{"id":122745,"date":"2025-12-27T11:49:24","date_gmt":"2025-12-27T11:49:24","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/122745\/"},"modified":"2025-12-27T11:49:24","modified_gmt":"2025-12-27T11:49:24","slug":"kraftig-uver-i-nord-garasje-tatt-av-vinden-nrk-nordland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/122745\/","title":{"rendered":"Kraftig uv\u00ear i nord \u2013 garasje tatt av vinden \u2013 NRK Nordland"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Eg fekk ikkje sove p\u00e5 grunn av det forferdelege v\u00earet. Plutseleg h\u00f8yrde eg eit heilt vanvitig smell ute.<\/p>\n<p>Det seier Mikael Karlsen i Bod\u00f8 som fekk bilen knust i uv\u00earet.<\/p>\n<p>\u2013 Det er surt, men eg tenker mest p\u00e5 naboane som mista taket, fortel han og viser til <a href=\"#r\u00f8nvikveien\">sameiget R\u00f8nvikveien<\/a> i Bod\u00f8 som mista taket.<\/p>\n<p>Kraftig nordavind held seg i nord<\/p>\n<p>Like f\u00f8r klokka 12 opplyser v\u00earvarslinga i Nord-Noreg at det verste er over i Nordland.<\/p>\n<p>\u2013 For Nordland sin del er den aller verste vinden passert, men det vil framleis vere ganske mykje vind, seier vakthavande meteorolog H\u00e5vard Thorset.<\/p>\n<p>Thorset legg til at vinden vil auke noko i Troms og Finnmark dei neste timane, men utan \u00e5 bli like kraftig som i Nordland.<\/p>\n<p>\u2013 Det blir ogs\u00e5 nordavind og sn\u00f8 i dagane som kjem, b\u00e5de i Nord-Noreg og Midt-Noreg.\n<\/p>\n<p>\nDin nettleser st\u00f8tter ikke innbygging av eksternt innhold\n<\/p>\n<p>Det er ikkje venta uv\u00ear p\u00e5 S\u00f8r- og Austlandet, utover det som har vore i Innlandet.<\/p>\n<p>\u2013 Vinden fr\u00e5 nord vil i hovudsak halde seg i nord og i fjellet, og er ikkje venta \u00e5 gi kraftig vind i l\u00e5glandet lenger s\u00f8r, seier meteorolog Terje Wall\u00f8e.<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_360.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_360.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_360.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_720.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_720.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_720.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_1080.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_1080.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/3be41e01-52e3-441c-a41e-0152e3041c6c_1080.jpg);\"><\/video><\/p>\n<p>Her fell eit tre over riksveg 80 ved Nordvika.<\/p>\n<p>STEINAR PEDERSEN<\/p>\n<p>Mobilnettet ute av drift<\/p>\n<p>Fleire stader i heile Nordland fylke er mobilnettet ute av drift.<\/p>\n<p>Rundt 12-tida er 10\u201311 prosent av basestasjonane ute av drift, opplyser dekkingsdirekt\u00f8r i Telenor, Bj\u00f8rn Amundsen, til NRK.<\/p>\n<p>\u2013 Det skyldast prim\u00e6rt kraftbrot, kor det er veldig mange som er utan straum. Det andre er eit fiberbrot i n\u00e6rleiken av Mo i Rana. Det er omr\u00e5da Leirfjord, Rana, Mel\u00f8y og D\u00f8nna kor flest har problem med mobilnettet. Nokon vil oppleve \u00e5 ikkje f\u00e5 kontakt med n\u00f8detatane.<\/p>\n<p>Viss du ikkje har mobilnett i det heile tatt, og du heller ikkje har wifi, vil du ha problem med \u00e5 ringe alle, og d\u00e5 kjem du heller ikkje gjennom til naudnummer, seier Amundsen.<\/p>\n<p>Fekk bilruta knust av eit tre<\/p>\n<p>Tidlegare laurdag snakka NRK med Lill Anita Kval\u00f8 i Sortland som fortel at ho vakna av eit brak.<\/p>\n<p>\u2013 Det viste seg at ei grein fr\u00e5 ei stor furu hadde losna, segla rundt halve buska og treft bilen min, som stod ved kjellard\u00f8ra.<\/p>\n<p>Ho seier ho blei sm\u00e5skjelven av hendinga.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei ganske stor buske. Vi kjem oss ikkje ut med nokon bilar her, og er heilt innesperra p\u00e5 v\u00e5r eiga vesle gardsplass.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tre over bil\" title=\"Foto: Lill Anita N\u00e6r\u00f8\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bilen til Lill Anita Kval\u00f8 i Sortland har blitt ramma av uv\u00earet.<\/p>\n<p>Foto: Lill Anita N\u00e6r\u00f8<\/p>\n<p>Bilen har f\u00e5tt skadar, og ho fryktar ogs\u00e5 at murar kan vere r\u00e5ka.<\/p>\n<p>\u2013 Vi m\u00e5 nok g\u00e5 ut og sj\u00e5 kor store skadane er.<\/p>\n<p>Bladet Vester\u00e5len omtalte <a href=\"https:\/\/www.blv.no\/fikk-bilruta-knust-av-grein-det-nytter-ikke-annet-enn-a-se-pa-na\/s\/5-9-905019\" ec-id=\"https:\/\/www.blv.no\/fikk-bilruta-knust-av-grein-det-nytter-ikke-annet-enn-a-se-pa-na\/s\/5-9-905019\" ec-name=\"saka\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">saka<\/a> fyrst.<\/p>\n<p><strong>F\u00f8lg fleire nyheiter om uv\u00earet her:<\/strong><\/p>\n<p>Butikkar stengde<\/p>\n<p>Kj\u00f8pesenteret Alti Sandnessj\u00f8en held stengt laurdag etter at straumen gjekk som f\u00f8lge av uv\u00earet.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r straumen er borte, verkar verken kassar, automatar eller noko anna. D\u00e5 har vi dessverre ikkje noko val, seier senterleiar Arnt Ove Kaspersen.<\/p>\n<p>Han fortel at senteret har sett ei frist klokka 13.<\/p>\n<p>\u2013 Viss straumen kjem tilbake f\u00f8r den tid, opnar butikkane fortl\u00f8pande s\u00e5 snart vi f\u00e5r folk p\u00e5 plass. Om ikkje, held vi stengt resten av dagen.\n<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Bildet viser en lekeplass med en rutsjebane, omgitt av nakne tr\u00e6r uten blader. I bakgrunnen er det en bygning med tak og et r\u00f8dt skur. Omr\u00e5det er gruslagt, og det ligger noen stammer og en hengek\u00f8ye i n\u00e6rheten. Det er svak belysning, noe som gir et dempet inntrykk av omgivelsene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Ein barnehage i Bod\u00f8 har f\u00e5tt skadar under uv\u00earet.<\/p>\n<p> Foto: Stefan Wollenhaupt <\/li>\n<li><img alt=\"Bildet viser en lekeplass med et \u00f8delagt lekeaparat utformet som et skipsvrak, omgitt av grener og kvister. I bakgrunnen er det en liten hytte og boliger synlig, samt et \u00e5pent omr\u00e5de med gress. Omr\u00e5det ser forlatt ut, og himmelen er m\u00f8rk og overskyet. Det er flere nedfalte grener rundt lekeplassen som tyder p\u00e5 d\u00e5rlig v\u00e6r. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Ein barnehage i Bod\u00f8 har f\u00e5tt skadar under uv\u00earet.<\/p>\n<p> Foto: Stefan Wollenhaupt <\/li>\n<li><img alt=\"Et lekeomr\u00e5de er delvis dekket av nedfalne greiner og tr\u00e6r. I bakgrunnen st\u00e5r en liten lekehus i tre, mens en svart og rosa lekestruktur er synlig p\u00e5 bakken. Omgivelsene er preget av gr\u00e5 v\u00e6rforhold og nakne tr\u00e6r. Bildet gir et inntrykk av en forlatte eller skadede lekeplass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Ein barnehage i Bod\u00f8 har f\u00e5tt skadar under uv\u00earet.<\/p>\n<p> Foto: Stefan Wollenhaupt <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Kaspersen seier han reknar med forst\u00e5ing fr\u00e5 kundane.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ikkje forhold vi kan r\u00e5 over, s\u00e5 eg h\u00e5par og trur dei fleste har forst\u00e5ing for situasjonen.<\/p>\n<p>Desse vegnetta er p\u00e5verka av uv\u00earet:<\/p>\n<p>Fly og ferjer innstilte \u2013 vegar stengde<\/p>\n<p><strong>Kansellert fly:<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>WF1302 Bod\u00f8\u2013Trondheim\u2013Bergen, avgang 7.30<\/li>\n<li>SK4107 Bod\u00f8\u2013Oslo, avgang 9.45<\/li>\n<li>WF862 And\u00f8ya\u2013Troms\u00f8, avgang 9.15<\/li>\n<li>WF873 Troms\u00f8\u2013Harstad\/Narvik\u2013Bod\u00f8, avgang 10.20<\/li>\n<li>WF703 Br\u00f8nn\u00f8ysund\u2013Trondheim, avgang 10.50<\/li>\n<li>WF721 Sandnessj\u00f8en\u2013Trondheim, avgang 10.50<\/li>\n<li>WF785 R\u00f8rvik\u2013Namsos\u2013Trondheim, avgang 11.00<\/li>\n<li>WF764 Mo i Rana\u2013Bod\u00f8, avgang 11.35<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>Tog:<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>Bergensbanen er stengt mellom Geilo og \u00c5l p\u00e5 grunn av problem med straumen.<\/li>\n<\/ul>\n<p><strong>Desse vegane er p\u00e5verka:<\/strong><\/p>\n<p>Nordland:<\/p>\n<p>E6 over Saltfjellet blei stengd for all trafikk natt til laurdag.<\/p>\n<p>Innlandet:<\/p>\n<p>Fylkesveg 51 over Valdresflye er stengd p\u00e5 grunn av uv\u00earet. Den er no stengt vinterstengt, som vil seie at ein ikkje reknar med \u00e5 opne igjen denne f\u00f8r p\u00e5ske i 2026.<\/p>\n<p>Vestland:<\/p>\n<p>P\u00e5 riksveg 7 over Hardangervidda blei det ved tretida natt til laurdag innf\u00f8rt kolonnek\u00f8yring for b\u00e5de sm\u00e5 og store k\u00f8yret\u00f8y.<\/p>\n<p>Tr\u00f8ndelag:<\/p>\n<p>Fylkesveg 72 mellom Verdal og Sverige er stengd ved riksgrensa, og svenske vegstyresmakter melder at vegen tidlegast blir vurdert opna sundag klokka 12.<\/p>\n<p>Fleire ferje avgangar er ogs\u00e5 innstilte.<\/p>\n<p>Taket bl\u00e5ste av<a id=\"r\u00f8nvikveien\" name=\"r\u00f8nvikveien\"\/><\/p>\n<p>I sameiget R\u00f8nvikveien i Bod\u00f8 har fleire bygg store skadar.<\/p>\n<p>P\u00e5 eitt av bygga har taket regelrett bl\u00e5st av.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har ikkje oversikt over kor omfattande skadane er. Men det vi veit, er at b\u00e5de bilar og bygningsmasse er skada. Det ligg materiale og takrestar p\u00e5 bakken, seier styreleiar Christian Unosen til NRK.<\/p>\n<p>Han omtalar situasjonen som sv\u00e6rt alvorleg.\n<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo sv\u00e6rt kritisk. Det er inga tvil om at det er ein krevjande og sv\u00e6rt alvorleg situasjon.<\/p>\n<p>Det er f\u00f8rebels ikkje teke ei avgjerd om \u00e5 evakuere bebuarane.<\/p>\n<p>Det er ikkje meldt om nokon skadde.\n<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Et bygg med store skader p\u00e5 taket p\u00e5 grunn av kraftig vind\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>I sameiet R\u00f8nvikveien i Bod\u00f8 har fleire bygg store skadar.<\/p>\n<p> Foto: Christian Unosen \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Veltet tre\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>R\u00f8nvika l\u00f8rdag morgen<\/p>\n<p> Foto: Lars-Bj\u00f8rn Martinsen \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Flere biler ligger delvis under takplater i tre etter uv\u00e6r i Bod\u00f8\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Flere biler ligger delvis under takplater i tre etter at taket p\u00e5 boretslaget bl\u00e5ste ned.<\/p>\n<p> Foto: Lars-Bj\u00f8rn Martinsen \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Takplater og s\u00f8ppel rundt boretslaget i Bod\u00f8.\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Takplater og s\u00f8ppel rundt boretslaget i Bod\u00f8.<\/p>\n<p> Foto: Lars-Bj\u00f8rn Martinsen \/ NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Uv\u00earet forseinkar arbeidet med straumen<\/p>\n<p>P\u00e5 det meste var over 23.000 utan straum i Nordland, if\u00f8lge straumselskapa <a href=\"https:\/\/arva.no\/stromstans\" ec-id=\"https:\/\/arva.no\/stromstans\" ec-name=\"Arva\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Arva<\/a>, <a href=\"https:\/\/kart.trollfjordkraft.no\/stromstans\/\" ec-id=\"https:\/\/kart.trollfjordkraft.no\/stromstans\/\" ec-name=\"Noranett\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Noranett<\/a> og <a href=\"https:\/\/www.linea.no\/no\/kunde\/strombruddskart\" ec-id=\"https:\/\/www.linea.no\/no\/kunde\/strombruddskart\" ec-name=\"Linea\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Linea<\/a>.<\/p>\n<p>Talet svingar opp og ned fortl\u00f8pande.\n<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_360.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_360.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_360.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_720.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_720.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_720.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_1080.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_1080.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/461030b3-3ee8-41de-9030-b33ee851de31_1080.jpg);\"><\/video><\/p>\n<p>Bod\u00f8 sentrum l\u00f8rdag morgen<\/p>\n<p>Sofie Retterst\u00f8l Olaisen\/NRK<\/p>\n<p>\u2013 Det er heilt klart v\u00earet som er \u00e5rsaka. Det kan vere tre som fell, eller at vinden er s\u00e5 sterk at linjene sl\u00e5r saman og gir kortslutning, seier Steinar Benum, dagleg leiar i Linea.<\/p>\n<p>Og legg til:<\/p>\n<p>\u2013 Akkurat no er det hektisk. Vi har ikkje full kontroll, men jobbar for \u00e5 f\u00e5 kontroll. Alt tilgjengeleg mannskap er sendt ut, men uv\u00earet gjer det farleg \u00e5 ferdast p\u00e5 vegane.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kart som viser str\u00f8mbrudd\" title=\"Grafikk: LINEA\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kart som viser kvar i Nordland det er straumbrot.<\/p>\n<p>Grafikk: LINEA<\/p>\n<p>Linea opplyser at det vil ta to til tre timar f\u00f8r feila er identifiserte, og at det vil ta tid med \u00e5 f\u00e5 ned talet p\u00e5 straumlause.<\/p>\n<p>\u2013 Nokre kan f\u00e5 straumen tilbake relativt raskt, medan andre m\u00e5 vente til langt utover m\u00e5ndag og neste veke. <\/p>\n<p>Rundt 4.000 husstandar er utan straum i Innlandet laurdag f\u00f8remiddag.<\/p>\n<p>Nettselskapet Tensio opplyser at meir enn 1.600 kundar i Tr\u00f8ndelag var utan straum rundt klokka 09.45<\/p>\n<p>Tatt av vinden<\/p>\n<p>\u2013 Vi f\u00e5r mange meldingar knytte til uv\u00earet, om trampolinar, tak og trapper som har bl\u00e5se av, samt tre som har falle over vegar, seier Ina Kristin Selfors, operasjonsleiar i Nordland politidistrikt.\n<\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_360.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_360.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_360.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_720.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_720.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_720.jpg);\"><\/video><img decoding=\"async\" class=\"dh-video-videoLoop__fallbackImage\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_1080.jpg\" alt=\"\"\/><video preload=\"none\" muted=\"\" poster=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_1080.jpg\" style=\"--poster:url(https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/12a98b7a-cf75-4abb-a98b-7acf75eabb64_1080.jpg);\"><\/video><\/p>\n<p>Kraftig vind ved Bestemorenga i Bod\u00f8 l\u00f8rdag morgen<\/p>\n<p>INNSTRANDA IDRETTSLAG<\/p>\n<p>Politiet ber ogs\u00e5 folk vente med \u00e5 g\u00e5 ut til vinden har roa seg.<\/p>\n<p>F\u00f8rebels er det ikkje meldt om personskadar.<\/p>\n<p>Selfors opplyser til NRK at dei ikkje f\u00e5tt meldingar om problem knytte til straumbrota.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bil veltet\" title=\"Foto: Jens Andr\u00e9 M. Birkeland\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ein bil bl\u00e5ste av vegen i Nordland pga. uv\u00earet.<\/p>\n<p>Foto: Jens Andr\u00e9 M. Birkeland<\/p>\n<p>Tidleg laurdag morgon blei ein garasje tatt av vinden i Hemnes kommune p\u00e5 Helgeland. Ingen personar blei skadde. Garasjen ligg n\u00e5 over ein veg<\/p>\n<p>Ein bil har bl\u00e5st av vegen i Vester\u00e5len.<\/p>\n<p>\u00c5tvarar om kraftige vindkast<\/p>\n<p>Det er sendt ut oransje farevarsel om kraftige vindkast i Nordland og S\u00f8r-Troms. <\/p>\n<p>Kasta kan kome opp i 35\u201344 meter per sekund, if\u00f8lge <a href=\"https:\/\/www.varsom.no\/vaervarsling\/varsel\/150100\" ec-id=\"https:\/\/www.varsom.no\/vaervarsling\/varsel\/150100\" ec-name=\"varselet\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">varselet<\/a>.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et avfallsskur st\u00e5r skjevt etter \u00e5 ha blitt p\u00e5virket av vind eller annen p\u00e5kjenning. Skuret rommer flere s\u00f8ppelkasser, inkludert en bl\u00e5 og en svart. I n\u00e6rheten er en r\u00f8d bil parkert p\u00e5 en gr\u00e5 asfaltflate. Bakgrunnen viser leilighetsbygg og en r\u00f8d hus med gjerde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Sofie Retterst\u00f8l Olaisen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ogs\u00e5 dette skuret blei tatt<\/p>\n<p>Foto: Sofie Retterst\u00f8l Olaisen \/ NRK<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 i delar av Tr\u00f8ndelag og S\u00f8r-Noreg bl\u00e5ser det kraftig. Det er sendt ut farevarsel p\u00e5 gult niv\u00e5 om vindkast for Innlandet.<\/p>\n<p>\nDin nettleser st\u00f8tter ikke innbygging av eksternt innhold\n<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>27.12.2025, kl. 05.55<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>27.12.2025, kl. 12.48<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg fekk ikkje sove p\u00e5 grunn av det forferdelege v\u00earet. Plutseleg h\u00f8yrde eg eit heilt vanvitig smell&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":122619,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-122745","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115791381896274574","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/122745","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=122745"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/122745\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/122619"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=122745"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=122745"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=122745"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}