunna manglande avtale med Helse S\u00f8r-\u00d8st.<\/li>\n<li>Berre Helse Vest har forlenga kontrakten.<\/li>\n<li>14.000 MS-pasientar i Noreg kan mista tilbodet, som er spesielt viktig for dei med komplekse rehabiliteringsbehov.<\/li>\n<li>Fagfolk og Senterpartiet kritiserer at pris blir vektlagt meir enn kvalitet i anbodsrundar, noko som har f\u00f8rt til at senteret vart utkonkurrert og pasientar f\u00e5r ulikt tilbod avhengig av kvar dei bur.<\/li>\n<li>Pasientar og fagfolk er sv\u00e6rt n\u00f8gde med tilbodet ved senteret.<\/li>\n<li>Politikarar og fagpersonar krev at helseministeren grip inn for \u00e5 sikra eit likeverdig og nasjonalt rehabiliteringstilbod for MS-pasientar.<\/li>\n<li>Leiinga ved senteret h\u00e5par p\u00e5 nye anbod som vektlegg h\u00f8gspesialisert behandling, og er optimistisk med tanke p\u00e5 framtida.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er mellom anna laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har lamming i beina, eg er tr\u00f8ytt og utmatta, seier Reidun Tj\u00f8nn Rinde.<\/p>\n<p>I 23 \u00e5r har ho hatt multippel sklerose (MS). Rundt 14.000 i Noreg har denne kroniske betennelsessjukdommen i nervesystemet.<\/p>\n<p>\u2013 Det me er s\u00e5 redde for no, er \u00e5 mista tilboda v\u00e5re p\u00e5 rehabilitering. Spesielt senteret i Hakadal og den gode kompetansen dei der har p\u00e5 alt som gjeld MS-diagnosen, seier ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"MS-senteret Hakadal AS sett utanfr\u00e5\" title=\"Foto: Hakadal AS\"\/><\/p>\n<p class=\"\">MS-senteret Hakadal AS er det einaste landsdekkande rehabiliteringstilbodet spesialisert p\u00e5 multippel sklerose.<\/p>\n<p>Foto: Hakadal AS<\/p>\n<p>Berre Helse Vest sa ja<\/p>\n<p>MS-senteret Hakadal AS utanfor Oslo fekk nyleg forlenga kontrakten med Helse Vest. Men den st\u00f8rste helseregionen \u2013 Helse S\u00f8r-\u00d8st \u2013 har inng\u00e5tt avtale med andre selskap.<\/p>\n<p>Og Helse Midt og Helse Nord vil ikkje inng\u00e5 avtale med Hakadal AS.<\/p>\n<p>Dermed f\u00e5r ikkje alle MS-pasientar eit likeverdig rehabiliteringstilbod. Det vil variera ut fr\u00e5 kvar dei bur.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Trening p\u00e5 MS-senteret Hakadal AS\" title=\"Foto: MS-senteret Hakadal AS\"\/><\/p>\n<p class=\"\">MS-senteret Hakadal AS er spesialisert p\u00e5 tilpassa rehabilitering for MS-pasientar med komplekse behov.<\/p>\n<p>Foto: MS-senteret Hakadal AS<\/p>\n<p>I verste fall risikerer senteret \u00e5 m\u00e5tta legga ned, og Helse Vest mister tilbodet dei har inng\u00e5tt avtale om.<\/p>\n<p>\u2013 Me er avhengige av \u00e5 ha avtale med Helse S\u00f8r-\u00d8st for \u00e5 kunna drifta vidare. Det er det ingen tvil om, fordi det er der det er eit stort pasientgrunnlag, seier dagleg leiar \u00d8yvind Bj\u00f8lverud i Hakadal AS.<\/p>\n<p>Utkonkurrert p\u00e5 pris<\/p>\n<p>Senteret har 30 plassar. 75 prosent av dei inneliggande pasientane deira kjem fr\u00e5 S\u00f8r-\u00d8st.<\/p>\n<p><strong>Bj\u00f8lverud seier grunnen til at dei tapte anboda, er at i konkurransen tel pris 60 prosent, og kvalitet tel mindre.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"\u00d8yvind Bj\u00f8lverud st\u00e5r og prater med en mann\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dagleg leiar \u00d8yvind Bj\u00f8lverud seier det nasjonale MS-senteret i Hakadal ikkje kan driva vidare utan pasientane fr\u00e5 Helse S\u00f8r-\u00d8st.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>\u2013 Me er s\u00e6rleg h\u00f8gspesialisert og spissa p\u00e5 MS-diagnosen, og det kostar nok meir enn det anbodsmodellen la til rette for.<\/p>\n<p>I anbodsrunden etterspurde Helse S\u00f8r-\u00d8st ikkje behandling av spesifikke pasientgrupper med behov for h\u00f8gspesialisert behandling.<\/p>\n<p>Rinde er frustrert viss MS-senteret Hakadal blir utkonkurrert p\u00e5 grunn av pris.<\/p>\n<p>\u2013 Om dei d\u00e5 m\u00e5 legga ned fordi det er pengane som er problemet, nei, det g\u00e5r ikkje!<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"MS-pasient Reidun Tj\u00f8nn Rinde p\u00e5 eit m\u00f8te ved Haukeland universitetssjukehus\" title=\"Foto: Leif Rune L\u00f8land \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">MS-pasient Rinde, ulike fagfolk og ein stortingspolitikar m\u00f8ttest nyleg p\u00e5 Haukeland universitetssjukehus for \u00e5 diskutera situasjonen.<\/p>\n<p>Foto: Leif Rune L\u00f8land \/ NRK<\/p>\n<p>Einaste nasjonale tilbod kan forsvinna<\/p>\n<p>Overlege Lars B\u00f8 er leiar for Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for MS.<\/p>\n<p>\u2013 Det er MS-senteret i Hakadal som kan fylla behovet i Noreg for dei komplekse, vanskelegaste rehabiliteringsbehova. Men Helse S\u00f8r-\u00d8st har gitt avtalen til andre. Dermed risikerer me at det blir ulike tilbod avhengig av kor ein bur i landet.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Me er bekymra for at det nasjonale tilbodet n\u00e5 kan falla bort. Det vil g\u00e5 utover pasientar med komplekse rehabiliteringsbehov og MS i alle helseregionar, seier B\u00f8.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Undervisning p\u00e5 MS-senteret Hakadal AS\" title=\"Foto: MS-senteret Hakadal AS\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Pasientar f\u00e5r undervisning p\u00e5 MS-senteret Hakadal AS.<\/p>\n<p>Foto: MS-senteret Hakadal AS<\/p>\n<p>Det stadfestar generalsekret\u00e6r Anne Mette \u00d8vrum i MS-forbundet.<\/p>\n<p>\u2013 Dei som verkeleg har behov for spesialisert tverrfagleg rehabilitering gjennom eit langt liv med MS, dei blir d\u00e5 gl\u00f8ymde. Konsekvensane er veldig ille \u2013 fr\u00e5 nord til s\u00f8r og aust til vest.<\/p>\n<p>Sp: \u2013 Ministeren m\u00e5 gripa inn<\/p>\n<p>Med p\u00e5 dette m\u00f8tet i Bergen er ogs\u00e5 tidlegare helseminister Kjersti Toppe i Senterpartiet. N\u00e5 er ho leiar for helse- og omsorgskomiteen p\u00e5 Stortinget.<\/p>\n<p>\u2013 Pasientar med MS i Noreg kjem til \u00e5 mista sitt eigentleg einaste spesialiserte rehabiliteringstilbod.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kjersti Toppe (Sp) og overlege Lars B\u00f8 (t.v.) og to andre ifm. eit m\u00f8te ved Haukeland universitetssjukehus.\" title=\"Foto: Leif Rune L\u00f8land \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kjersti Toppe (Sp) meiner regjeringa m\u00e5 s\u00f8rga for at MS-pasientane f\u00e5r behalda sitt einaste spesialiserte rehabiliteringssenter. Overlege Lars B\u00f8 til venstre.<\/p>\n<p>Foto: Leif Rune L\u00f8land \/ NRK<\/p>\n<p>Toppe meiner dagens helseminister, Jan Christian Vestre i Arbeidarpartiet, m\u00e5 s\u00f8rga for \u00e5 sikra likt og godt rehabiliteringstilbod for dei sjukaste MS-pasientane over heile landet, og \u00e5 redda senteret i Hakadal.<\/p>\n<p>\u2013 Det st\u00e5r i fare for \u00e5 bli lagd ned. Derfor utfordrar eg ministeren til \u00e5 gripa inn, s\u00e5nn at det blir samordna og ikkje kutta i.<\/p>\n<p>B\u00e5de Stortinget og Vestre har uttrykt at helseregionane m\u00e5 samordna spesialisert rehabiliteringstilbod som er landsomfattande.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 har helsef\u00f8retaka likevel ikkje f\u00f8lgt dette opp. Det er veldig spesielt, seier Toppe.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Generalsekret\u00e6r Anne-Mette \u00d8vrum i MS-foreningen (t.v.) og MS-pasient Reidun Tj\u00f8nn Rinde ifm. eit m\u00f8te ved Haukeland universitetssjukehus.\" title=\"Foto: Leif Rune L\u00f8land \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Konsekvensane viss Hakadal AS m\u00e5 legga ned, er veldig ille, fr\u00e5 nord til s\u00f8r og aust til vest i landet, seier Anne Mette \u00d8vrum i MS-forbundet (til venstre).<\/p>\n<p>Foto: Leif Rune L\u00f8land \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Fagleg svekking<\/p>\n<p>Leiaren for MS-senteret i Hakadal seier at ingen helseregionar tidlegare har uttalt at dei er misn\u00f8gde med tilbodet der.<\/p>\n<p>\u2013 Og ikkje minst er pasientgruppa sj\u00f8lv tvert i mot sv\u00e6rt n\u00f8gde med tilbodet dei f\u00e5r her. Men s\u00e5 er det jo ei verkelegheit der ein ser ei tilspissing og ei sterkare prioritering om kva helsetilbod ein skal tilby dei ulike pasientgruppene, seier Bj\u00f8lverud.<\/p>\n<p><strong>Toppe meiner situasjonen skuldast for sterkt pengefokus n\u00e5r dei statlege helsef\u00f8retaka inng\u00e5r kontraktar.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Anboda vektar pris mykje h\u00f8gare enn kvalitet. Etablerte fagmilj\u00f8, som i Hakadal, kan mista anbodet fordi kompetansen dei har, ikkje blir vektlagd.<\/p>\n<p>Ho kallar dette ei klar fagleg svekking.<\/p>\n<p>\u2013 Me m\u00e5 avskaffa den m\u00e5ten \u00e5 kj\u00f8pa tenester p\u00e5. Og heller ha langsiktige avtalar baserte p\u00e5 kvalitet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"MS-pasient Reidun Tj\u00f8nn Rinde i eit m\u00f8te ved Haukeland universitetssjukehus. Plansjen bak viser hyppighet av ulike MS-symptom\/-plager.\" title=\"Foto: Leif Rune L\u00f8land \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u00a0\u00abMS p\u00e5verkar livskvaliteten fr\u00e5 f\u00f8rste dag\u00bb, fortel plansjen, der 29 vanlege MS-plager er rekna opp. Over halvparten opplever mental utmatting.<\/p>\n<p>Foto: Leif Rune L\u00f8land \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Som eit nytt menneske<\/p>\n<p>MS-pasient Rinde seier eit godt rehabiliteringstilbod er viktig b\u00e5de fysisk og psykisk.<\/p>\n<p>\u2013 Det er tungt \u00e5 f\u00e5 og \u00e5 ha MS. Eg har vore n\u00f8ydd til \u00e5 l\u00e6ra \u00e5 leva med sjukdommen, men eg har \u00f2g l\u00e6rt kor viktig det er \u00e5 m\u00f8ta rett helsepersonell som kan hjelpa deg p\u00e5 vegen.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r ein kjem heim fr\u00e5 eit rehabiliteringsopphald, kan ein kjenna seg som eit nytt menneske. Det er veldig synd viss me mistar dette viktige senteret. Det vil det gjera problema mykje st\u00f8rre for oss, seier ho.<\/p>\n<p><strong>Etter protestar fr\u00e5 b\u00e5de politikarar og fagfolk h\u00e5par og trur Bj\u00f8lverud det ikkje blir kroken p\u00e5 d\u00f8ra fr\u00e5 neste sommar.<\/strong><\/p>\n<p>Han set sin lit til at Helse S\u00f8r-\u00d8st vil lysa ut nye anbod p\u00e5 h\u00f8gspesialisert rehabilitering, og at MS-senteret i Hakadal d\u00e5 f\u00e5r kontrakt.<\/p>\n<p>\u2013 Me p\u00e5 er optimistiske, og har veldig stor tru p\u00e5 at me skal fortsetta \u00e5 levera tenestene, seier han.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>23.12.2025, kl. 05.24<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert MS-senteret i Hakadal, det einaste nasjonale rehabiliteringstilbodet for MS-pasientar, st\u00e5r i fare for \u00e5 bli lagt&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":120101,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-120100","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115767292945821765","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/120100","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=120100"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/120100\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/120101"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=120100"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=120100"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=120100"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}