{"id":125151,"date":"2025-12-30T22:38:13","date_gmt":"2025-12-30T22:38:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/125151\/"},"modified":"2025-12-30T22:38:13","modified_gmt":"2025-12-30T22:38:13","slug":"fleire-innlagd-med-influensa-pasientar-ma-pa-gangen-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/125151\/","title":{"rendered":"Fleire innlagd med influensa \u2013 pasientar m\u00e5 p\u00e5 gangen \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Oppsummering av saka:<\/p>\n<ul>\n<li>Fleire av dei st\u00f8rste sjukehusa i landet melder om auke i talet p\u00e5 innlagde influensapasientar, men med store variasjonar.<\/li>\n<li>Haukeland universitetssjukehus har no 27 innlagde influensapasientar, og andre pasientar m\u00e5 liggje p\u00e5 gangen grunna plassmangel.<\/li>\n<li>\u00c5rets influensasesong er sp\u00e5dd \u00e5 bli ein av dei verste p\u00e5 ti \u00e5r, med eit tidlegare og meir aggressivt virus.<\/li>\n<li>Folkehelseinstituttet (FHI) melde f\u00f8r jul om auka smitte og oppmoda sjukehus og kommunar til \u00e5 vere f\u00f8rebudde.<\/li>\n<li>Seksjonsoverlege Bruun seier at dersom smittetala held fram \u00e5 stige, kan dette bli ein av dei meir alvorlege sesongane dei siste \u00e5ra<\/li>\n<li>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Fleire av dei st\u00f8rste sjukehusa i landet melder om auke i talet p\u00e5 influensapasientar.<\/p>\n<p><strong>P\u00e5 Haukeland universitetssjukehus i Bergen er trykket no s\u00e5 stort at andre pasientar m\u00e5 p\u00e5 gangen.<\/strong><\/p>\n<p>Det fortel Trond Bruun, seksjonsoverlege infeksjonsseksjonen ved Medisinsk klinikk p\u00e5 sjukehuset. <\/p>\n<p><strong>P\u00e5 vesle nytt\u00e5rsaftan har dei 27 innlagde influensapasientar. Dei fleste av desse ligg p\u00e5 isolat. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Lege smiler til kamera foran bokhylle\" title=\"Foto: Haukeland universitetssykehus\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Seksjonsoverlege Trond Bruun p\u00e5 Haukeland seier at mange av pasientane som kjem inn med influensa, er skr\u00f8pelege eldre med ulike kroniske sjukdommar.<\/p>\n<p>Foto: Haukeland universitetssykehus<\/p>\n<p>Gjennom jula har Helse Bergen hatt ein jamn auke, men med god kapasitet. Men i takt med det auka influensatrykket har situasjonen likevel endra seg.<\/p>\n<p>Kan bli blant dei meir alvorlege sesongane<\/p>\n<p>\u00c5rets influensasesong har vore <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/eksperter-spar-tiarets-verste-influensasesong-_-disse-fordelene-har-influensavaksinen-1.17654073\" ec-id=\"pp:article:1.17654073\" ec-name=\"sp\u00e5dd til \u00e5 verte ti\u00e5rets verste.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">sp\u00e5dd til \u00e5 verte ti\u00e5rets verste.<\/a> Den starta tidlegare enn vanleg og kjem ogs\u00e5 i form av eit nytt og meir aggressivt virus.<\/p>\n<p>Folkehelseinstituttet (FHI) melde f\u00f8r jul om at stadig fleire blei smitta. I veke 50 var 567 pasientar innlagde med influensa, opp fr\u00e5 470 veka f\u00f8r.<\/p>\n<p><strong>FHI gjekk d\u00e5 ut med ei \u00e5tvaring og bad sjukehus og kommunar om \u00e5 gjere seg klare.<\/strong><\/p>\n<p>FHIs nyaste tal om influensasmitta<\/p>\n<ul>\n<li>I veke 50 var 28 prosent av pr\u00f8vene positive for influensavirus, opp fr\u00e5 24 prosent i veke 49.<\/li>\n<li>Auken er registrert i alle fylke, men f\u00f8rekomsten er st\u00f8rst i \u00d8stfold og Akershus, begge med 36 prosent positive pr\u00f8ver. Deretter f\u00f8lgjer Innlandet med 34 prosent og Oslo med 33 prosent.<\/li>\n<li>Influensa spreier seg i alle aldersgrupper, men f\u00f8rekomsten er st\u00f8rst blant skulebarn. I aldersgruppa 5 til 14 \u00e5r var heile 50 prosent av pr\u00f8vene positive i veke 50.<\/li>\n<li>Trykket p\u00e5 sjukehusa aukar. F\u00f8rebelse tal viser 567 sjukehusinnleggingar med influensa i veke 50, opp fr\u00e5 470 veka f\u00f8r. Samtidig er det registrert 21 influensarelaterte d\u00f8dsfall, mot 17 i veke 49.<\/li>\n<li>FHI peiker p\u00e5 ein auke i den totale d\u00f8delegheita i veke 49, hovudsakleg blant dei eldste aldersgruppene.<\/li>\n<li>P\u00e5 bakgrunn av utviklinga oppfordrar FHI uvaksinerte eldre, barn i risikogrupper og helsepersonell med pasientkontakt til \u00e5 vaksinere seg s\u00e5 raskt som mogeleg. Anbefalinga gjeld s\u00e6rleg personar over 65 \u00e5r, samt yngre personar med auka risiko for alvorleg sjukdom.<\/li>\n<li>S\u00e5 langt i sesongen er det registrert over 1.4 millionar influensavaksinasjonar i Noreg. Av disse er 739.000 gitt til personar i aldersgruppa 65 \u00e5r og eldre.<\/li>\n<li>Nye, oppdaterte tal fr\u00e5 FHI kjem 8. januar.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kjelde: Folkehelseinstituttet<\/p>\n<p>Seksjonsoverlege Bruun seier dei per no ikkje har haldepunkt for \u00e5 seie at \u00e5rets influensa er meir alvorleg enn vanleg, men legg til:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dersom smittetala held fram \u00e5 stige i vekene framover, s\u00e5 kan det bli ein av dei meir alvorlege sesongane dei siste \u00e5ra m\u00e5lt i talet p\u00e5 tilfelle. <\/strong><\/p>\n<p>Det skuldast at f\u00e6rre er immune mot sirkulerande variantar og at fleire derfor blir smitta, forklarar han. <\/p>\n<p><strong>Pasientane som kjem inn p\u00e5 Haukeland med influensa er b\u00e5de moderat og alvorleg sjuke.<\/strong><\/p>\n<p>If\u00f8lgje Bruun har det nok ogs\u00e5 vore d\u00f8dsfall, men dei ikkje f\u00f8rer kontinuerleg statistikk p\u00e5 dette. Det er heller ikkje alltid openbert om ein pasient d\u00f8yr av eller med influensa, fortel han.<\/p>\n<p>Forventar smitteauke etter jul<\/p>\n<p><strong>Influensaen herjar over heile landet. P\u00e5 Akershus universitetssjukehus (Ahus) er 54 personar innlagde med influensa. <\/strong><\/p>\n<p>P\u00e5 infeksjonsmedisinsk avdeling, som har totalt 22 sengeplassar, har fem av pasientane som er innlagde testa p\u00e5 influensa berre i dag.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en bygning med en bil parkert foran\" title=\"Foto: Rolf Petter Olaisen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Vi har framleis ein del p\u00e5gang, og sesongen er ikkje over, seier seksjonsleiar p\u00e5 infeksjonsmedisinsk avdeling p\u00e5 Ahus, Ellen Samuelsen.<\/p>\n<p>Foto: Rolf Petter Olaisen \/ NRK<\/p>\n<p><strong>If\u00f8lge seksjonsleiar Ragnhild Gagama p\u00e5 lungemedisinsk avdeling er inntrykket i legegruppa at talet p\u00e5 innleggingar er i ferd med \u00e5 avta.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi h\u00e5per at vi no er i ferd med \u00e5 n\u00e5 toppen p\u00e5 influensab\u00f8lga, seier Gagama.<\/p>\n<p><strong>I Trondheim er 26 pasientar innlagde med influensa ved St. Olavs hospital. <\/strong><\/p>\n<p>Dei fleste av dei innlagde er eldre, opplyser Nicola Isabelle Kols, seksjonsleiar og overlege ved seksjon smittevern.<\/p>\n<p><strong>Ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) i Troms\u00f8 har det vore ein jamn straum av innleggingar den siste m\u00e5naden, ogs\u00e5 i jula. <\/strong><\/p>\n<p>If\u00f8lge seksjonsleiar Stian J. Eliassen p\u00e5 infeksjonsmedisinsk sengepost er fem pasientar innlagde med influensa per no.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Troms\u00f8 kveld\" title=\"Foto: NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">I Troms\u00f8 har talet p\u00e5 innlagde influensapasientar vore jamt den siste tida. <\/p>\n<p>Foto: NTB<\/p>\n<p>Stavanger universitetssjukehus (SUS) har opplevd ein auke i talet p\u00e5 innlagde pasientar med influensa like f\u00f8r jul. Dei siste tre dagane har det vore mellom 13 og 15 pasientar innlagde med influensa ved sjukehuset.<\/p>\n<p>If\u00f8lge Irena Jakopanec, fagsjef ved seksjon smittevern, kan utviklinga vere ein tidleg effekt av h\u00f8g influensavaksinasjonsdekning blant s\u00e5rbare grupper.<\/p>\n<p>\u2013<strong> I \u00e5r opplever landet ein noko tidlegare influensasesong enn vanleg. F\u00f8rebels ligg talet p\u00e5 innlagde i Stavanger klart under niv\u00e5et i toppveka f\u00f8rre sesong, seier Jakopanec.<\/strong><\/p>\n<p>Oslo universitetssjukehus har ikkje tal p\u00e5 kor mange pasientar som er innlagde med influensa og har ikkje registrert noko auke.<strong> <\/strong><\/p>\n<p><strong>Likevel trur dei at det fort kan kome ein smitteauke etter jul.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>30.12.2025, kl. 20.59<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>30.12.2025, kl. 21.50<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Oppsummering av saka: Fleire av dei st\u00f8rste sjukehusa i landet melder om auke i talet p\u00e5 innlagde influensapasientar,&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":125152,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-125151","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115810920346217164","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/125151","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=125151"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/125151\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/125152"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=125151"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=125151"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=125151"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}