{"id":121412,"date":"2025-12-25T07:24:12","date_gmt":"2025-12-25T07:24:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/121412\/"},"modified":"2025-12-25T07:24:12","modified_gmt":"2025-12-25T07:24:12","slug":"anonym-givar-vipsa-frode-urkedal-40-000-for-a-delta-i-vm-i-lyn-og-hurtigsjakk-nrk-sport-sportsnyheter-resultater-og-sendeplan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/121412\/","title":{"rendered":"Anonym givar vipsa Frode Urkedal 40.000 for \u00e5 delta i VM i lyn- og hurtig\u00adsjakk \u2013 NRK Sport \u2013 Sportsnyheter, resultater og sendeplan"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<ul>\n<li>Frode Urkedal, rangert som Noregs sjette beste sjakkspelar, har aldri delteke i sjakk-VM grunna h\u00f8ge kostnader.<\/li>\n<li>Under eit utdrikkingslag der han spelte simultansjakk, fekk han uventa 40.000 kroner via Vipps fr\u00e5 ein anonym sjakkentusiast.<\/li>\n<li>Givaren, som er lidenskapeleg oppteken av sjakk, \u00f8nskte \u00e5 st\u00f8tte Urkedal, men vil vere anonym av famili\u00e6re \u00e5rsaker.<\/li>\n<li>Urkedal reiser til Qatar for \u00e5 debutere i VM i lyn- og hurtigsjakk i romjula, med m\u00e5l om \u00e5 gjere det s\u00e5 bra som mogleg.<\/li>\n<li>NRKs sjakkekspert Torstein Bae meiner Urkedal kan overraske og imponere i meisterskapen.<\/li>\n<li>VM i lyn- og hurtigsjakk g\u00e5r f\u00f8re seg fr\u00e5 26. til 30. desember og kan sj\u00e5ast p\u00e5 NRK.<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>\u2013 Eg tenkte: \u00abH\u00e6? Vipsar han meg 40.000?\u00bb, seier Frode Urkedal til NRK.<\/strong><\/p>\n<p>Han er rangert som Noregs sjette beste sjakkspelar, men han har aldri delteke i sjakk-VM tidlegare.<\/p>\n<p>Dette av ein enkel grunn: Det har vore for kostbart.<\/p>\n<p>Men ein fuktig dag p\u00e5 ein sjakkpub i Oslo gjorde at han i romjula reiser til Qatar for \u00e5 debutere i VM i lyn- og hurtigsjakk.<\/p>\n<p>\u00abSjakkboms\u00bb<\/p>\n<p>Frode Urkedal lever og andar for sjakk.<\/p>\n<p>Det g\u00e5r i sjakk d\u00f8gnet rundt. Stormeisteren spelar sjakk, skriv sjakkspaltar og trenar folk som vil bli betre i sjakk.<\/p>\n<p>\u2013 Er du ein \u00absjakkboms\u00bb?<\/p>\n<p>\u2013 Eg veit ikkje kva ein skal kalle det. Sjakkspelar, \u00absjakkboms\u00bb? Eg kan godt vere ein stolt \u00absjakkboms\u00bb, seier Frode Urkedal.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Frode Urkedal setter opp sjakkbrikker\" title=\"Foto: Hans Solbakken\/NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u00abSJAKKBOMS\u00bb: Frode Urkedal lever av og for sjakk. <\/p>\n<p>Foto: Hans Solbakken\/NRK<\/p>\n<p>Og det var som stormeister han var innleigd til \u00e5 spele simultansjakk mot eit heilt utdrikkingslag i mars i \u00e5r.<\/p>\n<p>Urkedal fortel at ettermiddagen gjekk fuktig for seg for b\u00e5de brudgommen, kompisgjengen hans og for stormeisteren Urkedal sj\u00f8lv ogs\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Han eine kom bort til meg og sa at eg ogs\u00e5 m\u00e5tte drikke, slik at eg ikkje skulle sl\u00e5 dei s\u00e5 lett, seier Urkedal.<\/p>\n<p>\u2013 Som ein draum<\/p>\n<p>Etter at haugevis med sjakkparti var spelt og ein del alkohol var drukke, vart Urkedal og den eine deltakaren p\u00e5 utdrikkingslaget sittande igjen og snakke om sjakk, mens resten av utdrikkingslaget reiste vidare.<\/p>\n<p>Det er da Vipps-overf\u00f8ringa kjem inn i bildet.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Han spurde meg: \u00abSkal du spele VM?\u00bb. Eg svarte at det kostar for mykje, fortel Urkedal.<\/strong><\/p>\n<p>Dette kostar det \u00e5 delta i sjakk-VM<\/p>\n<ul>\n<li>For \u00e5 delta i sjakk-VM m\u00e5 ein betale p\u00e5meldingsavgift. I open klasse er denne 100 amerikanske dollar, om lag 1000 norske kroner, viss du melde deg p\u00e5 f\u00f8r 1. november 2025. Avgifta er 200 amerikanske dollar, om lag 2000 norske kroner, viss du melde deg p\u00e5 etter 1. november 2025.<\/li>\n<li>I kvinneklassen er avgifta 50 amerikanske dollar og 100 amerikanske dollar ved p\u00e5melding f\u00f8r og etter 1. november.<\/li>\n<li>Som spelar sett det internasjonale sjakkforbundet Fide som krav at du skal bu p\u00e5 eitt av dei fire offisielle hotellene. Prisene varierer fr\u00e5 160 amerikanske dollar(ca 1600 NOK) per natt til 500 amerikanske dollar(ca 5000 NOK) per natt.<\/li>\n<li>Spelarane m\u00e5 betale reise til og fr\u00e5 Qatar sj\u00f8lve.<\/li>\n<li>Om ein treng eller vil ha med assistanse m\u00e5 ein betale 100 amerikanske dollar i avgift pluss andre tilleggskostnader.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Han seier at vedkomande held fram med \u00e5 sp\u00f8rje kor mykje det kosta \u00e5 vere med og om han ville delteke om han hadde pengane.<\/p>\n<p>Det bekrefta Urkedal at han ville gjort.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Frode Urkedal ble vippset 40.000\" title=\"Foto: Hans Solbakken \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">OVERF\u00d8RINGA: 40.000 tikka inn p\u00e5 kontoen til Urkedal. <\/p>\n<p>Foto: Hans Solbakken \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 bad han om telefonnummeret mitt.<\/p>\n<p>Sekund seinare fekk han eit varsel p\u00e5 telefonen sin om at han hadde f\u00e5tt 40.000 kroner p\u00e5 Vipps.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg kunne liksom ikkje tru det. Det var som ein draum, liksom, seier Urkedal.<\/strong><\/p>\n<p>Slik st\u00f8ttar Noregs sjakkforbund VM-ut\u00f8varane:<\/p>\n<ul>\n<li>Noregs Sjakkforbund fortel til NRK at dei st\u00f8ttar dei norske spelarane som s\u00f8kjer med 5000 kroner for \u00e5 delta i VM i lyn- og hurtigsjakk.<\/li>\n<li>I tillegg gjev dei alle deltakarar st\u00f8tte til overnatting i Oslo natt til 25. desember, viss dei treng det for \u00e5 ta eit tidleg fly til VM. Ut\u00f8varane f\u00e5r ogs\u00e5 landslagstr\u00f8yer.<\/li>\n<li>Utover dette er det mogleg \u00e5 s\u00f8ke st\u00f8tte fr\u00e5 ulike fond i forbundet.<\/li>\n<li>Sjakkforbundet presiserer at dei \u00f2g bist\u00e5r ut\u00f8varane sine med sportsleg oppf\u00f8lging, administrativ hjelp, dialog med eksterne akt\u00f8rar og handtering av eventuelle tvistar. Dei legg ogs\u00e5 til at dei heile tida jobbar for \u00e5 st\u00f8tte sine spelarar s\u00e5 godt som mogleg.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Givaren: \u2013 Kan skape utfordringar p\u00e5 heimebane<\/p>\n<p>NRK har snakka med personen som sende Urkedal dei 40.000 kronene. Givaren ynskjer \u00e5 vere anonym.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi var i eit veldig godt lag og i godt hum\u00f8r, s\u00e5 fann eg ut at det ville eg bidra med, seier givaren til NRK.<\/strong><\/p>\n<p>Vipsaren fortel at han er lidenskapeleg oppteken av sjakk og tykkjer det er fint \u00e5 st\u00f8tte opp slik at fleire kan kome seg til VM.<\/p>\n<p>I tillegg har Urkedal gjeve tilbake ved \u00e5 stille opp i sjakklubben der givaren er aktiv, utan at det var noko kriterium da overf\u00f8ringa av pengane vart gjennomf\u00f8rt.<\/p>\n<p>\u2013 Korleis har du r\u00e5d?<\/p>\n<p>\u2013 Ingen kommentar.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann sitter ved et bord med et sjakkbrett foran seg. Han har armene krysset og ser mot kameraet. I bakgrunnen er det et skap med sjakkfigurer og en annen bordplass med sjakkbrett. Et kaffekrus st\u00e5r p\u00e5 bordet ved siden av sjakkbrettet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Hans Solbakken\/NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">SURREALISTISK: Urkedal kunne ikkje tru det da han plutseleg vart vipsa 40.000. <\/p>\n<p>Foto: Hans Solbakken\/NRK<\/p>\n<p>\u2013 Kvifor ynskjer du \u00e5 vere anonym?<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo litt det her med at pengane g\u00e5r ut fr\u00e5 ein konto. Og det finst jo enkelte andre familiemedlemmer som har tilgang til den kontoen. Og viss det kjem ut at eg har brukt dei pengane p\u00e5 sjakk, s\u00e5 kan det skape litt famili\u00e6re utfordringar p\u00e5 heimebane, seier givaren hum\u00f8rfylt.<\/p>\n<p>\u2013 Har du angra i etterkant?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg stilte vel nokre sp\u00f8rsm\u00e5l ved eiga forstand etterp\u00e5, men nei. Sett i lys av kva vi har f\u00e5tt igjen for det, i form av Frodes framferd i Lillestr\u00f8m sjakklubb, og at det har bidrege til at han stiller opp i eit VM, s\u00e5 har det vore verdt det.<\/strong><\/p>\n<p>Desse skal delta for Noreg i sjakk-VM 2025<\/p>\n<p>I den opne turneringa er desse nordmennene p\u00e5melde:<\/p>\n<ul>\n<li>Magnus Carlsen<\/li>\n<li>Johan-Sebastian Christiansen<\/li>\n<li>Frode Urkedal<\/li>\n<li>Elham Amar<\/li>\n<li>H\u00e5vard Haug<\/li>\n<\/ul>\n<p>I kvinneturneringa er desse nordmennene p\u00e5melde:<\/p>\n<ul>\n<li>Monika Machlik<\/li>\n<li>Christine Nordahl<\/li>\n<li>Ingrid Skaslien<\/li>\n<\/ul>\n<p>Bae: \u2013 Kan overraske<\/p>\n<p>NRKs sjakkekspert Torstein Bae er imponert av givaren som sender Urkedal til VM.<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo ei utruleg festleg historie, seier Bae.<\/p>\n<p>Han meiner at Urkedal har gode f\u00f8resetnader til \u00e5 hevde seg, spesielt dei f\u00f8rste tre dagane av VM. Da spelast det hurtigsjakk, som har lengre tenketid enn lynsjakk.<\/p>\n<p>\u2013 Han har jo potensialet til \u00e5 hevde seg mot sv\u00e6rt mange her og er jo ein rutinert og god spelar. Han er jo ogs\u00e5 etter kvart blitt ein vaksen kar, s\u00e5 eg trur ikkje vi skal rekne med at Frode tar medalje her, men at han kan overraske og imponere oss mange gongar gjennom fem dagar i romjula, seier Bae<\/p>\n<p>F\u00f8rste juledag set Urkedal seg p\u00e5 flyet til Doha i Qatar. Han er spent f\u00f8r VM-debuten, men ser fram til meisterskapen.<\/p>\n<p>\u2013 Mi m\u00e5lsetting er \u00e5 gjere det s\u00e5 bra som mogleg. Eg h\u00e5par eg f\u00e5r spelt mot mange gode spelarar. God motstand er god trening, seier Urkedal.<\/p>\n<p>VM i lyn- og hurtigsjakk kan du sj\u00e5 p\u00e5 NRK fr\u00e5 26. til og med 30. desember. <\/p>\n<p>Slik spelast VM i lyn- og hurtigsjakk<\/p>\n<ul>\n<li>VM arrangerast i 2025 i Doha i Qatar fr\u00e5 26. til 30. desember.<\/li>\n<li>VM har to separate turneringar der VM i hurtigsjakk spelast 26. 27 og 28. desember, mens VM i lynsjakk avsluttar meisterskapen 29. og 30. desember.<\/li>\n<li>I hurtigsjakk spelar dei totalt 13 parti, der den med flest poeng etter siste parti g\u00e5r av med sigeren.<\/li>\n<li>I lynsjakk spelar dei totalt 19 parti. Da vil dei fire beste g\u00e5 vidare til semifinale og deretter finale.<\/li>\n<li>Heile meisterskapen ser du p\u00e5 NRK fr\u00e5 klokka 12:00 kvar dag.<\/li>\n<\/ul>\n<p>        St\u00e5le Solbakken: \u2013Jeg hater det<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"playlist-item__img\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/yySttM_laZA1gpvxWZWVcw2vyvuCpPYaA8HMt2L52Zdg.jpeg\"\/><br \/>\n     \u00abJinxer\u00bb Viking det med gull\u00f8let her<br \/>\n    00:39<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"playlist-item__img\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/8T8wo9gAULSdkm0hng4mdQqpl8NHrz4_ureOf9g97LhA.jpeg\"\/><br \/>\n     34 \u00e5r siden Viking tok gull<br \/>\n    01:08<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"playlist-item__img\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/wkEVta2glnNYKn7fuw5DvgHAEgT2Xe_VXCTURyRzZtsg.jpeg\"\/><br \/>\n     Feirer med \u00abgriddy\u00bb mot Brasil<br \/>\n    01:00<\/p>\n<p>\n          Vis flere\n        <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>25.12.2025, kl. 07.44<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Frode Urkedal, rangert som Noregs sjette beste sjakkspelar, har aldri delteke i sjakk-VM grunna h\u00f8ge kostnader.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":121413,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-121412","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115779015111908502","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/121412","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=121412"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/121412\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/121413"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=121412"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=121412"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=121412"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}