{"id":124104,"date":"2025-12-29T18:29:09","date_gmt":"2025-12-29T18:29:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124104\/"},"modified":"2025-12-29T18:29:09","modified_gmt":"2025-12-29T18:29:09","slug":"ti-sporsmal-til-asle-toje","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124104\/","title":{"rendered":"Ti sp\u00f8rsm\u00e5l til Asle Toje"},"content":{"rendered":"<p><img decoding=\"async\" class=\"image-asset hyperion-css-2w32m5\" data-test-tag=\"image-asset\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/12\/9cc2cca9-7935-48c8-99f8-e75ab891820e.jpeg\"  alt=\"Eg har takka ja til fleire podkastar som \u00f8nskjer ein open samtale. Asle Toje har s\u00e5 langt takka nei, skriver Hilde Sandvik.\"  loading=\"eager\" fetchpriority=\"high\" style=\"aspect-ratio:2048 \/ 1366\"\/>Eg har takka ja til fleire podkastar som \u00f8nskjer ein open samtale. Asle Toje har s\u00e5 langt takka nei, skriver Hilde Sandvik. Foto: Paul S. Amundsen<\/p>\n<p class=\"contentWidth hyperion-css-1mepuqa\" data-test-tag=\"lead-text\">I fleire \u00e5r har eg etterlyst svar p\u00e5 dei sp\u00f8rsm\u00e5la han no seier han ikkje har f\u00e5tt h\u00f8ve til \u00e5 ytre seg om i Noreg.<\/p>\n<p>Publisert: 29.12.2025 18:32<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\">Etter \u00e5 ha skrive side opp og side ned i samtale med Asle Toje i <a aria-label=\"Vagant,\" class=\"opinion hyperion-css-1raymq9\" href=\"https:\/\/www.vagant.no\/merkelapp\/sandvik-toje\/\" target=\"_blank\" rel=\"noopener nofollow noreferrer\" data-test-tag=\"external-link\">Vagant,<\/a> tenkte eg at det var nok Toje for min del. At fleire no n\u00e6rles tekstane hans og sp\u00f8r kvar tankegodset kjem fr\u00e5, er bra \u2013 og n\u00f8dvendig.<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\">Samtidig er det blitt stadig vanskelegare \u00e5 halde fast i rolla som reint analyserande utanrikskommentator n\u00e5r motb\u00f8ra kjem. For under Tojes velpolerte overflate ligg eit gjennomg\u00e5ande m\u00f8nster: \u00e5 seie at ein ikkje kan vere open om kva ein meiner, \u00e5 takke nei til debatt og deretter \u00e5 hevde seg knebla av \u00abeliten\u00bb.<\/p>\n<p>Har takka nei, ikkje svart<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\">Eg har takka ja til fleire podkastar som \u00f8nskjer ein open samtale. Asle Toje har s\u00e5 langt takka nei, vore i USA \u2013 eller ikkje svart p\u00e5 henvendelse. Samstundes har eg i fleire \u00e5r etterlyst svar p\u00e5 nettopp dei sp\u00f8rsm\u00e5la han no seier han ikkje har f\u00e5tt h\u00f8ve til \u00e5 ytre seg om i Noreg. Allereie i 2023 skreiv han at han ikkje kunne seie kva han meinte om Ukraina p\u00e5 Facebook. Eg oppmoda han den gongen fleire gonger til \u00e5 vere tydeleg, fordi openheit er heilt avgjerande i sp\u00f8rsm\u00e5l som handlar om krig og fred. Vi treng det.<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\">Dagen etter at han <a data-test-tag=\"internal-link\" href=\"https:\/\/www.aftenposten.no\/meninger\/debatt\/i\/8pmm5G\/asle-toje-vil-norge-overleve-det-som-kommer\" class=\"hyperion-css-1raymq9\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"\" aria-label=\"publiserte sin tekst om Nasjonen\" theme=\"opinion\">publiserte sin tekst om Nasjonen<\/a>, gjekk eg rundt juletreet i garden som har vore i slekta sidan 1600-talet. Vi var menneske fr\u00e5 19 til 85 \u00e5r. N\u00e6r halvparten rundt treet har gjort milit\u00e6rteneste, fleire er kristne, nokre er liberale, nokre konservative, nokre skeive, nokre med bakgrunn fr\u00e5 heilt andre delar av verda. Alle h\u00f8yrer til her. Alle ser p\u00e5 seg sj\u00f8lve som del av Noreg. Og eg veit at fleire av dei ville vore villige til \u00e5 forsvare retten til at nettopp dette fellesskapet finst.<\/p>\n<p>Kva slags nasjon?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\">Det var d\u00e5 eg byrja \u00e5 lure p\u00e5 kva slags nasjon det eigentleg er Toje meiner vi skal vere villige til \u00e5 ofre livet for, og kven som er ein del av denne nasjonen. Bror min ville truleg ha passert etter dei fleste m\u00e5lestokkar. Kristen er han ogs\u00e5. Men det avgjerande er dette: Eg veit at han ville ha g\u00e5tt i krigen for oss andres rett til \u00e5 vere der i all v\u00e5r ulikskap. I eit land med ei av verdas mest progressive grunnlover etter si tid, er det ikkje nettopp det vi i s\u00e5 fall skal sl\u00e5ss for?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\">S\u00e5: Her er sp\u00f8rsm\u00e5la eg gjerne vil stille Toje om han ein gong t\u00f8r m\u00f8te meg i samtale. <\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>1.<\/strong> Meiner du at Ukrainas forsvarskrig mot Russland er legitim, og at norsk milit\u00e6r og \u00f8konomisk st\u00f8tte er rett \u2013 ja eller nei?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>2. <\/strong>N\u00e5r du kallar krigen i Ukraina ein stadfortredarkrig: Kven meiner du krigar p\u00e5 vegner av kven, og med kva m\u00e5l?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>3. <\/strong>Kva fellesskap meiner du det er legitimt \u00e5 be unge menneske ofre livet for \u2013 og kvifor inng\u00e5r ikkje Ukraina i dette fellesskapet?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>4. <\/strong>Du har sagt at du ikkje kunne seie kva du meinte om Ukraina. Kva konkret var det du \u00f8nskte \u00e5 seie, som du meiner ikkje kunne seiast offentleg i Noreg?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>5.<\/strong> Du seier at norske leiarar manglar legitimitet til \u00e5 be om offervilje. Kva er i s\u00e5 fall ditt alternativ til dagens politiske og tryggingspolitiske avgjerdssystem?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>6.<\/strong> Er ditt syn p\u00e5 krigen i Ukraina f\u00f8rst og fremst normativt, strategisk eller sivilisatorisk grunngitt?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>7.<\/strong> Meiner du at norsk st\u00f8tte til Ukraina styrkjer eller svekkjer norsk og europeisk tryggleik p\u00e5 lang sikt?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>8. <\/strong>Kva ansvar meiner du ligg hos Russland for krigen slik han faktisk blir f\u00f8rt i dag?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>9. <\/strong>Dersom Europa ikkje b\u00f8r bere kostnadene ved \u00e5 st\u00f8tte Ukraina milit\u00e6rt, kva meiner du er det realistiske utfallet av ein russisk siger?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><strong>10. <\/strong>Kva meiner du konkret med at norske elitar \u00absnakkar krig utan \u00e5 ha soldatane\u00bb \u2013 er dette ein kritikk av demokratisk vedtatte avgjerder, av Forsvaret, eller av sj\u00f8lve alliansesystemet?<\/p>\n<p class=\"paywall hyperion-css-1j42uic\"><a aria-label=\"Teksten er f\u00f8rst publisert p\u00e5 Hilde Sandviks Facebook-side.\" class=\"opinion hyperion-css-1raymq9\" href=\"https:\/\/www.facebook.com\/hilde.sandvik\/posts\/pfbid02ETaBja5P5zYstbSkrnR8xMZdD6h2vqZyU9nPzkbdJ7uARfYb7jCcAXHMjEPrhy3l\" target=\"_blank\" rel=\"noopener nofollow noreferrer\" data-test-tag=\"external-link\">Teksten er f\u00f8rst publisert p\u00e5 Hilde Sandviks Facebook-side.<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg har takka ja til fleire podkastar som \u00f8nskjer ein open samtale. Asle Toje har s\u00e5 langt takka&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":124105,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-124104","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115804278854299542","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124104","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=124104"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124104\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/124105"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=124104"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=124104"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=124104"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}