{"id":123487,"date":"2025-12-29T08:12:16","date_gmt":"2025-12-29T08:12:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/123487\/"},"modified":"2025-12-29T08:12:16","modified_gmt":"2025-12-29T08:12:16","slug":"ufore-kan-tene-og-behalde-meir-pengar-utan-a-tape-trygd-i-2026-stor-oslo","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/123487\/","title":{"rendered":"Uf\u00f8re kan tene og behalde meir pengar utan \u00e5 tape trygd i 2026 \u2013 Stor-Oslo"},"content":{"rendered":"<p>Tre damer sit med auga retta mot strikket\u00f8yet.<\/p>\n<p>Snakk om julehandel og Fl\u00e5klypa-filmen.<\/p>\n<p>Ein av dei er Tina Tetoka.<\/p>\n<p>Ho har vore uf\u00f8r nesten halve livet.<\/p>\n<p><strong>Men tre dagar i veka er ho p\u00e5 jobb p\u00e5 eldreheim. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Arbeid er utruleg viktig for eit menneske. Hadde eg ikkje hatt noko \u00e5 g\u00e5 til s\u00e5 veit eg ikkje kva eg hadde gjort med dagen min, seier Tetoka.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en gruppe mennesker som sitter i stoler og strikker\" title=\"Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Tina Tetoka (i midten), saman med bebuar Inger Karin Johansen (87) og aktivit\u00f8r May Britt Ribland.\n<\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK<\/p>\n<p>Enklare \u00e5 jobbe som uf\u00f8r<\/p>\n<p>Mange er i same situasjon som Tina.<\/p>\n<p>Dei er p\u00e5 uf\u00f8retrygd, men sit kanskje med eit \u00f8nske om \u00e5 jobbe eit par dagar i veka.<\/p>\n<p><strong>Men ofte l\u00f8nner det seg ikkje, fordi det gir trekk i trygda dei f\u00e5r fr\u00e5 Nav.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne med brunt h\u00e5r sitter og strikker\" title=\"Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Tina med strikket\u00f8yet. <\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK<\/p>\n<p>Tina har tidlegare bede politikarane om <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/stor-oslo\/ufore-tina-avlaster-helsesektoren_-_-samfunnet-ma-se-at-vi-er-en-ressurs-1.16542780\" onclick=\"window.open(this.href, &#039;&#039;, &#039;resizable=no,status=no,location=no,toolbar=no,menubar=no,fullscreen=no,scrollbars=no,dependent=no&#039;); return false;\" ec-id=\"pp:article:1.16542780\" ec-name=\"\u00e5 gjere det enklare \u00e5 jobbe ved sida av.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u00e5 gjere det enklare \u00e5 jobbe ved sida av.<\/a><\/p>\n<p><strong>Og dei har kanskje lytta. <\/strong><\/p>\n<p>Neste \u00e5r aukar fribel\u00f8pet som uf\u00f8re kan tene, fr\u00e5 50 000 til 130 000 kr i \u00e5ret.<\/p>\n<p><strong>Det gjer at det blir mogleg \u00e5 jobbe meir, utan \u00e5 f\u00e5 trekk i uf\u00f8retrygda.<\/strong><\/p>\n<p>Politikarane h\u00e5par at endringa vil motivere fleire ut i arbeid.<\/p>\n<p><strong>For p\u00e5 landsbasis er det nesten 400.000 uf\u00f8re. <\/strong><\/p>\n<p>Og ein av stadene som verkeleg treng fleire hender, er helsevesenet.<\/p>\n<p>Treng arbeidsfolk<\/p>\n<p>\u2013 Vi meiner at alle menneske har ein ressurs i seg, eit potensial, som ikkje blir henta ut i tilstrekkeleg grad, seier Skjalg Hav\u00e5g.<\/p>\n<p>Oslo-kollega, som han leier, jobbar med \u00e5 f\u00e5 folk som Tina ut i arbeidslivet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann og en kvinne som snakker sammen\" title=\"Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Skjalg Hav\u00e5g seier at dei har frigjort mykje av tida til helsefagarbeidarane ved \u00e5 f\u00e5 inn fleire som Tina Tetoka. <\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Og det er ei stor gruppe.<\/strong><\/p>\n<p>I dag er det rundt 700.000 personar som st\u00e5r utanfor arbeidslivet, 374.000 av dei er uf\u00f8retrygda.<\/p>\n<p>Og dette kostar.<\/p>\n<p><strong>Noreg taper over 190 milliardar kroner \u2013 kvart \u00e5r \u2013 p\u00e5 utanforskapen.<\/strong><\/p>\n<p>Samtidig treng samfunnet fleire arbeidarar, s\u00e6rleg i helsevesenet.<\/p>\n<p>\u2013 Eldreb\u00f8lga kjem. I 2040 vil vi ha tre gonger fleire 90-\u00e5ringar, og dobbelt s\u00e5 mange 80-\u00e5ringar. S\u00e5 det er eit stort behov for arbeidskraft.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en bygning med et skilt foran der det st\u00e5r t\u00e5senhjemmet\" title=\"Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Oslo-kollega er eit samarbeid med Sykehjemsetaten, der folk som st\u00e5r utanfor arbeidslivet jobbar i sm\u00e5 stillingar ved ulike sjukeheimar.<\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Allereie n\u00e5 har ein behov for 290.000 fleire arbeidarar.<\/strong><\/p>\n<p>Men kor skal ein finne desse hendene?<\/p>\n<p>\u2013 Talet i arbeidsf\u00f8r alder kjem ikkje til \u00e5 auke framover. Da er det eigentleg berre \u00e9in stad \u00e5 hente arbeidskrafta fr\u00e5, og det er fr\u00e5 utanforskapen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ikkje berre lurt, det er n\u00f8dvendig, heilt avgjerande, legg han til.<\/strong><\/p>\n<p>Sj\u00e5 potensialet<\/p>\n<p>For med Tina p\u00e5 plass kan helsefagarbeidarane konsentrere seg om andre oppg\u00e5ver.<\/p>\n<p>Ho hjelper til med frukosten, vaskar, reier opp sengene og set i gang aktivitetar.<\/p>\n<p>    <img alt=\"en eldre dame sitter i en stol og strikker, hun smiler\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<blockquote class=\"dhspb__sitat-boks--fa5d2 | dhspb__standard--b7513 dhspb__light--dbdf0\">\n<p>\u2013 Tina gj\u00f8r en fantastisk jobb. Hun er en ekstra ressurs, som vi trenger. <\/p>\n<p class=\"dhspb__sitert-person--b9a5f\">May Britt Ribland<\/p>\n<p class=\"dhspb__rolle--bc408\">Aktivit\u00f8r og frivillighetskoordinator<\/p>\n<\/blockquote>\n<p>Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK<\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Og bebuarane p\u00e5 sjukeheimen m\u00f8ter nokon som har tid til dei lange samtalane.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det kan vere lesegrupper, strikkeklubb, bingo, songstund og tur ut, fortel May Britt Ribland.<\/p>\n<p><strong>For Tina handlar ikkje jobben om \u00e5 tene pengar.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Arbeid gir ei form for meining med kvardagen. At ein gir noko, ogs\u00e5 f\u00e5r ein noko tilbake. Vennskap og personleg utvikling, seier ho.<\/p>\n<p>Utan hadde dagane mista rytmen.<\/p>\n<p>Ho trur det hadde blitt mange seine kveldar framfor Tv-en, ein fattigare kvardag.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person som sitter i en stol \" title=\"Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Tina Tetoka meiner at ein m\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 uf\u00f8re som ein ressurs. <\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Samfunnet m\u00e5 tenke nytt, meiner Tina.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Ikkje berre sj\u00e5 p\u00e5 oss som ei gruppe med problem. Mange som meg har lyst til \u00e5 jobbe. Men vi treng kanskje litt tilrettelegging.<\/p>\n<p>Nokon har fysiske skadar, eller psykiske utfordringar. Andre har eit handikap.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi jobbar ikkje n\u00f8dvendigvis like fort, men med trening kan vi bidra. Samfunnet m\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 moglegheitene, ikkje problema.<\/strong><\/p>\n<p>Lage eigne stillingar<\/p>\n<p>Skjalg Hav\u00e5g i Oslo-kollega trur at insentiv, som skatteendringa er viktig for \u00e5 motivere fleire til \u00e5 jobbe.<\/p>\n<p><strong>Men seier ogs\u00e5 at arbeidsgivarane m\u00e5 tilpasse seg.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det vi \u00f8nsker oss, er at sjukeheimane lagar fleire stillingar som er retta mot denne m\u00e5lgruppa.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person i dress som snakker med en person \" title=\"Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Hallgeir Braastad \/ NRK<\/p>\n<p>H\u00e5pet hans er at uf\u00f8re etter kvart kan bli faste tilsett.<\/p>\n<p>Slik at b\u00e5de helsefagarbeidarar og uf\u00f8re kan f\u00e5 betre livskvalitet.<\/p>\n<p><strong>\u2013 \u00c5 f\u00e5 lov \u00e5 hente ut potensialet sitt og bli ein ressurs for samfunnet, det trur eg alle menneske \u00f8nsker.<\/strong><\/p>\n<p>Tina er einig.<\/p>\n<p>\u2013 Eg vil jobbe meir eigentleg. Det har eg gjort sidan eg blei uf\u00f8r. Eg \u00f8nsker \u00e5 bidra til samfunnet, \u00e5 vere ein av dei som gjer noko.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>29.12.2025, kl. 05.34<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Tre damer sit med auga retta mot strikket\u00f8yet. Snakk om julehandel og Fl\u00e5klypa-filmen. Ein av dei er Tina&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":123488,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-123487","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115801852689153621","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/123487","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=123487"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/123487\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/123488"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=123487"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=123487"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=123487"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}