{"id":12336,"date":"2025-08-19T14:45:11","date_gmt":"2025-08-19T14:45:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/12336\/"},"modified":"2025-08-19T14:45:11","modified_gmt":"2025-08-19T14:45:11","slug":"sk-brann-lise-klaveness-i-ordboka-finn-me-ein-ganske-presis-definisjon-pa-organisasjonar-som-uefa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/12336\/","title":{"rendered":"SK Brann, Lise Klaveness | I ordboka finn me ein ganske presis definisjon p\u00e5 organisasjonar som Uefa"},"content":{"rendered":"\n<p><b>I slutten av <\/b>mars vann Sportsklubben Brann ein knusande siger i Cas, Den internasjonale valdgiftsretten for sport.<\/p>\n<p>Den oppsiktsvekkande dommen slo fast at Uefa ikkje hadde grunnlag for \u00e5 gje Brann ei bot p\u00e5 5000 euro etter at supporterane ropte \u00abUefa mafia\u00bb i ein Champions League-kamp mellom Brann og St. P\u00f6lten i januar i fjor.<\/p>\n<p>Uefa vart \u00f2g d\u00f8mt til \u00e5 betala Brann sine sakskostnadar.<\/p>\n<p><b>Den mektigaste organisasjonen<\/b> i europeisk idrett valde \u00e5 svara p\u00e5 nederlaget med ein oppsiktsvekkande arroganse.<\/p>\n<p>Ved f\u00f8rste h\u00f8ve, faktisk f\u00f8r dei hadde betalt Brann sakskostnadane for ankesaka i valdgiftsretten, var Uefa sitt svar <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/uefa-gir-brann-bot-for-a-synge-uefa-mafia\/s\/5-8-3125347\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00e5 gje Brann ei ny bot<\/a>, p\u00e5 akkurat det same grunnlaget.<\/p>\n<p><b>Denne gongen var <\/b>det \u00abUefa mafia\u00bb-rop i heimekampen mot Red Bull Salzburg Uefa slo ned p\u00e5.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1948\" height=\"1299\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/SE1_0993_kopi.jpg\" alt=\"Brann - RB Saltzburg p\u00e5 Brann stadion.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1948 \/ 1299;\"\/><\/p>\n<p>    Etter heimekampen mot Red Bull Salzburg repporterte Uefa p\u00e5 nytt om kritiske tilrop. Svaret vart nok ei bot til Sportsklubben Brann. Denne gongen p\u00e5 10 000 euro.<br \/>\n    Foto: SKJALG EKELAND\n  <\/p>\n<p><b>Den mektige fotballorganisasjonen<\/b> st\u00e5r likevel p\u00e5 sitt. Dei vil halda fram med \u00e5 b\u00f8telegga Brann og andre klubbar, om supporterane brukar orda Uefa og mafia i rop, songar, p\u00e5 flagg eller banner.<\/p>\n<p>Problemet til Brann er at sigeren i Cas var s\u00e5 overlegen, at valdgiftsretten valde \u00e5 ikkje g\u00e5 heilt inn i kjernen i problematikken.<\/p>\n<p><b>Planen var nemleg<\/b> \u00e5 behandla saka i to ledd:<\/p>\n<ul>\n<li>F\u00f8rst skulle Cas ta stilling til om Brann og supporterane faktisk hadde handla i strid med Uefa sitt regelverk.<\/li>\n<li>Deretter skulle Cas ta stilling om bota var eit rimeleg inngrep i ytringsfridommen til Brann-supporterane.<\/li>\n<\/ul>\n<p><b>Regelverket det er<\/b> snakk om, er disiplin\u00e6rreglementet til Uefa, som skal sikra tryggleiken under fotballkampar arrangert av Uefa.<\/p>\n<p>Reglane sl\u00e5r fast at klubbane er ansvarlege for oppf\u00f8rselen til supporterane under kampane.<\/p>\n<p>Det g\u00e5r det fram at klubbane kan verta straffa om publikum brukar gestar, ord, gjenstandar eller andre middel for \u00e5 formidla ein provoserande bodskap, som ikkje passar seg p\u00e5 eit idrettsarrangement. S\u00e6rleg provoserande bodskapar av politisk, ideologisk, religi\u00f8s, eller st\u00f8ytande karakter.<\/p>\n<p><b>I dommen fr\u00e5 <\/b>Den internasjonale valdgiftsretten vert det konkludert med at ropet ikkje kan reknast som ein provoserande bodskap av st\u00f8ytande karakter, fordi det ikkje er f\u00f8rt bevis p\u00e5 at ropet har skapt farlege situasjonar, eller har oppfordra supportarar til \u00e5 engasjera seg i aggressiv eller forstyrrande oppf\u00f8rsel.<\/p>\n<p><b>I tillegg vann <\/b>advokatane til Brann fram med at bruken av ordet \u00abmafia\u00bb ikkje treng \u00e5 bety at supporterane direkte hevdar at Uefa er ein kriminell organisasjon, slik Uefa argumenterte for.<\/p>\n<p>Dei viste til at ordet mafia \u00f2g kan visa til \u00abei tett samanvevd gruppe menneske som er involvert i liknande aktivitetar og som hjelper og vernar kvarandre; nokon gongar til ulempe for andre\u00bb, som er ei alternativ forklaring i engelske ordb\u00f8ker.<\/p>\n<p><b>Sidan Cas ikkje<\/b> greidde \u00e5 finna grunnlag for at Brann eller supporterane hadde handla i strid med regelverket, konkluderte dei med at det ikkje var grunn til \u00e5 g\u00e5 vidare til ei vurdering om bota var eit rimeleg inngrep i ytringsfridommen til supporterane.<\/p>\n<p>Dommen tar dermed ikkje stilling til det mest prinsipielle. Nemleg om Uefa har rett til \u00e5 b\u00f8telegga supporterar som p\u00e5 provoserande vis kritiserer Uefa.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2688\" height=\"1792\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/SE1_1920.jpg\" alt=\"Ekstraordin\u00e6rt \u00e5rsm\u00f8te i Brann \" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2688 \/ 1792;\"\/><\/p>\n<p>    Kampen mot Uefa har kosta mykje tid og ressursar. Styreleiar Aslak Sverdrup har likevel st\u00e5tt p\u00e5 krava.<br \/>\n    Foto: Skjalg Ekeland\n  <\/p>\n<p><b>Uefa bryr seg<\/b> ikkje om det.<\/p>\n<p>Den mektige fotballorganisasjonen hevar seg no over rettsapparatet i idretten. Det er b\u00e5de provoserande og urovekkande.<\/p>\n<p>Uefa b\u00f8r nemleg framleis ha ei elendig sak. Grunnen er at konteksten for ropa til Brann-supporterane er akkurat den same som Brann vart frikjend for i Cas.<\/p>\n<p><b>Ropet har nemleg<\/b> anten komme som ein respons p\u00e5 ei dommaravgjerd som har g\u00e5tt i mot Brann, eller som eit satirisk svar p\u00e5 Uefa sin respons p\u00e5 ytringane.<\/p>\n<p>I Cas-dommen er nemleg begge desse perspektiva nemnd. Dommen tar nemleg \u00f2g for seg Brann-supporterane sitt svar p\u00e5 den f\u00f8rste bota fr\u00e5 Uefa. I den neste Champions League-kampen mot Barcelona, troppa supporterane opp med ei rekke banner med den same p\u00e5skrifta.<\/p>\n<p>Likevel gir Uefa-pampane blaffen i konklusjonen til valdgiftsretten.<\/p>\n<p><b>Ikkje nok med<\/b> det. Sj\u00f8lv om Cas aldri tok stilling til om Uefa-bota var eit rimeleg inngrep mot ytringsfridommen til supporterane, inneheldt rettsdokumenta Uefa sin argumentasjon.<\/p>\n<p>Her snakkar me skremmande lesing.<\/p>\n<p><b>Uefa brukte nemleg <\/b>b\u00e5de tid og krefter p\u00e5 \u00e5 argumentera for at dei ikkje er bundne av formuleringane om ytringsfridom i Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Sj\u00f8lv om den nemnde konvensjonen formelt sett er ein avtale mellom statar, h\u00f8yrer det ingen plass heime at den mektigaste idrettsorganisasjonen p\u00e5 kontinentet ikkje skal retta seg etter denne.<\/p>\n<p>Her m\u00e5 Norges fotballforbund og fotballpresident Lise Klaveness tydeleg p\u00e5 bana, og flagga tydeleg standpunkt. Klaveness, som til og med sit i styret i Uefa, kan ikkje akseptera \u00e5 vera ein del av eit system som undergrev heilt element\u00e6re menneskerettar.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6330\" height=\"4220\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/NTB_g1fQJTHTO8Y.jpg\" alt=\"Marbella , Spania  20250320. &#10;President i Norges Fotballforbund, Lise Klaveness under en trening med Norges herrelandslag i fotball p\u00e5 Marbella Football Center.&#10;Foto: Fredrik Varfjell \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6330 \/ 4220;\"\/><\/p>\n<p>    Fotballpresident Lise Klaveness sit \u00f2g i styret i Uefa.<br \/>\n    Foto: Fredrik Varfjell\n  <\/p>\n<p><b>Uefa m\u00e5 rett <\/b>og slett finna seg i denne typen kritikk, sj\u00f8lv om dei m\u00e5tte oppfatta kritikken b\u00e5de som urimeleg og vond.<\/p>\n<p>Her er det nemleg heilt element\u00e6re europeiske verdiar som st\u00e5r p\u00e5 spel.<\/p>\n<p>I staden brukar Uefa reglar som skal hindra rasisme, hatytringar og oppfordringar om vald, til \u00e5 setta seg sj\u00f8lv i ei s\u00e6rs ynkeleg offerrolle. Ja, det er under overskrifta \u00abdiskriminerande oppf\u00f8rsel\u00bb Uefa finn det passande \u00e5 rapportera om at dei sj\u00f8lv vert utsett for satirisk kritikk.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"667\" height=\"212\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/Godshamn.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 667 \/ 212;\"\/><\/p>\n<p>    Det er under overskrifta \u00abdiskriminerande oppf\u00f8rsel\u00bb Uefa har f\u00e5tt for vane \u00e5 rapportera inn Brann-supporterane. Her var rapportern som starta heile saka for Brann sin del.<\/p>\n<p><b>Tidlegare denne sesongen<\/b> vart Klaveness utsett for <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/dette-er-heldigvis-lov-men-grenselaust-pinleg\/o\/5-8-2980270\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">tilsvarande maktkritikk<\/a> nettopp p\u00e5 Brann Stadion. Same dag som Brann kunne fortelja at dei med hjelp fr\u00e5 fotballforbundet hadde vunne fram i Cas, vart Klaveness m\u00f8tt av ein bodskap om at ho ikkje var velkommen til Bergen fr\u00e5 Store St\u00e5.<\/p>\n<p>Akkurat som med \u00abUefa mafia\u00bb-ropet kan bodskapen diskuterast. Likevel var det heldigvis ingen som tok til orde for at ytringa burde m\u00f8tast med b\u00f8ter og sanksjonar.<\/p>\n<p><b>Det er akkurat<\/b> det Uefa driv p\u00e5 med. Det b\u00f8r verkeleg uroa norsk fotball.<\/p>\n<p>For Sportsklubben Brann er det ingen veg tilbake.<\/p>\n<p><b>Dette har vorte<\/b> ei sak som har vorte heilt umogleg \u00e5 gje seg p\u00e5. At Uefa ikkje berre vel \u00e5 neglisjera ein tydeleg dom fr\u00e5 Den internasjonale valdgiftsretten, men ser ut til \u00e5 forf\u00f8lga Brann med b\u00f8ter i strid med dommen, er eit angrep p\u00e5 b\u00e5de rettstryggleik og ytringsfridom.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4128\" height=\"2752\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/08\/ABK_0726.jpg\" alt=\"Christian Kalvenes, Aslak Sverdrup og to advokater hadde pressekonferanse p\u00e5 Brann Stadion om Uefa-mafia saken.&#10;UEFA.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4128 \/ 2752;\"\/><\/p>\n<p>    Christian Kalvenes, advokatane Jan Magne Isaksen og Erlend Aarli, og styreleiar Aslak Sverdrup p\u00e5 ein pressekonferanse om saka mot Uefa.<br \/>\n    Foto: ANDERS KJ\u00d8LEN\n  <\/p>\n<p>H\u00e5pet er at Cas tar saka opp p\u00e5 nytt. Denne gongen med ein tydleg prinsipiell beskjed til Uefa; nemleg at ytringsfridommen \u00f2g gjeld n\u00e5r kritikken vert retta mot mektige fotballorganisasjonar.<\/p>\n<p><b>Det er synd<\/b>. Det er ikkje slikt eit idrettslag med sportslege ambisjonar skal bruka tid og krefter p\u00e5. Brann har likevel ikkje noko val. Det krev \u00f2g disiplin fr\u00e5 supporterane si side. Nemleg \u00e5 unng\u00e5 at reaksjonen vert tilstandar som kan tolkast som trugande eller farlege. D\u00e5 kan Brann hamna i tr\u00f8bbel.<\/p>\n<p>Men, forresten, kva kallar ein eigentleg organisasjonar som hevar seg over rettsapparatet, tyr til gjengjelding mot dei som har utsett dei for kritikk, og i tillegg hevar seg over element\u00e6re menneskerettar?<\/p>\n<p><b>I Cambridge dictionary<\/b> st\u00e5r det som nemnd ein ganske grei definisjon p\u00e5 slikt: \u00abEi tett samanvevd gruppe menneske som er involvert i liknande aktivitetar og som hjelper og vernar kvarandre; nokon gongar til ulempe for andre\u00bb.<\/p>\n<p><b>Det er faktisk<\/b> ein av definisjonane p\u00e5 ordet \u00abmafia\u00bb, det. Og det er dessverre ei ganske presis, og ganske snill, skildring av stoda i det europeiske fotballforbundet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"I slutten av mars vann Sportsklubben Brann ein knusande siger i Cas, Den internasjonale valdgiftsretten for sport. Den&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":12337,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,37,2451,156,30,28,29,1533,418,83,82],"class_list":{"0":"post-12336","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-debatt","10":"tag-lise-klaveness","11":"tag-meninger","12":"tag-no","13":"tag-norge","14":"tag-norway","15":"tag-opinion","16":"tag-sk-brann","17":"tag-sport","18":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12336","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12336"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12336\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/12337"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12336"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12336"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12336"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}