{"id":123608,"date":"2025-12-29T09:51:49","date_gmt":"2025-12-29T09:51:49","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/123608\/"},"modified":"2025-12-29T09:51:49","modified_gmt":"2025-12-29T09:51:49","slug":"gjer-livet-meir-meiningsfylt-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/123608\/","title":{"rendered":"\u2013 Gjer livet meir meiningsfylt \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>Martine Guldahl (24) hadde lenge vore open for tanken om noko st\u00f8rre.<\/p>\n<p>Allereie i barndommen snakka mora til Martine om englar, men det var f\u00f8rst d\u00e5 ho i tjue\u00e5ra stod i ein vanskeleg periode at interessa for spiritualitet fekk fotfeste.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hadde det veldig vanskeleg. D\u00e5 blei det viktig \u00e5 ha noko \u00e5 halde fast i, eit lys eg kunne gripe etter, seier ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"tenner r\u00f8kelse\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Martine likar \u00e5 brenne r\u00f8ykelse, her brenn ho palo santo som vert hevda \u00e5 kunne reinse energiar, menneske og gjenstandar. <\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>Spirituelle verkt\u00f8y i ei vanskeleg tid<\/p>\n<p>Meditasjon, yoga, syngebolle og andre sm\u00e5 ritual har etter kvart blitt faste verkt\u00f8y, og hjelpte ho gjennom eit vanskeleg samlivsbrot no i haust.<\/p>\n<p>\u2013 Det gjer livet meir meiningsfylt. Det hjelpte meg \u00e5 zoome ut og f\u00e5 eit st\u00f8rre blikk p\u00e5 kven eg er.<\/p>\n<p>P\u00e5 TikTok og blogg har Martine delt den spirituelle reisa og praksisane hennar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"messingbolle\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Martine bruker ofte ein syngebolle for \u00e5 samle seg etter ein hektisk kvardag.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>Ho opplever stort sett \u00e5 bli m\u00f8tt med forst\u00e5ing og openheit, men det er ogs\u00e5 nokre som er kritiske til det ho driv med.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er litt utstikkaren. Det kan vere vanskeleg \u00e5 g\u00e5 sin eigen veg n\u00e5r ikkje alle forst\u00e5r det.<\/p>\n<p>Den moderne spiritualiteten<\/p>\n<p>Christian Stokke er f\u00f8rsteamanuensis og forskar p\u00e5 spiritualitet. Han peiker p\u00e5 at moderne spiritualitet i stor grad er knytt til sj\u00f8lvutvikling og psykologi.<\/p>\n<p>\u2013 Den moderne spiritualiteten handlar om \u00e5 komme i kontakt med seg sj\u00f8lv, med egne f\u00f8lelsar og \u00e5 lytte til kroppen, forklarar han.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Portrettbilde av mann\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Christian Stokke\n<ul>\n<li>F\u00f8rsteamanuensis ved Universitetet i S\u00f8r\u00f8st-Norge<\/li>\n<li>Forskar p\u00e5\u00a0spiritualitet og sj\u00f8lvutvikling, transpersonleg psykologi, og flerkulturell- og interkulturell forst\u00e5ing<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Stokke har merka trenden med at fleire unge trekkjast mot spiritualitet. Han meiner at folk ofte m\u00f8tast gjennom sosiale medium og p\u00e5 reiser.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei b\u00f8lge av spirituell interesse i Vesten, der sosiale medium fungerer som et sosialt lim. Det gjer det lettare \u00e5 finne likesinna og bygge fellesskap.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 bokbransjen merkar den auka interessa for spiritualitet gjennom salet av b\u00f8ker i kategorien.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"engel i vinduskarm\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">I vindaugskarmen heime p\u00e5 Torshov i Oslo har ho b\u00e5de englar og krystallar.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>Marknadsdirekt\u00f8r i Norli, Caroline Heitmann, skriv i ein e-post til NRK at b\u00f8ker om spiritualitet og sj\u00f8lvutvikling har blitt meir popul\u00e6re.<\/p>\n<p>\u2013 Salet av b\u00f8ker i denne kategorien har auka kraftig dei siste \u00e5ra. I \u00e5r har vi allereie seld fire gonger s\u00e5 mange b\u00f8ker som vi gjorde p\u00e5 same tid i 2023, skriv Heitmann.<\/p>\n<p>Ei oppleving som endra alt<\/p>\n<p>For Martine kom interessa for det spirituelle br\u00e5tt og uventa p\u00e5. Eit m\u00f8te med healing, der ei venninne skulle heale ekskj\u00e6rasten, sette fart p\u00e5 interessa hennar.<\/p>\n<p>\u2013 Plutseleg kjente eg ei b\u00f8lge av energi gjennom kroppen. Eg begynte \u00e5 gr\u00e5te fordi eg ikkje forstod kva som skjedde, fortel Martine.<\/p>\n<p>Opplevinga gjorde ho nysgjerrig. Martine valde derfor \u00e5 dra p\u00e5 kurs, samlingar og etter kvart ein retreat i Spania, leia av \u00e5ndeleg rettleiar Alma Skolmen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi sat i ein kvinnesirkel og delte kvifor vi var der. Det var veldig emosjonelt.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"tarotkort\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ofte trekk Martine eit intuisjonskort eller eit tarotkort for \u00e5 sentrere seg. <\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>Ho opplever at spiritualitet har blitt langt meir synleg blant unge.<\/p>\n<p>\u2013 Meditasjon, astrologi og healing har blitt mykje meir vanleg. Eg trur dette berre er starten, seier ho.<\/p>\n<p>Spiritualitet versus religion<\/p>\n<p>Forskar Christian Stokke forklarer at spiritualitet skil seg fr\u00e5 tradisjonell religion.<\/p>\n<p>\u2013 Spiritualitet handlar om det indre, alts\u00e5 medvit, f\u00f8lelsar og sj\u00f8lvutvikling. Religion handlar om dei ytre strukturane, alts\u00e5 leiarar, ritual og heilage skrifter. Men ein kan kombinere begge deler, forklarar han.<\/p>\n<p><strong>If\u00f8lge Stokke kan spiritualitet tilby rom for meining, tilh\u00f8yring og aksept.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 I det spirituelle milj\u00f8et er det mindre d\u00f8mming, meir aksept for at man er akkurat som man er, meiner Stokke.<\/p>\n<p>Stokke ser ei tydeleg forskjell p\u00e5 kj\u00f8nn n\u00e5r det kjem til spiritualitet.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei overvekt av kvinner som driv dei fleste praksisar. Menn er p\u00e5 veg inn, men kvinnene ligg nok tre hakk framfor.<\/p>\n<p>Eit spirituelt fellesskap<\/p>\n<p>Alma Skolmen (26), som st\u00e5r bak appen og det spirituelle fellesskapet The Purpose Club, ser ei tydeleg vekst i interessa.<\/p>\n<p>\u2013 Medlemstala har dobla seg sidan i fjor. F\u00f8r kom folk bort og kviskra at dei trudde p\u00e5 det same, men turte ikkje \u00e5 seie det h\u00f8gt. No snakkar folk heilt ope om det, fortel ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne if\u00f8rt en svart rutejakke sitter p\u00e5 en sofa i et rom med moderne kunstverk p\u00e5 veggen. Hun holder en tynn gjenstand som avgir r\u00f8ykskyer. Omgivelsene inkluderer en gul lampe og en myk sofa med puter. Rommet ser koselig og stilrent ut. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Alma Skolmen fann styrke i spirituelle verkt\u00f8y d\u00e5 ingenting anna hjelpte. No jobbar ho med \u00e5 gi dei same verkt\u00f8ya vidare til andre.<\/p>\n<p>Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken \/ NRK<\/p>\n<p>Ho trur at fleire unge s\u00f8ker noko anna no enn det tidlegare generasjonar gjorde d\u00e5 dei var unge.<\/p>\n<p>\u2013 Mange opplever at dei manglar retning. Spiritualitet gir makta tilbake til individet. Det handlar om \u00e5 lytte innover, ikkje om \u00e5 f\u00f8lgje eit sett reglar, meiner Skolmen.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 ateist til klarsynt<\/p>\n<p>Det at fleire t\u00f8r \u00e5 vere opne om tru, intuisjon og \u00e5ndelege interesser, er Kari Opsal einig i. Ho jobbar som klarsynt og forfattar.<\/p>\n<p>\u2013 Vi lever i ei uroleg tid, og d\u00e5 s\u00f8kjer mange tryggleik og meining, trur ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en kvinne som holder et kort\" title=\"Foto: Ollie Wan\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kari Opsal har skrive fleire b\u00f8ker om spiritualitet, jobbar som klarsynt og har laga eigne orakelkort. <\/p>\n<p>Foto: Ollie Wan<\/p>\n<p>Opsal fortel at det tok tid f\u00f8r ho til slutt greidde \u00e5 aksepterte sine intuitive evner.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er oppvaksen som ateist, s\u00e5 det \u00e5 jobbe som klarsynt var absolutt ikkje ein del av planen min. Etter fleire rundar med utbrentheit sa kroppen stopp, og eg blei tvungen til \u00e5 lytte til magekjensla mi, seier ho.<\/p>\n<p>Forfattaren meiner at ein treng verken krystallar eller r\u00f8ykjelse for \u00e5 vere spirituell.<\/p>\n<p>\u2013 Det handlar om \u00e5 vere i kontakt med seg sj\u00f8lv og leve bevisst.<\/p>\n<p>Eit behov for \u00e5 tru<\/p>\n<p>Ole Jacob Madsen, professor i psykologi ved Universitetet i Oslo, fortel at interessa for spirituelle praksisar ofte handlar om ein grunnleggjande s\u00f8ken etter meining.<\/p>\n<p>\u2013 Akkurat som med religion handlar det gjerne om ei s\u00f8ken etter ei djupare meining i livet. Mange trur at vitskap og fornuft kan erstatte overtru, men behovet for \u00e5 tru p\u00e5 noko utover det rasjonelle lever framleis, seier Madsen.<\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Profilbilde av professor\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Ole Jacob Madsen\n<ul>\n<li>Professor i kultur- og samfunnspsykologi, Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo<\/li>\n<li>Forskar\u00a0p\u00e5\u00a0psykologiens rolle i samfunnet<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Dersom ein er nysgjerrig og vil l\u00e6re meir om spiritualitet, meiner Madsen at det er lurt \u00e5 vere litt skeptisk til ulike akt\u00f8rar.<\/p>\n<p>\u2013 Det er viktig \u00e5 g\u00e5 inn i det med ein kritisk sans, s\u00e6rleg n\u00e5r noko h\u00f8yrast for godt ut til \u00e5 vere sant eller blir kopla til store kostnader, seier han.<\/p>\n<p>Viktig \u00e5 rette kritikk<\/p>\n<p>P\u00e5 Torshov i Oslo peikar Martine Guldahl p\u00e5 at pris kan vere ei utfordring, s\u00e6rleg for studentar.<\/p>\n<p>\u2013 Mange spirituelle aktivitetar kan vere dyre. Eg veit om fleire som har valt \u00e5 ikkje g\u00e5 p\u00e5 yoga fordi det kostar for mykje, men det finst meir tilgjengelege alternativ, meiner 24-\u00e5ringen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"spiller gitar\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">I tillegg til yoga og meditasjon, likar Martine \u00e5 kople av ved \u00e5 spele gitar. <\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>Forskar Christian Stokke fortel at dei fleste som tilbyr spirituelle tenester i Noreg er vanlege folk som pr\u00f8ver \u00e5 leve av det dei brenn for.<\/p>\n<p><strong>Men han meiner ogs\u00e5 at det er viktig \u00e5 rette kritikk mot leiarar som har stort ego og mykje makt over f\u00f8lgjarar.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Nokre har ikkje gjort tilstrekkeleg indre arbeid for \u00e5 bli bevisste sine eigne skyggesider. D\u00e5 kan f\u00f8lgjarar bli r\u00e5ka, p\u00e5 same m\u00e5te som i tradisjonelle religi\u00f8se milj\u00f8, forklarar han.<\/p>\n<p>Stokke peikar ogs\u00e5 p\u00e5 at ein b\u00f8r vere merksam p\u00e5 \u00e5 ikkje berre fokusere p\u00e5 det positive i spiritualiteten, og trekk fram omgrepet \u00abspirituelt bypass\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Spirituelt bypass er n\u00e5r ein berre fokuserer p\u00e5 det positive, og snakkar om lys og kj\u00e6rleik, medan ein unng\u00e5r det ein kallar \u00abskuggearbeid\u00bb \u2013 som handlar om \u00e5 verte medviten om eigne negative sider som ein ofte fortrenger. seier han.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>28.12.2025, kl. 22.04<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>29.12.2025, kl. 09.40<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Martine Guldahl (24) hadde lenge vore open for tanken om noko st\u00f8rre. Allereie i barndommen snakka mora til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":123609,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-123608","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115802245890177202","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/123608","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=123608"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/123608\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/123609"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=123608"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=123608"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=123608"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}