{"id":124599,"date":"2025-12-30T10:07:07","date_gmt":"2025-12-30T10:07:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124599\/"},"modified":"2025-12-30T10:07:07","modified_gmt":"2025-12-30T10:07:07","slug":"tidligere-domt-for-dodelig-vold-med-tv-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124599\/","title":{"rendered":"Tidligere d\u00f8mt for d\u00f8delig vold med TV \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Mannen som er <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/innlandet\/politiet-med-siste-nytt-om-grue-drapet-_-drapssiktet-mann-fortsatt-ikke-pagrepet-1.17707838\" ec-id=\"pp:article:1.17707838\" ec-name=\"sikta for drapet p\u00e5 ei kvinne i Grue i Innlandet sundag\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">sikta for drapet p\u00e5 ei kvinne i Grue i Innlandet sundag<\/a>, er tidlegare straffed\u00f8mt fleire gonger tidlegare.<\/p>\n<p>No er mannen i 60-\u00e5ra etterlyst. Politiet har sagt at dei ikkje meiner det er noko som tilseier at han utgjer nokon fare for andre.<\/p>\n<p><strong>Sidan han ikkje er p\u00e5gripen, har han ikkje f\u00e5tt utnemnt nokon forsvarer, if\u00f8lge politiet. Det er derfor ikkje kjent korleis han stiller seg til drapsskuldingane.<\/strong><\/p>\n<p>Alle dei tidlegare dommane mot mannen i 60-\u00e5ra ligg langt tilbake i tid.<\/p>\n<p>Den nyaste dommen NRK har f\u00e5tt tilgang til, er fr\u00e5 2005 \u2013 for 20 \u00e5r sidan.<\/p>\n<p><strong>I dommen kjem det fram at mannen i 60-\u00e5ra p\u00e5f\u00f8rte ein annan mann s\u00e5 kraftige skadar at han d\u00f8ydde.<\/strong><\/p>\n<p><strong>\u00ab<\/strong>Politiet er godt kjent med dommen fr\u00e5 2005, og oppfattar den som relevant for den vidare etterforskinga i v\u00e5r sak\u00bb, skriv politiinspekt\u00f8r Henning Klauseie til NRK.<\/p>\n<p>Kasta TV \u2013 mann d\u00f8de<\/p>\n<p>Mannen vart d\u00f8mt til fem og eit halvt \u00e5rs fengsel. Han meinte sj\u00f8lv at han handla i n\u00f8dverje, alts\u00e5 i sj\u00f8lvforsvar.<\/p>\n<p>Den forn\u00e6rma mannen vart utsett for omfattande vald, if\u00f8lge dommen. Obduksjonen viste at han hadde store skadar.<\/p>\n<p>Ei kvinne i 40-\u00e5ra vart funnen d\u00f8d heime hos seg sj\u00f8lv laurdag.<\/p>\n<p><strong>Han hadde mellom anna skadar fordi mannen i 60-\u00e5ra kasta ein 28 kilo tung TV p\u00e5 han, if\u00f8lge dommen.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Dei avgjerande d\u00f8delege skadane kjem av fjernsynsapparatet som den tiltalte kasta mot avd\u00f8de. Dette f\u00f8rte til ribbeinsbrot, hol p\u00e5 lunga, bl\u00f8ding og pustevanskar slik at d\u00f8den tredde inn i l\u00f8pet av maksimum nokre minutt, st\u00e5r det i dommen.<\/p>\n<p>\u2013 Svartna for han<\/p>\n<p>Mannen i 60-\u00e5ra, den d\u00e5verande ektefellen hans og den forn\u00e6rma mannen var i same leilegheit, der dei skal ha drukke alkohol over lengre tid.<\/p>\n<p>P\u00e5 eit tidspunkt sovna mannen i 60-\u00e5ra. D\u00e5 han vakna, oppfatta han at den forn\u00e6rma pr\u00f8vde \u00e5 forgripa seg p\u00e5 den d\u00e5verande ektefellen hans.<\/p>\n<p>\u2013 Han har forklart at det svartna for han, st\u00e5r det i dommen.<\/p>\n<p><strong>Retten var einig med mannen i at det var ein grad av n\u00f8dverje til stades, men meiner at han gjekk altfor langt i valden.<\/strong><\/p>\n<p>I tillegg til \u00e5 kasta ein TV mot den forn\u00e6rma, brukte mannen \u00f2g kniv.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Valdsut\u00f8vinga i denne fasen ber preg av privat avstraffing, utf\u00f8rt med stor r\u00e5skap, og st\u00e5r ikkje i noko rimeleg forhold til opptakten til hendinga, st\u00e5r det i dommen.<\/strong><\/p>\n<p>Veit ikkje kor den sikta er<\/p>\n<p>Kvinna i 40-\u00e5ra <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/innlandet\/undersoker-dodsfall-i-solor-1.17706798\" ec-id=\"pp:article:1.17706798\" ec-name=\"vart funnen d\u00f8d i sin eigen heim i Grue laurdag kveld\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">vart funnen d\u00f8d i sin eigen heim i Grue laurdag kveld<\/a>.<\/p>\n<p>Politiet sa sundag kveld til NRK at skadar p\u00e5 kvinna og funn p\u00e5 \u00e5staden har styrkt mistanken om at det er snakk om eit drap.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Rosebukett og en gravlykt p\u00e5 en steintrapp\" title=\"Foto: Ann-Kristin Mo \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Utanfor \u00e5staden ligg det blomar og gravlykter.<\/p>\n<p>Foto: Ann-Kristin Mo \/ NRK<\/p>\n<p>Mannen skal ha hatt ein sambuarrelasjon til kvinna.<\/p>\n<p>I 2021 vart mannen i 60-\u00e5ra sikta for kroppskrenking mot den same kvinna. Denne saka blei seinare lagd bort p\u00e5 grunn av mangel p\u00e5 bevis.<\/p>\n<p>Politiet veit ikkje kor den drapssikta mannen er no.<\/p>\n<p>\u2013 Politiet ber mannen om \u00e5 melda seg, og oppfordrar samtidig personar som kan vita noko om kor han er, om \u00e5 kontakta politiet, sa politiadvokat Marit Fiskerud Welo til NRK m\u00e5ndag.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>30.12.2025, kl. 10.30<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Mannen som er sikta for drapet p\u00e5 ei kvinne i Grue i Innlandet sundag, er tidlegare straffed\u00f8mt fleire&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":124600,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-124599","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115807967201924847","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124599","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=124599"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124599\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/124600"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=124599"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=124599"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=124599"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}