{"id":121219,"date":"2025-12-24T19:12:13","date_gmt":"2025-12-24T19:12:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/121219\/"},"modified":"2025-12-24T19:12:13","modified_gmt":"2025-12-24T19:12:13","slug":"100-ar-med-christian-rieber-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/121219\/","title":{"rendered":"100 \u00e5r med Christian Rieber \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Det f\u00f8rste han hugsar er eit luftskip som segla over Bergen, som eit varsel om ei ny tid.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det var som om det kom like over hovudet p\u00e5 meg!<\/strong><\/p>\n<p>Snart hundre \u00e5r seinare st\u00e5r desembersola om mogleg enda l\u00e5gare idet Christian Rieber man\u00f8vrerer seg gjennom morgontrafikken i Bergen.<\/p>\n<p>N\u00e6ringslivsleiaren \u2013 som vert kalla Bergen sitt svar p\u00e5 Olav Thon \u2013 har framleis f\u00f8rarkort, og livet ventar ikkje p\u00e5 nokon. <\/p>\n<p>Luftskipa forsvann, men elles har mennesket storma fram i heile hans levetid. P\u00e5 godt og vondt.<\/p>\n<p><strong>D\u00e5 Christian var midtvegs i livet, landa mennesket p\u00e5 m\u00e5nen. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et barn sitter p\u00e5 ryggen til en ku i et \u00e5pent landskap, med en hytte synlig i bakgrunnen. Omgivelsene er preget av fjell og tr\u00e6r. Bildet minner om landbruk og dyrehold i en naturskj\u00f8nn setting. Det er et historisk fotografi, sannsynligvis fra tidlig p\u00e5 1900-tallet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Christian byrja tidleg \u00e5 imponere damene, og fridde til kona si allereie som 7-\u00e5ring.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>\u2013 For kvar dugnadsdag, f\u00e5r vi ei ekstra veke p\u00e5 jorda<\/p>\n<p>Ved Danmarks plass svingar 100-\u00e5ringen av mot n\u00e6ringsparken i Solheimsviken. <\/p>\n<p>Ein ny arbeidsdag ventar. Slik han gjer fire dagar i veka. <\/p>\n<p>Onsdagar kler han seg i kjeledress for \u00e5 rydde stiar, legge klopper og bygge gapahukar p\u00e5 Sm\u00f8r\u00e5sfjellet, etter ein avtale med Sankt Peter som kan gi evig liv: <\/p>\n<p><strong>\u2013 For kvar dugnadsdag, f\u00e5r vi ei ekstra veke p\u00e5 jorda, forklarer han.<\/strong><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_360.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_360.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_360.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_720.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_720.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_720.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_1080.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_1080.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/fda1451b-3503-44bc-a145-1b350354bce7_1080.jpg);\"><\/video><\/p>\n<p>Christian Rieber er Bergen sitt svar p\u00e5 Olav Thon, og k\u00f8yrer til jobb kvar dag. \u2013 Eg er djupt takksam for ikkje \u00e5 vere \u00abavskilta\u00bb, seier 100-\u00e5ringen. <\/p>\n<p>Det einaste han har slutta med er \u00e5 klatre i trea.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kroppen knirkar litt meir.<\/strong><\/p>\n<p>Til gjengjeld har han utvida \u00f8kta med morgongymnastikk til 40 minutt.<\/p>\n<p>Elles best\u00e5r resepten p\u00e5 eit langt og godt liv av selolje (\u00abei skei kvar morgon\u00bb), mykje vegetarmat, og tidvis faste. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Og s\u00e5 er det lurt \u00e5 g\u00e5 trappene. Ikkje bruk heisen, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Et eldre menneske holder en hvit kopp i h\u00e5nden, sittende ved et vindu. Personen ser ut mot en uskarp utsikt. Det er naturlig lys som kommer inn fra vinduet, og omgivelsene virker behagelige. Personen er kledd i en jakke og skjorte, og det er en rolig atmosf\u00e6re i rommet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3843\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\u2013 Eldreomsorga er det svakaste leddet i den norske velferdskjeda, og altfor mange eldre blir sett p\u00e5 sidelinja. Vi m\u00e5 bygge samfunnsstrukturar som gjer at fleire m\u00f8test p\u00e5 tvers, seier Christian Rieber.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"En eldre mann holder en hvit kaffekopp i h\u00e5nden, if\u00f8rt en m\u00f8rk blazer og lys skjorte. Bakgrunnen viser vinduer med en moderne bygning utenfor. Inne i rommet er det myk belysning og en koselig atmosf\u00e6re. Mannen ser mot kameraet mens han blir fotografert. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\u2013 Til ungdommen vil eg seie: Fri deg fr\u00e5 frykta og grip framtida med begge hender.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"En mann st\u00e5r ved et vindu i et moderne kontorlandskap, holder en kaffekopp i h\u00e5nden. Utenfor vinduet er det synlig flere bygninger. Rundt bordet i rommet st\u00e5r det tre stoler, og gulvet er av tre. Rommet har en lys atmosf\u00e6re med store vinduer som slipper inn naturlig lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Christian Rieber (100) er p\u00e5 kontoret fire dagar i veka. <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"En eldre mann st\u00e5r foran et maleri i en moderne innend\u00f8rssetting. Maleriet viser en portrett av en mann med klassisk p\u00e5kledning. Bakgrunnen har gr\u00f8nne toner og detaljer fra kontormilj\u00f8et er synlige. Mannen b\u00e6rer en burgunder jakke og ser mot kameraet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3842\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Christian Rieber med bestefaren Gottlieb Christian Rieber (1854\u20131947), som grunnla GC Rieber AS i 1879.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Den siste ungdomseliksiren er \u00ab\u00e5 leve p\u00e5 tvers\u00bb av generasjonane, og ikkje berre omg\u00e5 sine jamaldrande. <\/p>\n<p>P\u00e5 telefonen har han derfor installert Snapchat, som hjelper han \u00e5 halde kontakten med oldebarna. <\/p>\n<p><strong>Hans eigen oldefar kom til Bergen som tysk flyktning i 1817. <\/strong><\/p>\n<p>Skipet skulle til USA, men f\u00f8r det kom s\u00e5 langt brakk det mastene og dreiv i land p\u00e5 \u00f8ya Herdla utanfor Bergen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Oldefaren til Christian kom til Bergen med \u00abDei Zee Ploeg\u00bb, som havarerte og n\u00e5dde Herdla med 560 emigrantar om bord 22. september 1817.\" title=\"Grafikk: Public domain\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Oldefaren til Christian kom til Bergen med \u00abDei Zee Ploeg\u00bb, som havarerte og n\u00e5dde Herdla med 560 emigrantar om bord 22. september 1817.<\/p>\n<p>Grafikk: Public domain<\/p>\n<p>Begge foreldra d\u00f8ydde i stormen, s\u00e5 bergensarane forbarma seg over den unge Paul Gottlieb Rieber og dei fem s\u00f8skena hans. <\/p>\n<p>Slik begynner historia om eit familiekonsern som aldri har gl\u00f8ymt kor det kjem fr\u00e5, og som sidan 1879 har pr\u00f8vd \u00e5 bygge ein h\u00f8gare himling over verksemda si. <\/p>\n<p>\u2013 Takksemd, seier Christian.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er kva eg f\u00f8ler. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Dei gamle er dei som er ti \u00e5r eldre enn meg<\/p>\n<p>D\u00e5 han var ein liten gut, tok bestefaren han p\u00e5 fanget for \u00e5 gi han eit knippe reglar \u00e5 leve etter.<\/p>\n<p>S\u00e6rleg \u00e9in etsa seg fast: <\/p>\n<p>D\u00f8m andre sk\u00e5nsamt. Strengare deg sj\u00f8lv. For hugs, livet er ei stridbar elv, og ikkje alle like godt kan sv\u00f8mme.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser en stor havn med mange seilb\u00e5ter liggende til kai. Det er flere bygninger med skr\u00e5tak i treverk langs havnen, og personer kan sees g\u00e5ende p\u00e5 kaien. Omr\u00e5det er preget av aktivitet med containere og byggematerialer synlige. Bildet har et gammeldags, svart-hvitt preg som antyder at det er historisk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Knud Knudsen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">GC Rieber har drive med fiskeri, garveri, shippingverksemd og eigedomsinvesteringar sidan 1870-\u00e5ra. P\u00e5 bilete: Bryggen fotografert i 1866.<\/p>\n<p>Foto: Knud Knudsen<\/p>\n<p>D\u00e5 han konfirmerte seg 5. oktober 1941, fekk han ei ny oppfordring: <\/p>\n<p>Kjemp for alt kva du har kj\u00e6rt. D\u00f8y om s\u00e5 det gjeld. D\u00e5 er livet ei s\u00e5 sv\u00e6rt. D\u00f8den ikkje heller.<\/p>\n<p>\u2013 Det gjorde inntrykk. <\/p>\n<p>Christian svarte p\u00e5 talen ved \u00e5 bli med i Fanakompaniet, ei Milorg-gruppe p\u00e5 40 unge menn som delte ut ulovlege aviser og generelt laga kvalm for den tyske okkupanten. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Men eg var ikkje i nokon farlege situasjonar, og skal p\u00e5 ingen m\u00e5te vere nokon krigshelt, presiserer han.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser fem barn som sitter sammen p\u00e5 en sofa. Den midterste barnet st\u00e5r oppreist, if\u00f8rt en hvit kjole, mens de andre barna sitter p\u00e5 hver sin side. De to eldre barna til venstre har p\u00e5 seg marinebl\u00e5 og gr\u00e5 kapper, mens de to til h\u00f8yre har p\u00e5 seg m\u00f8rke jakker. Bakgrunnen er en ensfarget, lys gr\u00e5 vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Atelier K.K.\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Christian (til venstre) og s\u00f8skena Dagny, Mi, Maik og Paul. Minstemann Paul d\u00f8ydde i 2023, men alle s\u00f8strene er framleis i live. <\/p>\n<p>Foto: Atelier K.K.<\/p>\n<p>Etter krigen blei Christian ein del av Tysklandsbrigaden, for \u00e5 hjelpe til med gjenoppbygginga av eit land i ruinar.<\/p>\n<p>I dag er han den einaste attlevande fr\u00e5 Fanatroppen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dei eg levde saman med finst ikkje lenger. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det kom litt plutseleg p\u00e5. Eg har alltid tenkt at dei gamle er dei som er ti \u00e5r eldre enn meg. Det g\u00e5r ikkje lenger.<\/p>\n<p>Den neste \u00abkrigen\u00bb handla om selfangst.<\/p>\n<p>\u2013 Fjella har betydd kolossalt mykje for meg<\/p>\n<p>GC Rieber var sj\u00f8lve selfangstreiarlaget p\u00e5 store delar av 1900-talet, men utover 70- og 80-talet auka motstanden. <\/p>\n<p><strong>Noreg hadde allereie eit frynsete rykte p\u00e5 grunn av kvalfangsten, og no retta verdas auge seg mot slaktinga av selane.<\/strong><\/p>\n<p>\u00abChristian Rieber, du er d\u00f8dens kj\u00f8pmann og ein sadistisk og vond mann\u00bb, heiter det i eit engelskspr\u00e5kleg brev som er utstilt p\u00e5 Ishavsmuseet. <\/p>\n<p><strong>Presset auka, og gode r\u00e5d var dyre.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"selfangstekspedisjon \" title=\"Foto: Per H\u00f8st \/ Riksarkivet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Den norske fangsten av gr\u00f8nlandssel og klappmyss i Vesterisen og Austisen utgjorde i 1970-\u00e5ra rundt 100.000 dyr \u00e5rleg. Sidan den gong har utbyttet g\u00e5tt kraftig tilbake.<\/p>\n<p>Foto: Per H\u00f8st \/ Riksarkivet<\/p>\n<p>\u00abG\u00e5 ut og still deg opp p\u00e5 fjellet for Herrens ansikt, s\u00e5 vil Herren g\u00e5 forbi\u00bb heiter det i Den gamle boka, og konsernleiaren inns\u00e5g at han m\u00e5tte opp i h\u00f8gda p\u00e5 same vis.<\/p>\n<p><strong>Der lufta er litt tynnare, sikta er betre, og det er mogleg \u00e5 tenke klart. <\/strong><\/p>\n<p>Under ei fjellvandring i dei italienske alpane fekk han svar: Selfangsten m\u00e5tte avviklast. <\/p>\n<p>Det hjelpte ikkje at den heldt liv i arbeidsplassar og verdikjeder. Plasteret m\u00e5tte av. Jo raskare, jo betre.<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_360.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_360.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_360.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_720.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_720.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_720.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_1080.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_1080.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/b6a7dab6-8e25-463f-a7da-b68e25a63fde_1080.jpg);\"><\/video><\/p>\n<p>Christian Rieber blei \u00abneddynka\u00bb med protestbrev mot selfangsten i 1985. Breva kom fr\u00e5 heile verda.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hugsar korleis eg gjekk oppover ei stor skr\u00e5ning, og kan framleis sj\u00e5 for meg lyset. Der sa eg h\u00f8gt til meg sj\u00f8lv: Neste \u00e5r er det over med selfangsten. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Fjella har betydd kolossalt mykje for meg. Alle mine st\u00f8rste avgjerder er tatt aleine i h\u00f8gda.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Hallingskarvet\" title=\"Foto: Espen Faugstad\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Statsminister Jonas Gahr St\u00f8re g\u00e5r til Hallingskarvet n\u00e5r han skal tenke i fred. Christian Rieber gjer det same. Han trekker mot h\u00f8gda n\u00e5r han skal ta store avgjerder. <\/p>\n<p>Foto: Espen Faugstad<\/p>\n<p>\u2013 Noko av uskulda og samhaldet har g\u00e5tt tapt<\/p>\n<p>Nokre \u00e5r tidlegare sa han nei til det norske oljeeventyret, sj\u00f8lv om selskapet deltok i det f\u00f8rste oljefunnet i Nordsj\u00f8en og var i pole position.<\/p>\n<p>Mykje var forandra sidan han reiste med lastebil for \u00e5 handle saue- og kalveskinn fr\u00e5 gardbrukarar i Sogn og Fjordane, men l\u00e6resetningane til bestefaren kima enno: <\/p>\n<p>Selskapet skulle ikkje berre tenke butikk. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Det var ei spesiell avgjerd \u00e5 ta, \u00e5 ikkje g\u00e5 inn i oljebransjen. Men eg angrar ikkje. <\/strong><\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om nasjonen har fossa fram i heile hans levetid, meiner han at noko av uskulda og samhaldet har g\u00e5tt tapt. <\/p>\n<p>\u2013 Vi er eit folk bygd p\u00e5 fiske og fangst og jordbruk, og stort sett overalt i Noreg var det sm\u00e5industri. Olja forandra alt dette, og har tillate oss \u00e5 gjere ting som etterkommarane v\u00e5re kan komme til \u00e5 slite med.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"En kvinne i r\u00f8d blazer gestikulerer mens hun snakker. Bakgrunnen viser et maleri av en mann i formell kl\u00e6r. Omgivelsene ser ut til \u00e5 v\u00e6re et rom med moderne interi\u00f8r. Kvinnen virker engasjert i samtalen.\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Terje Pedersen \/ NTB\n      <\/p>\n<p>Erna Solberg, H\u00f8gre-leiar<\/p>\n<p>Christian Rieber har vore ein utruleg viktig samfunnsbyggar i Bergen gjennom mange \u00e5r. Han har skapt arbeidsplassar i byen v\u00e5r, verdiar til fellesskapen, og han har i tillegg delt raust med det frivillige og kulturlivet. Aktivitetsniv\u00e5et, humoren og entusiasmen hans smittar, og bergensarar er utruleg heldige som har f\u00e5tt nyte godt av samfunnsengasjementa til hundre\u00e5ringen gjennom generasjonar! <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Ordf\u00f8rer i Bergen, Marit Warncke (H), holder tale i forbindelse med Internasjonal uke i Bergen\"  width=\"3840\" height=\"2159\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Simon Skjelvik Brandseth \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Marit Warncke, ordf\u00f8rar i Bergen<\/p>\n<p>Christian Rieber betyr sv\u00e6rt mykje for Bergen, og representerer eit str\u00e5lande eksempel p\u00e5 ein n\u00e6ringslivsleiar som ut\u00f8ver eit stort samfunnsansvar.\u00a0Dette samfunnsengasjementet og -ansvaret har han alltid tatt p\u00e5 djupaste alvor. Denne tradisjonen der bedriftsleiarar bidrar langt utover det \u00e5 bygge eigne selskap er noko Bergen kan vere stolt av.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Styreleder i Festspillene i Bergen, Thorhild Widvey og nyansatt festspilldirekt\u00f8r Lars Petter Hagen. \"  width=\"3840\" height=\"2162\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Roza Sadik Bawan \/ NRK Hordaland\n      <\/p>\n<p>Lars Petter Hagen, festspeldirekt\u00f8r <\/p>\n<p>Christians personlege engasjement og innsats for \u00e5 gjere kulturen tilgjengeleg for fleire betyr mykje for sv\u00e6rt mange, og for Festspillene. Han er ein brubyggar mellom n\u00e6ringsliv og kulturliv, mellom tradisjon og fornying \u2013 og ikkje minst mellom menneske i alle aldrar.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Bergen  20150429.Christian Rieber (i midten) f\u00e5r Christieprisen 2015 av rektor Dag Rune Olsen (t.v.) og Knut Helland, juryleder for Christieprisen.Foto: Thor Br\u00f8dreskift \/ UiB \/ NTB scanpix\"  width=\"3840\" height=\"2156\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Thor Br\u00f8dreskift thor brodreskift \/ UiB \/ NTB scanpix\n      <\/p>\n<p>Christieprisen <\/p>\n<p>Christian Rieber har vunne Christieprisen for si mange\u00e5rig st\u00f8tte til klima- og helseforsking. Prispengane p\u00e5 250.000 kroner gav han vidare til studentar p\u00e5 Griegakademiet.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Det finst rom i oss kor orda ikkje n\u00e5r fram, ein namnlaus stad som berre kunsten kan vise oss. <\/p>\n<p>I Christian har den klassiske musikken tatt bustad. <\/p>\n<p>D\u00e5 The Beatles var p\u00e5 h\u00f8gda, var han allereie ein middelaldrande mann i 40-\u00e5ra og forbi dei mest inntrykksvare \u00e5ra. <\/p>\n<p>N\u00e5r han skrur p\u00e5 radioen, er det derfor NRK Klassisk som gjeld, sj\u00f8lv om han ogs\u00e5 h\u00f8yrde litt p\u00e5 dansemusikk i ungdoms\u00e5ra. <\/p>\n<p>\u2013 Er du ein god dansar? <\/p>\n<p><strong>\u2013 Ja, eg var det. Eg till\u00e8t meg \u00e5 seie det. Vi hadde ball og mykje moro.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En eldre mann sitter i en kontorstol og holder en nettbrett i hendene. Han har p\u00e5 seg en m\u00f8rk blazer og en lys skjorte. I bakgrunnen kan man se en datamaskin, en skrivebordoverflate med kontorutstyr og lysere trevegg. Omgivelsene gir inntrykk av en moderne kontorplass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Therese G. Pisani \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Christian Rieber gir seg ikkje, men har slutta \u00e5 klatre i tretoppane. \u2013 Eg har blitt litt d\u00e5rleg i ein fot, men elles klarer eg meg bra.\n<\/p>\n<p>Foto: Therese G. Pisani \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Eg er nesten p\u00e5 slutten no<\/p>\n<p>F\u00f8rste gong han fridde til kona si var han berre sju \u00e5r gammal. D\u00e5 fekk han beskjed om \u00e5 komme tilbake n\u00e5r mj\u00f8lketennene var ute. <\/p>\n<p><strong>17 \u00e5r seinare sa Ragna Sofie Rieber ja under ei vigsling i Paris i 1949.<\/strong><\/p>\n<p>Ho d\u00f8ydde i 2011, og sidan har Christian vore i det han kallar \u00abskumringstida\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er nesten p\u00e5 slutten no, og hadde ein fastlagd skjebne fr\u00e5 f\u00f8rste stund: Eg skulle overta familieselskapet, og s\u00e5nn var det.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Men det har vore eit godt liv. Ja, det har vore tunge dagar, men summen av det er slik at eg vil seie takk for livet. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg har elleve oldebarn, og her om dagen begynte det eine barnet \u00e5 g\u00e5. Ho sleppte seg heime hos meg, og d\u00e5 tenkte eg: Kor mange steg skal du g\u00e5?<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En eldre mann st\u00e5r ved et vindu med skyline i bakgrunnen. Han holder en hvit kopp i h\u00e5nden. Mannen er kledd i en m\u00f8rk jakke over en lys skjorte. Omgivelsene gir inntrykk av et moderne kontorlandskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Therese G. Pisani \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">HOW MANY ROADS MUST A MAN WALK DOWN? \u2013 Til ungdommen vil eg seie: Fri deg fr\u00e5 frykta og grip framtida med begge hender, seier Christian Rieber. <\/p>\n<p>Foto: Therese G. Pisani \/ NRK<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det f\u00f8rste han hugsar er eit luftskip som segla over Bergen, som eit varsel om ei ny tid.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":121220,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-121219","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115776136590886959","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/121219","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=121219"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/121219\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/121220"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=121219"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=121219"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=121219"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}