{"id":124705,"date":"2025-12-30T12:32:10","date_gmt":"2025-12-30T12:32:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124705\/"},"modified":"2025-12-30T12:32:10","modified_gmt":"2025-12-30T12:32:10","slug":"hunden-lykke-er-redd-for-rakettar-slik-forebur-du-hunden-din-til-feiringa-nrk-sorlandet-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/124705\/","title":{"rendered":"Hunden Lykke er redd for rakettar- slik f\u00f8rebur du hunden din til feiringa \u2013 NRK S\u00f8rlandet \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Saken samanfatta<\/p>\n<ul>\n<li>Mange hundar, som Lykke, opplever stor frykt for rakettar og treng roande middel for \u00e5 takle nytt\u00e5rsaftan.<\/li>\n<li>Veterin\u00e6rar oppmodar eigarar til \u00e5 starte f\u00f8rebuingane tidleg, inkludert \u00e5 pr\u00f8ve ut medisinar og feromonprodukt.<\/li>\n<li>Beroligande middel m\u00e5 skrivast ut av veterin\u00e6r, og det er viktig \u00e5 finne rett middel for kvar enkelt hund.<\/li>\n<li>Tiltak som m\u00f8rke gardiner, roleg musikk, og \u00e5 vere saman med kj\u00e6ledyret kan redusere stresset.<\/li>\n<li>Lang tur og eit stort m\u00e5ltid tidleg p\u00e5 dagen kan hjelpe hunden med \u00e5 slappe av f\u00f8r feiringa.<\/li>\n<li>Rundt 50 % av alle hundar og 20 % av kattar blir redde p\u00e5 nytt\u00e5rsaftan, og for nokre kan frykta utvikle seg til fobi.<\/li>\n<\/ul>\n<p>&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;-<br \/>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>\u2013 Ho blir skjelven og stressar skikkeleg. S\u00e5 pr\u00f8ver ho febrilsk \u00e5 g\u00f8yme seg bak TV-benken, seier Espen Gr\u00f8stad.<\/p>\n<p>Den vesle hunden hans blir fr\u00e5 seg av frykt n\u00e5r ho h\u00f8yrer og luktar rakettar.<\/p>\n<p>\u2013 Lykke m\u00e5 sk\u00e5nast s\u00e5 godt vi klarer. Vi har pr\u00f8vd fleire ulike medisinar for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 hjelpe henne, seier Gr\u00f8stad.<\/p>\n<p>Veterin\u00e6rar opplever at fleire hundeeigarar ber om avslappande medisinar til dyret sitt for \u00e5 takle nytt\u00e5rsaftan.<\/p>\n<p>\u2013 Mange desperate eigarar ringer oss, fordi hunden deira er veldig redd. Dersom du fryktar at hunden din kan bli skremt og treng medisin, er det lurt \u00e5 kontakte veterin\u00e6r n\u00e5.<\/p>\n<p>Det seier veterin\u00e6r Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.<\/p>\n<p>I denne saka kan du lese om korleis kj\u00e6ledyret ditt kan f\u00e5 ei meir harmonisk feiring.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"en hund som sitter p\u00e5 et bord (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2161\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Hunden Lykke treng ekstra avslappande n\u00e5r rakettene blir skotne opp. <\/p>\n<p> Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"en mann som kysser en hund (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2161\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>N\u00e5r Lykke blir redd for smellane er eigar Espen Gr\u00f8stad der med mykje kj\u00e6rleik. <\/p>\n<p> Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"En person som holder en hund (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  width=\"3840\" height=\"2161\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Espen Gr\u00f8stad og Lykke er trygge p\u00e5 kvarandre og har f\u00e5tt ei betre nytt\u00e5rsfeiring. <\/p>\n<p> Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Livredd for rakettar<\/p>\n<p>Det starta med ein h\u00f8g lyd for nokre \u00e5r sidan.<\/p>\n<p>Sidan den gongen har den ni \u00e5r gamle dansk-svenske gardshunden hatt rakettane som fiende.<\/p>\n<p>\u2013 Vi m\u00e5 gi henne medisinar heile \u00e5ret for \u00e5 f\u00f8rebygge frykta. N\u00e5r nytt\u00e5r n\u00e6rmar seg set vi i tillegg p\u00e5 ein duftspreiar med tryggleiksferomon for auka roande effekt, seier Gr\u00f8stad.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person som holder en spr\u00f8yte (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dersom hunden din er frykteleg nerv\u00f8s p\u00e5 nytt\u00e5rsaftan kan du be veterin\u00e6ren om \u00e5 skrive ut ein resept p\u00e5 avslappande middel. Men, rekn gjerne litt tid for \u00e5 finne rett medisin for hunden din. <\/p>\n<p>Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK<\/p>\n<p>Familien har brukt fleire tusen kroner p\u00e5 \u00e5tferdstrening og p\u00e5 \u00e5 finne den beste medisinen for Lykke.<\/p>\n<p>Og m\u00f8rke gardiner.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r klokka blir kvart p\u00e5 tolv m\u00e5 enten kona eller eg ta med oss hunden inn p\u00e5 eit rom med dunkel belysning. Her m\u00e5 vi sitte og lytte til radioen saman med Lykke, mens rakettane smeller seg ferdig der ute.<\/p>\n<p>\u2013 Blir ikkje det litt stussleg feiring for dykk?<\/p>\n<p>\u2013 Det tenker vi ikkje p\u00e5 eingong for det er den beste m\u00e5ten \u00e5 hjelpe henne p\u00e5, seier Gr\u00f8stad og stryk Lykke over hovudet.<\/p>\n<p>Les veterin\u00e6r Lilleholt sine r\u00e5d for korleis du kan sk\u00e5ne kj\u00e6ledyret ditt p\u00e5 nytt\u00e5rsaftan.<\/p>\n<p>        Blir hunden eller katten redd for rakettane?<\/p>\n<p>        Ja, det er like ille kvart \u00e5r.<\/p>\n<p>        Nei, heldigvis ikkje. <\/p>\n<p>        Eg har flytta langt fr\u00e5 folk, for \u00e5 verne dyret mitt. <\/p>\n<p>      Vis resultat<\/p>\n<p class=\"pin-nrkno-poll__disclaimer\">\n    Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om sp\u00f8rsm\u00e5let.<br \/>\n    Resultatet viser hva de som selv har valgt \u00e5 stemme mener,<br \/>\n    og avstemningen har ikke et utvalg som gj\u00f8r den representativ for alle som bor i landet.\n  <\/p>\n<p>Slik hjelper du kj\u00e6ledyret ditt:<\/p>\n<ul>\n<li>\n<p>Ein m\u00e5te \u00e5 venne hunden og katten din til h\u00f8ge smell p\u00e5 er \u00e5 spele av fyrverkerilydar. Start i god tid med s\u00e5 l\u00e5g lyd at hunden ikkje reagerer, og auk volumet gradvis.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Nokre hundar f\u00e5r heilt panikk p\u00e5 nytt\u00e5rsaftan, og kan trenge avslappande medisinar for \u00e5 unng\u00e5 at dei hamnar i sjokktilstand.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Kosttilskot og feromon har best effekt etter eit par veker, og enkelte medisinar etter nokre dagars bruk. Hugs at medisinar til dyr er reseptbelagt.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Avslappande medisinar utskrive til eitt dyr skal aldri delast med eit anna dyr.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>G\u00e5 gjerne dei lengste turane p\u00e5 dagen p\u00e5 nytt\u00e5rsaftan for \u00e5 unng\u00e5 overraskande smell.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Har du h\u00f8ve til \u00e5 reise til fjells eller ein annan stad med mindre br\u00e5k, er dette det beste for dyra. Om du kan det, b\u00f8r du dra for gardiner og sl\u00e5 p\u00e5 TV eller radio i god tid f\u00f8r midnatt og halde dyret med selskap.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>S\u00f8rg for at dyret har ID-merking. Da kan du bli kontakta viss dyret kjem bort.<\/p>\n<p>Tips fr\u00e5 veterin\u00e6r Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Desperate eigarar<\/p>\n<p>Veterin\u00e6rforeininga peikar p\u00e5 at auken i bruken av medisinar kan henge saman med at fleire bur i byar, og at fleire hundar er sensitive.<\/p>\n<p>\u2013 Skarpe lydar st\u00e5r p\u00e5 lista over det ein b\u00f8r \u00f8ve p\u00e5 med kvalpen. Viss nytt\u00e5rsaftan blir eit sjokk s\u00e5 f\u00e5r du gjerne ein hund med eit problem for alltid, seier leiar for Sm\u00e5dyrpraktiserende Veterin\u00e6rers Forening, Hilde R\u00f8ssland.<\/p>\n<p>Ei anna \u00e5rsak til at fleire hundar f\u00e5r avslappande medisinar kan vere at eigarane er flinke til \u00e5 be om hjelp.<\/p>\n<p>Det seier veterin\u00e6r Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.<\/p>\n<p>\u2013 Dagens hundeeigarar unders\u00f8ker mykje sj\u00f8lv, og eg synest det er bra at fleire brukar medisinar n\u00e5r det trengst. Da slepper hundar un\u00f8dvendig stress.<\/p>\n<p>If\u00f8lge Lilleholt blir om lag 50 prosent av alle hundar og 20 prosent av alle kattar redde p\u00e5 nytt\u00e5rsaftan.<\/p>\n<p>\u2013 Hos rundt 20 prosent av hundane er frykta s\u00e5 sterk at ho utviklar seg til fobi.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann og en kvinne sammen med en hund. \" title=\"Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Veterin\u00e6r Camilla Lilleholt saman med hunden Lykke og eigar Espen Gr\u00f8stad. Lilleholt hjelper mange hundar som er redde for rakettar. <\/p>\n<p>Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK<\/p>\n<p>Roleg julemusikk<\/p>\n<p>For Lykke er bes\u00f8ket hos veterin\u00e6ren endeleg ferdig, og ho drar utolmodig i bandet.<\/p>\n<p>\u2013 Vi legg alltid opp til ein lang tur p\u00e5 dagtid, og eit stort m\u00e5ltid for \u00e5 gjere henne s\u00f8vnig f\u00f8r feiringa startar, seier Gr\u00f8stad.<\/p>\n<p>\u2013 Blir de i familien ogs\u00e5 stressa n\u00e5r Lykke strevar?<\/p>\n<p>\u2013 Ja, det er klart vi kjenner p\u00e5 det for vi ser jo kor redd ho blir. Men, medisinane, roleg julemusikk og kos hjelper mykje, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person og en hund (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">9 \u00e5r gamle Lykke er ein kosehund, men n\u00e5r det smell i rakettane blir ho vettskremt. Da er eigar Espen Gr\u00f8stad god \u00e5 ha. <\/p>\n<p>Foto: H\u00e5vard Axel Kator \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>30.12.2025, kl. 12.00<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saken samanfatta Mange hundar, som Lykke, opplever stor frykt for rakettar og treng roande middel for \u00e5 takle&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":124706,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-124705","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115808537285443838","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124705","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=124705"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/124705\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/124706"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=124705"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=124705"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=124705"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}