{"id":120670,"date":"2025-12-23T20:44:07","date_gmt":"2025-12-23T20:44:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/120670\/"},"modified":"2025-12-23T20:44:07","modified_gmt":"2025-12-23T20:44:07","slug":"mattilsynet-makteslause-mot-laksesmugling-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/120670\/","title":{"rendered":"Mattilsynet makteslause mot lakse\u00adsmugling \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Eit brev som NRK har f\u00e5tt tilgang til, viser korleis Mattilsynet st\u00e5r utan verkt\u00f8y for \u00e5 stoppe smugling av laks ut av landet.<\/p>\n<p><strong>Mattilsynet kan sanksjonere n\u00e5r dei oppdagar p\u00e5g\u00e5ande lovbrot, som til d\u00f8mes omsetningsforbod eller destruksjon av laksen, men ikkje om dei oppdagar smuglinga i ettertid.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 I dag har vi ingen administrative sanksjonar for handa. Mattilsynet m\u00e5 i staden g\u00e5 om politimelding for at brot p\u00e5 regelverket skal kunne sanksjonerast, skriv direkt\u00f8r i Mattilsynet Elisabeth Wilmann til N\u00e6rings- og fiskeridepartementet.<\/p>\n<p>Brevet vart forfatta i november i \u00e5r, i etterkant av NRK sine avsl\u00f8ringar av smugling av laks ut av Noreg.<\/p>\n<p>Nesten 1 av 6 oppdrettslaks har s\u00e5r og skader etter livet i sj\u00f8en. Slik fisk kan vere etande, men er forbode \u00e5 eksportere ut av landet.<\/p>\n<p>Skadane skal fjernast ved norske fabrikkar, slik at kundar ikkje risikerer \u00e5 f\u00e5 fisk med s\u00e5r og feil p\u00e5 matfatet sitt.<\/p>\n<p>Tolletaten har sagt at smuglinga kan minne <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/dokumentar\/nrk-avslorer_-norsk-laks-med-sar-eksportert-ulovlig-til-fabrikker-i-europa-1.17618007\" ec-id=\"pp:article:1.17618007\" ec-name=\"om organisert \u00f8konomisk kriminalitet.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">om organisert \u00f8konomisk kriminalitet.<\/a> Ein anonym trader som sj\u00f8lv har smugla slik laks ulovleg, har fortalt til NRK at <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/dokumentar\/xl\/nrk-avslorer_-slik-smuglet-jeg-laks-med-sar-ut-av-norge-1.17611310\" ec-id=\"pp:article:1.17611310\" ec-name=\"fortenesta kan vere stor.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">fortenesta kan vere stor.<\/a><\/p>\n<p>D\u00e5 NRK opna kasser med laks i Europa fann vi oppdrettslaks med s\u00e5r og feil fr\u00e5 fem store og sm\u00e5 akt\u00f8rar.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Laks med s\u00e5r i skinnet i en eske\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"En ansatt holder opp en laks med s\u00e5r i skinnet\"  loading=\"lazy\"\/>Anette Berentsen \/ NRK<\/p>\n<p>Har ikkje prioritert \u00e5 stoppe ulovleg eksport<\/p>\n<p><strong>I brevet til fiskeriministeren vedg\u00e5r Mattilsynet <\/strong>a<strong>t tilsyn mot laksesmugling ikkje har vore prioritert.<\/strong><\/p>\n<p>Men det finst unntak: I 2023 gjennomf\u00f8rte Mattilsynet likevel ein tilsynskampanje. I 24 av 49 tilsyn fann dei regelbrot.<\/p>\n<p><strong>Likevel er berre ein norsk akt\u00f8r blitt b\u00f8telagt dei siste \u00e5tte \u00e5ra.<\/strong><\/p>\n<p>Mattilsynet skriv til departementet at dei er avhengige av at politi og p\u00e5talemyndigheit straffeforf\u00f8lgjer smuglinga, for at det skal f\u00f8re til straff. Sj\u00f8lv har dei nesten ingen sanksjonar.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har derfor eit \u00f8nske om lovbrotsgebyr som eit verkemiddel ved brot p\u00e5 matlova, og har ogs\u00e5 ved andre anledningar framheva dette \u00f8nsket, seier Wilmann til NRK.<\/p>\n<p>Alt i 2017 kom det eit slikt forslag, men det vart ikkje f\u00f8lgt opp av departementa.<\/p>\n<p>\u2013<strong> <\/strong><strong>Vi er usikre p\u00e5 om grunngjevinga var god nok, is\u00e6r tatt utgreiinga ovanfor og realitetane i betraktning, skriv Mattilsynet til departementet.<\/strong><\/p>\n<p><strong>No ber Mattilsynet ministeren om \u00e5 p\u00e5 nytt sette i gang eit arbeid som gjer at Mattilsynet kan ilegge gebyr. Dei ber ogs\u00e5 om h\u00f8ve til \u00e5 kunne stenge bedrifter som bryt kvalitetsforskrifta, noko dei ikkje kan gjere i dag.<\/strong><\/p>\n<p>Stortingsrepresentant Une Bastholm (MDG) meiner situasjonen er oppsiktsvekkande:<\/p>\n<p>\u2013 Det her m\u00e5 ryddast opp i. Det er Noregs nest mest lukrative n\u00e6ring etter olja. Det er utruleg at ikkje Mattilsynet har dei sanksjonane dei treng.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Une Bastholm i MDG p\u00e5 Sognsvann i Oslo\" title=\"Foto: Patrick da Silva S\u00e6ther\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Une Bastholm, MDG<\/p>\n<p>Foto: Patrick da Silva S\u00e6ther<\/p>\n<p>Fiskeriministeren kan ikkje love fleire verkt\u00f8y<\/p>\n<p>Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen N\u00e6ss (AP) kan ikkje utan vidare love Mattilsynet verkt\u00f8ya dei ber om.<\/p>\n<p>Ho seier det m\u00e5 dr\u00f8ftast vidare, b\u00e5de med Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne blir intervjuet av en reporter.\" title=\"Foto: Tor-Arne Vikingstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Tor-Arne Vikingstad \/ NRK<\/p>\n<p>Ministeren har hatt fleire m\u00f8ter med leiinga i Mattilsynet om regelverket etter NRKs avsl\u00f8ring om at akt\u00f8rar forfalskar etikettar p\u00e5 norsk oppdrettslaks.<\/p>\n<p>Ho ventar at Mattilsynet kontrollerer meir:<\/p>\n<p>\u2013 Det inneber m\u00e5lretta tilsyn og kontroll, samt tett samarbeid med andre etatar som Tolletaten og \u00d8kokrim, noko eg har tillit til at Mattilsynet f\u00f8lgjer opp.<\/p>\n<p>Mattilsynet seier til NRK at dei f\u00f8rebels ikkje har vurdert kor mykje ressursar som trengst til fleire kontrollar.<\/p>\n<p>\u2013 Om Mattilsynet vurderer \u00e5 auke kontrollaktiviteten p\u00e5 dette omr\u00e5det, betyr det at vi m\u00e5 gjere omprioritering i bruken av v\u00e5re ressursar, seier Wilmann til NRK.<\/p>\n<p>Wilmann seier dei vil \u00absj\u00e5 p\u00e5 moglegheitene for \u00e5 styrke samarbeidet med andre aktuelle etatar\u00bb.<\/p>\n<p>Varslar full gjennomgang av regelverket<\/p>\n<p><strong>No varslar fiskeriministeren ogs\u00e5 ei vurdering av heile regelverket, fordi \u00abdet har vore altfor mykje ulovleg fisk p\u00e5 marknaden dei siste \u00e5ra.\u00bb<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi m\u00e5 ta inn over oss at laksen\u00e6ringa er ei heilt anna n\u00e6ring i dag enn p\u00e5 80-talet da regelen vart innf\u00f8rt, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen N\u00e6ss (Ap).<\/p>\n<p><strong>Ho opplev ogs\u00e5 p\u00e5trykk fr\u00e5 deler av bransjen. Verdas st\u00f8rste oppdrettsselskap Mowi har tidlegare <a href=\"https:\/\/www.intrafish.no\/politikk\/holder-doren-pa-glott-for-eksport-av-stygg-laks\/2-1-1910118?fbclid=IwY2xjawOvSc5leHRuA2FlbQIxMQBicmlkETFjOFVoWnFtZHZ5NjdKbFdJc3J0YwZhcHBfaWQQMjIyMDM5MTc4ODIwMDg5MgABHvrEkQwmfKe14yCpmKZukDwE0Spl7CMqSIf02lkEn9ih4Red70c6dkrVSZBM_aem_392X4G5CmRyY2DxiCBgvlw\" ec-id=\"https:\/\/www.intrafish.no\/politikk\/holder-doren-pa-glott-for-eksport-av-stygg-laks\/2-1-1910118\" ec-name=\"uttala til IntraFish\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">uttala til IntraFish<\/a> at fisk med s\u00e5r og feil like gjerne kan feilrettast i utlandet som i Noreg.<\/strong><\/p>\n<p>Fiskeriministeren sp\u00f8r seg om kven som eigentleg har ansvaret for \u00e5 sikre omd\u00f8mmet til norsk laks.<\/p>\n<p>\u2013 Eg ventar at ogs\u00e5 n\u00e6ringa sj\u00f8lv tar ansvar for situasjonen, slik at omd\u00f8mmet til norsk laks ikkje skuslast vekk, seier N\u00e6ss.<\/p>\n<p>Mowi: \u2013 Forskrifta b\u00f8r avskaffast<\/p>\n<p>Mowi er blant akt\u00f8rane som tidlegare har fors\u00f8kt \u00e5 f\u00e5 fritak fr\u00e5 regelverket \u2013 utan hell.<\/p>\n<p>V\u00e5ren 2024 hadde selskapet 17.000 kasser med produksjonsfisk dei ikkje fekk feilretta.<\/p>\n<p>Selskapet seier grunnen var ferieavvikling p\u00e5 slakteri- og vidareforedlingsfabrikkar. Dette \u00e5ret var det rekordmykje fisk med s\u00e5r og feil i den norske marknaden.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To b\u00e5ter ligger til kai ved en brygge, med bygninger langs vannkanten. Bakgrunnen har fjell med sn\u00f8 p\u00e5 toppen. Vannet er stille og reflekterer omgivelsene. Det er overskyet med en dempet atmosf\u00e6re. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Mowi sitt slakteri p\u00e5 Eggesb\u00f8nes p\u00e5 Sunnm\u00f8re.<\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Fisken vart seld til norske kundar med store tap, skriv kommunikasjonsdirekt\u00f8r Ola Helge Hjetland i Mowi til NRK.<\/p>\n<p>NRK har f\u00e5tt innsyn i s\u00f8knaden og etterf\u00f8lgande klage til Mattilsynet fr\u00e5 selskapet i 2024. Der viser selskapet til fleire sitat fr\u00e5 kundar og leverand\u00f8rar:<\/p>\n<p>\u00abEg m\u00e5 jobbe litt med det, men det er noks\u00e5 sprengt kapasitet, s\u00e5 eg trur det blir vanskeleg\u00bb.<\/p>\n<p>\u00abSatans d\u00e5rleg kapasitet\u00bb.<\/p>\n<p>\u00abPer n\u00e5 s\u00e5 f\u00e5r eg ikkje lov til \u00e5 kj\u00f8pe meir, if\u00f8lge dagleg leder p\u00e5 [&#8230;]. D\u00e5 f\u00e5r han hjarteinfarkt, og det har eg ikkje lyst til!\u00bb.<\/p>\n<p>Hjetland seier at situasjonen i 2024 var uventa og heilt utanom normalen.<\/p>\n<p>\u2013 Dersom n\u00e6ringa skulle hamne i liknande situasjonar igjen, vil nok utfordringane bli mykje det same, skriv Hjetland til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ola Helge Hjetland, kommunikasjonsdirekt\u00f8r Mowi, sitter ved et bord. Han har bl\u00e5 skjorte. I bakgrunnen henger et bilde av en laks.\" title=\"Foto: Anette Berentsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kommunikasjonsdirekt\u00f8r i Mowi, Ola Helge Hjetland<\/p>\n<p>Foto: Anette Berentsen \/ NRK<\/p>\n<p>S\u00e5 langt i \u00e5r ligg andelen fisk med s\u00e5r og feil i Noreg p\u00e5 kring 15 prosent.<\/p>\n<p>Mowi meiner at kvalitetsforskrifta b\u00f8r avskaffast.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e6ringa kan og b\u00f8r sj\u00f8lv ta ansvar for produkta sin kvalitet og renomm\u00e9 i utlandet, seier Hjetland.<\/p>\n<p><strong>Oppdrettsgiganten Salmar er p\u00e5 si side usamd med konkurrenten Mowi.<\/strong><\/p>\n<p>Medan Mowi har stor kapasitet i blant anna Polen, har konkurrenten Salmar sin kapasitet i Noreg. Dei vil framleis ha eit strengt kvalitetsregelverk.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Fabrikkansatte kledd i hvitt h\u00e5ndterer fisk. Bildet er noe uskarpt, som vitner om et raskt tempo i arbeidet.\" title=\"Foto: Odd Arne Olderbakk \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Laks p\u00e5 Salmar sitt anlegg p\u00e5 Fr\u00f8ya.<\/p>\n<p>Foto: Odd Arne Olderbakk \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Vi st\u00f8ttar det norske regelverket, som er viktig for \u00e5 oppretthalde renommeet og posisjonen til norsk laks p\u00e5 den internasjonale marknaden, seier strategidirekt\u00f8r Runar Sivertsen til NRK.<\/p>\n<p>Fleire politikarar \u00e5tvarar mot \u00e5 endre regelverket:<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"Munnleg sp\u00f8rjetime p\u00e5 Stortinget\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Heiko Junge \/ NTB\n      <\/p>\n<p>Ingrid Fiskaa, stortingsrepresentant (SV)<\/p>\n<p>\u2013 Fiskeriministeren er p\u00e5 villspor. \u00c5 senka krava l\u00f8yser ikkje problema i oppdrettsn\u00e6ringa. N\u00e5r problema er store mengder fisk av d\u00e5rleg kvalitet m\u00e5 vi heller ha strengare krav og styrka tilsynet, slik SV gjentatte gonger har f\u00f8resl\u00e5tt. Lakseoppdrettsn\u00e6ringa kan ikkje f\u00e5 halde fram \u00e5 grise til fjordane v\u00e5re og produsera mat av tvilsam kvalitet.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"B\u00e5rd Ludvig Thorheim\"  width=\"3840\" height=\"2159\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Allan Klo\n      <\/p>\n<p>B\u00e5rd Ludvig Thorheim, stortingsrepresentant (H)<\/p>\n<p>\u2013 Det kan vere hensiktsmessig med ein gjennomgang av regelverket. Men vi forventar at fiskeriministeren s\u00f8rger for god dialog med n\u00e6ringa om dette, og at det ikkje kjem endringar som bidreg til \u00e5 svekke det gode omd\u00f8mmet til norsk laks.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"ein mann som st\u00e5r p\u00e5 ein brygge\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Odin Otnes Austring \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Stig Even Lillest\u00f8l, stortingsrepresentant (Frp):<\/p>\n<p>\u2013 \u00c5 opne for eksport av laks med s\u00e5r og feil er \u00e5 gamble med omd\u00f8met til norsk laks. Regelverket b\u00f8r st\u00e5 fast, det som m\u00e5 styrkast er kontrollen og reaksjonane mot dei som bryt reglane. N\u00e5r det blir avdekt regelbrot, er ikkje svaret \u00e5 senke standarden og flytte jobbar og verdiskaping ut av kysten.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Geir Pollestad med skjegg\"  width=\"3840\" height=\"2157\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Fredrik Varfjell \/ NTB\n      <\/p>\n<p>Geir Pollestad, stortingsrepresentant (Sp):<\/p>\n<p>\u2013 Her er regjeringa 100 % p\u00e5 ville vegar. Det vil b\u00e5de kunne skade omd\u00f8mmet til laksen\u00e6ringa og det vil kunne gi f\u00e6rre arbeidsplassar i Noreg.<br \/>Ein slik endring vil vere ei gladnyheit for n\u00e6ringsmiddelindustrien i Europa. Senterpartiet vil ha arbeidsplassane i Noreg og da m\u00e5 vi ikkje opne for at fisken kan g\u00e5 rett til utlandet.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Geir J\u00f8rgensen\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Dan Robert Larsen\n      <\/p>\n<p>Geir J\u00f8rgensen, stortingsrepresentant (R)<\/p>\n<p>\u2013 Raudt vil p\u00e5 det sterkaste \u00e5tvare mot \u00e5 oppheve eksportforbodet p\u00e5 produksjonsfisk. Regjeringa b\u00f8r heller stramme inn ovanfor oppdrettarar som har mykje sjuk laks med s\u00e5r. I tillegg vil dette true arbeidsplassar i v\u00e5r eigen fiskeindustri, og favorisere selskap som sender fisken ikkje-tilverka ut av landet.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Sj\u00f8matbedriftene: \u2013 Vil vere \u00e5 legge til rette for kjeltringar<\/p>\n<p>Nesten 15 prosent av all oppdrettslaks blir tilverka her til lands som f\u00f8lgje av regelverket. Det inneber ogs\u00e5 arbeidsplassar langs kysten.<\/p>\n<p>No er administrerande direkt\u00f8r i Sj\u00f8matbedriftene Robert Eriksson sv\u00e6rt bekymra. Han vil heller ha strengare kontrollinnsats, og godkjenningsordningar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Robert Eriksson st\u00e5r p\u00e5 kontoret sitt.\" title=\"Foto: Tor-Arne Vikingstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Administrerande direkt\u00f8r i Sj\u00f8matbedriftene, Robert Eriksson.<\/p>\n<p>Foto: Tor-Arne Vikingstad \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Dersom ein fjernar regelverket vi har i dag, vil det legge til rette for at det blir enklare \u00e5 vere kjeltringar.<\/p>\n<p>Denne veka tok politiet ut sikting mot lakseeksport\u00f8ren North Tandem. Eit selskap som har eksportert stygg fisk ut av landet.<\/p>\n<p>\u2013 Eg meiner at \u00e5 fjerne regelverket vil vere med og sverte ei heil n\u00e6ring sitt omd\u00f8mme, og kaste heile n\u00e6ringa under bussen. Det b\u00f8r vere enkelt \u00e5 vere seri\u00f8s og vanskeleg \u00e5 vere kjeltring.<\/p>\n<p>Hei!<\/p>\n<p>Har du tips eller innspill til oss? Ta gjerne kontakt!<\/p>\n<p>Journalister: Tor Arne Vikingstad, Kjersti Knudss\u00f8n, Asgeir Heimdal Reksnes, Magnus Ekeli Mullis og\u00a0Astri Thunold.\u00a0<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>23.12.2025, kl. 21.00<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eit brev som NRK har f\u00e5tt tilgang til, viser korleis Mattilsynet st\u00e5r utan verkt\u00f8y for \u00e5 stoppe smugling&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":120671,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-120670","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115770836321650368","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/120670","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=120670"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/120670\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/120671"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=120670"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=120670"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=120670"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}