{"id":121984,"date":"2025-12-26T07:05:09","date_gmt":"2025-12-26T07:05:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/121984\/"},"modified":"2025-12-26T07:05:09","modified_gmt":"2025-12-26T07:05:09","slug":"ikkje-berre-berre-for-berrum-kultur","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/121984\/","title":{"rendered":"Ikkje berre berre for Berrum \u2013 Kultur"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Eg elskar \u00e5 tulle med livet, men eg elskar ogs\u00e5 \u00e5 forst\u00e5 det, seier Lars Berrum.<\/strong><\/p>\n<p>Den kjende komikaren er aktuell med TV-serien \u00abTabu\u00bb, eit program som tek oss med inn i livssituasjonar mange helst unng\u00e5r \u00e5 snakke om.<\/p>\n<p>Gjennom sterke m\u00f8ter og standup p\u00e5 kanten, vil han utfordre b\u00e5de seg sj\u00f8lv og publikum til \u00e5 sj\u00e5 menneske, ikkje berre kategoriar.<\/p>\n<p>Lars Berrum m\u00f8ter menneske med utfordringar i TV-serien \u00abTabu\u00bb. Her saman med gruppa som har Tourettes.<\/p>\n<p>Under overflata<\/p>\n<p><strong>Konseptet er enkelt, men kraftfullt: I kvar episode m\u00f8ter Berrum fire personar med ei felles utfordring.<\/strong><\/p>\n<p>Det kan vere transpersonar, kortvaksne, blinde eller menneske med d\u00f8deleg sjukdom.<\/p>\n<p>Dei bur saman ei veke p\u00e5 ein idyllisk stad, langt fr\u00e5 kvardagsstress og sosiale filter.<\/p>\n<p>\u2013 Det er bygd opp som ein slags ferie, men det blir alt anna enn overflatisk, seier han.<\/p>\n<p>\u2013 Vi snakkar, et frukost, middag, kvelds og har lange samtalar om livet.<\/p>\n<p>    <img alt=\"tv-team i arbeid\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"noen spiller crocket\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>\u00abTabu\u00bb blei spelt inn p\u00e5 ein vakker stad i Sverige, i tillegg til standup-scener fr\u00e5 Oslo.<\/p>\n<p>Foto: Heather \u00d8rbeck Eliassen<\/p>\n<p>N\u00e5r veka er over, m\u00f8test dei igjen p\u00e5 Christiania Teater i Oslo.<\/p>\n<p>D\u00e5 st\u00e5r Berrum p\u00e5 scena med eit standupshow basert p\u00e5 opplevingane fr\u00e5 turen, med gjestene p\u00e5 f\u00f8rste rad.<\/p>\n<p>\u2013 Det vi ser i serien, er ein fantastisk hyttetur med gode samtalar, avbroten av standup. Det er eit konsept som b\u00e5de er varmt og utfordrande, seier han.<\/p>\n<p>Dette er \u00abTabu\u00bb<\/p>\n<ul>\n<li>\u00abTabu\u00bb handlar om at komikar Lars Berrum blir kjend med ulike grupper menneske som ofte blir ramma av fordommar eller stigma.<\/li>\n<li>Berrum m\u00f8ter og blir kjent med blinde, bevegelseshemma, transpersonar, kortvokste, folk med Tourettes og d\u00f8deleg sjuke.<\/li>\n<li>Berrum bruker kunnskapen han har tileigna seg i m\u00f8te med gjestene til \u00e5 skrive og framf\u00f8re stand-up-humor med sine nye vener i sentrum<\/li>\n<li>Denne stand-up-delen vert spelt inn framfor eit publikum, der medlemmar fr\u00e5 den aktuelle gruppa er heidersgjester i salen.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Open som person<\/p>\n<p>39-\u00e5ringen Lars Berrum har dei siste \u00e5ra markert seg meir og meir som ein sentral person i det norske humormilj\u00f8et.<\/p>\n<p>Men i mange \u00e5r f\u00f8r det var det i heilt andre samanhengar han sparka fr\u00e5 seg med sine 198 centimeter.<\/p>\n<p>Ikkje minst i karatesporten, der han blant anna blei noregsmeister og deltok b\u00e5de junior-EM og US Open.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Lars Berrum i karatedrakt\" title=\"Foto: mizuchi.no\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lars Berrum som 19-\u00e5ring. D\u00e5 tevla han p\u00e5 h\u00f8gt niv\u00e5 i karate.<\/p>\n<p>Foto: mizuchi.no<\/p>\n<p>Seinare blei det sjukepleiarutdanning, f\u00f8r humoren tok over det meste av Berrum sitt liv.<\/p>\n<p><strong>Heile tida med ein stor grad av empati og interesse for andre menneske. <\/strong><\/p>\n<p>Som d\u00e5 han gjekk tilbake til sjukepleiaryrket under pandemien.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er ganske open og eigentleg lite fordomsfull, seier Berrum og tenker seg godt om.<\/p>\n<p>Det er viktig \u00e5 sleppe ber\u00f8ringsangsten, meiner han.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 i m\u00f8te med menneske som har fordommar knytte til seg, anten det er funksjonsvariasjonar eller alvorleg sjukdom.<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo ikkje noko farleg \u00e5 stille sp\u00f8rsm\u00e5l til ein som er d\u00f8deleg sjuk. Det er ikkje noko farleg \u00e5 stille eit sp\u00f8rsm\u00e5l til ein om kjedelege ting dei opplever.<\/p>\n<p>Tullar med livet<\/p>\n<p>I den nye serien blir Berrum utfordra. Men han vil ogs\u00e5 at publikum skal bli utfordra p\u00e5 store sp\u00f8rsm\u00e5l i livet.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er veldig glad i det eksistensielle ved mennesket, seier han.<\/p>\n<p>Dei som har f\u00f8lgd Lars Berrum tett veit ogs\u00e5 at han gjerne viser til for lengst avd\u00f8de filosofar.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Tabu - Lars Berrum - \"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Tabu - Lars Berrum - \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Lars Berrum meiner det er viktig \u00e5 bryte ned tabu.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i<\/p>\n<p>Ikkje minst den danske filosofen S\u00f8ren Kierkegaard, kjend blant anna for sitatet \u00ablivet kan berre forst\u00e5ast baklengs, men det m\u00e5 levast framlengs\u00bb.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg elskar \u00e5 tulle med det som livet er og det livet gir.<\/strong><\/p>\n<p>Gjennom den nye serien \u00abTabu \u00abviser han nettopp at alt kan tullast med, det handlar berre om m\u00e5ten det blir gjort p\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Det handlar om m\u00f8tet mellom menneske og \u00e5 snakke om det som g\u00e5r f\u00f8re seg inni og rett p\u00e5 utsida av oss sj\u00f8lve.<\/p>\n<p>Stort \u00e5 bli far<\/p>\n<p>Gjennom podkastar som \u00abBerrum og Beyer snakker om greier\u00bb har publikum f\u00e5tt eit innblikk i kva som r\u00f8rer seg i sjela til komikaren.<\/p>\n<p>Han snakkar ope om livsutfordringar og personlege ting, utan \u00e5 bli privat.<\/p>\n<p>I mars 2024 fortalde han i podkasten at han og sambuaren var blitt foreldre.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har pr\u00f8vd \u00e5 forst\u00e5 at f\u00f8dsel er heftig og g\u00e5r inn med den tanken. Men \u00e5 sj\u00e5 det p\u00e5 n\u00e6rt hald korleis kroppen til kvinner fungerer, er jo p\u00e5 eit heilt nytt niv\u00e5.<\/p>\n<p><strong>F\u00f8r f\u00f8dselen jobba han mykje med seg sj\u00f8lv. Han ville trappe ned, sette av tid og vere flink til \u00e5 seie nei.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det har g\u00e5tt s\u00e5nn midt p\u00e5 treet, seier Berrum og ler.<\/p>\n<p>    <img alt=\"Tabu - Lars Berrum - \"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Tabu - Lars Berrum - \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Lars Berrum torer \u00e5 utfordre seg sj\u00f8lv, b\u00e5de p\u00e5 TV og i livet generelt.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i<\/p>\n<p>Men han er n\u00f8gd med livet slik det er no, sj\u00f8lv om alt blir annleis n\u00e5r eit barn snur alt opp ned.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 d\u00e5 m\u00e5 eg liksom enten stange med mitt tidlegare liv, som ikkje g\u00e5r opp i det nye livet, eller pr\u00f8ve \u00e5 tilpasse meg, seier komikaren.<\/p>\n<p>Ein del av majoriteten<\/p>\n<p>Gjennom arbeidet med den nye serien har han blitt n\u00f8ydd til \u00e5 sj\u00e5 seg sj\u00f8lv i spegelen p\u00e5 nye m\u00e5tar.<\/p>\n<p>Det har vore b\u00e5de t\u00f8ft og fint \u00e5 m\u00f8te menneske som dagleg blir utsett for stigmatisering og tabu i samfunnet.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg sit igjen med at eg er ganske privilegert. Eg har ikkje funksjonsnedsetjing, eg er heterofil mann og ein del av majoriteten i samfunnet.<\/strong><\/p>\n<p>    <img alt=\"Tabu\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"Tabu - Lars Berrum - \"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Fr\u00e5 innspelinga av serien og stand up-showet.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i og Robert R\u00f8nning<\/p>\n<p>Han tilh\u00f8yrer sj\u00f8lv den delen av samfunnet som ikkje treng \u00e5 ta stilling til det andre m\u00e5 kjempe med og mot kvar dag.<\/p>\n<p>\u2013 Det har eg tenkt mykje p\u00e5 etter desse m\u00f8ta, seier han.<\/p>\n<p>N\u00e5r han ser tilbake p\u00e5 arbeidet med serien, er det med ei blanding av optimisme og vemod.<\/p>\n<p>\u2013 Serien inneheld h\u00e5p for verda, men \u00f2g litt tristesse over at ting er som dei er. Eg h\u00e5par folk blir inspirerte til \u00e5 sj\u00e5 menneske, ikkje berre grupper, avsluttar Lars Berrum.<\/p>\n<p><strong>Premieren er 3. januar. D\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 om komikaren klarer \u00e5 gjere det mest alvorlege \u2013 tabu \u2013 til noko som b\u00e5de r\u00f8rer og f\u00e5r oss til \u00e5 le.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg elskar \u00e5 tulle med livet, men eg elskar ogs\u00e5 \u00e5 forst\u00e5 det, seier Lars Berrum. Den&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":121985,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-121984","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115784602426846925","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/121984","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=121984"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/121984\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/121985"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=121984"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=121984"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=121984"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}