{"id":122006,"date":"2025-12-26T08:13:13","date_gmt":"2025-12-26T08:13:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/122006\/"},"modified":"2025-12-26T08:13:13","modified_gmt":"2025-12-26T08:13:13","slug":"eitt-ar-sidan-bussulykka-i-hadsel-dette-har-nokre-av-dei-involverte-laert-nordland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/122006\/","title":{"rendered":"Eitt \u00e5r sidan bussulykka i Hadsel. Dette har nokre av dei involverte l\u00e6rt \u2013 Nordland"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Eg hugsar at eg tenkte at eg m\u00e5tte kome meg til Svolv\u00e6r for \u00e5 vere saman med kj\u00e6rasten min i jula. Eg hadde jo k\u00f8yrt den vegen mange gonger.<\/p>\n<p>Det er eitt \u00e5r sidan Kathrine (15) fylte bagen sin med klede, parfyme, toalettsaker og juleg\u00e5ver.<\/p>\n<p>Ho bur i L\u00f8dingen, rundt to timar k\u00f8yring unna kj\u00e6rasten i Svolv\u00e6r.<\/p>\n<p>Det var eit par plussgrader og mildv\u00ear d\u00e5 ho venta p\u00e5 bussen andre juledag i fjor.<\/p>\n<p>Men vinden var uberekneleg. Vindkasta ved busstoppet p\u00e5 K\u00e5ringen var oppe i over 30 meter i sekundet, nesten nede ved havet.<\/p>\n<p>Og bussen skulle opp i h\u00f8gda.<\/p>\n<p>Omtrent samtidig sette Freddy Andreassen seg bak rattet p\u00e5 vogntoget sitt. Ein siste leveranse av fiskef\u00f4r m\u00e5tte fram.<\/p>\n<p><strong>Om under \u00e9in time skulle dei m\u00f8tast. Dei visste det berre ikkje sj\u00f8lv.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Portrettbilder av en ung kvinne med lyst h\u00e5r\" title=\"Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kathrine tilbake i busskuret p\u00e5 K\u00e5ringen.<\/p>\n<p>Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd \/ NRK<\/p>\n<p>Buss full av turistar<\/p>\n<p>\u2013 Bussen var stappfull. Nesten alle seta var opptatte, fortel Kathrine i dag.<\/p>\n<p>Ho sette seg p\u00e5 ein av klappstolane midt i bussen. Like ved d\u00f8ra. Ho hadde tenkt \u00e5 fylle k\u00f8yreturen til Svolv\u00e6r med musikk. K-pop-bandet Straight Kids.<\/p>\n<p>S\u00e5 ho h\u00f8yrde ikkje alle spr\u00e5ka som blei prata p\u00e5 seta rundt henne.<\/p>\n<p>Det var passasjerar fr\u00e5 Kina, Singapore, India, Malaysia og Nederland.<\/p>\n<p>Fremst i bussen sat ein familie fr\u00e5 Frankrike. Mamma, pappa og to s\u00f8ner.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Portrettbilder av en ung kvinne med lyst h\u00e5r\" title=\"Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kathrine har eigentleg aldri likt \u00e5 k\u00f8yre buss.<\/p>\n<p>Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd \/ NRK<\/p>\n<p>F\u00f8ret langs E10 denne dagen var ekkelt. Det bl\u00e5ste kraftig, vegen var glatt og sn\u00f8en fauk sidelengs.<\/p>\n<p>Yngvar Gustavsen og kona Ellinor var p\u00e5 veg til hytta. <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/bussulykken-pa-e10-i-vesteralen_-yngvar-gustavsen-var-blant-de-forste-pa-ulykkesstedet-1.17183713\" ec-id=\"pp:article:1.17183713\" ec-name=\"Fleire gonger valde dei \u00e5 sleppe andre forbi.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Fleire gonger valde dei \u00e5 sleppe andre forbi.<\/a><\/p>\n<p>Ikkje langt unna Raftsundbrua i Hadsel l\u00e9t dei bussen Kathrine sat i passere.<\/p>\n<p>Om bord i bussen sit ho i si eiga vesle verd, p\u00e5 klappsetet sitt. Utan bilbelte.<\/p>\n<p>K\u00f8yreturen fr\u00e5 busstoppet i K\u00e5ringen til Svolv\u00e6r skal ta rundt 1,5 timar. <\/p>\n<p>Etter rundt 45 minutt kom dei til Raftsundbrua. <\/p>\n<p>Den fulle bussen begynte \u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/overlevde-bussulykka-i-hadsel-_-kritiske-til-busselskapets-handtering-1.17185972\" ec-id=\"pp:article:1.17185972\" ec-name=\"riste og blei dytta mot autovernet.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">riste og blei dytta mot autovernet.<\/a><\/p>\n<p>\u2013 Vi kjem oss vel snart p\u00e5 vegen igjen, tenkte Kathrine.<\/p>\n<p>Men bussen fortsette \u00e5 skli langs rekkverket.<\/p>\n<p>D\u00e5 han m\u00f8tte ei avk\u00f8yring, velta heile den fulle bussen over, og begynte \u00e5 rulle ned ei skr\u00e5ning.<\/p>\n<p><strong>Ned mot det islagde \u00c5svatnet.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Buss kj\u00f8rte av veien i Hadsel kommune.&#10;\" title=\"Foto: Trude Furuly \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Her velta bussen over autovernet. <\/p>\n<p>Foto: Trude Furuly \/ NRK<\/p>\n<p>Aldri likt \u00e5 k\u00f8yre buss<\/p>\n<p>Fleire av passasjerane sat utan bilbelte. Dei blei <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/overlevde-bussulykka-i-hadsel-_-kritiske-til-busselskapets-handtering-1.17185972\" ec-id=\"pp:article:1.17185972\" ec-name=\"kasta rundt i bussen.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">kasta rundt i bussen.<\/a><\/p>\n<p>\u2013 Det var litt s\u00e5nn at eg plutseleg s\u00e5g mykje, f\u00f8r eg ikkje s\u00e5g noko som helst, fortel Kathrine.<\/p>\n<p>D\u00e5 ho kom til seg sj\u00f8lv, l\u00e5g ho fleire meter unna klappsetet sitt. Kathrine bl\u00f8dde, folk rundt henne bl\u00f8dde, elles var det stille.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har eigentleg aldri likt \u00e5 k\u00f8yre buss, seier ho.<\/p>\n<p>Derfor ser ho alltid etter naudhammaren n\u00e5r ho g\u00e5r om bord.<\/p>\n<p>Denne gongen fekk Kathrine bruk for han. Bussen l\u00e5g nemleg med fronten ned i det iskalde vatnet, frontruta var trykt inn.<\/p>\n<p>Kathrine valde \u00e5 knuse eit av sidevindauga for \u00e5 kome seg ut.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et bilinteri\u00f8r er tydeligvis skadet, med knust glass og rusk p\u00e5 setet. En vannflaske ligger p\u00e5 gulvet ved siden av glassbitene. Seter og gulv er dekket av skitt og sm\u00e5 kvister. Omgivelsene er m\u00f8rke, noe som tyder p\u00e5 at bildet er tatt under d\u00e5rlige lysforhold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Trude Furuly \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det var 56 personar om bord i bussen.<\/p>\n<p>Foto: Trude Furuly \/ NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg var sikker p\u00e5 at bussen skulle s\u00f8kke. Det ville eg ikkje vere med p\u00e5, fortel ho.<\/strong><\/p>\n<p>14-\u00e5ringen klatra ut av bussvindauget. P\u00e5 veg opp den glatte skr\u00e5ninga sklei ho fleire gonger.<\/p>\n<p>Allereie hadde det kome fleire privatbilar til.<\/p>\n<p>Medan nokon pr\u00f8vde \u00e5 komme seg ned til bussen, fekk Kathrine hjelp av ekteparet Yngvar og Ellinor Gustavsen. Dei som nyleg hadde latt bussen k\u00f8yre forbi dei.<\/p>\n<p>Dei surra eit skjerf rundt dei bl\u00f8dande hendene til ten\u00e5ringen, og fekk henne inn i bilen.<\/p>\n<p>Samtidig kom eit vogntog rundt svingen.<\/p>\n<p>Freddy Andreassen skj\u00f8nte fort at han m\u00e5tte stoppe.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Buss delvis i sj\u00f8en\" title=\"Foto: JENS ANDRE M. BIRKELAND\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bussen kom fr\u00e5 ei skjerma, stille sone og rett inn i eit vindfelt.<\/p>\n<p>Foto: JENS ANDRE M. BIRKELAND<\/p>\n<p>\u2013 Kraftig uv\u00ear<\/p>\n<p>Det f\u00f8rste Freddy gjorde var \u00e5 opne den tomme traileren, slik at busspassasjerane som hadde kome seg opp p\u00e5 vegen kunne s\u00f8ke ly.<\/p>\n<p>\u2013 Det var eit kraftig uv\u00ear, seier han.<\/p>\n<p>Rett etterp\u00e5 fekk Freddy auge p\u00e5 noko.<\/p>\n<p>Ei kvinne sat og skreik medan ho heldt rundt ei anna kvinne<\/p>\n<p><strong>Sistnemnde var livlaus.<\/strong><\/p>\n<p>Freddy fekk tak i ei jakke, og la den livlause kvinna i ein posisjon p\u00e5 bakken slik at han fekk starta hjarte og lungeredning.<\/p>\n<p>Han hadde ikkje gjort det p\u00e5 ein ekte person f\u00f8r, men berre \u00f8vd p\u00e5 eit f\u00f8rstehjelpskurs gjennom jobben.<\/p>\n<p>Eit kurs han no er veldig glad for at han tok.<\/p>\n<p>\u2013 Eg fikk liv i henne ganske raskt. Ho begynte \u00e5 hoste blod, og eg fikk lagt henne i stabil sideleie.<\/p>\n<p>P\u00e5 dette tidspunktet var det ingen naudetatar p\u00e5 staden, men Freddy fekk venninnene til \u00e5 halde kvinna varm.<\/p>\n<p>Han m\u00e5tte til bussen og hjelpe til i kaoset nede ved vatnet.<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_360.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_360.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_360.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_720.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_720.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_720.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_1080.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_1080.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/f2f18422-1c6c-42fa-b184-221c6c92fa0b_1080.jpg);\"><\/video><\/p>\n<p>Fleire personar blei skada etter bussulykka. <\/p>\n<p>Foto: Jens Andre M. Birkeland<\/p>\n<p>Sat i det iskalde vatnet<\/p>\n<p>Etter at dei siste passasjerane var ute av bussen, bestemte Freddy og Tobias Fredriksen, ein annan privatperson som kom til staden, seg for \u00e5 ta seg inn i bussen.<\/p>\n<p>Heilt framme i bussen fann dei to personar som sat fast og var delvis i det kalde vatnet.<\/p>\n<p>Det var faren og sonen i den franske familien. Mora og den andre sonen s\u00e5 dei ikkje noko til.<\/p>\n<p>\u2013 Faren pr\u00f8vde \u00e5 halde seg oppe for \u00e5 ikkje bli liggande i vatnet. D\u00e5 valde eg \u00e5 sette meg under han, s\u00e5nn at han fekk kvile opp\u00e5 l\u00e5ra mine.<\/p>\n<p>Franskmennene var hysteriske. Dei spurde etter mor og den andre sonen. Hadde Freddy og Tobias sett dei? Hadde dei kome seg ut?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det einaste eg kunne seie d\u00e5 var at alle som hadde kome ut, var i live. Eg torde ikkje seie noko anna.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Sluttposisjonen til bussen ved ulykkesstedet p\u00e5 E10, med h\u00f8yre front i \u00c5svatnet.\" title=\"Foto: Politiet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bussen k\u00f8yrde utanfor ein skr\u00e5ning f\u00f8r han stoppa delvis under vatn.<\/p>\n<p>Foto: Politiet<\/p>\n<p>\u2013 Korleis var det \u00e5 sitte der? <\/p>\n<p>\u2013 Det var tungt. Ikkje minst kaldt. Du sit jo i vatnet. Dei var ogs\u00e5 veldig redde, fortel Freddy og legg til:<\/p>\n<p>\u2013 Vi visste ikkje omfanget av dette, s\u00e5 eg torde ikkje \u00e5 gjere s\u00e5 mykje. Eg pr\u00f8vde berre \u00e5 halde dei vakne og prate med dei s\u00e5nn at dei ikkje blei borte f\u00f8r det rette personellet kom til staden.<\/p>\n<p>Ville ikkje ut av traileren<\/p>\n<p>Det tok 45 minutt f\u00f8r dei f\u00f8rste ambulansane kom fram til ulykkesstaden.<\/p>\n<p>Etter kvart kom ogs\u00e5 politi, brann, redningssk\u00f8yte og redningshelikopter.<\/p>\n<p>\u2013 Det var som i ein amerikansk film, mykje lys, lyd og kaos. Det var heilt enormt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Redningsnmannskapet p\u00e5 stedet\" title=\"Foto: JENS ANDRE M. BIRKELAND\"\/><\/p>\n<p class=\"\">If\u00f8lge politiet var prioritet nummer ein \u00e5 f\u00e5 folk i sikkerheit og p\u00e5 sjukehus. <\/p>\n<p>Foto: JENS ANDRE M. BIRKELAND<\/p>\n<p>Det er spesielt ein augeblink som har sett preg p\u00e5 trailersj\u00e5f\u00f8ren.<\/p>\n<p>Etter at han hadde overlate bussen til naudetatane, gjekk han inn i vogntoget.<\/p>\n<p>Han skulle hjelpe helsepersonell med \u00e5 frakte passasjerane fr\u00e5 traileren, som var full av blod og spy, over i ein annan buss som skulle ta dei vidare til eit forsamlingshus.<\/p>\n<p>Det nekta passasjerane.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dei ville faktisk ikkje ut. Dei vil ikkje inn i den bussen. Dei var kjemperedde.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et vogntog fra Aksel Endresen Transport p\u00e5 ulykkesstedet\" title=\"Foto: Jens Andre M. Birkeland\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Vogntoget til Freddy Andreassen fekk ei viktig rolle i redningsarbeidet. <\/p>\n<p>Foto: Jens Andre M. Birkeland<\/p>\n<p>Noko \u00e5 l\u00e6re<\/p>\n<p>Det har g\u00e5tt eitt \u00e5r sidan ulykka <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/tre-mistet-livet-i-hadsel-ulykka_-ekstraordinaer-vind-var-arsak-1.17684178\" ec-id=\"pp:article:1.17684178\" ec-name=\"som tok tre menneskeliv.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">som tok tre menneskeliv.<\/a><\/p>\n<p>Mora og sonen fr\u00e5 Frankrike og ei kinesisk kvinne omkom.<\/p>\n<p>I tillegg blei fire personar alvorleg skada.<\/p>\n<p>Bussj\u00e5f\u00f8ren var lenge under etterforsking for brot p\u00e5 vegtrafikkloven paragraf 3, men tidlegare i desember blei det klart at <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/tre-mistet-livet-i-hadsel-ulykka_-ekstraordinaer-vind-var-arsak-1.17684178\" ec-id=\"pp:article:1.17684178\" ec-name=\"saka er lagd bort\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">saka er lagd bort<\/a>, fordi politiet meiner det ikkje har skjedd noko straffbart.<\/p>\n<p>Det var ekstreme v\u00earforhold og ikkje aktlaus k\u00f8yring som for\u00e5rsaka bussulykka, if\u00f8lge politiadvokat Kay R\u00f8nning Nyvold.<\/p>\n<p>\u2013 Bussj\u00e5f\u00f8ren kan ikkje lastast for ulykka. Det er ingen haldepunkt for \u00e5 seie at fart har vore ei medverkande \u00e5rsak, sa han til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bilen viser betydelig skade etter en ulykke, med en del av taket som er kollapset. Innvendige seter har synlige skader og er dekket med jord og rusk. En person if\u00f8rt beskyttelsesdrakt holder p\u00e5 med opprydning i bilen. Omgivelsene er lyse og ser ut til \u00e5 v\u00e6re inne i et verksted eller garasje. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Trude Furuly \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Slik s\u00e5g det ut inne i bussen etter ulykka. <\/p>\n<p>Foto: Trude Furuly \/ NRK<\/p>\n<p>Likevel har bistandsadvokaten etter dei som d\u00f8ydde, <a href=\"http:\/\/nrk.no\/1.17692727\" ec-id=\"http:\/\/nrk.no\/1.17692727\" ec-name=\"klaga p\u00e5 avgjerda\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">klaga p\u00e5 avgjerda<\/a>, noko sj\u00e5f\u00f8rens advokat stiller seg undrande til.<\/p>\n<p>Busselskapet Boreal ventar framleis p\u00e5 den ferdige rapporten fr\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nordland\/havarikommisjonen-ferdig-med-a-undersoke-ulykkesbussen-i-hadsel_-_-ikke-alle-har-brukt-belte-1.17185368\" ec-id=\"pp:article:1.17185368\" ec-name=\"Havarikommisjonen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Havarikommisjonen<\/a>.<\/p>\n<p>Ulykka har sett store preg p\u00e5 transportkonsernet.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg trur det alltid kjem til \u00e5 prege oss som organisasjon, seier konsernsjef i Boreal, Nikolai Knudsmoen Utheim.<\/strong><\/p>\n<p>Utheim var sj\u00f8lv p\u00e5 veg til hytta d\u00e5 han fekk telefon om ulykka.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hugsar korleis heile verda blei snudd p\u00e5 hovudet det sekundet. Eg forstod ganske raskt at dette kom til \u00e5 f\u00e5 fatale konsekvensar, med omkomne og mange skadde. Dette kom til \u00e5 prege meg, kollegaer i Boreal og alle dei ramma.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Konsernsjef i Boreal Nikolai Utheim ikledd sort genser og ser i kamera\" title=\"Foto: Henriette E Fjeld Hoel \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Konsernsjef i Boreal, Nikolai Utheim.<\/p>\n<p>Foto: Henriette E Fjeld Hoel \/ NRK<\/p>\n<p>Han trur ingen hos dei har vore borte i noko liknande.<\/p>\n<p>\u2013 Det her gjorde vanvitig inntrykk. Ikkje berre der og d\u00e5, men ogs\u00e5 i vekene etter.<\/p>\n<p>I ettertid har Boreal gjort si eiga gransking av ulykka, og funne fleire l\u00e6ringspunkt.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e6rleg dette med mangel p\u00e5 proaktivitet. Vi blei jobbande i for stor grad p\u00e5 eiga hand, utan \u00e5 ta del i heile beredskapsteamet i kommunen og naudetatane, seier han og legg til:<\/p>\n<p>\u2013 I tillegg s\u00e5 fekk vi kritikk for mangel p\u00e5 synleg leiing. S\u00e6rleg p\u00e5 p\u00e5r\u00f8randehotellet i ettertid. Det er ein kritikk vi deler. Det tok altfor lang tid fr\u00e5 vi p\u00e5 \u00f8vste hald var fysiske til stades.<\/p>\n<p>\u2013 Lurt \u00e5 sj\u00e5 etter naudhammaren<\/p>\n<p>Freddy Andreassen og Tobias Fredriksen fekk <a href=\"https:\/\/norskluftambulanse.no\/nyheter\/livredderprisen-bussulykke-hadsel\/\" ec-id=\"https:\/\/norskluftambulanse.no\/nyheter\/livredderprisen-bussulykke-hadsel\/\" ec-name=\"livreddarprisen for innsatsen sin p\u00e5 ulykkesstaden\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">livreddarprisen for innsatsen sin p\u00e5 ulykkesstaden<\/a><\/p>\n<p>\u2013 Det betyr sj\u00f8lvsagt litt \u00e5 bli sett pris p\u00e5 for den innsatsen ein har gjort, men det er nok ikkje det viktigaste oppi dette, seier Freddy og skryter av alle som bidrog den kvelden.<\/p>\n<p>\u2013 Folk berre gjorde ting. Det var naturleg. Det var eit utruleg flott samarbeid.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann fotografert p\u00e5 torget i Bod\u00f8.\" title=\"Foto: Ola Helness \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Freddy Andreassen har i ettertid pr\u00f8vd \u00e5 ta kontakt med den franske familien, og har f\u00e5tt beskjed om at dei er takksame for hjelpa dei fekk 2. juledag i fjor. <\/p>\n<p>Foto: Ola Helness \/ NRK<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv h\u00e5par han at han aldri kjem i ein slik situasjon igjen.<\/p>\n<p>\u2013 Det er heilt utruleg at det ikkje har g\u00e5tt fleire liv tapt, s\u00e5 full som bussen var.<\/p>\n<p>Kathrine kjenner seg ferdig med heile hendinga.<\/p>\n<p>\u2013 F\u00f8rebels har eg ikkje f\u00e5tt angstanfall eller noko s\u00e5nn. Eg klarer \u00e5 ta buss, s\u00e5 det g\u00e5r bra med meg, liksom.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Kva kan andre l\u00e6re av hendinga, trur du?<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg veit ikkje. Kanskje at det er viktig \u00e5 forhalde seg roleg dersom ein hamnar i ein slik situasjon. Og s\u00e5 viser det seg at det kan vere lurt \u00e5 sj\u00e5 etter naudhammaren.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Portrettbilder av en ung kvinne med lyst h\u00e5r\" title=\"Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kathrine ser alltid etter naudhammaren n\u00e5r ho g\u00e5r om bord i ein buss. <\/p>\n<p>Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd \/ NRK<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg hugsar at eg tenkte at eg m\u00e5tte kome meg til Svolv\u00e6r for \u00e5 vere saman med&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":122007,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-122006","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115784870296439174","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/122006","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=122006"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/122006\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/122007"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=122006"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=122006"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=122006"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}