{"id":124491,"date":"2025-12-30T07:32:13","date_gmt":"2025-12-30T07:32:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124491\/"},"modified":"2025-12-30T07:32:13","modified_gmt":"2025-12-30T07:32:13","slug":"tok-baby-pa-fodestova-no-kan-barnevernet-bli-domd-til-a-betale-erstatning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124491\/","title":{"rendered":"Tok baby p\u00e5 f\u00f8destova \u2013 no kan barnevernet bli d\u00f8md til \u00e5 betale erstatning"},"content":{"rendered":"<p>Dei nybakte sm\u00e5barnsforeldra rakk s\u00e5 vidt \u00e5 helse p\u00e5 babyen sin f\u00f8r han forsvann fr\u00e5 f\u00f8destova. Allereie f\u00f8r f\u00f8dselen blei det bestemt at barnevernet skulle overta omsorga.<\/p>\n<p>Kommunen meinte foreldra ikkje var skikka til \u00e5 ta hand om ein baby.<\/p>\n<p>I \u00e5ra etterp\u00e5 har dei kjempa for \u00e5 f\u00e5 tilbake barnet sitt, som no har blitt ten\u00e5ring.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg f\u00f8ler det er heilt forferdeleg.<\/strong><\/p>\n<p>Faren vedg\u00e5r at dei var uerfarne, men nektar for at dei var uskikka som foreldre.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dersom vi ikkje hadde vore i stand til \u00e5 ta oss av barnet, s\u00e5 forst\u00e5r eg det, men eg f\u00f8lte ikkje at dei var interesserte i \u00e5 bli kjende med oss.<\/strong><\/p>\n<p>NRK har valt \u00e5 anonymisere han av omsyn til dei involverte.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"mann som held ein bamse\" title=\"Foto: Remi Sagen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bamsen ligg igjen heime hos faren. <\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen \/ NRK<\/p>\n<p>Blei henta rett etter f\u00f8dselen<\/p>\n<p>Om kort tid skal H\u00f8gsterett avgjere om kommunen og barnevernet var for raske med \u00e5 konkludere med at barnet aldri skulle heim igjen.<\/p>\n<p>Det krev ei grundig vurdering.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dei gav beskjed allereie f\u00f8r barnet var f\u00f8dd at dei ville hente babyen ein time etter f\u00f8dselen, og at vi ikkje kom til \u00e5 f\u00e5 barnet tilbake, hevdar faren.<\/strong><\/p>\n<p>Han er i jobb, har eige hus og stor slekt. Nokre \u00e5r etter at han og ekskona miste omsorga for eldstebarnet, fekk dei ein ny baby. Dette barnet bur fast hos faren.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg er sj\u00f8lvsagt veldig glad for at eg f\u00e5r oppleve det fantastiske \u00e5 ha dottera hos meg, seier han, men er snar \u00e5 leggje til at det gjer saknet etter den eldste end\u00e5 st\u00f8rre.<\/strong><\/p>\n<p>I starten var begge foreldra involverte i rettssakene. Etter at dei to skilde lag, er det f\u00f8rebels faren som har bestemt seg for \u00e5 f\u00f8re saka. Mora er orientert om at NRK omtalar saka.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Norges H\u00f8yesterett\" title=\"Foto: NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Saka har g\u00e5tt heilt til topps i rettsvesenet, og skal no behandlast i H\u00f8gsterett i februar.<\/p>\n<p>Foto: NTB<\/p>\n<p>\u2013 Kjempeviktig for alle kommunar i Noreg<\/p>\n<p>Dersom kommunen blir d\u00f8md til \u00e5 betale erstatning, vil det kunne f\u00f8re til at andre kommunar f\u00e5r liknande krav. Det er difor stor interesse for saka.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er kjempeviktig for alle kommunar i Noreg. Dette er ei sak som alle barnevern over heile landet f\u00f8lgjer med p\u00e5, seier Frode Lauareid, som er advokat for kommunen.<\/strong><\/p>\n<p>D\u00e5 saka gjekk for lagmannsretten nyleg engasjerte interesseorganisasjonen KS seg som medhjelpar for \u00e5 f\u00e5 frikjend kommunen.<\/p>\n<p>Lauareid avviser at kommunen b\u00f8r betale erstatning.<\/p>\n<p>\u2013 Ikkje etter kommunen sitt syn, nei. Vi meiner at dei vurderingane som kommunen gjorde var rette og byggjer p\u00e5 kva som er til barnets beste, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann som sitter ved et skrivebord\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Frode Lauareid er advokat for kommunen som er saks\u00f8kt.<\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>D\u00f8md til \u00e5 betale erstatning<\/p>\n<p>Men juristane er ikkje samde om det som har skjedd i den vesle familien er brot p\u00e5 menneskerettane.<\/p>\n<p>F\u00f8rst blei kommunen frifunnen for \u00e5 ha \u00f8ydelagt for retten til familieliv.<\/p>\n<p>D\u00e5 Frostating lagmannsrett behandla saka p\u00e5 nytt v\u00e5ren 2025, kom dommarane til det motsette: kommunen blei d\u00f8md til \u00e5 betale 200.000 kroner i erstatning til for brot p\u00e5 menneskerettane. I tillegg m\u00e5tte kommunen dekkje sakskostnadene p\u00e5 over 300.000 kroner.<\/p>\n<p><strong>Retten konkluderte med at barnevernet ikkje har gjort nok for at barnet og foreldra kunne klare \u00e5 halde kontakten og bli kjende.<\/strong><\/p>\n<p>Etter at kommunen anka, er no H\u00f8gsterett neste stopp.<\/p>\n<p>Gjenforeining er m\u00e5let i lova<\/p>\n<p>Utgangspunktet etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 er at omsorgsovertakingar skal vere midlertidige. M\u00e5let er at barnet skal gjenforeinast med foreldra sine. Dette fordi barn og foreldre har rett til respekt for sitt familieliv og at inngrep etter avgjerda m\u00e5 vere n\u00f8dvendige og forholdsmessige. Menneskerettane i EMK er norsk lov.<\/p>\n<p>H\u00f8gesterett har kravd justeringar i norsk praksis i barnevernet for \u00e5 vere i tr\u00e5d med EMK og norsk lov. Spesielt har dei understreka at det er viktig at barnevernet jobbar aktivt for \u00e5 legge til rette for gjenforeining.<\/p>\n<p>Dette har skjedd etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) fleire gonger har d\u00f8md Noreg for brot p\u00e5 menneskerettane. Mellom anna har dette handla om at ein har gitt opp m\u00e5let om gjenforeining for raskt.<\/p>\n<p>Kjelder: NIM &#8211; Noregs institusjon for menneskerettar. Barne- og familiedepartementet sitt rundskriv om behandlinga av barnevernssaker etter nye avgjerder fr\u00e5 H\u00f8gsterett. Stortingsproposisjon 133 om endringar i barnevernlova. Lovdata.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en h\u00e5nd som holder en liten bamse\" title=\"Foto: Remi Sagen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Faren seier barnet har sl\u00e5tt rot i ein annan familie ein annan stad i landet, og neppe kjem heim igjen. Han seier det er viktig for han at barnet veit kva som skjedde d\u00e5 han og mora miste omsorga.<\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen \/ NRK<\/p>\n<p>Unik sak i rettsvesenet<\/p>\n<p>Det finst knapt rettspraksis p\u00e5 kor mykje kommunane og barnevernet pliktar \u00e5 gjere for \u00e5 legge til rette for gjenforeining mellom barn og foreldre.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/kommune-domt-for-menneskerettsbrudd-1.16431826\" ec-id=\"pp:article:1.16431826\" ec-name=\"Berre ein norsk kommune er tidlegare d\u00f8md i H\u00f8gsterett til \u00e5 betale ut erstatning i ei tilsvarande sak.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Berre ein norsk kommune er tidlegare d\u00f8md i H\u00f8gsterett til \u00e5 betale ut erstatning i ei tilsvarande sak.<\/a><\/p>\n<p>Seniorr\u00e5dgjevar Pernille Borud i Noregs Institusjon for menneskerettar seier oppreisingserstatning er eit viktig verkt\u00f8y.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Barn er ikkje ein ting ein berre kan levere tilbake og seie at \u00abno har vi reparert menneskerettsbrotet\u00bb. Dette er sakstypar der feila kan f\u00e5 uopprettelege konsekvensar b\u00e5de for foreldre og barn, seier ho.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Pernille Borud\" title=\"Foto: Hanna Johre, Norges institusjon for menneskerettigheter\"\/><\/p>\n<p>Foto: Hanna Johre, Norges institusjon for menneskerettigheter<\/p>\n<p>Har sl\u00e5tt seg til ro med at ho aldri kjem heim<\/p>\n<p>Faren seier han ikkje lenger h\u00e5per at eldstebarnet skal flytte heim til Nordvestlandet. Ten\u00e5ringen har sl\u00e5tt rot p\u00e5 ein annan kant av landet, med ny familie og vener. Den biologiske familien m\u00f8tes til saman \u00e5tte gonger i \u00e5ret, nokre timar kvar gong.<\/p>\n<p>Han meiner likevel det er sv\u00e6rt viktig at barnet f\u00e5r vite kva som skjedde d\u00e5 dei miste omsorga. Det er langt viktigare enn erstatning.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Sj\u00f8lvsagt er det greitt \u00e5 kunne f\u00e5 noko for det, men det viktigaste for meg er \u00e5 f\u00e5 sanninga p\u00e5 bordet, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>Saka skal opp for H\u00f8gsterett i februar, og det er sett av to dagar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person som sitter i et m\u00f8rkt rom\" title=\"Foto: Remi Sagen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Faren meiner familien har vore utsett for ein stor urett. No skal H\u00f8gsterett avgjere saka.<\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>30.12.2025, kl. 05.27<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dei nybakte sm\u00e5barnsforeldra rakk s\u00e5 vidt \u00e5 helse p\u00e5 babyen sin f\u00f8r han forsvann fr\u00e5 f\u00f8destova. Allereie f\u00f8r&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":124492,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-124491","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115807357695403912","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124491","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=124491"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124491\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/124492"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=124491"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=124491"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=124491"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}