{"id":124087,"date":"2025-12-29T18:15:18","date_gmt":"2025-12-29T18:15:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124087\/"},"modified":"2025-12-29T18:15:18","modified_gmt":"2025-12-29T18:15:18","slug":"perlemorskyer-observert-i-heile-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124087\/","title":{"rendered":"Perlemor\u00adskyer observert i heile l\u00e5ndet"},"content":{"rendered":"<p>Saka samanfatta:<\/p>\n<ul>\n<li>Perlemorskyer er eit sjeldan og fascinerande v\u00earfenomen som har blitt observert fleire stader i Noreg dei siste dagane.<\/li>\n<li>Skyene ligg sv\u00e6rt h\u00f8gt i atmosf\u00e6ren, p\u00e5 20-30.000 meters h\u00f8gde, og er s\u00e5 tynne at dei berre blir lyst opp av sola, noko som skaper dei vakre fargane.<\/li>\n<li>Meteorolog Magnus Ovhed forklarer at v\u00earet no er i ferd med \u00e5 endre seg, og at det kan bli vanskelegare \u00e5 sj\u00e5 desse skyene framover.<\/li>\n<li>Observasjonar av perlemorskyer krev at ein er observant, d\u00e5 dei er lette \u00e5 g\u00e5 glipp av.<\/li>\n<li>Fleire nordmenn, som Kristine Kiran og Sissel Hatlem, har delt sine opplevingar og bilete av fenomenet.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Folk over heile landet har observert dei fargerike perlemorskyene dei siste dagane.<\/p>\n<p>Kristine Kiran p\u00e5 Sm\u00f8la i Nordm\u00f8re er ein av dei.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det var artig, for det er eitt \u00e5r sidan eg s\u00e5g det sist, p\u00e5 denne datoen, skriv ho i ei tekstmelding. <\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Perlemorsky p\u00e5 Sm\u00f8la\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over Sm\u00f8la<\/p>\n<p> Foto: Kristine Kiran <\/li>\n<li><img alt=\"Perlemorsky p\u00e5 Sm\u00f8la\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over Sm\u00f8la<\/p>\n<p> Foto: Kristine Kiran <\/li>\n<li><img alt=\"Perlemorsky p\u00e5 Sm\u00f8la\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over Sm\u00f8la<\/p>\n<p> Foto: Kristine Kiran <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Kiran tar mykje bilde av naturen, og forklarer at ho m\u00e5 ta bilde kvar gong ho ser noko fint.<\/p>\n<p>Ho har ikkje teljinga p\u00e5 kor mange gonger ho har sett perlemorsky f\u00f8r, men synest det er spennande kvar gong ho ser det.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er fint, fascinerande og sjeldan.<\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Perlemorsky i Kautokeino\"  width=\"3840\" height=\"2558\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over Kautokeino<\/p>\n<p> Foto: Marianne Isaksdatter Triumf <\/li>\n<li><img alt=\"Perlemorsky i Kautokeino\"  width=\"3840\" height=\"2562\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over Kautokeino<\/p>\n<p> Foto: Marianne Isaksdatter Triumf <\/li>\n<li><img alt=\"Perlemorsky i Kautokeino\"  width=\"3840\" height=\"2558\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over Kautokeino<\/p>\n<p> Foto: Marianne Isaksdatter Triumf <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Lett \u00e5 g\u00e5 glipp av<\/p>\n<p>Magnus Ovhed er statsmeteorolog, og forklarer korleis fenomenet blir til.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er veldig h\u00f8ge skyar. Dei ligg vesentleg h\u00f8gare oppe enn dei andre skyene. Dei ligg som regel p\u00e5 20.-30.000 meters h\u00f8gde, s\u00e5 det er to-tre gonger h\u00f8gare enn dei h\u00f8gaste skyene ein ser p\u00e5 sommaren. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Perlemorsky over en fjellkjede i solnedgang.\" title=\"Foto: Gunnar Rise\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Perlemorsky over Otta. <\/p>\n<p>Foto: Gunnar Rise<\/p>\n<p>Han forklarer at desse skyene er veldig tynne, og at det ikkje er s\u00e5 mykje fukt s\u00e5 h\u00f8gt oppe i atmosf\u00e6ren.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Skyene blir lyst opp av sola, men ikkje himmelen. S\u00e5 d\u00e5 f\u00e5r ein desse flotte fargane. <\/strong><\/p>\n<ul class=\"dhpg__gallery__list\">\n<li class=\"dhpg__gallery__listItem\"><img alt=\"Magnus Ovhed, meteorolog i Meteorologisk institutt.\"  width=\"2400\" height=\"2400\" loading=\"lazy\"\/>Magnus Ovhed\n<ul>\n<li>Statsmeteorolog ved Meteorologisk Institutt<\/li>\n<\/ul>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Men berre dei heldige har f\u00e5tt moglegheita til \u00e5 sj\u00e5 perlemorskyer den siste tida. If\u00f8lgje meteorologen er v\u00earet i ferd med \u00e5 snu.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det ser ut som at det blir litt anna luftstraum med meir nordleg vind no, s\u00e5 d\u00e5 f\u00e5r vi neppe dei same skyene. <\/strong><\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er berre \u00e5 nyte. Eg har sj\u00f8lv sett dei nokre gonger, men det gjeld \u00e5 vere observant og sj\u00e5 etter dei, elles er dei lette \u00e5 g\u00e5 glipp av. <\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Perlemorsky over B\u00e5tsfjord\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over B\u00e5tsfjord<\/p>\n<p> Foto: Marie Fagerheim <\/li>\n<li><img alt=\"Perlemorsky over B\u00e5tsfjord\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over B\u00e5tsfjord<\/p>\n<p> Foto: Marie Fagerheim <\/li>\n<li><img alt=\"Perlemorsky over B\u00e5tsfjord\"  width=\"3840\" height=\"2567\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over B\u00e5tsfjord<\/p>\n<p> Foto: Marie Fagerheim <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Fascinerande fenomen<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Sissel Hatlem i Ytre Sogn observerte v\u00earfenomenet. Ho stod opp m\u00e5ndag morgon, og spratt opp for \u00e5 knipse eit bilete i det ho s\u00e5g kva som var utanfor vindauget.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg opna soveromsgardinene i 9-tida, det er jo jul, s\u00e5 d\u00e5 kan ein liggje lenge, seier ho med eit glis. D\u00e5 s\u00e5g eg desse to skyene, og det var berre s\u00e5 fantastisk. <\/strong><\/p>\n<p>Ho synest det er ein fascinerande fenomen, og kan berre hugse \u00e5 ha sett det \u00e9in gong f\u00f8r.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det var for nokre \u00e5r sidan, og det var faktisk ogs\u00e5 rundt juletider. <\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Perlemorsky over Ytre Sogn\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over Ytre Sogn<\/p>\n<p> Foto: Sissel Hatlem <\/li>\n<li><img alt=\"Perlemorsky over Ytre Sogn\"  width=\"3840\" height=\"2560\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Perlemorsky over Ytre Sogn<\/p>\n<p> Foto: Sissel Hatlem <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>29.12.2025, kl. 15.44<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>29.12.2025, kl. 17.23<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka samanfatta: Perlemorskyer er eit sjeldan og fascinerande v\u00earfenomen som har blitt observert fleire stader i Noreg dei&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":124088,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-124087","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115804224059248304","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124087","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=124087"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124087\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/124088"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=124087"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=124087"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=124087"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}