{"id":122789,"date":"2025-12-27T13:03:08","date_gmt":"2025-12-27T13:03:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/122789\/"},"modified":"2025-12-27T13:03:08","modified_gmt":"2025-12-27T13:03:08","slug":"filmar-alltid-at-dei-laser-dora-og-tar-ut-kontakten-psykiater-atvarar-nrk-trondelag-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/122789\/","title":{"rendered":"Filmar alltid at dei l\u00e5ser d\u00f8ra og tar ut kontakten \u2013 psykiater \u00e5tvarar \u2013 NRK Tr\u00f8ndelag \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Eg veit eigentleg ikkje heilt kvifor eg gjer det. Det har blitt ein vane og ein tryggleik.<\/p>\n<p>For litt sidan la svenske Emma Skovlund ut ein video p\u00e5 TikTok.<\/p>\n<p>I det korte klippet ser vi at 22-\u00e5ringen l\u00e5ser ytterd\u00f8ra si. Ho viser ogs\u00e5 fram kamerarullen med titals videoar av l\u00e5ste d\u00f8rer og avsl\u00e5tte komfyrar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Emma Skovlund smiler til kamera.\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Eg trur eg hadde kjent meg litt usikker om eg ikkje filma. Det har vel blitt til ei form for tvangstanke, seier Emma Skovlund.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>Better safe than sorry<\/p>\n<p>Emma la ut videoen berre for g\u00f8y, og trudde ikkje at han skulle engasjere s\u00e5 mykje.<\/p>\n<p><strong>\u2013<\/strong> <strong>Det er veldig mange som har kommentert at dei ogs\u00e5 gjer s\u00e5nn.<\/strong><\/p>\n<p>\u00abJag \u00e4r exakt likt\u00bb, \u00abHahaha JA\u00bb og \u00abBetter safe than sorry\u00bb var noko av det folk skreiv.<\/p>\n<p>\u2013 Med tanke p\u00e5 spreiinga og kor mange som har likt og lagra videoen, s\u00e5 tenker eg at det er veldig mange som kjenner seg igjen.<\/p>\n<p>Ei som gjer litt det same som Emma, er 25 \u00e5r gamle Hanne Marie Giertsen.<\/p>\n<p>Ho har tatt bilde av rettetonga si sidan ho var rundt 15 \u00e5r, og har hundrevis av bilde av den p\u00e5 mobilen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg kjenner eg har meir bilde av rettetonga enn andre bilde, seier ho.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bilde av Hanne Marie Giertsen som ser seg i speilet og retter h\u00e5ret med en rettetang.\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Ein har s\u00e5 mykje anna \u00e5 tenke p\u00e5, at det g\u00e5r litt i surr, seier Hanne Marie Giertsen.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>Hanne Marie hugsar godt den gongen ho gl\u00f8ymde \u00e5 knipse det bildet. Ho var invitert i middag og fekk det veldig travelt f\u00f8r ho drog.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Herregud, skrudde eg av? Eg tok taxi heim igjen for \u00e5 sjekke. Den var av. Eg tok eit bilde av tonga og drog tilbake til middagen.<\/strong><\/p>\n<p>Vi spurde f\u00f8lgarane v\u00e5re p\u00e5 NRK Nyheiter p\u00e5 Instagram, om dei tar bilde av at dei l\u00e5ser d\u00f8ra, trekker ut rettetonga og liknande, f\u00f8r dei drar ut av huset.<\/p>\n<p>Nesten hundre personar svarte oss, og av dei sa rundt halvparten at dette er noko dei gjer. Nokon av og til. Andre alltid.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Svar fra NRK Nyheter sine f\u00f8lgere p\u00e5 Instagram\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Sveip for \u00e5 lese hva de som IKKE tar bildebevis mener.<\/p>\n<p> Foto: NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Svar fra NRK Nyheter sine f\u00f8lgere p\u00e5 Instagram\"  width=\"3840\" height=\"3840\" loading=\"lazy\"\/> Foto: NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Bevis<\/p>\n<p>Hanne Marie veit ikkje heilt kvifor ho starta \u00e5 ta bilde, men seier det har blitt ei sikkerheit.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det har roa meg ned. Eg har mykje jobb og skole, s\u00e5 eg vil ikkje g\u00e5 rundt \u00e5 lure, s\u00e5nn at det \u00f8ydelegg dagen min.<\/strong><\/p>\n<p>Ho tar ein master i kunst, og seier at ho ikkje er spesielt nerv\u00f8s elles i livet. Men ho tar heller eit bilde for mykje, enn \u00e5 g\u00e5 rundt og gruble.<\/p>\n<p>\u2013 Eg vil ikkje vere \u00e5rsaka til at det brenn ned liksom. Eg er jo ekstremt redd for at det skal ta fyr. S\u00e5 det er litt s\u00e5nn at da veit eg at rettetonga er av. Eg har bildebevis.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Tar bilder av at ting er sl\u00e5tt av\"  width=\"3840\" height=\"6881\" loading=\"lazy\"\/> Foto: Hanne Marie Giertsen <\/li>\n<li><img alt=\"Tar bilder av at ting er sl\u00e5tt av\"  width=\"3840\" height=\"7043\" loading=\"lazy\"\/> Foto: Hanne Marie Giertsen <\/li>\n<li><img alt=\"Tar bilder av at ting er sl\u00e5tt av\"  width=\"3840\" height=\"6911\" loading=\"lazy\"\/> Foto: Hanne Marie Giertsen <\/li>\n<li><img alt=\"Tar bilder av at ting er sl\u00e5tt av\"  width=\"3840\" height=\"6993\" loading=\"lazy\"\/> Foto: Hanne Marie Giertsen <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Ser ingen fordelar<\/p>\n<p>Ingvard Wilhelmsen er psykiater og professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Han er ogs\u00e5 kjent som \u00abhypokonderlegen\u00bb.<\/p>\n<p>At folk tar bilde for \u00e5 forsikre seg om at dei har sl\u00e5tt av ting og l\u00e5st d\u00f8rer, hadde han ikkje h\u00f8yrt om f\u00f8r.<\/p>\n<p>Han ser ingen fordelar med \u00e5 gjere det.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Hjernen har godt av \u00e5 m\u00e5tte hugse. Det styrkar b\u00e5de minnet og gir ei betre kjensle.<\/strong><\/p>\n<p>Han seier at fotograferinga er ei sikkerheits\u00e5tferd. Det dempar angsten for \u00e5 ha gl\u00f8ymt noko som kjennest viktig p\u00e5 kort sikt, men kan auke angsten p\u00e5 lang sikt.<\/p>\n<p>\u2013 Den dagen ein er tom for batteri eller gl\u00f8ymer \u00e5 ta bildet, blir angsten ekstra sterk.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Ingvard Wilhelmsen\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Ingvard Wilhelmsen<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u00c5 tole usikkerheita<\/p>\n<p>\u2013 Det er sikkert dei f\u00e6rraste som utviklar OCD berre ved \u00e5 ta bilde, men det kan vere eit steg p\u00e5 vegen inn i ei angstliding, seier Wilhelmsen.<\/p>\n<p>Han seier at det meste her i livet er ukontrollerbart og usikkert, og at det m\u00e5 vi \u00f8ve oss p\u00e5 \u00e5 tole.<\/p>\n<p><strong>Dersom det er vanskeleg \u00e5 slutte, har ein allereie f\u00e5tt ei tvangshandling, if\u00f8lge Wilhelmsen.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Da er det ekstra viktig \u00e5 slutte. Den angsten ein f\u00e5r i byrjinga, n\u00e5r ein ikkje sjekkar, er nyttig. Den er eit oppgjer med \u00abangsten for angsten\u00bb, som ofte er motoren i OCD.<\/p>\n<p>Han seier at angsten vil auke etter at ein har droppa \u00e5 ta bilde.<\/p>\n<p>\u2013 Men det er ein angst i tenesta til fridommen, ho utvidar fridomsrommet v\u00e5rt.<\/p>\n<p>Ein hugselapp<\/p>\n<p>Ein som ikkje ser heilt m\u00f8rkt p\u00e5 det \u00e5 bruke kamerarullen for \u00e5 roe seg ned, er professor og sosiolog Aksel Tjora. Han seier at mobilen er s\u00e5 lett tilgjengeleg i lomma v\u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013Det er mykje enklare \u00e5 ta bilde, enn \u00e5 skrive ned p\u00e5 ein lapp at du skrudde av steikeomnen.<\/p>\n<p>Han seier at sosiologar har sett p\u00e5 korleis ulike teknologiar blir brukte p\u00e5 nye m\u00e5tar. Kameraet p\u00e5 mobilen har blitt mykje meir enn eit kamera.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ein tar bilde av ting ein skal hugse. Bilde av PowerPoint-presentasjonar og s\u00e5nn. Kamerafunksjonen blir ein hugselapp.<\/strong><\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Aksel Tjora Professor i sosiologi ved NTNU. \"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Aksel Tjora<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kreative<\/p>\n<p>\u2013 Ein kan jo lure p\u00e5 om folk er meir bekymra for ting, eller usikre p\u00e5 seg sj\u00f8lv. Ein stoler mindre p\u00e5 sine eigne rutinar, seier Tjora.<\/p>\n<p>Han er litt einig med psykiateren i at det kan sj\u00e5 ut som tvangshandlingar, men han ser ogs\u00e5 noko fint med bildeknipsinga.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den positive sida her er jo kreativiteten. Ein bruker telefonen p\u00e5 m\u00e5tar eg ikkje hadde f\u00f8restilt meg.<\/strong><\/p>\n<p>Ein tar eit bilde, og slepp \u00e5 spekulere.<\/p>\n<p>\u2013 Eg tenker jo at det eigentleg er ei l\u00f8ysingsorientert side ved det. Det er jo litt samansett dette, seier Tjora.<\/p>\n<p>\u2013 Ei fin greie<\/p>\n<p>Hanne Marie rettar ut kr\u00f8llane sine kvar morgon, og lagar ofte rundstykke. B\u00e5de tong og omn f\u00e5r sin plass p\u00e5 kamerarullen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg synest eigentleg at det er ei veldig fin greie, eg. Det er jo berre \u00e5 slette igjen.<\/strong><\/p>\n<p>25-\u00e5ringen seier ho berre gjer det for \u00e5 vere p\u00e5 den sikre sida, og f\u00f8ler ikkje p\u00e5 nokon tvang.<\/p>\n<p>\u2013 Eg kjem til \u00e5 halde fram med det.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>27.12.2025, kl. 13.32<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg veit eigentleg ikkje heilt kvifor eg gjer det. Det har blitt ein vane og ein tryggleik.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":122790,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-122789","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115791672325190232","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/122789","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=122789"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/122789\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/122790"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=122789"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=122789"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=122789"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}